Viser innlegg med etiketten suppe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten suppe. Vis alle innlegg

tirsdag 5. juni 2012

Fjøsfestivalens Badstovesnute for Dugnadsfolk


En Suppe, kaldet paa Norsk Brændesnude

Det kokes en god sterk buljongsuppe med gulrøtter, persillerøtter og sellerirøtter skåret i terninger, noe syre og kjørvel og litt mel og smør. Denne suppen kokes inntil den er ferdig. I forveien har man kokte en utvannet røket oksekjøttpølse godt mør og skåret den i slike terninger som røttene sammen med noen tørkede epler skåret i strimler. Litt vineddik og sukker has på suppen. Når den nå har fått et opkkok, er den klar til anrettelse. 

For tida les eg eit praktverk av Henry Notaker, utgjeve i samband med OL i -94: Ganens Makt – Norsk
kokekunst og matkultur gjennom tusen år. Det er både artig og lærerikt. Eg har kome til 1850-talet, og so lang har det meste vore for kuriositetar å rekne, eller direkte traurig. Sild og velling? Kuriøst, men ikkje veldig freistande!

Boka inneheld mest fakta og historie, men også oppskrifter, sjølv om dei fleste er so lite detaljerte at dei er meir som antydande framgongsmåter å rekna. Og faktisk måtte eg lesa heilt fram til 1783 før eg fann ei oppskrift eg hadde lyst til å prøva, den over attgjevne Brændesnute, frå ei kokebok utgjeve i København av «spisemesteren ved St. Hans Hospital, Carl Müller. 

Den ville eg laga! Og eit passande høve baud seg raskt, då verdas finaste festival hadde dugnad kun eit par dagar seinare. Eit solid arbeidslag støypte fundament til badstova i fossen, og eg såg mitt snitt til å koka dei ei like solid dugnadssup til gjengen. 

Før kokinga gjorde eg litt research i andre kokebøker eg har for å samanlikna oppskrifter.  Henriette Schønberg Erken har kålrabi, potet og persille (ikkje -rot) i snuten sin. Tom Victor Gausdal har byggryn, neper og timian. Eg ville vera mest tru mot 1783- varianten, byta berre ut tørka eple med eit friskt eit, og hadde i øl sidan eg ikkje visste om buljongen eg hadde kunne kvalifiseras som «god». For 6 vaksne, herav 5 svoltne dugnadsarbeidarar og den siste ein berre litt svolten kokk vart det då slik:

Fjøsfestivalens Badstovesnute for Dugnadsfolk
7 mellomstore gulrøtter
1 sellerirotknoll
1 pk persillerot
3 ss smør
3 ss kveitemjøl
3,3 dl øl (ein liten boks), evt litt mindre
ca 2 dl vatn
2 stk vossakorv
1 eple
1 bunt frisk kjørvel



Eg byrja med å smelte smøret i ei stor gryte medan eg hakka opp røttene. Det er jo ofte eit poeng at slike grønsaksterningar skal vera so små og so like som mogleg - men det gidd ikkje eg. Eg forsøker å få dei omlag jamnstore so dei skal bli omlag like kokte, men det får då vera grenser på pirkearbeid! 

Røttene fekk surra i smøret, so dryssa eg mjølet over og rørte rundt so grønsakene vart dekt. 

Deretter hadde eg over ein liten boks øl og omlag 2 liter vatn og lot det småkoka til grønsakene vart møre. 

Pølsene skar eg i bitar og lot trekka med i omlag 20 minutt. Mot slutten skar eg eit eple i terningar  og hakka opp kjørvelbunten og rørte inn. 

Når so arbeidslaget kom frå skogen var suppa klar til servering, med flatbrød frå Rørosbakeriet og erterbrød til. Erterbrød har eg ikkje smaka før, men Henry Notaker skriv om det stadig vekk. Det er eit flatbrød baka på malte erter (ertemjøl). Ertesmaken er framtredande, og det gjekk på magisk vis utruleg godt saman med suppa! Gudbrandsdølen i selskapet var den einaste som hadde kjennskap til erterbrød frå før. 


