Dårleg tid eller lite lyst til å laga mat lenge eller ta oppvasken etterpå?
Ta nokre poteter, omlag so mange som hushaldnigna skal ete. Vask dei.
Ta ein kålrabi, skrell og skjær i skjever.
Ta ei pølse av koke/dampesorten. Gjerne ei skikkeleg god ei, som vossakorv, eller som me hadde "dampepølse", evt kokmorr eller grovpølse eller noko. Eller berre streit middagspølse.
Ha rist i ein stor nok kjele til å romme alt. Hell på vatn legg i potetene og skru på. Etter ei stund, når potetene er omlag halvferdige, ha i kålrabi og pølse. Eventuelt, dersom det står at pølsa skal dampe/trekke i 50 minutt, legg pølsa nederst og ha i resten etterpå.
Server med sennep, sylta agurk, raudbet eller graskar (eller anna sylta ein har og likar) og evt ketchup hvis ein synes det er godt.
Kjempegreier.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar