Viser innlegg med etiketten pai. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pai. Vis alle innlegg

lørdag 19. mai 2012

Rabarbra Anita

Har du rabarbra i hagen? I so fall er du heldig. Eg har ikkje, men heldigvis har eg tilgong -  i hagen til søstra mi og i hagen til naboen til søstra mi. Sistnemnde er ei gamal dame med fin hage og enorme rabarbrabuskar som ho ikkje plukker sjølv. Dette visste eg om, so eg mota meg opp og ringte på og spurde om eg kunne få ta eit par stilkar. Eg tilbydde også å koma tilbake med eit glas syltetøy eller noko, men det ville ho ikkje. Det viste seg at grunnen til at ho ikkje bruker rabarbraen sin lenger fordi ho ikkje toler so godt syra!



Då eg var 4 fekk eg ei kålhovedåkka, eller cabbage patch kid som dei heitte på originalspråket. Desse dokkene kom med namn, og mi bar det klingande namnet Barbara Anita. Barbara var ikkje noko namn eg kunne relatera meg til so dokka heiter den dag i dag (der ho ligg i ei øskja i kjellaren) Rabarbra Anita. Eg var glad i henne - men nok om Rabarbra i kjellaren og meir om rabarbra i smuldrepai. Til ære for skarre-r, ibsens ripsbusker og  den gamle dokka kallar eg den for:

Rabarbra Anita Rabarbrasmuldrepai


  • rundt 500 gram rababarbra - eg tok 4-5 stilkar. Det var omlag 400 gram og eg syntes det var litt i minste laget då paien var ferdig.
  • ein neve tørka blåbær, hakka hvis dei er store
  • 3-4 ss sukker
  • kaneldryss
Smør ei form, eg bruker ei vanleg, rektangulær eldfast form. Ha i rabarbra og blåbær, dryss over sukker og kanel, og vend nokre gongar. 


Smuldrelokk
  • 1 dl hakka hasselnøtter
  • 1 dl havregryn
  • 2-3 dl kveitmjøl
  • 100-120 gram smør
Bland alle ingrediensane, smuldre over forma.
Steik i 20-30 minutt. Server lunken, det er ikkje naudsynt med saus, men litt vaniljekesam eller -is treng ikkje gjere noko skade akkurat. 






søndag 4. mars 2012

Bokmelding: Lindas kokebok

Når vi har venner på besøk for første gang, vet jeg på forhånd at det vil være et eller flere usikre blikk på maten før kvelden er over. Til slutt sier en eller annen: "Dette var god mat, Linda, men jeg trodde ikke at du spiste kjøtt. Har du forandret mening - eller griller du det bare for oss?" Da smiler jeg og svarer: "Nei, deter ikke noe kjøtt her i det hele tatt." 


Hele ettermiddagen har de trodd at de spiste pølser og andre kjøttretter, marinert i smaksterk grillsaus. I virkeligheten har de spist det mest spennende, og kanskje det mest revolusjonerende produkt i dette århundre. 


Då eg kjøpte Lindas kokebok av Linda McCartney på ein loppemarknad var det like mykje som ein kuriositet som av interesse for oppskriftene. Boka er skriven i 1989 og kom ut på norsk i 1995, ei tid då eg mistenker at vegetarianismen i Noreg ikkje var særleg utbreidd. Sjølv var eg 13 år og budde i ei bygd på vestlandet. Eg syntes dyr var søte og ville gjerne vore veggis, men ante ingenting om korleis eg skulle gjennomført da. Eg hadde aldri sett ei kikert, og belgfrukter begrensa seg til tomatbønner på boks, tørre gule erter eller sukkererter i hagen.


Henning seier at han ikkje heilt klarer å ta denne boka seriøst fordi "den er så stygg og fordi æ trur ho har fått gi den ut bare fordi ho hete Linda McCartney". Eg er ikkje heilt einig i den hårbeskuande dommen. Det er godt mogleg at det kjende namnet, eller den kjende mannen påverka, men på ei anna side kan eg tenka meg at det å sjå den respektable frua fronte vegetarianismen må ha hatt ei viss positiv påverkningskraft i både England og Noreg på slutten av 80-, tidleg 90-tal. Skyt meg om eg tek feil, men eg trur nemleg at mange forbant vegetarianisme med røykelse, meditasjon og anna hippie-livsstil på den tida, og at den prektige fru McC kunne utvida det perspektivet ein smule.

Når det gjeld oppskriftene i boka, so er det ganske mange som ikkje er særleg interessante. For mange av dei heiter slikt som "Kjøtt", uten kjøtt, kjøttfri eller liknande og er laga med soya- eller gluten-produkt som er reine erstatningar av vegetabilsk protein. Er det godt? Eg veit ikkje. Eg får ropa i skogen: Er det nokon som bruker produkt av vegetabilsk protein i den vegetarianske matlaginga si?


Det er ellers ein høg frekvens av hardkokte egg i ymse variantar. Fylte egg, karrifylte egg, "super karri-egg med indisk smak», fylte egg med tomat og saus eller eit høgdepunkt: i ein grateng med kvit saus, litt krydder og hardkokte egg i skjever. Ost på toppen. Eg er stort sett begeistra for kvit og mjuk mat, særleg med smelta ost, men ein stad går grensa sjølv for meg. Eg lurer på om det er ved eggegratengen til Linda.