Kjekke karar med breie ryggar. 
Eit godt, bondsk langbord.


Tilsmaking er viktig. Posering likæns.





søndag 6. mai 2012

Tid for å nesla seg litt




Heilt fram til bomullen kom for fullt på byrjinga av 1800-talet vart brenneneslene dyrka, hausta og spunne til garn. Nesleduk var visst både mjukare og finare enn lin, og vart brukt til både undertøy og dukar.  I steinalderen vart neslefiber brukt til å bøta garn. I tillegg skal nesler i foret gje både feitare og betre mjølk, og hvis høns får det vil dei legga betre egg. Og på toppen av det heile inneheld brennenesler A- og C-vitamin, mineralsalt, fosfor, kalium, kisel, kalsium og jern, og har dobbelt so stor næringsverdi som gulrot.

Alt dette har eg lært av Annemarta Borgen, i Urtehagen på Knatten.  










Å laga brenneneslesuppe er so enkelt at det er rørande. Rett nok må ein utsetja seg for stikkefare, men det kan gå utruleg fint. Ta på hanskar eller ein pose på handa. Eller plukk "nedanfrå" dersom det er litt plass mellom plantene. Vær direkte og tøff i trykket, du brenn deg berre der du streifer borti. Dersom skaden er ute fungerer det faktisk å gni løvetannblad på, so svir det mindre.

Det trengs 1-2 liter nesler for å laga ei suppa til 2-4 personar. Neslene har ein mild og fin smak. Mengda er so laus fordi det blir godt uansett, ei suppe med meir nesler i smakar meir og er grønare, men det går fint med ei litt tynnare suppa og.  Anten rensar du medan du plukkar, ellers gjer du det når du kjem inn. Eg anbefaler uansett å skylla slik at evt insekt og slikt dett ut. Grovhakk om du vil, men heile greia blir jo stavmixa seinare. So gjer du slik:


  • Hakk lauk, blank den litt i olje. Press evt eit kvitlaukfedd i også.
  • Ha i neslene, la dei falla saman.
  • Hell på buljong/kraft/vatn til ynskt mengd suppa. 
  • Ha eventuelt i ei kokt potet for tjukning.
  • Kok i 10 minutt-ish, til neslene er heilt møre. Stavmiks heile greia.
  • Hell i ein dæsj med hmjølk/fløyte/rømme/kremfresh og varm opp litt. 
  • Smak til med salt og pepar.


Suppa kan ein servera med posjert egg, som på biletet under. Eller med sprøsteikt bacon. Brød til hvis ein vil ha det, eller ein kan rett og slett ha mykje mindre vatn i suppa, berre fløyte/rømme/kremfresh. Då kan den bli ein flott stuing som tilbehør til noko anna. Dersom ein ikkje orkar å plukka nok nesler kan du spe på med spinat.



 Det er dei nye skota på våren kan etast, men dersom ein er flink og "stussar" neslene sine ofte kan ein plukka nye skot heile sommaren gjennom seiest det, og på internetten las eg om ei som pleier å forvella nesler og frysa dei i klumpar på storleik med tennisballar. Kvar tennisball blir suppe nok til to personar. Me må berre eta litt hjort ut av frysen so det blir plass, og so skal eg sporenstreks gå i gong med plukkinga!


Eigentleg ville eg kalla dette innlegget Neslekjærleik, for det var so deilig eit ordspel. Men det er litt frekt, for eg har ikkje kome det sjølv - det var tittelen i det nokså nye matmagasinet til Aftenposten: Mat fra Norge. I det siste nummeret der står det litt om brennenesler. Okei lesnad, men ikkje like spanande som Annemarta Borgen skriv!

Ein annan neslerett. Nesler kan brukast omlag alle stader der ein bruker spinat. Med utgongspunkt i denne oppskrifta på ravioli med spinat laga me ravioli fylt med brennenesler og fersk mozzarella. Det var fyrste gong me laga ravioli, og deigein blei litt hard. Men det var utruleg godt, og eit retteleg festmåltid!


