Viser innlegg med etiketten sitron. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sitron. Vis alle innlegg

mandag 25. juli 2016

Fiskepakkar

Hei bloggen! Eg lagar framleis mat.*

I sommar til dømes, har me ofte hatt fiskepakkar til middag.

Fiskepakkar - ein populær middagsrett

  • Ta eit ark aluminiumsfolie og brett ut. Dander ein haug med følgande på midten:
  • Grønsaker ein har liggande som bør brukast, eller som ein likar ekstra godt. Til dømes:
    Gulrøter i bitar
    Fennikkel i strimlar
    Vårlauk/purre/lauk/raudlauk
    Tomat i skjever
    Potet i skjever
    Søtpotet i stavar
    Sellerirot i stavar
    ...og so vidare og so vidare.
    Mengda grønsaker i kvar pakke bør vere ein haug som minimum tilsvarer storleiken på fisken.
  • Nokre klattar med smør eller ein klunk olje kan også leggast over grønsakene. Enten som einaste saus, eller før ein heller på noko anna, til dømes:
    Pesto (2-3 ss minst, både over og under fisken)
    Ramslaukpure (2-3 ts minst, både over og under fisken)
    Paprikasaus, som til dømes den til 10 kroner frå Rema. Den vart overraskande populær i hushaldninga her, snart 2åringen elska den! Me brukte omlag ein halv pakke til 3 fiskepakkar.
    Soyasaus (ein dæsj eller 2)
  • Fisk i porsjonsstykke. Min favoritt er torsk, laks og ørret har tilogmed butikkane med det skrantnaste utvalet. Me reknar omlag 2 per pers.
  • Salt etter smak og behag, pepper, samt gjerne friske urter.
So pakkar ein inn heile haugen, og danderer foliepakkane ved sida av kvarandre i langpanne. Steik midt i omnen på omlag 200 grader - steiketid tek du på gefühlen etter tjukkelsen på fisk/mengda grønsaker/kor al dente du vil ha grønsakene osv. Men minst ein halvtime tek det nok. 

Tilbehør kan jo sjølvsagt vera poteter (kokte eller stappa) eller ris eller byggris eller kva som helst - men det er ikkje sikkert det trengs anna enn ein sitronbåt og skvisa over. 


(bilde kjem kanskje, om eg klarer å ta eit fint bilde av retten neste gong me lagar det)



*Men sidan me har pådratt oss to heilt fantastiske ungar sidan sist blir det ikkje nødvendigvis so mykje kjekk/kreativ/sjølvkomponert/bloggeverdig mat. Ei heller tid til å blogga om det - og verda treng heller ikkje vite kor ofte me, på grunn av ymse tidsklemme og liknande grunnar, har noko som har med pølse eller pasta til middag. 

torsdag 2. mai 2013

Middelhavsmos og magi

I går hadde me kalveskankar til middag, italienskinspirert, osso bucco-aktig.. Langkokt i høve heilagdagen!

I dag hadde me restemat. Krafta etter skankane er nesten eit måltid i seg sjølv, men me hadde i brokkoli og purre i tillegg. Og so lagde me to lekkerbiskenar av nokre tilbehør:


Middelhavsmos

200 gram sellerirot
3-4 ganske store poteter
250 g feta
masse finhakka bladpersille
litt olivenolje
salt og pepper

Kok potet og sellirot møre, mos. Ha i olivenolje etter smak eller til den blir mjuk og fin. Bland inn feta (smuldre gjerne opp fyrst) og persille. Smak til med salt og pepper.

Magi (eller gremolata om du vil)

1-2 ss finhakka sitronskal
1-2 ss finhakka kvitlauk
1-2 ss finhakka persille

Bland alt og server i ei lita skål. Dryss over middagen. Du hendelse for ein deilig smak!

tirsdag 12. mars 2013

Våre bønner er høyrde 2

I år kjøpte eg berre ei bok på mammutsal "Bønner og linser" av Camilla Jensen. Den såg fin ut med kjapp gjennomblaing, og eg har tenkt fleire gongar i det siste at husstanden burde blåsa liv i bønner og belg-matlaginga vår. Og det klarte boka, og på ein søndagsformiddag hadde eg kokt kikerter (etter ein veldig praktisk hurtigmetode frå boka), sett spirer i glas og sådd karsefrø på kjøkenpapir:

Eg kallar dette: lekkert stilleben med kokebok


Og det er veldig fin bok! Bileta er fine, papirkvaliteten er deilig. Og teksten er tidvids rett på oppskrift, tidvis informativ og tidvis personlege anekdoter om kor oppskrifta kjem frå. God blanding, akkurat slik eg likar å lese.

