Viser innlegg med etiketten enkel middag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten enkel middag. Vis alle innlegg

mandag 25. juli 2016

Fiskepakkar

Hei bloggen! Eg lagar framleis mat.*

I sommar til dømes, har me ofte hatt fiskepakkar til middag.

Fiskepakkar - ein populær middagsrett

  • Ta eit ark aluminiumsfolie og brett ut. Dander ein haug med følgande på midten:
  • Grønsaker ein har liggande som bør brukast, eller som ein likar ekstra godt. Til dømes:
    Gulrøter i bitar
    Fennikkel i strimlar
    Vårlauk/purre/lauk/raudlauk
    Tomat i skjever
    Potet i skjever
    Søtpotet i stavar
    Sellerirot i stavar
    ...og so vidare og so vidare.
    Mengda grønsaker i kvar pakke bør vere ein haug som minimum tilsvarer storleiken på fisken.
  • Nokre klattar med smør eller ein klunk olje kan også leggast over grønsakene. Enten som einaste saus, eller før ein heller på noko anna, til dømes:
    Pesto (2-3 ss minst, både over og under fisken)
    Ramslaukpure (2-3 ts minst, både over og under fisken)
    Paprikasaus, som til dømes den til 10 kroner frå Rema. Den vart overraskande populær i hushaldninga her, snart 2åringen elska den! Me brukte omlag ein halv pakke til 3 fiskepakkar.
    Soyasaus (ein dæsj eller 2)
  • Fisk i porsjonsstykke. Min favoritt er torsk, laks og ørret har tilogmed butikkane med det skrantnaste utvalet. Me reknar omlag 2 per pers.
  • Salt etter smak og behag, pepper, samt gjerne friske urter.
So pakkar ein inn heile haugen, og danderer foliepakkane ved sida av kvarandre i langpanne. Steik midt i omnen på omlag 200 grader - steiketid tek du på gefühlen etter tjukkelsen på fisk/mengda grønsaker/kor al dente du vil ha grønsakene osv. Men minst ein halvtime tek det nok. 

Tilbehør kan jo sjølvsagt vera poteter (kokte eller stappa) eller ris eller byggris eller kva som helst - men det er ikkje sikkert det trengs anna enn ein sitronbåt og skvisa over. 


(bilde kjem kanskje, om eg klarer å ta eit fint bilde av retten neste gong me lagar det)



*Men sidan me har pådratt oss to heilt fantastiske ungar sidan sist blir det ikkje nødvendigvis so mykje kjekk/kreativ/sjølvkomponert/bloggeverdig mat. Ei heller tid til å blogga om det - og verda treng heller ikkje vite kor ofte me, på grunn av ymse tidsklemme og liknande grunnar, har noko som har med pølse eller pasta til middag. 

onsdag 18. februar 2015

Kjøttfritt, improvisert


Alt tilseier at det er bra med vegetarmat innimellom. Kjøttfri måndag er det mange som har - men me er ikkje so systematiske av oss. Dagens kjøttfrie rett var inspirert av noko deilig ris eg fekk på yogakurs ein gong, samt det me hadde i kjøleskapet.

Eg deler ikkje dette fordi det vart ein so fantastisk unik rett at DETTE og nettopp DETTE bør alle prøva - men fordi det var ein improvisasjon som funka. Avogtil treng ein ikkje laga rettar som har eit namn og ein fast framgongsmåte. Det fører til at ein iblant går på trynet, av og til lagar art by accident og av ogtil, som i dag, lagar ein mettande middag med gode smakar. Ikkje meir enn det, men heller ikkje mindre. 

Krydderris med søtpotet og kikerter

Risen
Finhakka sjalottlauk
Ein liten neve rosiner
Raust med gurkemeie og malt koriander
2-4 kardemommebelgar (heile)

Surr alt i litt olje

Ha i 1-2 dl ris, vatn til det dekker. 
La surre til risen er mør og vatnet vekke (vanleg riskoking med andre ord)

Skrell 2-4 små søtpoteter og skjær i små bitar.
Ta ein boks med kikerter (elle eit glas heimekokte), skyll
Finhakk ein liten snei ingefær

Kok alt i safta av ei (veldig saftig) appelsin + litt vatn slik at væska so vidt dekker. 

Grovhakk 2-3 stenglar vårlauk og ha i på slutten slik at dei framleis er litt sprø.

Smak til både ris og grønsaker med salt, peppar - og evt anna krydder ein måtte ynskje seg. 

PS, Telefonen min tar styggare bilete enn nokon gong. Det er nesten so eg burde gjere ei greie ut av å ta stygge bilde i bloggen.  Litt motstraum, lzm.

lørdag 20. desember 2014

Tips til julestria


Dårleg tid eller lite lyst til å laga mat lenge eller ta oppvasken etterpå? 

