Viser innlegg med etiketten matauk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten matauk. Vis alle innlegg

søndag 23. september 2012

Søte, bløte

Det veks stikkelsbærbuskar på to stader på tunet der eg bur. Den eine står like ved innkøyrselen, men bæra som vaks på den fekk ingen menneske nyta. Like før bæra var modne kom ein stareflokk, og svosj - det var ikkje eit bær att på busken.

Den andre busken hadde eg fullstendig gløymd, den står gøymd mellom viltveksande buskar, ugras og eit stakkars ungt epletre som ligg bøygd under vekta av sine eigne frukt. Den busken hadde verken staren eller eg lagt merke til. Der hadde mengder av store stikkelsbær fått henga i fred - faktisk so lenge at fleire av dei hadde byrja å råtne på kvisten.

Eg ville laga kompott av bæra eg plukka i kveld. Kompott, eller frukgraut (kva er skilnaden?) er jo nesten som å eta syltetøy med skei, det er jo fantastisk at det er lov. 

Stikkelsbær med hylleblom

500 gram stikkelsbær, reinsa
1 dl hylleblomsaft 
1-2 dl vatn
Sukker
2 ts potetmjøl, 1 dl vatn

Ha bær, saft og vatn i ein kjele. Kok opp og la småkoka forsiktig til nokre av bæra har gått i oppløysing, men kort nok til at det er nokre heile bær att - av estetiske hensyn. 

Ha i sukker etter smak. Er hylleblomsafta di søt frå før treng du nok mindre sukker. 
Det enormt stor skilnad på hylleblomsafta frå IKEA og den eg kjøpte på Gotland i august. Den siste er mindre søt, tjukkare og meir intens på smak. Og eigentleg mykje betre. 

Når bland potetmjøl ut i vatn og hell i ein tynn stråle medan du rører litt forsiktig. Kunsten er å balansera mellom å unngå at bæra blir øydelagde, og samstundes som ein unngår geleklumpar.

Ha på glas (ÅH! Den tilfredsstillande lyden av eit glas som poppar når det forsegler seg!) og spar til seinare, eller la tjukne og kjølne og server når du er klar. 

Stikkelsbær er so vakre og gode! Spenstig, stramt skinn, mjukt og søtt indre. For ikkje å snakka om kor flotte dei er i motlys - lysande klodar på greina. Det ser ut som dei lyser av seg sjølv.  Og so den ekstra spaninga med dei kvasse tornene då. Det er berre på sin plass å sitera Inger Hagerup. 

“Søte bløte stikkelsbær. 
Hvorfor vokser du på så sinte trær? 
Hvorfor kan du ikke neste vår, 
vokse på en eplegren?
 Sånn at jeg kan få plukket deg,
 uten å få stukket meg!”



søndag 6. mai 2012

Tid for å nesla seg litt




Heilt fram til bomullen kom for fullt på byrjinga av 1800-talet vart brenneneslene dyrka, hausta og spunne til garn. Nesleduk var visst både mjukare og finare enn lin, og vart brukt til både undertøy og dukar.  I steinalderen vart neslefiber brukt til å bøta garn. I tillegg skal nesler i foret gje både feitare og betre mjølk, og hvis høns får det vil dei legga betre egg. Og på toppen av det heile inneheld brennenesler A- og C-vitamin, mineralsalt, fosfor, kalium, kisel, kalsium og jern, og har dobbelt so stor næringsverdi som gulrot.

Alt dette har eg lært av Annemarta Borgen, i Urtehagen på Knatten.  










Å laga brenneneslesuppe er so enkelt at det er rørande. Rett nok må ein utsetja seg for stikkefare, men det kan gå utruleg fint. Ta på hanskar eller ein pose på handa. Eller plukk "nedanfrå" dersom det er litt plass mellom plantene. Vær direkte og tøff i trykket, du brenn deg berre der du streifer borti. Dersom skaden er ute fungerer det faktisk å gni løvetannblad på, so svir det mindre.

Det trengs 1-2 liter nesler for å laga ei suppa til 2-4 personar. Neslene har ein mild og fin smak. Mengda er so laus fordi det blir godt uansett, ei suppe med meir nesler i smakar meir og er grønare, men det går fint med ei litt tynnare suppa og.  Anten rensar du medan du plukkar, ellers gjer du det når du kjem inn. Eg anbefaler uansett å skylla slik at evt insekt og slikt dett ut. Grovhakk om du vil, men heile greia blir jo stavmixa seinare. So gjer du slik:


  • Hakk lauk, blank den litt i olje. Press evt eit kvitlaukfedd i også.
  • Ha i neslene, la dei falla saman.
  • Hell på buljong/kraft/vatn til ynskt mengd suppa. 
  • Ha eventuelt i ei kokt potet for tjukning.
  • Kok i 10 minutt-ish, til neslene er heilt møre. Stavmiks heile greia.
  • Hell i ein dæsj med hmjølk/fløyte/rømme/kremfresh og varm opp litt. 
  • Smak til med salt og pepar.


