Viser innlegg med etiketten ris. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ris. Vis alle innlegg

onsdag 18. februar 2015

Kjøttfritt, improvisert


Alt tilseier at det er bra med vegetarmat innimellom. Kjøttfri måndag er det mange som har - men me er ikkje so systematiske av oss. Dagens kjøttfrie rett var inspirert av noko deilig ris eg fekk på yogakurs ein gong, samt det me hadde i kjøleskapet.

Eg deler ikkje dette fordi det vart ein so fantastisk unik rett at DETTE og nettopp DETTE bør alle prøva - men fordi det var ein improvisasjon som funka. Avogtil treng ein ikkje laga rettar som har eit namn og ein fast framgongsmåte. Det fører til at ein iblant går på trynet, av og til lagar art by accident og av ogtil, som i dag, lagar ein mettande middag med gode smakar. Ikkje meir enn det, men heller ikkje mindre. 

Krydderris med søtpotet og kikerter

Risen
Finhakka sjalottlauk
Ein liten neve rosiner
Raust med gurkemeie og malt koriander
2-4 kardemommebelgar (heile)

Surr alt i litt olje

Ha i 1-2 dl ris, vatn til det dekker. 
La surre til risen er mør og vatnet vekke (vanleg riskoking med andre ord)

Skrell 2-4 små søtpoteter og skjær i små bitar.
Ta ein boks med kikerter (elle eit glas heimekokte), skyll
Finhakk ein liten snei ingefær

Kok alt i safta av ei (veldig saftig) appelsin + litt vatn slik at væska so vidt dekker. 

Grovhakk 2-3 stenglar vårlauk og ha i på slutten slik at dei framleis er litt sprø.

Smak til både ris og grønsaker med salt, peppar - og evt anna krydder ein måtte ynskje seg. 

PS, Telefonen min tar styggare bilete enn nokon gong. Det er nesten so eg burde gjere ei greie ut av å ta stygge bilde i bloggen.  Litt motstraum, lzm.

onsdag 16. mai 2012

Soyasnerk

Kan eg freista med litt soyasnerk? 


I fleire innlegg har eg skrive eit og anna om vegetarisk mat, og i innlegget om Linda McCartney si kokebok skreiv eg litt om dei snodige produkta ho nemner. TVP, soyaprotein og so vidare. I mi jakt på slike vart eg tipsa om matvaren bean curd. Dette kom me over på Bamboo, den flotte asiatiske butikken på Tiller. 

Internettet, nærare bestemt Serious Eats, kunne fortelja meir om dette rare, blanke produktet som utgjer seg for å vere næringsrik og velsmakande mat. Der kunne eg læra at bean curd, som også vert kalla yuba eller tofu skin, er eit biprodukt som oppstår når soyamjølk vert varma opp. Då danner det seg ein film eller ei hinne på toppen, ei hinne som kan løftast av og tørkast i ark eller "pinnar".  Med andre ord: tørka og størkna snerk.  Og ja - eg veit at eg kanskje ikkje sel det inn som særleg delikat med det ordvalet.  

Me har prøvd oss litt fram og har "red-braised" eller kokt den i lake eit par gongar, etter framgongsmåten i lenka over.  Yubaen treng å bløytleggast litt før den brukast, eg har lese alt frå 6 - 12 timar. Me prøvde begge delar. Det er mogleg det er ein skilnad på kor metta yubaen blir på fuktigheit. Den som hadde lugge lengst i bløyt tok nemleg til seg litt mindre smak enn det fyrste forsøket som hadde fått halvparten av timane.  Greit å vita at begge deler funkar - då er det jo nok å legga yuba i bløyt om morgonen før ein drar på jobb for å få den klar til middag!


Etter bløytlegginga skviste me vatnet ut av greiene og delte opp i mindre bitar som me kokte i ein lake som inneheld soyasaus, flytande røyk, mango-eddik, ingefær, kanelbark, stjerneanis, tørka chili, kardemommekapsel og nett litt sukker. Og so fylt på med vatn til det dekka yubaen. 
Dette får simra på komfyren i halvtime-time, til det har tatt smak og blitt raudbrunt i fargen. Då kan det berre kuttast opp i endå mindre bitar om ynskjeleg, og er klart til å tilsetjast det du har gjort klar. 

