torsdag 1. januar 2015

Soff gottinår, nyta mi!



Me bestemte oss for å invitera nokre vener og feira nyttår. Og me bestemte oss for å steika ein heil kalkun. Det hadde me jo aldri gjort før, so det måtte då gå bra. Og det gjekk faktisk so bra at den eine gjesten meinte det var det beste kalkunmåltidet han hadde smakt. Hurra!

I intervju med ordentlege kokkar om kva tips og råd dei vil gje for å lukkast på kjøkenet seier dei ofte at det er lurt å ha alt klart på førehand og rydda undervegs. Det har eg knapt gjort før i heile mitt liv, men når ein legg opp til middag & dessert for 7 personar samtidig som ein skal pakka ut av to koffertar, vaska heile leiligheita og vera med ein baby som ikkje synes det er naudsynt å sova lenger enn 20 minutt i slengen - då har ein ikkje anna val enn å vera godt førebudd.

So heile dagen vart delt inn i førebuings-, rydde-, luftetur-, og fullføringsfasar. Og det gjekk som ei kula! Det einaste eg ikkje rakk var å vaska håret, men det gjorde ikkjo so mykje. Sidan maten var klargjort og førebudd over fleire rundar hadde eg også fått vaska opp og rydda undervegs, so då gjestene kom var det faktisk ryddig på kjøkenbenken bortsett frå eit par ting som måtte gjerast ferdig rett før servering.
Og midt på benken: Ein stor, flott kalkun.


Kalkun:
Kalkunen, frossen, vart kjøpt inn 21. desember, og lagt inn i det kaldaste kjøleskapet vårt for å tina sakte der og vere klar til nyttår ei veke etter.  Me visste ikkje kor mange me kom til å bli, max 10 trudde me, so eg kjøpte ein fugl på nesten 8 kilo.

Då me kom til Trondheim att dagen før dagen tok me fuglen ut og sjekka om den passa i steikeomnen: Det gjorde den. Puh.
Inspirert av Nigella la me heile greia i ein balje over natta og fylte balja med ein snedig lake. Me mangla det meste av det Nigella sa me skulle bruka, so Henningen laga sin eigen vri: Masse salt, mange halve klementiner, anis, nellik, kanelstang - og eit par desiliter ublanda gløgg.
Laken skal visstnok gjera kalkunen både saftig og smaksrik - men eg er usikker på om det er nok med berre ei natt.

Eg hadde lese masse om korleis ein kan unngå at fuglen blir tørr, og testa ut eit par tips.
Fyrst: bardering. Eg løsna skinnet over brystet og lirka inn eit lag bacon.
Deretter stappa eg fuglen med 10 halve klementiner.
Tilslutt la me fuglen i langpanne, krydra, og la eit kjempestykke smør* på toppen. Oppå la eg ein fuktig kjøkenhandduk før eg helte appelsinjus i forma og ein liten boks øl over heile greia.

Poenget med handduken hadde eg lese om på internettet. Den skulle halda fuglen fuktig og hindra at toppen, brystet blir tørt før låra er ferdig. Duken skulle haldast fuktig ved jamnleg ausing, men me gløymde ut å ausa mot slutten, so den vart ganske tørr. Under var skinnet brunt og crispy.

Funka desse triksa? Tja. Smaken var fabelaktig, men kjøtet vart litt tørt her og der likevel. Men det gjorde ingenting, for me hadde nok av saus. Og for ein saus!

Saus:
Kvelden før kokte me kraft på innmaten som låg i ein pose inne i fuglen: hjarte, krås og lever.
Neste dag hakka eg opp masse champignon, steika og blanda i. Då me tok ut fuglen blanda me i sjya frå langpanna. Rett før servering kokte me sausen opp og lot den småkoka i 5 minutt, før me hadde i fløyte og masse grovhakka bladpersille. Smakte til med salt og pepper.
Det blei omlag ei liter saus, feit og lekker. Og dødsgod.