Ta nokre poteter, omlag so mange som hushaldnigna skal ete. Vask dei. 
Ta ein kålrabi, skrell og skjær i skjever. 
Ta ei pølse av koke/dampesorten. Gjerne ei skikkeleg god ei, som vossakorv, eller som me hadde "dampepølse", evt kokmorr eller grovpølse eller noko. Eller berre streit middagspølse. 

Ha rist i ein stor nok kjele til å romme alt. Hell på vatn legg i potetene og skru på. Etter ei stund,  når potetene er omlag halvferdige, ha i kålrabi og pølse. Eventuelt, dersom det står at pølsa skal dampe/trekke i 50 minutt, legg pølsa nederst og ha i resten etterpå. 

Server med sennep, sylta agurk, raudbet eller graskar (eller anna sylta ein har og likar) og evt ketchup hvis ein synes det er godt. 

Kjempegreier. 

onsdag 26. november 2014

Temaveke: FISK

Eg latar som det ikkje  er over eit år sidan sist, og berre fortsett som om denne bloggen aldri hadde hatt pause. Me har fått oss ein baby sidan sist, ei aldeles fabelaktig ita jente frå august. Nett no heng ho på magen til far sin medan han støvsuger, og eg nyttar høvet til å presentera eit prosjekt familien byrja på førre veke: Temaveke på middagsfronten. Førre veke var vegetarisk/suppe, denne veka er temaet: FISK

Fiskekokeboka (noko å ynskja seg til jul, kanksje?) er eit strålande verk. Eg kan ikkje hugsa om eg har skrive om den før, men den er verkeleg super. Eg tek den fram med jamne mellomrom - og særleg dersom eg har vore i ein ordentleg fiskebutikk eller bra fiskedisk utan å ha ein konkret plan for kva eg skal laga. Boka er inndelt etter framgongsmåte (kokt-stekt-bakt-gryte osb), og alle oppskriftene har med forslag til andre fiskeslag som fungerer til oppskrifta.

Og slik ser fiskeveka vår ut:

Måndag: Ovnsbakt steinbit med potet og gulrøtter.
Tysdag: Torsk i  raud karri frå fiskekokeboka - i risotto/grytevariant
Onsdag: Endå enklare ørretpanne med laks
Torsdag: Restar
Fredag: Sushilunsj* med barselsgruppa, fiskesuppe heime
Laurdag: Bacalo
Sundag: Det beste frå Ravnkloa som me skal kjøpa på laurdag.


Endå enklare ørretpanne med laks
  • Eit stykke fisk (laks eller ørret) pr pers
  • 1-2 store eller 2-3 små sjalottlauk
  • Ca 20-30 cm av ein slank purre
  • 1 beger lettrømme (eller seterrømme, creme fraiche, kesam….)
  • Olje til å surra i
  • Smak - eg brukte  1-2 ss fiskesaus og ein dæsj mangoedikk frå oliviers
  • Evt salt og pepper
Oppskrifta er inspirert av "enkel ørretpanne" frå Fiskekokeboka - men den inneheld blant anna kvitvin og fløte og det hadd eg ikkje. Eg las gjennom oppskrifta, lukka boka og gjorde dette:

Surra sjalottlauk og purrelauk i litt olje med fiskesaus og mangoeddik på ganske sterk varme slik at dei får litt farge og blir mjuke. 
Skrudde ned varmen og rørte inn eit beger lettrømme. Lot det koka inn litt. 
La i eit fiskestykke per pers og lot det bli gjennomvarmt. 

Serverte med kokte poteter. Det tok akkurat litt mindre tid enn det tok å koke 4 mandelpoteter, og det var GODT! Eg anbefaler til alle som likar fisk, likar purre og likar kjapp middag. 



*Sabrura sushi har moglegeins det dummaste namnet eg nokon gong har høyrd på ein sushistad, men den har fleire gode sider også: staden ligg midt på eit kjøpesenter, like ved amme&stellerom - og det er plass til mange barnevogner og babyar der. I tillegg har dei sushibuffet med masse deilig sushi + nokre varmrettar som satay-spyd og vårrullar til ein akseptabel pris. Og det synes eg er tommel opp!

mandag 5. august 2013

Latmannskap

Ein lang, varm, innhaldsrik og deilig sommar er over - i dag var fyrste arbeidsdag. Det er mange nye ungar i barnehagen, so for å gjere innkøyringa so lett som mogleg vart det til at eg var der ekstra lenge, frå me opna 7.30 til me stengte 16.30. Gleden og spaninga ved å møta nye ungar (og foreldre!) gjer at det går heilt greit å vera der so lenge, og ikkje før siste ungen er ute av porten kjende eg kor sliten eg var.

Då er det om å gjere å laga ein kjapp og enkel middag!


Middagsridder med timian 
for to personar

  • 4-6 tørre brødskjever
  • 2 egg
  • 1-2 dl mjølk, eventuelt fløyte om ein føler seg eventyrlysten
  • dæsj dijon-sennep
  • salt
  • pepper
  • bladene frå eit par kvistar fersk timian
  • riven cheddar
Visp saman alt unnateke brødet i ein djup tallerken, med gaffel. Dynk skjevene i blandinga. Legg kvar skjeve oppi, snu den so den blir heilt dekka av eggeblanding og legg over i ein annan djuptallerken. Gjenta med resten av skjevene, og legg dei oppå kvarandre i eit tårn. Hell resten av eggeblandinga over. Slik trekker det inn i alle skjevene so dei blir fuktige og deilige. 