På biletet over hadde eg kokt ris, røresteikt broccoli, fersk rosenkål og aspargesbønner. So blanda eg saman ris, yuba og dei grøne greiene, og serverte det heile med finstrimla hovudkål som vart steikt i litt (nei, ganske masse eigentleg) soyasaus. 

Her laga eg risotto med lauk, gulrøtter og bladpersille. Heilt til slutt hadde eg ferske miniasparges som akkurat fekk bli litt varme.
Her er restane frå den over. Dei steikte eg og hadde i nokre nevar med fersk spinat. For å drøya litt knakk eg i eit par egg. Me serverte med fetaost. Nam. 
I det heile tatt - ein velsmakande og allsidig ingrediens. Ein må nemleg ikkje servera den i variasjonar over steikt ris eller risotto, sjølv om det var fantastisk godt. 

fredag 20. august 2010

Sommar på hell: Resterullar

Eg hugsar dei fyrste turane på Kina-restauranten i Bergen, den einaste eg kan hugsa frå barndomen. Den med ein stor, feit og glad gull-buddah ved inngongen, tepper på golvet og lykter frå taket. Og best av alt: ein fiskedam med ekte fisk! Kvite og raude fisk, bror min og eg stod på brua over dammen og såg ned på dei når me var ferdige å eta.

Eg hugsar ikkje so godt matopplevinga, berre stemninga på staden. Mørkt og raudt! Men eg hugsar at eg elska vårrullane. Vårrullar, crispy og eksotiske (eg hadde nok blitt sjokka om nokon fortalde meg at det var kål i dei!), eg skreiv dei opp som yndlingsmaten min når eg skreiv i skuledagbøker der yndlingsmat vart etterspurd.


Men som so mange andre av barndomens infatuations: også denne gjekk over. Hadde eg kome inn på ein slik restaurant i dag ville eg nok ikkje bli like imponert over den mystiske orientalske stemninga, kanskje i beste fall ironisk-begeistra og fnisete. Og vårrullar er ikkje yndlingsmaten lenger, sjølv om eg framleis likar det godt.



Det er ikkje vår no, det er midt i august og det har byrja å regna. Sommar på hell. Eg har aldri prøvd å laga vårrullar sjølv. Sommarrullar, derimot! Det er ein hit.

Konseptet er å rulle eller brette deilige matgreier inn i rispapir, ikkje ulikt vårrullane altså. Men dette rispapiret skal berre bløytast og rullast og er ferdig - ingen fritering naudsynt. Eg innbiller meg at det gjer heile retten mykje sunnare!

Dagens fyll bestod rett og slett av rester frå dagens middag. Med vilje laga eg litt meir ris, litt meir fisk og litt meir grønsaker enn me trengte. Eg måtte gje streng beskjed til sambuar om at det ikkje var naudsynt å eta opp alt, for eg hadde ein plan med restane.



Framgongsmåten er so lett som ein plett: ta rispapir (desse kosta ca 40 på Meny), og bløyt i varmt vatn. Eg laga riktig fint samleband: eit ark i vatnet, eit til tørk på ein handduk på benken (so det ikkje skal dryppa, men bli litt klissete i staden) og eit klart til fylling på fatet.

Innhaldet var, som de ser: grillpannesteikt laks, broccoli og asparges,og ris frå middgen. I tillegg: soyaolje med wasabi (i koppen), fersk snitta vårlauk, litt fersk hakka kvitlauk.
Eg vil hevda at det meste som smakar godt kaldt kan passa godt rulla inn i rispapir. Agurk, avocado, reker (eller andre sushi-ingrediensar), kikerter, salat, skinke, kylling (eller andre salatingredienser) eller kva ein har for handa. Lett som ein plett!



Brett over, pakk inn og FERDIG! Eg kunne jo ha rulla i staden for å bretta, det ville kanskje gjort pakkane litt meir solide, for som det ser til høgre der er den eine i ferd med å sprekka.



For å vera på den riktig kritiske sida kan eg jo nemna at soyasausen ikkje akkurat gjer pakkane max estetiske, men det bryr eg meg ikkje om. Soya + wasabi gjer akkurat det lille kicket som passar kjempebra saman med øla på biletet.

No er det NRK sin 50-årsdag på fjernsynet. Passer også bra med sommarrullar, denne småregnete augustkvelden.