Søtpotetmos:
Søtpoteter, 5 vanlege poteter, 3 lange gulrøtter. Eg skrella og delte opp grønsakene på morgonen, og lot dei ligga i vatn til koking. Ein time før gjestene skulle koma kokte me dei til dei var so møre at dei (i alle fall søtpoteten) nesten gjekk i oppløysing. Då helte me av vatnet og lot det dampa nesten tørt før eg moste med smør* og fløyte. For ein glatt konsistens avslutta eg med ein runde med stavmiksaren.

Rosenkål med dijon:
Denne rosenkåloppskrifta er ein schlager frå Debbie (signe deg, Debbie!) på Smitten kitchen. Rosenkålen vart reinsa og steikt om morgonen. Like før servering blanka  Henningen ein finhakka sjalottlauk og blanda med sennep, creme fraiche og kvitvin til ein saus. Rosenkålen kom opp i sausen og fekk eit kjapt oppkok.

Tranebærsyltetøy:
Eg såg posen med ferske tranebær på meny då eg handla inn, og slang den med. Det skal jo trass alt vere "cranberry sauce" med til ein trad amerikansk kalkunmiddag! Ved litt søking på nett oppdaga eg at sausen er meir syltetøy enn saus, so eg kallar den for det. Igjen var det favorittamerikanaren min (i bloggverda i alle fall) som stod for inspirasjonen, men eg fulgte ikkje oppskrifta slavisk. I staden hadde eg posen med ferske bær i ei gryte og kokte opp i lag med 4-5 grovhakka fiken, eit par spiseskeier brunsukker og ein dæsj marsala (italiensk dessertvin eg har lært om frå Nigella). Det fekk småkoka i omlag 25 minutt.

* Da einaste so e ber`enn smør er meira smør.
Arne Brimi

Tips: Krønsj

Avogtil trengs det litt krønsj. I dessertar til dømes, kan krønsjet vera hakka nøtter eller krokan. I salatar eller supper; krutongar, hakka nøtter. I ein bisarr tradisjon frå Grim skule i Kristiansand er det paprikachips som lagar krønsj. Inni ein loff. Grim er kanskje nett riktig ord….

Henningen og eg har oppdaga ein ny type krønsj, som me likar veldig godt: gigantmais. Dei er puffa, salta kjempestore maiskorn som eg har sett både i nøttefabrikken sin lausvektstand på rema og i ein eigen pose.

I november køyrde me eit par temaveker i heimen, fiskeveke som eg har skrive om i bloggen og vegetar/suppeveke som eg hadde tenkt å skriva om, men ikkje gjorde. Blant suppene me laga då var ei sellerisuppe og ei gylden blomkålsuppe, og begge fekk eit løft av å bli servert med ein neve gigantmais oppå.

I dag er ein sånn dag då det føles som eg aldri skal bli svolten att etter jula, men eg vart likevel litt fysen i kveld. Då varma eg opp resten av gårsdagens søtpotetmos (med gulrot og potet) og strødde mais over. Og voila! Eit deilig måltid med god smak - og krønsj.

Fotogent? Neppe. Men godt. 

søndag 28. desember 2014

Tips til romjulstida

Kva skal ein gjera med matrestane i jula?

Dersom dei aktuelle restane er kokte poteter, kålrabistappe og pinnakjøt kan ein til dømes - og med hell - laga pinneplukk.

Plukk kjøtet, mos potetene og evt andre kokte grønsaker, bland alt saman i ei gryte og varm opp til alt er gjennomvarma.

Server med flatbrød og heimelaga pils. Om du har.

lørdag 20. desember 2014

Tips til julestria


Dårleg tid eller lite lyst til å laga mat lenge eller ta oppvasken etterpå? 

Ta nokre poteter, omlag so mange som hushaldnigna skal ete. Vask dei. 
Ta ein kålrabi, skrell og skjær i skjever. 
Ta ei pølse av koke/dampesorten. Gjerne ei skikkeleg god ei, som vossakorv, eller som me hadde "dampepølse", evt kokmorr eller grovpølse eller noko. Eller berre streit middagspølse. 