Steik, gjerne i smør, til dei får gylden og fin farge, er gjennomvarme og all eggeblandinga inni har stivna. Legg dei over på fat og dekk med riven cheddar. 

Me serverte med spekepølse og ein enkel tomatsalat med tomat, lauk og basilikumolje. Ser ikkje so spanande ut, smaker og metter godt. Og det er det viktigaste etter ein lang fyrste arbeidsdag.




lørdag 13. april 2013

re-laks

Ein inkognito Fusing poserer med laksaskjorta og serveringsbrett:


Det er ikkje god å vita kva ein skal meina om oppdrettsnæringa. Eg har ikkje sett meg ordentleg inn i saka, so eg veit ikkje kva eg burde gjere. 

Men dette veit eg: Dei kjekke porsjonspakka stykka frå frysedisken er ein rask og deilig middag. Hvis ein har gløymd å ta dei ut av frysen går det veldig fort å tine dei i ein lunka vatn (utan å opne pakka!).

Ein naturellvariant. 


Laksestykka treng verken lang tid eller noko særleg dilldall for å bli bra, men det hender seg at eg får ånda over meg til å gjere noko meir med dei rosa fiskestykka. I vinter har eg kokkelurt saman to deilige marinadar som også kan bli ein god saus. 


Wasabimarinade

  • 1-5 cm wasabipasta frå tube
  • klunk olje
  •  ein del soyasaus
  • liten dæsj fiskesaus
  • klype sukker
  • sitronskvis/ dæsj sitronsaft
Servert med enkel salat og ei blanding av heil havre, kvit og brun quinoa.

Appelsin og rosmarin-marinade
  • appelsinsaft (eit par ss hvis saft frå butikk, safta av 1/2-1 frukt hvis ferske appelsiner
  • klunk olje
  • finhakka fersk eller tørka rosmarin
  • dæsj soyasaus
  • dæsj eplesidereddik
Servert med byggris, agurksalat og lettsteikte grønsaker. 

Framgongsmåte for begge: 

Ha alle ingrediensane i ein bolle og visp dei veldig godt saman. Smak til den riktige balansen mellom salt (soyasaus), syre (sitron, eplesidereddik) og smaktilsetjingane. 
Legg fiskestykka i marinaden, og la ligge. Gjerne lenge. Snu nokre gongar. 


Set varme på steike- eller grillpanna, og legg fiskestykka i når panna er varm. Steik til du ser det forandrar farge nederst og snu. Det beste er når det er ei brun, litt sprø steikeskorpe ytst, men framleis mørkerosa i midten. Det tek ikkje mange minutta! 

Legg til side fiskestykka, hald dei gjerne varme hvis dei må venta litt. 

Ikkje skru av steikepanna, men hell i marinaderesten. Klæss i ein dæsj kesam eller liknande og gjerne litt smør. Visp godt til det blir jamnt og tjukt og kanskje litt skummande. 

Server med salat eller grønsaker, og ditt favorittilbehør. Som det kjem fram av bileta er ymse korn ein favoritt her i huset. 


mandag 18. mars 2013

Matprat/Latprat

Prinsipp skal vere rettleiande, ein målestokk. Det er lett å fortelja seg sjølv at dei ikkje er absolutte - eller ein kan ha fleire ulike prinsipp, nok til at det går an å velga og vraka der det høver best. Det går an å ha som hovudprinsipp at maten skal vera sunn, at næringsinnhaldet skal vera balansert.  Det går an å villa kutta ned på kjøtforbruket og berre kjøpa økologisk, kortreist, rettferdig, kvalitetskjøt. Og at hovudinnhaldet i kosten skal vere vegetarisk. Samtidig går det også an å villa bidra mindre til all maten som blir kasta i (den vestlege, rike) verda. Og so hender det at dei sel røykte kjøtpølser til 10 kroner pakken pga datostemplinga.

Og når eg er seint ferdig på jobb og ikkje kjem heim før klokka halv seks - då er det lite høgverdige prinsipp og visjonar som gjeld. Då vil eg berre ha mat. Fort. (Men det bør framleis smaka godt.)


Kvardagsmiddag: Pølse, pasta, pesto

2 pølser
2 små raudlauk
olje, salt, pittelitt sukker
spaghetti til 2
2 toppa ts raud pesto
salt, pepper etc.

Kok spaghetti.
Skjær laukane i nokså tjukke (1/2 cm - 1 cm) skjever/ringar. Varm opp litt olje i steikepanna, ha i lauken. Dryss over salt og pittelitt sukker. Steik til litt brun.
Skjær pølsene i skjever. Ha i steikepanna. Steik lauk og pølser til ferdig, rør rundt.