Likevel er det mange lovande oppskrifter i boka og, blant anna ei spansk/meksikansk-inspirert potetterte a la Faranto, der ein nokså streit tomatsaus med hakka tomater, tomatpure stangselleri, kvitlauk, laurbærblad, oregano og frisk persille fyller eit terteskal basert på poteter. Eg har ikkje prøvd denne oppskrifta, men fekk lyst. Eg gjev den att slik den står i boka, komplett med hypernøyaktige mål og ein tekst som minnar litt om hastverk i omsetjinga:

Potetterte a la Faranto

  • 600 gram poteter, skrelt, og skåret i terninger
  • 1ss (15 gram) margarin
  • 2 ss melk
  • 1 egg, sammenpisket
  • 1/4 ts salt
  • 5,5 ss (55 gram) hvetemel
  • 1 ss olivenolje 
Kok potetene ca 25 minutter til de er møre. Ha dem i en bolle og mos dem med margarin, melk og egg. Ha i salt og mel og bland mosen svært godt sammne. 
Trykk potetblandingen ut i bunnen og på kantene av den ildfaste formen i et 1,2 cm tykt lag. Ha olivenolje over hist og her og stek tertebunnen i 15 minutter. 
Fyll sausen i en stekte potet-tertebunnen til et 2 cm tykt lag og dryss mozzarella og parmesan over. Stek i 10-20 minutter til osten bobler og potetkantene er gyllenbrun. 


Mens vi satt og spiste middag en søndag, kunne vi se lammene som hoppet og danset på markene utenfor kjøkkenvinduet. Når vi senket blikket mot tallerkenen, slo det oss at vi jo satt og fortærte beinet til et lam som nylig selv hadde lekt på et eller annet jorde. Vi så på hverandre og sa: "Hva er det vi gjør? Vi elsker jo disse sauene, de er slike fredfulle skapninger. Så hvorfor spiser vi dem da?" Det var siste gangen vi gjorde det. 


Det er ikkje berre sentimentale grunnar for å eta mindre kjøt, og eg lar gjerne Lindas kokebok vere ei av kjeldene eg går til for inspirasjon til eit breiare, vegetarisk kjøkenrepertoir. Sjølv om eg får litt lættis av den og.

mandag 22. august 2011

Å tenka på pai

Internettet fungerer ofte som ei assosiasjonsrekke. Eg finn ein tekst, eit innlegg, eit tips, og det fører meg vidare. Assosiasjonsrekka eg skal skriva om i dag går frå foodgawker.com til Elissa som er har den søte, hjartelege bakebloggen 17andbaking - og som saman med eit par andre unge matbloggarar har laga the kitchen generation, ei noko meir overordna side om mat og blogging.

Og det var der, hjå kjøkengenerasjonen, at eg fann posten om kva mat- eller måltidsrelaterte scene frå film eller serie som har gjort størst inntrykk. Det er fleire filmar som går att i kommentarane til posten, blant anna Ratatouille og Tortilla Soup som eg ikkje har sett, og Julie & Julia og Waitress som eg har sett, og likte. J&J likar eg veldig godt, men best scenene med Meryl Streep. Favorittscena mi er kanskje når ho nett har kome til Paris, og får servert noko deilig fisk. Då let ho att auga, trekk inn lukten av maten og stønner fornøgd: "Butter!". DET er matglede eg kan lika! Er ikkje det alltid ein slik reaksjon folk skal få av å smaka på noko deilig?

Likevel er favorittscena mi frå ein heilt annan stad, faktisk same stad som Tessa frå kjøkengenerasjonen: Episode 6 i fyrste sesong av True Blood, der Sookie kjem heim frå gravferda til bestemor si, og der ho et opp ein heil pekanpai aleine, grinande. Eg klarer ikkje slutte å tenkepå den scena, stadig vekk dukker det opp. Det er nok delvis fordi eg har tilbrakt store delar av sommaren i True Blood-universet med å pløye gjennom 11 bøker og 3 sesongar, men også fordi eg er merkelege tiltrukke av mattradisjonane frå dei sydlege sambandsstatane.

So no er eg besett av tanken på å laga pekanpai. Eg har søkt det opp på foodgawker og internetten for å finna ein pai som ser like karamelldeilig ut som den Sookie et. Eg fann nokon som tydelegvis har tatt True Blood-interessa eit hakk lenger enn meg, og har ein TB-blogg med ei paioppskrift, men eg har likevel større tru på denne paien her.

Eg gler meg til å setja i gong, men eg trur det må vere til ein anledning. Eit middagsbesøk kanskje? Med noko americano-inspirert til hovudrett, når hausten har teke tak og det er kaldt og rått ute?

onsdag 20. juli 2011

Sommar og sitrus - del to: LIME


Bakgrunnen for sitrusfestivalen her på bloggen (som om nokon treng ein GRUNN for sitrus om sommaren!) er ein bærepose med sitron og lime som vart avgløymd under ein bryllupsfest. Dei skulle vore i drinkane, men barpersonalet hadde gløymd kor posen stod. Dagen etter fekk eg forsyna meg, og allereie då byrja sitruskakedraumane å forma seg. Sitron var ein enkel match, for der tårner det seg opp med både søte og savory oppskrifter (berre sjå HER foreksempel), men baka med lime? Det var jomfrueleg mark, so eg gjorde som eg ofte gjer: slo opp i Nigella.

I Domestic Godess fann eg (KEY) LIME PIE, og valet var gjort. For ei spaning! For ei sitring! Det var presentert to alternativ til fyll. Eit med egg (skilde - eggeplommer i "sausen" med zest, saft og kondensert mjølk + stivpiska eggekviter) som skal bakast i omnen, og eit kaldt med kremfløyte i staden for egg. Eg spurde sambuar til råds om kva fyll eg skulle velja. Han meinte at me kunne sjå det an på været - lunka, ovnsbakt variant til kaldt vær, og den kalde til varmt sommarvær.
Paien vart inntatt som dessert til kveldsmat etter ein fjelltur i tett skodda. Sommarvær? Kanskje ikkje heilt, men det vart den kjølige varianten likavel.