mandag 25. juli 2016

Bursdagskaker og bananbrød

I dag har eg bursdag. Eg blir 34 år, og har feira med kakebesøk med slekt. Eg var veldig glad for at eg hadde lagt opp til lavterskel baking på sjølve dagen, då det viste seg at Verdas Finaste Jente (snart 2) ikkje skulle byrje barnehagen att i dag likevel (som me trudde), men har ferie denne veka og. Har barnehagen gjort feil og kryssa av ei veke for mykje, eller har nokon i familien vår gløymd litt ut kva veker me kryssa av for? Det speler inga rolle - resultatet vart uansett at eg ikkje skulle ha bursdag i ro og mak med litt roleg førebuing og koseleg samvær med Verdas Finaste Babygut.

Nei, eg skulle ha ein intens, hektisk halvtime der eg small saman 3 ulike kremar til botnane eg GUDSKJELOV hadde fiksa i helga medan ungane var opptatt med henholdsvis vippestol + babygym og barnesangbonanza frå PuddingTV på youtube.
Eg var ganske pudding sjølv då det var tid for selskap, men det var veldig, veldig triveleg, eg fekk fine blomar - og kakene vart suksess. Eg laga 2 kaker, ein mandel- og nøttebunn med krydra rabarbrakrem, og ei lags blautkake med mokkakrem på toppen og bringæbær-mascarpone-krem inni.

Om kvelden då den fine fyren eg bur med hadde stelt og lagt to ungar låg eg strømpetrøtt i sofaen - men etter ein dag med småfolk tett inntil heile tida var det litt godt å berre få vere aleine litt og gjere noko EG ville. Og det eg ville var å baka bananbrød av dei nesten svarte bananene i fruktkorga.

Eg jobbar med mange amerikanarar, og kvar gong det er overskot av bananer på jobb tek ein av dei alle dei svarte bananene med seg heim, og kjem tilbake med bananbrød neste dag. Eg har ikkje testa denne varianten på dei, so eg veit ikkje om den er godkjend av ekte amerikanarar, men den er inspirert av diverse oppskrifter på  amerikanske bloggar. Og uansett trur eg det er stor takhøgd for å eksperimentere litt med bananbrød.

Anyways, som dei seier, amerikanarane - her kjem dagens bragder: Bursdagskaker og bananbrød

Kake med bringebær-mascarpone-fyll og mokkakrem

Kaka lagast i følgande rekkefølge:
1. Lag sjokoladesaus til mokkakrem 2-3 timar før servering. 
2. Del og dynk sukkerbrødet. Fyll med bringebær og mascarponekrem. Eg gjorde dette og 3 timar før servering og sette kaka kaldt, og det gjekk veldig bra. 
3. Rett før servering; Pisk opp sjokoladesausen med krem, hell over kaka og pynt. 

Sukkerbrød
  • Bak eller kjøp eit sukkerbrød. Ikkje fortel nokon om det dersom du kjøper, med mindre familien din/gjestene dine er praktisk anlagte, fordomsfrie menneske. 
  • Del i 2 (eller meir om du er flink eller har utstyr - eg er/har ikkje, so deler berre skeivt på midten) og dynk med mjølk. Eller noko anna du vil. 

Bringebær og mascarponefyll
  • Pisk ein boks mascarpone med melis til den er litt luftig. Bland inn eit beger bringebær. Eg likar å gjere det med mixmasteren, då blir bæra knuste, smaken intens og fargen nydeleg rosa. Det er godt om kremen er frisk og litt syrleg, men juster med melis etter egen smak. 
Mokkakrem 

Kok opp under omrøring:
  • 1 dl kremfløyte
  • 3 eggeplommer
  • 100 gram sukker 
Ta kjelen av plata og ha i:
  • 4 ss sterk kaffi (eller etter smak)
  • 100 g mørk, god sjokolade i bitar. Rør til det smeltar, og ha i
  • 125 g smør. Rør til det smeltar. 
Set denne sausen i kjøleskap i 2-3 timar. Rett før servering:
  • Pisk ein boks kremfløyte, bland inn sausen (som no har tjukna veldig) og pisk til ynska konsistens. 
Hell denne dekadente, fløyelsmjuke kremen over kaka, dekk sidene om ynskjeleg. 
Pynt med friske bringebær. 


Rabarbra og ingefærkake med nøtte- og mandelbunn
(Eg veit. Sjukt lite catchy navn)
  • Bak mandelbunnen i denne oppskrifta, men erstatt 50-100 g av mandlane med hakka hasselnøtter. 
  • Pisk MASSE krem og bland inn nokre gode skeier med det heimelaga rabarbrasyltetøyet med masse ingefær som du laga litt tidlegare i sommar, og som vart so sterkt på ingefærsmak at det nesten minner meir om ein søt chutney enn syltetøy. 
  • Klæss kremen oppå kaka på ein tilsynelatande skjødesløs maner. 
  • Rens jordbær, del i to og legg hulter til bulter oppå kremen. 
Alvorlig god kake! Det er verdt det å laga eit slikt syltetøy for denne kaka, eg lovar. 

Bananbrød

Steikeomnen på 150 grader. Smør ei brødform med olje. 
  • 1 dl olivenolje, evt annan olje  ein likar og har. Som kokos eller raps eller solsikke. 
  • 2 egg
  • 3 ss maltsirup
Piskast saman, før ein pisker inn:

  • 4 små, mjuke bananer (most. enten til glatt purè, eller med nokre klumpar. valgfritt)
  • 0,5 dl mjølk (eller kremfløyte då, om det var det einaste ein hadde i skapet)
  • 1 ts bakepulver
  • 0,5 ts salt
  • 1 -2 ts kardemomme eller kanel 
Legg vekk vispen, og bruk ei stor skei til å røra inn 

  • 2 dl fint kveitemjøl
  • 2 dl sammalt kveitemjøl (gjerne grovt om du føler deg litt vågal).
Her kan ein også tilsetje rosiner, anna tørka frukt i bitar, sjokoladebitar, grovhakka nøtter eller anna godt. 

Steik i midten i 50 minutt, kanskje meir. Sjekk med kaketestar. 

OK, no går eg og legg meg. Snakkast då, bloggen! 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar