Viser innlegg med etiketten meta. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten meta. Vis alle innlegg

mandag 11. februar 2013

Internettet

Det er årsaker til at det går litt trått med fiks & faks-bloggen for tida. Fleire årsaker - men ein stor, bakanforliggande hovudårsak: 100 % fast jobb. Ferdig på jobb 16.30 kvar dag.

Då er dei andre grunnane som følger:
- litt reisetid, slik at dersom eg til dømes skal handla etter jobb blir klokka fort halv seks - seks før eg kjem meg heim.
- når eg ikkje kjem meg heim før klokka halv seks-seks blir middagen tilsvarande sein, og då er eg stort sett hólsvolten når maten endeleg kjem på bordet.
- når eg er so svolten blir eg utruleg slapp, og det tar litt tid å koma seg.

Og i tillegg er det sopass mykje nytt med ny jobb at det siste eg vil gjera når eg kjem heim er å tenka. Planlegga, tenka, formulera. Fotografera.

Eg vil berre ta inn.

So det eg gjer er å lesa bok, vaska opp (ein sjeldan gong), er slapp i sofaen, ser litt på tv... og les litt (masse..) på internett. Foodgawker til dømes. Herregud, foodgawker altså. Det flommer over av ovnsbakte, ofte vegetariske, ostebefengta middagsrettar,  sexy kaker, fancy smågreier,  heimelaga ost,  eller enno meir kuriøse saker som forsøk på  butterbeer frå Harry Potter.

Til helga til dømes, kunne eg tenka meg å prøva å laga polske pierogi med potet og ost, ein rett eg i grunnen har hatt lyst til å prøva meg på sidan eg var på utveksling i Slovakia for 3 år sidan.

Vidare er eg freista til å prøva på fylte pastaskjell a la dette eller kanskje heller dette - men det blir litt mindre aktuelt med rettar som har nærare ein times førebuingstid når middagen er so sein uansett.

Og so, hvis me får vener på besøk ein kveld for spel og øl eller noko kan eg jo diska opp med eit løk- og  ostefylt brød (også her). Eller spinat- og artisjokkdip.

Men i morgon - då skal blomkålen frå nederst i kjøleskapet til pers. Då blir det blomkålpannekaker etter yogatimen. Eg gler meg!








tirsdag 21. februar 2012

Arkeologi

Eg har ein annan blogg, ein eg har hatt sidan 2002, ein sporadisk og ikkje-tematisk blogg. Der lufta eg ideen om matblogg allereie for to år sidan, i ein post eg kom over i dag.

Slik byrjar bloggposten: Eg har drive og tenkt på ein tekst om ferien på Kypros. Det vart ikkje ein tekst om Kypros, det vart ein springande tekst som endte i den lause tanken om å laga ein matblogg. Diverre ser det ut som eg ikkje fekk noko særleg respons på spørsmålet ut på verdsveven, men det er fordi eg hadde ein ekstern kommentatorfunksjon før, og alle kommentarane der forsvann når eg bytta mal på bloggen og byrja å bruka blogger sitt eige kommentarsystem. Eg hugsar at eg fekk positive tilbakemeldingar på forslaget altså. Jaffal to.

Nokre veker før hadde eg publisert eit ekte matinnlegg der eg ordrett gav att Besto si oppskrift på KOMLER. Det er eit retteleg lesverdig innlegg! 
Som illustrasjon i dag bruker eg eit bilete av eit komlemåltid eg faktisk har laga sjølv, og ikkje illustrasjonsfoto som i posten eg lenker til. Det einaste som er litt kjipt er at komlene vart laga av ferdig komlemjøl, og ikkje etter den grundige forklaringa til Besto. Jaja.