Ha rist i ein stor nok kjele til å romme alt. Hell på vatn legg i potetene og skru på. Etter ei stund,  når potetene er omlag halvferdige, ha i kålrabi og pølse. Eventuelt, dersom det står at pølsa skal dampe/trekke i 50 minutt, legg pølsa nederst og ha i resten etterpå. 

Server med sennep, sylta agurk, raudbet eller graskar (eller anna sylta ein har og likar) og evt ketchup hvis ein synes det er godt. 

Kjempegreier. 

onsdag 26. november 2014

Temaveke: FISK

Eg latar som det ikkje  er over eit år sidan sist, og berre fortsett som om denne bloggen aldri hadde hatt pause. Me har fått oss ein baby sidan sist, ei aldeles fabelaktig ita jente frå august. Nett no heng ho på magen til far sin medan han støvsuger, og eg nyttar høvet til å presentera eit prosjekt familien byrja på førre veke: Temaveke på middagsfronten. Førre veke var vegetarisk/suppe, denne veka er temaet: FISK

Fiskekokeboka (noko å ynskja seg til jul, kanksje?) er eit strålande verk. Eg kan ikkje hugsa om eg har skrive om den før, men den er verkeleg super. Eg tek den fram med jamne mellomrom - og særleg dersom eg har vore i ein ordentleg fiskebutikk eller bra fiskedisk utan å ha ein konkret plan for kva eg skal laga. Boka er inndelt etter framgongsmåte (kokt-stekt-bakt-gryte osb), og alle oppskriftene har med forslag til andre fiskeslag som fungerer til oppskrifta.

Og slik ser fiskeveka vår ut:

Måndag: Ovnsbakt steinbit med potet og gulrøtter.
Tysdag: Torsk i  raud karri frå fiskekokeboka - i risotto/grytevariant
Onsdag: Endå enklare ørretpanne med laks
Torsdag: Restar
Fredag: Sushilunsj* med barselsgruppa, fiskesuppe heime
Laurdag: Bacalo
Sundag: Det beste frå Ravnkloa som me skal kjøpa på laurdag.


Endå enklare ørretpanne med laks
  • Eit stykke fisk (laks eller ørret) pr pers
  • 1-2 store eller 2-3 små sjalottlauk
  • Ca 20-30 cm av ein slank purre
  • 1 beger lettrømme (eller seterrømme, creme fraiche, kesam….)
  • Olje til å surra i
  • Smak - eg brukte  1-2 ss fiskesaus og ein dæsj mangoedikk frå oliviers
  • Evt salt og pepper
Oppskrifta er inspirert av "enkel ørretpanne" frå Fiskekokeboka - men den inneheld blant anna kvitvin og fløte og det hadd eg ikkje. Eg las gjennom oppskrifta, lukka boka og gjorde dette:

Surra sjalottlauk og purrelauk i litt olje med fiskesaus og mangoeddik på ganske sterk varme slik at dei får litt farge og blir mjuke. 
Skrudde ned varmen og rørte inn eit beger lettrømme. Lot det koka inn litt. 
La i eit fiskestykke per pers og lot det bli gjennomvarmt. 

Serverte med kokte poteter. Det tok akkurat litt mindre tid enn det tok å koke 4 mandelpoteter, og det var GODT! Eg anbefaler til alle som likar fisk, likar purre og likar kjapp middag. 



*Sabrura sushi har moglegeins det dummaste namnet eg nokon gong har høyrd på ein sushistad, men den har fleire gode sider også: staden ligg midt på eit kjøpesenter, like ved amme&stellerom - og det er plass til mange barnevogner og babyar der. I tillegg har dei sushibuffet med masse deilig sushi + nokre varmrettar som satay-spyd og vårrullar til ein akseptabel pris. Og det synes eg er tommel opp!

mandag 12. august 2013

Sommarminne: Lun raudbetsalat med fetaost

Det har hølja ned som berre det i stor delar av dagen og det kjennes som sumaren er over på ordentleg. Eigentleg burde eg ha leita fram regnkleda mine frå boden eller noko, men i staden sit eg her med ein kopp te og har simultankapasitet; med partileiardebatt, bloggen og foodgawker. Og innimellom ser eg på bileta frå sumaren som var. Åååh, den deilige, varme, kjekke sumaren! Med  kjær familie og kjære vener, med kjekke oppleveingar, flotte turar - og deilig, deilig mat.

