Viser innlegg med etiketten formkake. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten formkake. Vis alle innlegg

mandag 25. juli 2016

Bursdagskaker og bananbrød

I dag har eg bursdag. Eg blir 34 år, og har feira med kakebesøk med slekt. Eg var veldig glad for at eg hadde lagt opp til lavterskel baking på sjølve dagen, då det viste seg at Verdas Finaste Jente (snart 2) ikkje skulle byrje barnehagen att i dag likevel (som me trudde), men har ferie denne veka og. Har barnehagen gjort feil og kryssa av ei veke for mykje, eller har nokon i familien vår gløymd litt ut kva veker me kryssa av for? Det speler inga rolle - resultatet vart uansett at eg ikkje skulle ha bursdag i ro og mak med litt roleg førebuing og koseleg samvær med Verdas Finaste Babygut.

Nei, eg skulle ha ein intens, hektisk halvtime der eg small saman 3 ulike kremar til botnane eg GUDSKJELOV hadde fiksa i helga medan ungane var opptatt med henholdsvis vippestol + babygym og barnesangbonanza frå PuddingTV på youtube.
Eg var ganske pudding sjølv då det var tid for selskap, men det var veldig, veldig triveleg, eg fekk fine blomar - og kakene vart suksess. Eg laga 2 kaker, ein mandel- og nøttebunn med krydra rabarbrakrem, og ei lags blautkake med mokkakrem på toppen og bringæbær-mascarpone-krem inni.

Om kvelden då den fine fyren eg bur med hadde stelt og lagt to ungar låg eg strømpetrøtt i sofaen - men etter ein dag med småfolk tett inntil heile tida var det litt godt å berre få vere aleine litt og gjere noko EG ville. Og det eg ville var å baka bananbrød av dei nesten svarte bananene i fruktkorga.

Eg jobbar med mange amerikanarar, og kvar gong det er overskot av bananer på jobb tek ein av dei alle dei svarte bananene med seg heim, og kjem tilbake med bananbrød neste dag. Eg har ikkje testa denne varianten på dei, so eg veit ikkje om den er godkjend av ekte amerikanarar, men den er inspirert av diverse oppskrifter på  amerikanske bloggar. Og uansett trur eg det er stor takhøgd for å eksperimentere litt med bananbrød.

Anyways, som dei seier, amerikanarane - her kjem dagens bragder: Bursdagskaker og bananbrød

Kake med bringebær-mascarpone-fyll og mokkakrem

Kaka lagast i følgande rekkefølge:
1. Lag sjokoladesaus til mokkakrem 2-3 timar før servering. 
2. Del og dynk sukkerbrødet. Fyll med bringebær og mascarponekrem. Eg gjorde dette og 3 timar før servering og sette kaka kaldt, og det gjekk veldig bra. 
3. Rett før servering; Pisk opp sjokoladesausen med krem, hell over kaka og pynt. 

Sukkerbrød
  • Bak eller kjøp eit sukkerbrød. Ikkje fortel nokon om det dersom du kjøper, med mindre familien din/gjestene dine er praktisk anlagte, fordomsfrie menneske. 
  • Del i 2 (eller meir om du er flink eller har utstyr - eg er/har ikkje, so deler berre skeivt på midten) og dynk med mjølk. Eller noko anna du vil. 

Bringebær og mascarponefyll
  • Pisk ein boks mascarpone med melis til den er litt luftig. Bland inn eit beger bringebær. Eg likar å gjere det med mixmasteren, då blir bæra knuste, smaken intens og fargen nydeleg rosa. Det er godt om kremen er frisk og litt syrleg, men juster med melis etter egen smak. 
Mokkakrem 

Kok opp under omrøring:
  • 1 dl kremfløyte
  • 3 eggeplommer
  • 100 gram sukker 
Ta kjelen av plata og ha i:
  • 4 ss sterk kaffi (eller etter smak)
  • 100 g mørk, god sjokolade i bitar. Rør til det smeltar, og ha i
  • 125 g smør. Rør til det smeltar. 
Set denne sausen i kjøleskap i 2-3 timar. Rett før servering:
  • Pisk ein boks kremfløyte, bland inn sausen (som no har tjukna veldig) og pisk til ynska konsistens. 
Hell denne dekadente, fløyelsmjuke kremen over kaka, dekk sidene om ynskjeleg. 
Pynt med friske bringebær. 


