mandag 5. august 2013

Latmannskap

Ein lang, varm, innhaldsrik og deilig sommar er over - i dag var fyrste arbeidsdag. Det er mange nye ungar i barnehagen, so for å gjere innkøyringa so lett som mogleg vart det til at eg var der ekstra lenge, frå me opna 7.30 til me stengte 16.30. Gleden og spaninga ved å møta nye ungar (og foreldre!) gjer at det går heilt greit å vera der so lenge, og ikkje før siste ungen er ute av porten kjende eg kor sliten eg var.

Då er det om å gjere å laga ein kjapp og enkel middag!


Middagsridder med timian 
for to personar

  • 4-6 tørre brødskjever
  • 2 egg
  • 1-2 dl mjølk, eventuelt fløyte om ein føler seg eventyrlysten
  • dæsj dijon-sennep
  • salt
  • pepper
  • bladene frå eit par kvistar fersk timian
  • riven cheddar
Visp saman alt unnateke brødet i ein djup tallerken, med gaffel. Dynk skjevene i blandinga. Legg kvar skjeve oppi, snu den so den blir heilt dekka av eggeblanding og legg over i ein annan djuptallerken. Gjenta med resten av skjevene, og legg dei oppå kvarandre i eit tårn. Hell resten av eggeblandinga over. Slik trekker det inn i alle skjevene so dei blir fuktige og deilige. 

Steik, gjerne i smør, til dei får gylden og fin farge, er gjennomvarme og all eggeblandinga inni har stivna. Legg dei over på fat og dekk med riven cheddar. 

Me serverte med spekepølse og ein enkel tomatsalat med tomat, lauk og basilikumolje. Ser ikkje so spanande ut, smaker og metter godt. Og det er det viktigaste etter ein lang fyrste arbeidsdag.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar