Henningen og eg har oppdaga ein ny type krønsj, som me likar veldig godt: gigantmais. Dei er puffa, salta kjempestore maiskorn som eg har sett både i nøttefabrikken sin lausvektstand på rema og i ein eigen pose.
I november køyrde me eit par temaveker i heimen, fiskeveke som eg har skrive om i bloggen og vegetar/suppeveke som eg hadde tenkt å skriva om, men ikkje gjorde. Blant suppene me laga då var ei sellerisuppe og ei gylden blomkålsuppe, og begge fekk eit løft av å bli servert med ein neve gigantmais oppå.
I dag er ein sånn dag då det føles som eg aldri skal bli svolten att etter jula, men eg vart likevel litt fysen i kveld. Då varma eg opp resten av gårsdagens søtpotetmos (med gulrot og potet) og strødde mais over. Og voila! Eit deilig måltid med god smak - og krønsj.
![]() |
Fotogent? Neppe. Men godt. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar