Då eg var 15 reiste eg til Salvador, Bahia, Brasil med CISV, ein ferie-utvekslingsorganisasjon for born og ungdom. Me var 8 norske og 8 brasilianske jenter i alderen 13-16, og det var 5 veker med intens vennskapsbygging, intrigemakeri, noko turistaktige opplevingar og innsikt i heilt vanleg øvre middelklasseliv i Brasil.
I går var eg litt høg på livet då eg skulle legga meg, og i staden for å sovna låg eg berre og tenkte på Brasil, og då særleg den brasilianske maten. Sære ting, som heile, friterte små krabbar (som eg trur heitte siri) og ein sjømatsalat med små tentaklar som gjorde meg skeptisk. Tunge ting som feijoada eller acaraje, der det fyrste er ulike typar kjøt og bønner og det andre er friterete bønne- og rekebollar. Eller farofa som eg sølte ned i utringinga på julaften. Heldigvis er det berre eit tørt, noko grovkorna mjøl - so eg reiste meg berre diskret opp og rista det ned på bakken, heile vegen inni kjolen (me var ute).
Og so var det ikkje minst søte ting! Som brigadeiro, deilige sjokoladetrøflar. Eller is i alle typar. Men det aller beste brasilianske matminnet er uansett dette: Moden, saftig og søt mango rett frå treet, på bassengkanten i hagen til Luiza.