Lat meg presentera: brennenesle- og mozzarellafylt ravioli, salviesmør, laks og røresteikte grønnsaker. 

lørdag 10. mars 2012

Trøstesuppe, sjukuladepudding

I den fantastiske husmorsboka eg har fått av tanta til pappa står det eit heilt kapittel om sjukepleie. Der står det om hygiene, om reine sengetøy, om frisk luft og om næringsrik mat servert i heilt eigne fat.

Denne sjuklingen er aleine heime (men det er greit, eg sa at han burde dra til byn og leva livet, det ville vore keisamt å vera her med meg). Sola har gått runden sin, SV har vald leiar, været i Trøndelag har vore schizofrent som vanleg - og eg har vore horisontal på sofaen og foran tv-en.

Verken mat- eller koke-lyst er heilt på topp på slike dagar, so det gjeld finna noko som er både kjapt, enkelt og lettspist. Som til dømes ein enkel og deilig sjokoladepudding, som eg gjer endå deiligare med å ha i nokre dråpar peppermynteolje. Her servert på puslespel.

Eg åt alt sjølv, men det tok omtrent to timar

Men ein kan ikkje leva på sjokoladepudding aleine! Både hjå Nigella og i fleire engelske matbloggar kan ein sjå uttrykket comfort food. Eg har tenkt at uttrykket viser til mat som  er ganske enkel å laga, lite oppvaskgenererande, triveleg og deilig. Comfort food innheld gjerne kjøtdeig eller ost (eller aller helst: begge delar), og er det ein lagar til seg sjølv når ein skal ete aleine. Då treng det ikkje vere verken estetisk eller sunt! Wikipedia derimot, fortel meg at comfort food enten kan vere tradisjonell mat med sentimental eller nostalgisk appeal,  eller mat som er  easy-to-eat, easy-to-digest meal rich in calories, nutrients or both. Okei!

Dagens trøstesuppe

Ein av vinterens favorittar i sjangeren har vore ulike variantar over same tema. Utgongspunktet har stort sett vore det same: omlag ein halv liter kokande vatn med buljong, sriracha og nudlar. I tillegg kan det hende eg tek både knust, tørka sopp, finhakka chili, kvitlauk, tynne strimlar gulrot skore med ostehøvel og ferske urter oppi, alt etter kva eg har i hus eller har lyst på. Når nudlane er møre og alt syder knekker eg eit egg oppi og lar det posjere.

Eit anna døme frå tidlegare i vinter

søndag 22. januar 2012

Heimedag


For å vere heilt ærleg er eg usikker på den store miljømessige eller økonomiske gevinsten ein får av å laga Alt Godt sine opptenningsrullar. Men det bryr eg meg ikkje om, og presenterer heller fira gode grunnar til å bruka tid på å laga dei uansett. I stigande rekkefølge:

4. Kjensla av at det er fornuftig å bruka stumpar og restar av stearinlys til noko.
3. Kjensla av å få brukt opp alle reklameavisene som kjem i posten fordi ein ENNO IKKJE har fått opp ein «Reklame Neitakk»-klistrelapp.
2. Den generelt gode kjensla av Å LAGA NOKO SJØLV.
1. Den mest konkrete og beste grunnen av dei alle: Det er utruleg lett å tenna opp med desse rullane, sjølv i ein kronglete og vanskeleg omn som vår.

Og slik gjer du det:
Set på radioen, eller ei fin plate (til dømes denne) på repeat.
Smelt stearin over vassbad, eg bruker eit stort sylteglas eg har mista loket til. Rull saman 2 sider av ei avis, fest med hyssing eller bomullstrådar, klipp opp i passande storleik. Eg rulla frå botnen, altså den lengste sida, og klippa opp i 4 bitar. Det blei slanke, fine rullar. Dypp halve i stearinen, det kan henda du må tilta litt for å få dekt opp til omlag midten.

La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye.