Suppa kan ein servera med posjert egg, som på biletet under. Eller med sprøsteikt bacon. Brød til hvis ein vil ha det, eller ein kan rett og slett ha mykje mindre vatn i suppa, berre fløyte/rømme/kremfresh. Då kan den bli ein flott stuing som tilbehør til noko anna. Dersom ein ikkje orkar å plukka nok nesler kan du spe på med spinat.



 Det er dei nye skota på våren kan etast, men dersom ein er flink og "stussar" neslene sine ofte kan ein plukka nye skot heile sommaren gjennom seiest det, og på internetten las eg om ei som pleier å forvella nesler og frysa dei i klumpar på storleik med tennisballar. Kvar tennisball blir suppe nok til to personar. Me må berre eta litt hjort ut av frysen so det blir plass, og so skal eg sporenstreks gå i gong med plukkinga!


Eigentleg ville eg kalla dette innlegget Neslekjærleik, for det var so deilig eit ordspel. Men det er litt frekt, for eg har ikkje kome det sjølv - det var tittelen i det nokså nye matmagasinet til Aftenposten: Mat fra Norge. I det siste nummeret der står det litt om brennenesler. Okei lesnad, men ikkje like spanande som Annemarta Borgen skriv!

Ein annan neslerett. Nesler kan brukast omlag alle stader der ein bruker spinat. Med utgongspunkt i denne oppskrifta på ravioli med spinat laga me ravioli fylt med brennenesler og fersk mozzarella. Det var fyrste gong me laga ravioli, og deigein blei litt hard. Men det var utruleg godt, og eit retteleg festmåltid!


Lat meg presentera: brennenesle- og mozzarellafylt ravioli, salviesmør, laks og røresteikte grønnsaker. 

onsdag 19. oktober 2011

Og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur

Alt låg til rette for ein slapp sundag i sofaen, gjerne med ein burgar og ein film eller ein tv-serie eller noko. Ein typisk, bakfull burgersøndag. MEN!

 Då han som skal kallast The Brum lufta forslaget om ein sopptur meldte Gulltann seg sporenstreks. Den mannlege halvdelen av Verdas Mest Joviale Par brukte litt tid på å overtala den kvinnelege, og heldigvis brukte han so lang tid på det at eg rakk å bli ferdig med oppvasken og kunne bli med eg og. So istaden for å vera horisontale på kvar vår sofa fann me oss sjølv i skogen, på mjuk og irrgrøn mosebotn mellom grantrea.

Sopptur! Noko so nostalgisk! Tanken på frisk luft og matauk gjorde meg heilt nostalgisk og lukkeleg der me gjekk. Ja, og det gode selskapet sjølvsagt.


Og me plukka traktkantareller! Brum hadde greie på sakene og fungerte som både guide og spesialist, men det var nesten berre same typen sopp der (med mindre nokre av dei var gul trompetkantarell, no eg mistenker ein smule). Me såg nokre vanlege kantarellar der og, men dei var slimete og gamle. Brum seier at traktkantarell toler ei frostnatt eller to og har sesong til uti november, medan den vanlege (som verkeleg er spesielt skinande og gylden og flott!) ikkje er like god lenger.


Då eg kom heim var det reinsing som stod for tur. Det var litt keisamt, men eg vona at det er kjøleg nok hjå oss til at det eg ikkje vart ferdig med om kvelden kunne stå over natta.

Både her og der på internett fann eg ymse tips om tørking og andre preserveringsmetodar for sopp.  Valet fann på forvelling og frysing i eiga kraft, tørking - og so sjølvsagt å eta noko ferskt. Det vart til fira soppmåltid på to dagar - ingen av dei estetiske eller fasjonable nok til at eg bruker spalteplass på dei her. Men eg kan jo ramsa dei opp! For både toast med sopp,  pasta carbonara med sopp, asiatisk inspirert kyllingsuppa med sopp og ein liten soppstuing smaka fortreffeleg og gave ei lita kjensle av luksus i kvardagen.

På sikt, dersom me tek oss ein tur til seinare, har eg lyst å prøva å salta noko, slik det står om i den andre lenka.


No må eg vedgå at eg faktisk er litt skremt av sopp. Ikkje berre fordi at nokon av dei ser heilt hinsides skumle ut, eller fordi heile eksistensen deira, som noko heilt anna enn planter og dyr og mineraler, er litt freaky. Enorme nett av sporer under bakken? Gift, mugg, sjukdomar, snyltarar? Det er mykje skummelt. Berre sjå her, til dømes. Eg får frysningar, på den skikkeleg ekle måten. 

Men eg plukka berre fin traktkantarell, og eg var nøye då eg reinsa, for eg vil helst ikkje havne i dialyse med det fyrste. Eg var kanskje vel streng mot eit par av dei unge, småe som ikkje hadde fått so velutvikla hol i midten, berre for å vere heilt sikker på at det ikkje var ein giftslørsopp, som har bul i staden for hol i midten av hatten. Som sagt - eg seier NEITAKK til nyresvikt og dialyse. Takk til internetten og mamma på telefonen for informasjonen som kan bevara nyrene mine intakte. 


Takk for at du last dette fyrste innlegget i juksemat i ei ny tid - den revitaliserte matbloggen til ein no stort sett sliten eller jobbande sfo-assistent. Får sjå kor lenge det varar, det var kjekkare å vere heimeverande matbloggar.