Blant høgdepunkta var pizza-orgien på Helland feriekoloni, der blant anna Marte laga pizza på grillen og Jørgen miksa saman ein fantastisk chili- og kvitlauksolje til å dryppa over.

Sjølv bidrog bidrog eg med:

Lun raudbetsalat med fetaost

  •  3 ferske raudbeter utan skal, skorne i skjever. Skrelling funker både før og etter koking. Det er ein smule tidssparande å skrella og skjæra opp før koking, eller små ein venta til det går an å ta på dei. 
  • Feta på storleik med den vanlege blokka du veit, det faste merket ein finn over alt. Apetina altså. Men det finst annan feta og faktisk, og i sommar forsøkte me den frå Jacobs. Den var veldig god!

  • Vinaigrette med olje, eplesidereddik (eller annan eddik - har prøvd med bringebæreddik og!), ein dæsj dijon-sennep og pittelitt honning.
  • Ferske urter frå hagen, hvis ein er so heldig å ha slikt. Tørka funker sikkert og. Eg brukte blant anna bergmynte, mynte og timian. Ja, og so kronblad av ringblom- både vakkert og godt.
  • Bland dei lunkne raudbetene med vinaigrette og legg i eit serveringsfat. Dryss over feta og urter. Server til nesten kva som helst, for eksempel grilla kjøt eller pizza. 

Urtehagen til Anne.
Pizzaen er klar og er servert på berget. 
Kvitlauk- og chiliolje - deilig tilbehør 


Sånn, der var oppskrifta presentert. No kan eg anten fokusera på partileiardebatten eller eg kan sjå på fleire bilete frå ferien og lengta tilbake til 4 veker sidan. Eg gjer det, eg: 





mandag 5. august 2013

Latmannskap

Ein lang, varm, innhaldsrik og deilig sommar er over - i dag var fyrste arbeidsdag. Det er mange nye ungar i barnehagen, so for å gjere innkøyringa so lett som mogleg vart det til at eg var der ekstra lenge, frå me opna 7.30 til me stengte 16.30. Gleden og spaninga ved å møta nye ungar (og foreldre!) gjer at det går heilt greit å vera der so lenge, og ikkje før siste ungen er ute av porten kjende eg kor sliten eg var.

Då er det om å gjere å laga ein kjapp og enkel middag!


Middagsridder med timian 
for to personar

  • 4-6 tørre brødskjever
  • 2 egg
  • 1-2 dl mjølk, eventuelt fløyte om ein føler seg eventyrlysten
  • dæsj dijon-sennep
  • salt
  • pepper
  • bladene frå eit par kvistar fersk timian
  • riven cheddar
Visp saman alt unnateke brødet i ein djup tallerken, med gaffel. Dynk skjevene i blandinga. Legg kvar skjeve oppi, snu den so den blir heilt dekka av eggeblanding og legg over i ein annan djuptallerken. Gjenta med resten av skjevene, og legg dei oppå kvarandre i eit tårn. Hell resten av eggeblandinga over. Slik trekker det inn i alle skjevene so dei blir fuktige og deilige. 

Steik, gjerne i smør, til dei får gylden og fin farge, er gjennomvarme og all eggeblandinga inni har stivna. Legg dei over på fat og dekk med riven cheddar. 

Me serverte med spekepølse og ein enkel tomatsalat med tomat, lauk og basilikumolje. Ser ikkje so spanande ut, smaker og metter godt. Og det er det viktigaste etter ein lang fyrste arbeidsdag.