Og dette kan du halda på med til det er tomt for stearin eller aviser, eller du blir lei. Eller til du blir akutt svolten og bruker 10-20 minutt på å laga ei ikkje veldig vakker, men god:
Rask, enkel suppa
Omtrentlege mengder til ein person:
  • 5 – 7,5 dl vatn,
  • suppebuljong tilsvarande mengda vatn
  • ein dæsj Sriracha, annan chili-saus eller litt hakka fersk chili
  • 4-5 tørka soppar hvis du har

La det småkoka, medan du har i: 
  • 1/2 kvitlauk av typen utan fedd, skore i tynne skjever.
  • 1- 1/2 gulrot, med mindre du oppdagar at det ikkje er gulrøtter att.
  • Ein liten bit finstrimla hovudkål, med mindre du oppdager at det er myggel på den.
  • Ein liten porsjon nudlar, til dømes eit nøste av desse festlege, fargerike nudlane frå ei asia-sjappe.

Når det syder og alt er mørt, knekk eit romtemperert egg oppi. Dette er den einaste formen for posjering eg nokonlunde beherskar. Det vil seie, det kvite sprer seg jo rundt i krafta som brudeslør i sommarbris, men i denne suppa gjer det ikkje so mykje. Det blir ikkje like pent, berre. Difor viser eg fram ein litt penare variant som eg laga tidlegare i veka: 



mandag 12. desember 2011

12.desember

Det er ikkje utsjånaden det kjem an på!

Eg har alltid lyst til å invitera til juleverkstad, for det er so triveleg! Det er ikkje alltid det blir, men i år blei det, heldigvis. Og for den som trur dette skal bli ein slik skrytepost der eg med falsk beskjedenheit skal visa kor raus og gjestmild og flink og kreativ eg er - nei. 
Foreksempel lagde eg berre ein ting sjølv på juleverkstaden, og det var ei heilt vanleg julakorg. Eg virra fram og tilbake, høg på livet og på planene om dagens måltid: Graut (av grautris, sidan det er både stiligare og betre - og ikkje minst akkurat like enkelt som posegraut)

Det er så jovialt! Det var til og med eit barn med!

Utover kvelden vart juleverkstaden til eit juleselskap, med mindre gløgg i vinen, mindre glitter og limstift, men like god stemning. Sidan gjestane var der heile dagen tenkte eg det var på sin plass med litt nattmat, og eg hadde bestemt meg for å laga Kapustnica, ei heftig suppe som er julaftensmiddag i Slovakia. Surkål, pølse, skinke og bacon? Veldig bra nattmat. Eg går ut frå at det gjeld Kapustnica som det gjeld lapskaus/betasuppa (eller sodd for den del) her i landet: at det fins like mange variantar som det fins familiar. Eg kunne jo sjølvsagt ha gått for denne utvida oppskrifta her , med heile epler og store kjøtstykke  i ei suppe berekna til 50 porsjonar - men eg gjekk for ein litt enklare variant. Snøgg-suppa, rett og slett. Frå eit spørsmål om mat vart ytra til suppa var klar gjekk det kanskje ein halvtime eller noko. Eg var kanskje ein smule bekymra for om det kom til å vere noko godt (surkål-suppa??), men då den fyrste gjesten tok sin fyrste smak og utbraut: "Dette var kjempegodt!" forstod eg at eg har kome over ein stayer. 


onsdag 23. november 2011

Tomatsuppa FTW

Som eg har nemnd tidlegare i haust har eg ei svigermor, og ho er eg bra heldig med. I kveld er me på middags- og tv-besøk sidan me ikkje har tv-signal sjølv (fordi me ikkje vil), og me har lyst til å sjå dokumentaren om ei tysk dame som lever utan pengar. Ja, og so berre fordi det er triveleg å stikka innom for god mat og triveleg prat.

Til middag fekk me ei tomatsuppe som var so god at eg åt tre porsjonar før eg ikkje hadde sjans til å få ned ei skei til. Tomatsuppe altså. Det er ganske billig, ganske sunt, ganske vanleg - og tidvis AKKURAT det ein treng, til dømes på ein haustdag som denne.