Når spaghettien er ferdig, hell i dørslag. Ha i raud pesto og bland inn.

Et.

mandag 25. februar 2013

Slik ein sik!

Då eg kom inn døra heime etter ei hard treningsøkt (ja, faktisk!) i kveld visste eg ikkje kva for ei delikatesse som venta meg. Eg forstod det heller ikkje då eg fekk auge på den heller.


Denne fisken har lugge vakuumpakka inst i det kaldaste skapet sidan før jul. Det er ein varmrøykt sik frå Femundfisk som var ein del av den fabelaktige matpakka Henningen fekk i julepresang frå jobben. Heil, tradisjonsrik, rett og slett flott.  

Me har ikkje snakka so mykje om den fisken før, og no skal eg koma med ein innrømmelse som eignentleg er litt flau: Eg var litt redd for den fiske.  Eg trudde nok den kom til å vere god, men eg grua meg litt til å ta den fram. Kanskje  kom til å vere litt tiltak å reinse den. Kanskje er den ram og tilvenningskrevjande som rakfisk? Kanskje kryr den av mjuke små bein, som nubbesild? Alle desse tinga er sider av fisk som gjer meg litt feig. Fiskefeig. 

La oss sjå litt meir på han:


Lekkert dandert på serveringsfat, med rå lauk og lekker kålrabistappe. Alt var klart då eg kom heim frå trening, og eg var skrubbsvolten. 

Vakuumpakka var opna.

Det var ingen veg tilbake. 

Eg tok kniven fatt, og byrja å reinse av skinnet. Skjela var intakt, og skalet viste seg å gå lett av i store, stive flak. Under openberra fiskekjøtet seg, med kvit og rosa farge som minna om rakfisk men med fast kjøt. Den var rett og slett fastare i fisken (hø, hø).


Og smaken? Nydeleg! Ikkje for salt, ikkje for røykt. Rett og slett ein mild og snill og nydeleg røykt fisk.
Kombinasjonen mellom den fine røyksmaken, den milde og deilige kålrabistappa og skarp rå lauk var rett og slett fabelaktig. Eg kunne nesten ikkje kontrollera superlativa.


Slik ein sik har eg vel aldri smaka før! For ein flott fisk! 





So finn du ein heil, varmrøykt sik frå Femundfisk veit du kva du har å gjere.

søndag 9. desember 2012

søndag

dagene styrter avsted som ville hester over alle hauger
charles bukowski


Det går i eitt med kvardagar, dei kalde klare, dei gørre grå, dei late, dei som er fylte med folk og fest og mat. Det går i eitt med lesing på bussen, timelisteføring, arrangering, møter, knekkebrød med makrell i tomat i lunsjen. Og no er det byrja med julabord, no er det tid for å få i stand alle dei planlagte treffa og middagsbesøka og lefsebakinga og pepperkakehusbakinga og me må jo få møttes før jul!

Det er heilt greit med kvardagar og. Men i dag stod me opp so seint som me villa, drikk kaffi og slappar av i sofaen, ser på tv-serie og ute er det kaldt, so me går ikkje tur likevel. 

Me står ved sida av kvarandre med kvart vårt skjærebrett og kvar vår kniv. Pastavatnet er satt på kok, der skal spaghettien få bli al dente. Det er grønnkål i frysen, eg tar den opp og riv frå kvarandre i passelege bitar. Grønnkål blir litt som papir når den er frosen, den blir ikkje seig før den får tint litt. So hakkar eg kvitlauk. Henning drar skinnet av nokre pølser, røykte kjøttpølser av den billige og berre passeleg gode typen. 

Når pastaen har kokt heller med den i dørslag og renne av. I den varme kjelen smelter me litt smør og lar kvitlauken surra litt. So har eg i kålen og lar den falla litt saman og bli litt mør. Har i matfløyte, og heller tilbake pastaen. Henning steiker pølsene og på slutten av steikinga heller han over litt sweet chili og sriracha-sausar. Då blir dei klissete, nesten karamelliserte, og det blir eit lite helvete å få panna rein, men det går bra. 

So er det middag i sofaen, slapp søndag, og i kveld skal me til byn og sjå James Bond.

torsdag 20. september 2012

I just KÅL to say...

I love you.







Grønnkål er stor og kraftig og vakker. Tidvis litt grov, men riktig behandla er det deilig, deilig.

For ei tid sidan såg eg denne interessante saken med forfattarar sine oppskriftstips, og merksemda mi vart fyrst tend ved Jonathan Franzen sin enkle, kjekke rett: Pasta med grønkål.  Eg ler av introduksjonen  oppskrifta har fått:


 We want to make fun of Jonathan Franzen for calling this garlicky pasta “handsome,” “private,” “erotic” and “virtuous,” but we want to eat it so much that we can’t quite bring ourselves to give him any lip.

