Fiskekokeboka (noko å ynskja seg til jul, kanksje?) er eit strålande verk. Eg kan ikkje hugsa om eg har skrive om den før, men den er verkeleg super. Eg tek den fram med jamne mellomrom - og særleg dersom eg har vore i ein ordentleg fiskebutikk eller bra fiskedisk utan å ha ein konkret plan for kva eg skal laga. Boka er inndelt etter framgongsmåte (kokt-stekt-bakt-gryte osb), og alle oppskriftene har med forslag til andre fiskeslag som fungerer til oppskrifta.
Og slik ser fiskeveka vår ut:
Måndag: Ovnsbakt steinbit med potet og gulrøtter.
Tysdag: Torsk i raud karri frå fiskekokeboka - i risotto/grytevariant
Onsdag: Endå enklare ørretpanne med laks
Torsdag: Restar
Fredag: Sushilunsj* med barselsgruppa, fiskesuppe heime
Laurdag: Bacalo
Sundag: Det beste frå Ravnkloa som me skal kjøpa på laurdag.
Endå enklare ørretpanne med laks
- Eit stykke fisk (laks eller ørret) pr pers
- 1-2 store eller 2-3 små sjalottlauk
- Ca 20-30 cm av ein slank purre
- 1 beger lettrømme (eller seterrømme, creme fraiche, kesam….)
- Olje til å surra i
- Smak - eg brukte 1-2 ss fiskesaus og ein dæsj mangoedikk frå oliviers
- Evt salt og pepper
Oppskrifta er inspirert av "enkel ørretpanne" frå Fiskekokeboka - men den inneheld blant anna kvitvin og fløte og det hadd eg ikkje. Eg las gjennom oppskrifta, lukka boka og gjorde dette:
Surra sjalottlauk og purrelauk i litt olje med fiskesaus og mangoeddik på ganske sterk varme slik at dei får litt farge og blir mjuke.
Skrudde ned varmen og rørte inn eit beger lettrømme. Lot det koka inn litt.
La i eit fiskestykke per pers og lot det bli gjennomvarmt.
Serverte med kokte poteter. Det tok akkurat litt mindre tid enn det tok å koke 4 mandelpoteter, og det var GODT! Eg anbefaler til alle som likar fisk, likar purre og likar kjapp middag.
*Sabrura sushi har moglegeins det dummaste namnet eg nokon gong har høyrd på ein sushistad, men den har fleire gode sider også: staden ligg midt på eit kjøpesenter, like ved amme&stellerom - og det er plass til mange barnevogner og babyar der. I tillegg har dei sushibuffet med masse deilig sushi + nokre varmrettar som satay-spyd og vårrullar til ein akseptabel pris. Og det synes eg er tommel opp!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar