ISBOMBA.
Hvis du berre vil ha bilete og instruksjonar for å laga denne enkle, men spektaktulære desserten må du hoppa til botnen av teksten, men hvis du gidd å lesa litt kan du byrja med å sjå for deg dette:
I eit koseleg lite samfunnshus har ein 60-årsjubilant invitert til feiring av den runde dagen. Familie og vener sit rundt dei rognebærkvistpynta borda som er stilt opp i hesteskoform. Det er allsang og festlege talar, det er god stemning og det er godt med ekte trøndersodd.
Det er tid for dessert - og brått blir lyset slått av i salen. Inn togar dei innhyra servitørane, 4 i talet, og kvar held eit serveringsfat med ein kvit kuppel der det er plassert ein kakerakett. JOHO, kakefyrverkeri! Selskapet syng bursdagssongen medan rakettane brenn ut og dessertfata blir sett på bordet - ein spesialversjon foran jubilanten, dei andre tre utover borda.
Ved den eine enden av hesteskoen sit ho som er sambuar med den mellomste sonen til jubilanten, og ho er ganske nervøs.
Det er nemleg ho som fekk det ærefulle oppdraget å fiksa dessert til selskapet. Og ho valde ISBOMBA.
I utgongspunktet gjekk ho laus på prosjektet utan frykt, men då det byrja å bli tid for desserten kom ein av servitørane snikande inn i salen og bort til dessertmakaren. "Me får ikkje desserten ut av formene!" Det var då nervøsiteten kom for alvor, og den ganske stressa ansvarlege sneik seg ut på kjøkenet. Skulle alt gå ad undas no? Kunne ho nokon gong visa seg i denne familien igjen?