Det er noko corny med orda han brukar for å skildra retten sin, den gode mannen. Men middag som er enkel å laga, billeg og sunn er alltid velkomen i min heim. Og særleg enkle, men deilige forslag til å bruka favorittingrediensar som eg ikkje har prøvd ut i so mange oppskrifter før.

Me gjorde eit par endringar då. Det eine er safransoljen eg kjøpte på ferietur til Gotland i august. Og det andre er akkurat det Franzen kallar vanhelligelse: me reiv parmesan over. Me har no heller aldri vore so opptatt av det heilage.

Pasta med grønkål, på enklaste vis.


  • Riv passelege bitar av grønkålen, ikkje ta med grov stilk. 
  • Kok pasta, fx spaghetti i salta vatn.
  • Hakk kvitlauk fint, steik den i olivenolje til den lukter deilig og er litt brun. Pass på at den ikkje blir brent! Brent kvitlauk er gresseleg. 
  • Hell pastaen over i dørslag, ta av litt pastavatn til neste punkt.
  • Damp kålen i litt av vatnet til den fell saman og blir mør. 
  • Bland kål, pasta og olje med kvitlauk, kverne litt pepper over. Hell også over litt safranolje hvis du har, i tilfelle du og har vore på gotland eller noko.
  • Server med parmesan om du er rampete, utan dersom du er tru mot skrifta. 

mandag 16. juli 2012

Fisk til ein skokk!

Mesteparten av tida er Loddgarden i Melhus ein ganske vanleg, roleg gard i Melhus. Men ikkje no! No er det snart festivaltider, og det kjem stadig fleire til I dag kom eit lite lass orkestermusikantar også, i tillegg operasongararane, teknikararane, frivillige sjauarar, badstubyggarar og fleire til - so i dag var me ikkje mindre enn 18 til bords. Det er festivalforpleining, det!
Gislaug har tatt frisørbuksa på. 

Det var ei lita stund i dag tidleg, då det gjekk opp for meg akkurat kor mange eg skulle laga middag til, at eg kjente eit snev av stress. Men det enkle er ofte det beste, so eg tenkte langpanna og eg tenkte lauk, paprika, fisk og tomatsaus. Heldigvis var Henningen med og handla so me var to hovud som tenkte ut fiskemengda. Og då vart det gjort.



Loddgardens fiskemiddag for festivalfolk
til ca 20 personar.
  • 8 lauk
  • 7 paprika
  • 4 pk frossen torsk a 900 gram
  • 6 boksar hakka tomater
  • Laupstikke frå hagen
  • Salt, pepper, og krydderet som er for handa

Legg fisken i botn av 2 langpanner.
Del lauk i båtar og paprika i strimlar, og fordel utover.
Hakk opp laupstikke og dryss over, salte og pepre.
Hell over tomatboksar, tre i par langpanne.
Set i omn med varmlufta på, og ca 200 grader.
Det stod om lag ein time og eit kvarter, men fisken var frosen då eg sette det inni, so om filetane er tinte treng det nok mindre tid. 

Me hadde kokte poteter til, eg kokte 5 kg fine nypoteter, og det var rikeleg. Det var rømme til og, som gjorde seg utruleg godt. Særleg den eine rømmen, som det var rørt riven peparrot inn i! Sterkt og deilig, men litt for sterkt for dei som ikkje var førebudd på det, smilefjes. 

Langbordet har plass til tolv, so me åt i to omgangar. Det er ikkje ofte eg et middag medan ein strykekvartett øver i naborommet. Det  kallar eg taffelmusikk!


Alle blei mette, og dei sa det var godt utan at eg hadde spurd fyrst. Det tek eg som eit godt teikn!
Det er kjekt å ta utfordringa og oppdaga at eg kan, men eg trur ikkje eg skal satsa på å bli industrikokk med det fyrste. 

Ettermiddagskaffi for cellisten med festivalens flottaste namn: Ivan Valentin


Medbrakte, sjølvsådde kornblomar i kveldssola. 

tirsdag 5. juni 2012

Ein liten kveldsrett

Eg elskar uttrykket "liten kveldsrett". Det står både her og der, men kanskje helst i gamle kokebøker? Eg bruker det i alle fall so ofte som eg kan. I går kveld laga eg ein slik liten kveldsrett.

Gojee.com er ei praktisk side på nettet. Der kan ein skrive inn ei ingrediens ein har lyst på (eller har i hus), og so kjem sida med flotte forslag i bilete og tekst. I går hadde eg nokre kamskjell, og då nettsida kom med forslag fall eg for dette:



Hakk opp eit kvitlauksfedd og blader frå nokre kvistar fersk rosmarin. Steik dei litt i olje til dei lukter deilig.

Ha i ein boks hakka tomater, og la sausen småkoka/bobla/syda til den blir tjukkare og smakane får sett seg. Smak til med salt og eventuelt sukker (eg bruker rosmarinsukker).


Tørk av kamskjella, salte og pepre dei. La dei ligga i sausen og bli kokt pittelitt. Ta dei ut, auk varmen og skubb sausen til side. Ha evt litt olje i den tomme delen, og steik kamskjella raskt. 


