Viser innlegg med etiketten retro. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten retro. Vis alle innlegg

lørdag 2. februar 2013

Kveder og kvelding



Kveder er ei gamaldags frukt som har vore ganske avgløymd i dette landet her. I utlandet derimot, har dei ikkje gløymd kva kveda kan bidra med. Dei er harde og trevlete når dei er rå, men stikk du nasen borti skalet kjenner du den aromatiske duften som minner om epler og pærer, og blir den kokt, posjert eller bakt blir den smakfull og deilig. 

Alt dette har eg berre lese om i bloggar og kokebøker (og på opplysningsnettstaden for frukt) - men no ligg det to kveder og baker seg i steikeomnen min. Eg har ei lita kjensle av at kveder er i vinden no, og at fleir og fleir oppdager denne harde, fine frukta. For min eigen del kjennes det litt som ein milepæl i livet - ENDELEG kveder! Eg sat i sofaen og såg på dei i går kveld medan eg googla kveder og quince og quitte for å finna ut korleis mine fyrste kveder skulle tilberedast.

Neste gong eg kjøper kveder skal eg laga membrillo, ein fast gelé av kveder som er fast tilbehør til ost i Spania. Internettet flommer over av oppskrifter (blant anna her eller her) , og det virker enkelt og greit å laga - om enn noko tidkrevande. Men debut-kvedene skal bakast.

Kvedene eg kjøpte i går er no i ovnen, fylt med honning og sitron, og eg er spent på resultatet!
Baketida skal eg bruka på å rydda i stova (klede i stolen, papir på bordet, julapynten som rett nok er rydda ned, men som står i skoesker i hjørnet). So blir det kveder og is om 2 timar. 

Bakte kveder med honning
  • Set steikeomnen på 150 grader.
  • Vask kvedene godt. Del dei i to, reins dei for stilk og kjernehus, skjer vekk evt stygge flekkar. 
  • Legg kvedene i ei eldfast form. Ha omlag 1 ts kvar av honning og sitronsaft i holet i midten. 
  • Hell vatn i forma, omlag ein halv liter


PS. Og kvedinga? Den er til dømes her, i eit døme med god kveding og dårleg lyd:
Eller her, for litt grining på laurdagsføremiddagen. 

fredag 9. november 2012

Anbefaling: Terteskjell, dandasje og latterkrampe

All mat kommer fra Ungarn av Petter Schjerven er altså så fabelaktig at eg ikkje kan få anbefalt den nok for alle som er glad i mat og kokebøker og andre bøker om mat. Dette er ein blanding av dei to. Visst kan den brukast som kokebok, men den er kanskje best som underhaldning.

Det einaste eg ikkje er superbeistra for er den corny Ungarn-hypotesen. Det løyser eg ved å hoppa over dei sidene som går djupast inn i den tematikken, og fokuserer på Schjervensen og andre mat-personar sine fantastiske barndomshistorier og andre minner.

Eg les denne perla av ei bok på sengekanten, og har fått seriøs latterkrampe ved tre tilfelle: formuleringa "la oss forgifte maten nu før jul", tanken på lutefiskbuffet på veikro og ikkje minst: historia om germknödel frå austerrike.
For den som synes det er festlig og artig å lesa i gamle kokebøker er dette ein skatt. For den som er interessert i den nærare mathistoria vår er dette ein skatt. Eg håper denne boka vil ligge under mange juletre i år, og at den fører til ei oppsving i salet av terteskjell og dandasje.
Takk for boka, Petter Schjerven!

torsdag 17. mars 2011

Siger til sago?

Her om dagen var eg innom Bunnpris Tyholt, ein gourmet-variant av den kjedelege kjeda. Gourmet og gourmet, fru blom! Det kan jo ikkje samanlikna seg med til dømes Jacobs på Holtet som eg berre har besøkt ein gong men som eg drøymer om koma tilbake til ein dag, men det er ikkje så verst.

Og der, på hylla under heile byggryn (som eg skulle ha), stod dei: Små pakkar med SAGOGRYN. Og ein fekk bli med meg heim, for eg har nemleg lest i media at sagogryn er på full fart inn i gløymeboka og dimed ut av butikkhyllene.

Eg har nokre vage barndomsminer om sagosuppa, eg trur det var som dessert etter lettsalta torsk ein sjeldan gong i blant. Stort sett var det mjelkesup som fekk vera dessertfølget etter fisken, men eg kan hugsa at det har vore sagosup og.

So eg googla, forkasta oppskrifta og kokte opp gryn, vatn og hushaldningssaft. Etter ein halvtime med småkoking var gryna klare, so eg helte opp i ei skål og gjekk tilbake til Star Wars Episode 6: Return of the Jedi.
Medan Ewokar og motstandsstyrkar slåss i skogen på Endor sat eg i sofakroken og tenkte: Sagosup, din retro raring. Tenk å eta noko som består av stivelse og saft!

Eg skal ikkje svikta deg, Sago. Men neste gong blir det pudding.