Inspirasjonen kjem frå heile verda der dei bruker linser og bønner, frå cowboymat med brune bønner og flesk til linsesuppe med kokos og koriander. Det er kapittel om smaksløftarar (som krydderblandingar og gremolata) og det er eit bonuskapittel: Kaker og annen kos. Derfrå laga eg ei heilt fantastisk eplekake som skal få eit eige innlegg seinare.

Den fyrste oppskrifta eg prøvde frå denne boka var ein hit, og berre på namnet var eg seld;

Kikertcouscous med sitron og mynte.

Work in progress med myntekvist, minimorter med dressing.

Noko so bra! Eg hadde ei mynteplanta i vinduskarmen som desperat strakk sine lange, tynner kvistar med vindauga og det vesle solskinet som fins. So eg klippa den hardt og brutalt ned, og laga ein vidunderleg salat inspirert av Camilla Jensen sin. Her gjer eg hennar mengder, sjølv om eg ikkje fulgte den særleg slavisk.

2 fedd kvitlauk
salt
1 dl god olje
saft og skall av 1 sitron
pepper

Støt hvitløk grovt i morter (eller hakk den) sammen med litt salt. Rør i olivenolje og tilsett sitronsaften litt etter litt. Smak til med salt og pepper.

Bland sammen:
150 g kikerter (evt 2 bokser, skylt og avrent)
1 liter kokt couscous
1 agurk, i små terninger
1 liten rødløk, skåret i tynne skiver
et par never soltørkede tomater, lagt i bløt og skåret i terninger
3-4 never mynte, grovhakket  (Her seier Camilla Jensen "gjerne flere ulike sorter. Men det hadde ikkje eg og, det funka bra det og!)

I tillegg grovhakka eg nokre deilige oliven (i olje &krydder) og hadde i salaten.

Camilla Jensen fortel at retten kjem frå Marokko der den ofte blir servert til lam, og ho foreslår å bruka den som nistemat fordi den er ypparleg til det. Eg serverte den til formiddagsmat saman med noko naan-aktig brød frå Fruktkorga og nøkkelost, og var veldig, veldig nøgd.


Og so sykla sprekasen til byn. Er han ikkje kjekk i sykkelantrekket sitt?

onsdag 11. juli 2012

Festival, dugnadsmat og morgonstemning


Det er jammen ikkje ofte eg skriv poetiske beretningar om morgonstundene mine. Stort sett fordi dei er so sjeldne. Eller korte. 

Men når me vakna klokka 7 av at kattungen hoppa opp i senga mellom oss og maler so det høyres ut som ein middels motorbåt. Når utsikta ved kaffibordet er morgonlys over grøn åker.

Når festivalstemninga sakte siv inn i kvar krok på tunet i takt med at badstova reises ved fossen og operaen tek form på låven. Når gangen fylles opp av sko etter som fleir og fleir festivallagarar meir eller mindre flytter inn. 

Når Henningen og eg er fyrst til å stå opp i hovudhuset og rekk å førebu middagen (eg) og å setja ein brøddeig (han) medan me høyrer på Neil Young før dei andre står opp. 

Då er dagen i dag verdt å skriva om. Eg legg tilogmed ut ein liten video av den utruleg lekre lyden kyllingfiletar lagar når dei blir blanda med marinade. 



Eg legg ut oppskrifta på det eg har gjort so langt, sjølv om ingen har smakt på dette enno. I verste fall får eg sletta heile posten hvis det viser seg å vera heilt katastrofalt.

Dagens dugnadsmiddag: Kylling med persille, tabasco og pepperrot

Marinade:
  • Olje
  • Honnning
  • Sitronsaft
  • Tabasco
  • Riven peparrot
  • Persille (eg brukte tørka, men det var fordi det var det som stod her)
  • Krydder, fx kyllingkryddermix med pepper, paprika, koriander og sennepsfrø

Dette blanda eg saman. Eg laga i to rundar, ein bolle til grønsakene og ein til kyllingfileten. Det er ikkje lett å angje mengder men til kvar av rundane brukte eg omlag 2 ss kvar av honning, sitronsaft og riven peparrot, i tillegg til mange dæsjar tabasco (6-7 rist på flaska), krydder so det monar og olje til ynskt mengd. Dette piska eg godt saman med gaffel i bollen, slik at olja emulgerer med resten og det blir ein fin, heilskapleg marinade. So blanda eg det i to bollar med: 
  • 1 kg gulrøtter, vaska og kutta i stavar
  • 1 stort sellerirothovude, kutta i stavar
  • 2 kg kyllingfilet i store bitar
Dette skal serverast med saltbakt mandelpotet og kyllingsaus i 16-tida i dag. Sjølv er eg på jobb på den tida. Håper det blir godt for festivalfolket!