Svigermor er eit av dei vidunderlege menneska som har velbrukte kokebøker som flommer over med lappar med oppskrifter ho har fått av vener og familie. Denne suppa kjem frå Elisabeth, og eg anbefaler den veldig sterkt. Hallo, milde, langvarige haust! Du har fått deg ein raud følgesven for livet!


Tomatsuppe
Me åt opp alt.

1 raud paprika
1 gul lauk
1 fedd kvitlauk
1 boks hakka tomater
5 ss olje
1 buljongterning
5 dl vatn
1/2 ts tørka basilikum
oregano
  • Hakk paprika og lauk,
  • Press eller hakk kvitlauksfeddet etter kva du ynskjer,
  • Småkok til det tjuknar.
Svigermor 3-dobla oppskrifta til 4 vaksne menneske, og serverte nysteikte vridde baguettar til. 

Og etterpå var det tid for kaffi og ein liten after eight.

mandag 5. september 2011

Suppestas

 
Kjøkenbenksmassakre? Blod og gørr?
Nei! Stavmiksar-uhell, rødbetsuppe og søndagens turmat!

Eg har laga Borsch...borsj...borsht....RAUDBETSUPPA mange gonger før. Eg har tatt utgongspunkt i google-søk, tips frå andre eller ymse kokebøker, og brukt det eg har. Den inneheld alltid fersk rødbet, sidan dei sylta er noko heilt anna og vakumapakka er daffe og kjipe. Og so inneheld den alltid lauk. Ellers kan det vere kål, potet, gulrot og alt mogleg oppi. Det blir alltid godt, men denne gongen vart det verkeleg heilt spesielt bra! Det vart ein so fyldig og balansert smak at eg blei heilt paff då eg smaka på den.

"Sometimes the magic works, and sometimes it doesent" pleide klassestyraren min på dramalinja, vgs, å sei, og refererte til stemninga i elevgrupper. Det litt kleine uttrykket passer like godt på  matlaging, særleg når det er etter slumpemetoden slik eg praktiserer den, særleg på supper. Likevel skal eg forsøka å gjengje det eg gjorde, og håpa på at det blir like bra neste gong:

søndag 7. november 2010

Easy-peasy-thailandeasy



Det skal ikkje mykje til for å jukse til seg ein smak av Thailand: ingefær, chili og kokosmjølk gjere susen. Sitrongras og galangarot er sikkert toppare enn toppers, men dei er også sopass eksotiske at det er sjeldan eg har dei i hus. Ingefær, chili, kvitlauk, lauk derimot, det har me alltid - og i dag blei det ei deilig thai-aktig kyllingsuppe frå grunnen av. Mykje betre enn santa-maria sin tom-ka-gai-pulvervariant i alle fall! Sterk og deilig, men mildna av den vidunderleg deilige smaken av kokosmjølka. I god restemat-stil fekk me tilogmed brukt opp litt chili som song på siste verset. Skalet blir irriterande og hardt, umogleg å tygga, men det gjer ikkje noko. Då kan ein nemleg berre pille det vekk. Inni er det mjukt og sterkt chilikjøt som set masse god smak på suppa.



Mengder er alltid relative når middagen skal juksast til - og særleg når det gjeld smaksbomber som dette, men i dag hadde me omlag dette til 2 personar:

Dette fekk fresa i litt olje:
Ingefær - ein finhakka bit omlag so stor som ein halv dametommel.
Chili - Ein og ein halv utan frø.
Kvitlauk - 2 fedd
Lauk - 2 små vanlege kepalauk

So kom denne gjengen her opp i kjelen:
Kokosmjølk - ein boks
Gulrøtter - 2 stk, strimla med skrellar for ein fancy effekt og kort koketid.
Kylling - ein stor filet, tint, skore i bitar og steikt litt på førehand.

Og so åt me det til middag saman med kokt ris og sambal oelek. Sambal oelek har eg nettopp fått opp auga for, og er frelst. Nammesen.