Me var berre litt svoltne, so me hadde ikkje noko til. I bloggen der eg fann oppskrifta (lenke over) serverte dei med quinoa.

Til og med GARNITYR!


lørdag 10. mars 2012

Trøstesuppe, sjukuladepudding

I den fantastiske husmorsboka eg har fått av tanta til pappa står det eit heilt kapittel om sjukepleie. Der står det om hygiene, om reine sengetøy, om frisk luft og om næringsrik mat servert i heilt eigne fat.

Denne sjuklingen er aleine heime (men det er greit, eg sa at han burde dra til byn og leva livet, det ville vore keisamt å vera her med meg). Sola har gått runden sin, SV har vald leiar, været i Trøndelag har vore schizofrent som vanleg - og eg har vore horisontal på sofaen og foran tv-en.

Verken mat- eller koke-lyst er heilt på topp på slike dagar, so det gjeld finna noko som er både kjapt, enkelt og lettspist. Som til dømes ein enkel og deilig sjokoladepudding, som eg gjer endå deiligare med å ha i nokre dråpar peppermynteolje. Her servert på puslespel.

Eg åt alt sjølv, men det tok omtrent to timar

Men ein kan ikkje leva på sjokoladepudding aleine! Både hjå Nigella og i fleire engelske matbloggar kan ein sjå uttrykket comfort food. Eg har tenkt at uttrykket viser til mat som  er ganske enkel å laga, lite oppvaskgenererande, triveleg og deilig. Comfort food innheld gjerne kjøtdeig eller ost (eller aller helst: begge delar), og er det ein lagar til seg sjølv når ein skal ete aleine. Då treng det ikkje vere verken estetisk eller sunt! Wikipedia derimot, fortel meg at comfort food enten kan vere tradisjonell mat med sentimental eller nostalgisk appeal,  eller mat som er  easy-to-eat, easy-to-digest meal rich in calories, nutrients or both. Okei!

Dagens trøstesuppe

Ein av vinterens favorittar i sjangeren har vore ulike variantar over same tema. Utgongspunktet har stort sett vore det same: omlag ein halv liter kokande vatn med buljong, sriracha og nudlar. I tillegg kan det hende eg tek både knust, tørka sopp, finhakka chili, kvitlauk, tynne strimlar gulrot skore med ostehøvel og ferske urter oppi, alt etter kva eg har i hus eller har lyst på. Når nudlane er møre og alt syder knekker eg eit egg oppi og lar det posjere.

Eit anna døme frå tidlegare i vinter

tirsdag 21. februar 2012

Magisk Måndag med eit touch av humor


Høgdepunkt frå ein kveld, ein middag eg lenge har hatt lyst til å laga og ein punktvis intro som ikkje har noko som helst med resten å gjera:
  1. Nokon ville ha kake, og Gilbert syntes det høyrdes bra ut med sitronkaka. Det slo ikkje feil. Det slår aldri feil, eg har aldri servert denne kaka utan at nokon kjem opp med eit strålande kompliment.  I god populærkulturell referansestil har eg lyst til å ropa: I LOVE THE SMELL OF FRESHLY GRATED LEMON ZEST IN THE EVENING!
  2. Eg må innrømma at det kanskje er litt nyttig med mikro, for då gjer det ikkje noko om ein ikkje har romtemperert smør når ein skal gå igong med baking og skal røra smør og sukker kvitt for hand.
  3. Gjøran kan i tillegg tipsa om at mikrobølgeomnen er god til å varme opp gamle grændis-stykke som har lugge på benken eit par timars tid. Stakkar Gjøran. Ikkje berre nasedøv, men fullstendig mateist.
Til saka:

For eit par veker sidan var me på Magisk Måndag hjå Gjøran og dei. Magisk Måndag tyder at Gjøran et les garcons fyller huset med gode vener, men dei andre hadde ete middag før me kom sjølv om MM pleier å innebera fellesmiddag. Okei, då fekk eg, Henningen og Hjørdis laga oss middag sjølv. Til vanleg krevst det kjøttdeigbasert mat til MM, men eg nytta høvet til å laga noko eg alltid har hatt lyst til å prøva, nemleg Horepasta. Eventuelt betre kjend som Pasta Puttanesca:


HOREPASTA

Oppskrifta eg fulgte er å finna i Jamie Oliver si bok"Jamie på 30 minutter". Når eg skriv dette har eg ikkje boka framom meg, men eg hugsar no oppskrift og framgongsmåte sånn omlag riktig likevel. Hvis du vil ha Jamie sine eigne ord kan du jo sjekka ut episoden der han lagar det her, hvis ikkje du har eller skaffar deg boka sjølv. Det er absolutt ei bok som virker som den er verdt å eige. Mengdene av ingrediensane kan ein jo justera sjølv dersom ein er meir eller mindre glad i fx kapers eller chili.