Rabarbra og ingefærkake med nøtte- og mandelbunn
(Eg veit. Sjukt lite catchy navn)
  • Bak mandelbunnen i denne oppskrifta, men erstatt 50-100 g av mandlane med hakka hasselnøtter. 
  • Pisk MASSE krem og bland inn nokre gode skeier med det heimelaga rabarbrasyltetøyet med masse ingefær som du laga litt tidlegare i sommar, og som vart so sterkt på ingefærsmak at det nesten minner meir om ein søt chutney enn syltetøy. 
  • Klæss kremen oppå kaka på ein tilsynelatande skjødesløs maner. 
  • Rens jordbær, del i to og legg hulter til bulter oppå kremen. 
Alvorlig god kake! Det er verdt det å laga eit slikt syltetøy for denne kaka, eg lovar. 

Bananbrød

Steikeomnen på 150 grader. Smør ei brødform med olje. 
  • 1 dl olivenolje, evt annan olje  ein likar og har. Som kokos eller raps eller solsikke. 
  • 2 egg
  • 3 ss maltsirup
Piskast saman, før ein pisker inn:

  • 4 små, mjuke bananer (most. enten til glatt purè, eller med nokre klumpar. valgfritt)
  • 0,5 dl mjølk (eller kremfløyte då, om det var det einaste ein hadde i skapet)
  • 1 ts bakepulver
  • 0,5 ts salt
  • 1 -2 ts kardemomme eller kanel 
Legg vekk vispen, og bruk ei stor skei til å røra inn 

  • 2 dl fint kveitemjøl
  • 2 dl sammalt kveitemjøl (gjerne grovt om du føler deg litt vågal).
Her kan ein også tilsetje rosiner, anna tørka frukt i bitar, sjokoladebitar, grovhakka nøtter eller anna godt. 

Steik i midten i 50 minutt, kanskje meir. Sjekk med kaketestar. 

OK, no går eg og legg meg. Snakkast då, bloggen! 
 

søndag 4. mars 2012

Ta rosmarin til eit minne




For eit tid sidan skreiv eg om den vidunderlege torskeoppskrifta eg kom over i perfekt passande tid: akkurat då eg hadde nokre, faktisk ganske mange, rosmarinkvistar i kjøkenvindauget. Det var ein solid bukett eg fekk for ein billig penge. Kvistane har heldt seg utruleg godt i ein vase med vatn, og eg har framleis mange att. Sjølv om eg har brukt dei på alt dette:
  • inni og utanpå ein heilsteikt kylling (av det økologiske, etiske slaget må vita!)
  • til restemiddag av kylling, ein form for pyttipanne
  • til rosmarinsukker - 2 kvistar i eit glas med sukker, eit tips frå Nigella
Rosmarin er ikkje øyremerka lammesteik, og urten smakar forunderleg deilig i søtt bakverk. Også den eminente frua over urtehagen på Knatten, Annemarta Borgen, framhever dette ved urta: "Så om man liker smaken kan man bruke den i hva som helst, også i bakverk og desserter." 


So det blir det denne posten skal handla om: kaka med rosmarin.
Eg har laga denne kaka to gongar, og begge gongar blei den møtt med godord. Eg synes det er artig å servera kaka utan å fortelja kva som set smaken - dei fleste synes det er noko kjend med smaken men so langt er det ingen som har klart å plassera den i urtehagen. Morro for unga. Evt Mari.

Rosmarinkaka a la Nigella
  • 250 gram mjukt smør
  • 200 gram sukker
  • 3 egg
  • 300 gram mjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljeekstrakt eller sukerr
  • Omlag 4 ss finhakka frisk rosmarin
  • 4 ss mjølk
  1. Set omnen på 180 grader
  2. Rør smør og sukker kvitt
  3. Ha i eitt og eitt egg, vend inn litt mjøl etter kvart egg. 
  4. Vend inn resten av mjølet
  5. Rør inn vanilje og rosmarin.
  6. Rør inn mjølka
  7. Hell røra i ei smurd brødform og legg ein rosmarinkvist på toppen. 
  8. Kaka treng 45-60 minutt, kjem an på omnen. Min er kjapp. Test med stikkepinne! 


For den som er interessert i å lesa meir om denne finfine urten kan dåke sjekka her, eller gå til bokhylla/biblioteket/antikvariat og sjekk ut Annemarta Borgen si "Urtehagen på Knatten". Eg har sagt det før. Eg kjem til å sei det igjen, for det er ei fantastisk bok. 