Plakaten er komme! Operainstruktør og festivalsjef er glade.








torsdag 4. august 2011

Sommar og sitrus - Del 3: Produktplassering

Serien "Sommar og sitrus" kunne nesten ha heitt "sommar, sitrus og Nigella", for del 3 var tenkt å vera enno ei oppskrift frå henne: Sitronkylling. Innlegget skulle også kome for lenge sidan, men liva våras og landet våras har ikkje vore slik at eg har hatt lyst til blogga om mat dei siste vekene.
Eg har laga mat og ete mat og kost meg med mat saman med gode vener og familie men eg hadde ikkje lyst å blogga om mat.
Det har vore veker for større tankar, viktigare ord.

Misforstå meg rett, eg meiner ikkje at mat er uviktig i tunge tider. Tvert imot!
Etter å vakna til det grusomme, grusomme talet som lyste frå nyheitsbandet nederst på skjermen laurdag 23.07, for so å tilbringa timar foran tv og dataskjerm, stadig trykkande på "oppdater" - då var det godt å gå på kjøkenet og laga den før omtalte sitronkako.
Det var som terapi då.
Radioen stod på i bakgrunnen medan eg slo saman egg og sukker. Samtalane utover dagen dreide seg stadig austover, mot Oslo, mot Utøya. Men me var saman, me var trygge, og ingen me kjende..... eg orkar ikkje skriva setninga ut.


MEN! Det var ikkje ambivalensen i spennet mellom takksemd for det eg har og medkjensle for dei som brått manglar eg skulle skriva om!
Eg skulle jo skriva om sommar og sitrus -

Og hoppsann! Dette er jo heller ikkje sitrus! Dette er jo ein spekematsalat med mozzarella og pinjekjerner. Men den passar inn i posten likevel, i sin enkle sommarfriskheit. Og so vart den servert i går kveld, då eg var hjå svigermor sidan me begge skulle vere aleine heime og ikkje syntes det var so veldig triveleg.


Men sitrus, ja! Her kjem den, i form av fruktsalat med både synleg og snikande sitrus:

Og det er den snikande sitrusen som er produktplassering. Svigermor si andre svigerdotter har vore på handel i hovudstaden, og hadde med seg eit par lekre flasker frå Oliviers & co: Olivenolje med sitron og eple-eddik (apple condiment). Ei spiseskei av kvar, mixa saman, vart altså den friskaste og smuudaste og deiligaste fruktsalatdressing eg har smakt.


Olivenolje med sitron! Eg er over meg av begeistring, og ikkje so aldeles lite skuffa over at O&co ikkje har utsal i trondheim. Eg kan vurdera postordre - eller få nokon som skal nordover til å ta med ein liten dunk til meg. For dette er eit produket eg ynskjer til skapet!

onsdag 20. juli 2011

Sommar og sitrus - del ein: SITRON

Eg vil starta ein religion.
Eg vil starta ein naturreligion, med SITRONEN som det gyldne, lysande midtpunkt, og "LEMON-SYRUP LOAF CAKE" frå Domestic Godess av Nigella Lawson som nattverden:

Dette er mitt søte, syrlege, faste, saftige legeme. Det held seg godt og blir berre betre etter eit par dagar (om den varar so lenge då), og hvis du har fulgt boda riktig har det ei ekstra saftig kjerne som får tærne til å krølla seg, knea til å svikte og ei tirrande kitlekjensle til å spre seg i heile kroppen.



torsdag 3. mars 2011

Ei rekke samanfallande hendingar

Rett etter at vidunderlege Smitten Kitchen la ut oppskrift på sitron og olivenolje-pasta skulle han som ikkje toler sitroner til Berlin for helga, og eg tenkte:DET ER PÅ TIDE MED SITRON I MIDDAGEN!



Og jammen hadde ikkje Bunnpris byrja med noko nytt: Sitroner i nett til kroner 6.40. (Er ikkje det latterleg billeg? Korleis går det an?)
So det kjøpte eg, saman med ein pose ost. Åh, eg veit at det sannsynlegvis er noko kødd med den osten og (for ikkje å snakka om kor lite den kan samanliknast med fersk eller fancyost), men eg går for juksemat, gjer eg ikkje?




La meg presentera: Eit lite mettande, næringsmessig ikkje akkurat fullverdig, kvitt, mjukt, surt og aldeles fabelaktig måltid. Still inn kvitbalansen, baby!


Og er ein heime aleine, då kan ein gjera nett so ein vil.