  • Ein boks tunfisk
  • Ein boks ansjos av typen "gaffelbiter" eller noko slikt, men aller halst omlag 30 gram ordentlege, middelhavsansjos.
  • 2-3 ss kapers, hakka.
  • Eit par kvitlauksfedd, skrella og pressa (eller finhakka)
  • Ein chili, finhakka. Eller eit par tre tørka minichilliar, smuldra opp. 
  • 8-12 svarte oliven hakka opp. Fleire til å ha på når servert. 
  • Ein boks hakka tomater.
  • Pittelitt kanel. 
  • Frisk persille, opphakka.
  • Spaghetti. 
1. Set på pastavatn. Ha i spaghettien når det kokar.
2. Hell av oljen frå tunfisken i ei steikepanne og hell oppi ansjosane (dei smelter, det er stas!), ha i kvitlauk, chili og kapers. Surr littegranne.
3. Ha i tunfisken, del den opp i panna.
4. Ha i boksen med tomater, rør omkring.
5. Rør inn hakka oliven og persille.
6. Smak eventuelt til med kanel hvis du likar ein liten touch av nordafrika i det middelhavske. Ei ts skulle halde.
7. Server som på biletet med heile oliven oppå.

Det var kjempegodt! Det er verdt å ha kapers, ansjos og oliven som ein del av basisutvalet slik at ein berre kan smella saman ein porsjon horepasta ein dag ein har lyst på ein smakfull og enkel middag. Eg skal la den gå inn i det faste middagsrepertoaret, utan tvil.


 PS. Til slutt. Veldig god humor:

søndag 22. januar 2012

Heimedag


For å vere heilt ærleg er eg usikker på den store miljømessige eller økonomiske gevinsten ein får av å laga Alt Godt sine opptenningsrullar. Men det bryr eg meg ikkje om, og presenterer heller fira gode grunnar til å bruka tid på å laga dei uansett. I stigande rekkefølge:

4. Kjensla av at det er fornuftig å bruka stumpar og restar av stearinlys til noko.
3. Kjensla av å få brukt opp alle reklameavisene som kjem i posten fordi ein ENNO IKKJE har fått opp ein «Reklame Neitakk»-klistrelapp.
2. Den generelt gode kjensla av Å LAGA NOKO SJØLV.
1. Den mest konkrete og beste grunnen av dei alle: Det er utruleg lett å tenna opp med desse rullane, sjølv i ein kronglete og vanskeleg omn som vår.

Og slik gjer du det:
Set på radioen, eller ei fin plate (til dømes denne) på repeat.
Smelt stearin over vassbad, eg bruker eit stort sylteglas eg har mista loket til. Rull saman 2 sider av ei avis, fest med hyssing eller bomullstrådar, klipp opp i passande storleik. Eg rulla frå botnen, altså den lengste sida, og klippa opp i 4 bitar. Det blei slanke, fine rullar. Dypp halve i stearinen, det kan henda du må tilta litt for å få dekt opp til omlag midten.

La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye.


Og dette kan du halda på med til det er tomt for stearin eller aviser, eller du blir lei. Eller til du blir akutt svolten og bruker 10-20 minutt på å laga ei ikkje veldig vakker, men god:
Rask, enkel suppa
Omtrentlege mengder til ein person:
  • 5 – 7,5 dl vatn,
  • suppebuljong tilsvarande mengda vatn
  • ein dæsj Sriracha, annan chili-saus eller litt hakka fersk chili
  • 4-5 tørka soppar hvis du har

La det småkoka, medan du har i: 
  • 1/2 kvitlauk av typen utan fedd, skore i tynne skjever.
  • 1- 1/2 gulrot, med mindre du oppdagar at det ikkje er gulrøtter att.
  • Ein liten bit finstrimla hovudkål, med mindre du oppdager at det er myggel på den.
  • Ein liten porsjon nudlar, til dømes eit nøste av desse festlege, fargerike nudlane frå ei asia-sjappe.

Når det syder og alt er mørt, knekk eit romtemperert egg oppi. Dette er den einaste formen for posjering eg nokonlunde beherskar. Det vil seie, det kvite sprer seg jo rundt i krafta som brudeslør i sommarbris, men i denne suppa gjer det ikkje so mykje. Det blir ikkje like pent, berre. Difor viser eg fram ein litt penare variant som eg laga tidlegare i veka: 



søndag 20. november 2011

Stress < Fest

Eg hadde lagt store planer for laurdagsmiddagen, men heilt gløymd å passa tida, og med eitt oppdaga eg at eg hadde i underkant av tre kvarter på å laga og eta middag før eg måtte ut av huset. Stress? 

Men so berre kokte me litt pasta, dampa litt brokkoli og steikte laks i ca 30 sekund på kvar side før me la alt på fat og helte salviesmør ove heile herligheiten - og på under 15 minutt hadde me ein heilt fantastisk, vidunderleg deilig middag. Fest!