Ta rosmarin til eit minne!
Og du får ein anger-urt!
Eg ville ha gjeve deg blå fiol
men han visna då far kom burt. 




torsdag 17. november 2011

Myntetilstand


Eg er ikkje heilt sikker på det etymologiske opphavet til det engelske uttrykket "mint condition", men eg sovidt eg har fått med meg tyder det at noko er i tipp topp stand, og blir brukt i til dømes annonser som skal selga bruktbil. Som den seriøse bloggar eg er, måtte eg gjera litt research på guugel:

The term "mint" as an adjective was coined (no pun intended) by numismatists to indicate that a coin looked as if it had just been minted. Other collectors quickly adopted the term. Unlike terms such as "good" or "excellent" which could mean different things to different people, "mint" has a very precise meaning. An object described as in "MINT CONDITION" means, literally, that the item looks as if it just came off the assembly line in the factory; that there is not a single defect of any kind in the product. It is in the BEST possible condition a product can possibly be in.


Nettopp.
Denne veka er eg vikar i ein barnehage frå måndag til fredag. Det er lenge sidan eg har jobba sopass lenge i barnehage, og ikkje minst stått opp so tidleg, men det var faktisk måndagen som var verst! Då eg kom heim etter 8 timar med utestemme inne, utetid i litt for kalde støvlar og to fulle bussar som strauk forbi medan eg venta på å få koma meg heim - då var eg i alt anna enn mint condition. Humøret var bra, for barnehagen er storvegs, men restn stod det heller slapt til med.
Då er det berre ein ting å gjere: slenge seg på sofaen, få ostesmørbrød til middag og høyra på lydbok.

Og no er det på tide å introdusera MYNTEN!
Etter nokre timar på sofaen vart eg nemleg ordentleg godtesjuk/fysen/snavlesjuk, og tok eit kjøleskapsraid, sjølv om eg trudde at eg visste kva som var der inne. Det visste eg tydelegvis ikkje!

Øvst i grønsaksskuffa fann eg nemleg ein bukett med mynte. Det er ikkje alltid eg er like flink til å etterleva FIFU, Fyrst Inn Fyrst UT, - regelen, og brått kan eg finne ting eg hadde gløymd at eg hadde kjøpt. Fine, før friske ting som må brukast UMIDDELBART før dei må kastast, og eg hatar å kasta ting.
 Og då visste eg kva eg skulle gjera.

Eg skulle laga myntekaka, men i staden for å laga den i brødform, som eg pleier, skulle eg sjekka om det funka som muffins. Oppskrifta, som eg har fått frå ein brukar på nettstaden underskog.no, var identisk, og ser slik, ut: 

MYNTEKAKA
75 gram smør, smelta
1 dl mjølk
3 ss hakka mynte
2 egg
2 dl sukker
2 dl kveitemjøl
1,5 ts bakepulver


Og so gjer du slik:

  • Set steikeomnen på 175 grader.
  • Smelt smør, ha i mjølk og mynte.
  • Visp saman egg og sukker
  • Hell smør/mjølk/mynte-blandinga inn i eggedosisen
  • Bland bakepulver inn i mjølet og vend inn i det våte.
  • Hell røra i smurt form, gjerne brødform. 
  • Steik kaka i ca 30 minutt, til den har fått ein vakker bul på midten og blitt gylden. 

Smør og mynte. Det lukter fantastisk!
Fine og flott heva muffins. Litt ujamn stoleik, berre.

Eg elskar denne kaka. Den er rask, saftig og deilig. Det kan henda nokon vil synast den er for søt, men då er det fritt fram å redusera sukkermengden. Ein gong me hadde svigers på middagsbesøk kasta eg saman denne kaka medan me rydda av bordet, laga kaffi og trakk bort i salongen (= gjekk 2 meter bort til sofaen). Det vakte åtgaum kan de tru!

Eg nemnde at eg ikkje har laga desse som muffins før, berre som kaka i brødform. Dei funka heilt greit som muffins og, men vart litt for tunge og satte, so eg trur nok eg skal fortsetja å laga denne som KAKA. So kan eg heller tilsetja mynte til den fabelaktige nigella-oppskrifta eg pleier å bruka på muffins.

NAM.

onsdag 20. juli 2011

Sommar og sitrus - del ein: SITRON

Eg vil starta ein religion.
Eg vil starta ein naturreligion, med SITRONEN som det gyldne, lysande midtpunkt, og "LEMON-SYRUP LOAF CAKE" frå Domestic Godess av Nigella Lawson som nattverden:

Dette er mitt søte, syrlege, faste, saftige legeme. Det held seg godt og blir berre betre etter eit par dagar (om den varar so lenge då), og hvis du har fulgt boda riktig har det ei ekstra saftig kjerne som får tærne til å krølla seg, knea til å svikte og ei tirrande kitlekjensle til å spre seg i heile kroppen.