Dagens laks: Salma.
Det er mange som hyllar Salma på same måte som Tor Tør hylla skodespelarinna med same namn i ungdomsbladet Topp på 90-talet, men alle er ikkje like einige i at det er verdens beste fisk. Sjå her til dømes, eit interessant blogginlegg som er kritisk til den enorme hypen.
Konklusjonen er likevel ikkje negativ, og sjølv vil eg trekka fram følgande gode sider ved frk. Salma: Når du har kjøpt eit stykke salma kan du vera heilt sikker på at du har kjøpt eit godt stykke fisk. Og har du dårleg tid slepp du å reinsa skinn og pilla bein, og du kan lika godt eta den rå som tilberedt. Eg likar den godt heilt rå når den skal vera sushi, eller som her: sovidt litt varma ytterst.


Salviesmør:

Smelt ei passe mengde smør etter kor mange som skal ete og kor mykje pasta det skal vere. Eg er jo einig med Arne Brimi i at "det einaste som er betre enn smør er meira smør", so eg tok omlag 40 gram og 15-20 ferske salvieblad. Hakk salvien med den praktiske teknikken chiffonade, der du ruller blada saman og hakker rullen opp slik at det blir lange, tynne bitar. Ha salvien i smøret og surr det på middels varme til smøret blir brunt og nøtteaktig, og salvieblada blir sprø og krympa. 

Konklusjon: 

For ein middagsrett! For ein festmat! 

Eg rakk jobb med fin margin, og vart likevel både mett og glad. Faktisk so mett at eg ikkje vart svolten att før ti-tida om kvelden. Og so var det slett ikkje so dyrt heller. La meg gjera eit forsøk på eit reknestykke der eg reknar grovt og omtrentleg:

Brokkolien kosta 9.90, og me brukte omlag halve: 5 kroner.
Salvieplanta kosta 30 kroner, og eg kan sei at me bruka omlag 1/3 av den: 10 kroner
Pastaen kosta 15 kroner, og me bruka vel om lag halve posen: 8 kroner
Salmalaks, eit stykke på omlag 300 gram: 60 kroner
Smør: gidd ikkje rekna ut, for eg hugsar ikkje kva smøret kosta. 

Tilsaman blir dette 93 kroner, som vil seia under 50 kroner per person. Og det er jo ikkje so verst!
Eg trur dette er den perfekte retten hvis ein skal invitera nokon på ein romantisk middag heim til seg. 

Kvar siste smule vart eten opp. 

onsdag 19. oktober 2011

Terging og syt

Er det noko eg verkeleg misliker, so er det den kjipe kjensla av å brygga på noko. Stiv i nakken, blank i auga, vondt i hovudet. Det einaste eg har lyst på er nudlar med sriracha og te. Og stearinlys på bordet. 

Dette innlegget fungerer ikkje berre som syting, men også litt som eit spark bak til meg sjølv. Eg skal nemleg informera dykk om alt det fantastiske eg har tenkt å skriva om, og som de sjølvsagt gler dykk til. Blant anna skal eg melda  Smalhans snart, boka i sentrum på biletet over Og lesarar, de kan berre gle dykk! Ikkje det at eg har heilt fullstendig oversikt over kven som eventuelt kan koma til å lesa dette, men eg går ut frå at Smalhans er midt i blinken for mange av dykk.
Vidare vonar eg det kan koma eit og anna om desse:





Kva vil de høyra om fyrst?

søndag 14. august 2011

Søndag? Svigermors solo-pasta!

Etter ein fantastisk fest på eit gårdstun, komplett med nattmat, underhaldning og ein vidunderleg soloppgong i 5-tida er det greit med noko enkelt og kjapt. Og godt.







Svigermor laga denne tunfiskpastaen ein gong me begge var gressenker, og eg var innom på besøk. Ho fortalde at ho pleier å laga seg dette når ho skal laga middag til kun seg sjølv, difor overskrifta, men då med halv mengde. Sjølv halvert vert det ein solid porsjon til eit menneske - men det er innmari godt, og eg fekk kål på heile greia, godt hjulpe av bakfylleulven eg gøymer i magen etter slike festar.

torsdag 3. mars 2011

Ei rekke samanfallande hendingar

Rett etter at vidunderlege Smitten Kitchen la ut oppskrift på sitron og olivenolje-pasta skulle han som ikkje toler sitroner til Berlin for helga, og eg tenkte:DET ER PÅ TIDE MED SITRON I MIDDAGEN!



Og jammen hadde ikkje Bunnpris byrja med noko nytt: Sitroner i nett til kroner 6.40. (Er ikkje det latterleg billeg? Korleis går det an?)
So det kjøpte eg, saman med ein pose ost. Åh, eg veit at det sannsynlegvis er noko kødd med den osten og (for ikkje å snakka om kor lite den kan samanliknast med fersk eller fancyost), men eg går for juksemat, gjer eg ikkje?




La meg presentera: Eit lite mettande, næringsmessig ikkje akkurat fullverdig, kvitt, mjukt, surt og aldeles fabelaktig måltid. Still inn kvitbalansen, baby!


Og er ein heime aleine, då kan ein gjera nett so ein vil.