Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

torsdag 1. januar 2015

Soff gottinår del 2: Dessert

Riskrem, moltekrem, karamellpudding? I år var favorittdesserten, både på julafta og nyttårsafta ein gamal travar; fruktsalat. Høyres det litt stusseleg ut? Åneida. Fruktsalat er like frisk som søt, og aldeles nydeleg. Mamma stod for fruktsalaten på julafta, pappa hadde kokt krydderlaken og eg lot meg skamlaust inspirere då me inviterte til nyttårsfeiring veka etter. Det einaste som er min eigen idè i denne desserten er dæsjen med marsala i kremen - men det må eg innrømma at eg synes var ein genistrek.

Fruktvalget og den gode kryddersmaken i denne salaten gjer den deilig julete syns eg, og som fruktsalatar flest kan den varierast i det uendelege. Det meste av frukt (og bær!) kan jo strengt tatt brukast, ein må berre lika det og kanskje ha ein liten tanke på kva frukter som er tørrare og saftigare for å ikkje få ein altfor tørr eller altfor rennande fruktsalat.


Krydderlake
Eit par dl vatn, omlag ein dl sukker, 2-3 heile stjerneanis, 2-3 kanelstenger, 1 vaniljestang kokast inn til litt seig, deilig sirup. Smak til undervegs i kokinga om krydderbalansen er god. Eg tok ut stjerneanisen ganske raskt då den vart ganske dominerande - og eg kan styra meg for dominerande stjerneanis.
La laken kjøla seg ned og lag fruktsalaten.

Krydra & eksotisk fruktsalat
Til 10 porsjonar (ein porsjon= eit par dl) brukte eg:
1 stort eple, av den friske sorten
1 stor, søt og mjuk pære
4 kiwi
1 mango
1 honningmelon
Safta av en liten, litt inntørka lime
Eit par ss mango condiment frå Oliviers

Eg delte alt unntatt melonen i små bitar, omlag like store.
Før jul hadde eg investert i eit kulejern, og det brukte eg til å lage fine halvkuler av melonen. Denne kan med fordel lagast dagen før servering, so alle dei gode smakane får sett seg.

Bland alt og la stå kjølig.

Råkrem med marsala
Pisk lys og tjukk eggedosis av 3 eggeplommer og 3 ss sukker, ha i ein dæsj marsala til slutt. I ein annan bolle, pisk krem av eit par dl kremføyte. Bland dei to kremane godt saman.

Server, anten i ei stor skål med kremen på sida eller i porsjonsskåler. Motta folkets hyllest.

Soff gottinår, nyta mi!



Me bestemte oss for å invitera nokre vener og feira nyttår. Og me bestemte oss for å steika ein heil kalkun. Det hadde me jo aldri gjort før, so det måtte då gå bra. Og det gjekk faktisk so bra at den eine gjesten meinte det var det beste kalkunmåltidet han hadde smakt. Hurra!

I intervju med ordentlege kokkar om kva tips og råd dei vil gje for å lukkast på kjøkenet seier dei ofte at det er lurt å ha alt klart på førehand og rydda undervegs. Det har eg knapt gjort før i heile mitt liv, men når ein legg opp til middag & dessert for 7 personar samtidig som ein skal pakka ut av to koffertar, vaska heile leiligheita og vera med ein baby som ikkje synes det er naudsynt å sova lenger enn 20 minutt i slengen - då har ein ikkje anna val enn å vera godt førebudd.

So heile dagen vart delt inn i førebuings-, rydde-, luftetur-, og fullføringsfasar. Og det gjekk som ei kula! Det einaste eg ikkje rakk var å vaska håret, men det gjorde ikkjo so mykje. Sidan maten var klargjort og førebudd over fleire rundar hadde eg også fått vaska opp og rydda undervegs, so då gjestene kom var det faktisk ryddig på kjøkenbenken bortsett frå eit par ting som måtte gjerast ferdig rett før servering.
Og midt på benken: Ein stor, flott kalkun.


Kalkun:
Kalkunen, frossen, vart kjøpt inn 21. desember, og lagt inn i det kaldaste kjøleskapet vårt for å tina sakte der og vere klar til nyttår ei veke etter.  Me visste ikkje kor mange me kom til å bli, max 10 trudde me, so eg kjøpte ein fugl på nesten 8 kilo.

Då me kom til Trondheim att dagen før dagen tok me fuglen ut og sjekka om den passa i steikeomnen: Det gjorde den. Puh.
Inspirert av Nigella la me heile greia i ein balje over natta og fylte balja med ein snedig lake. Me mangla det meste av det Nigella sa me skulle bruka, so Henningen laga sin eigen vri: Masse salt, mange halve klementiner, anis, nellik, kanelstang - og eit par desiliter ublanda gløgg.
Laken skal visstnok gjera kalkunen både saftig og smaksrik - men eg er usikker på om det er nok med berre ei natt.

Eg hadde lese masse om korleis ein kan unngå at fuglen blir tørr, og testa ut eit par tips.
Fyrst: bardering. Eg løsna skinnet over brystet og lirka inn eit lag bacon.
Deretter stappa eg fuglen med 10 halve klementiner.
Tilslutt la me fuglen i langpanne, krydra, og la eit kjempestykke smør* på toppen. Oppå la eg ein fuktig kjøkenhandduk før eg helte appelsinjus i forma og ein liten boks øl over heile greia.

Poenget med handduken hadde eg lese om på internettet. Den skulle halda fuglen fuktig og hindra at toppen, brystet blir tørt før låra er ferdig. Duken skulle haldast fuktig ved jamnleg ausing, men me gløymde ut å ausa mot slutten, so den vart ganske tørr. Under var skinnet brunt og crispy.

Funka desse triksa? Tja. Smaken var fabelaktig, men kjøtet vart litt tørt her og der likevel. Men det gjorde ingenting, for me hadde nok av saus. Og for ein saus!

Saus:
Kvelden før kokte me kraft på innmaten som låg i ein pose inne i fuglen: hjarte, krås og lever.
Neste dag hakka eg opp masse champignon, steika og blanda i. Då me tok ut fuglen blanda me i sjya frå langpanna. Rett før servering kokte me sausen opp og lot den småkoka i 5 minutt, før me hadde i fløyte og masse grovhakka bladpersille. Smakte til med salt og pepper.
Det blei omlag ei liter saus, feit og lekker. Og dødsgod.

Søtpotetmos:
Søtpoteter, 5 vanlege poteter, 3 lange gulrøtter. Eg skrella og delte opp grønsakene på morgonen, og lot dei ligga i vatn til koking. Ein time før gjestene skulle koma kokte me dei til dei var so møre at dei (i alle fall søtpoteten) nesten gjekk i oppløysing. Då helte me av vatnet og lot det dampa nesten tørt før eg moste med smør* og fløyte. For ein glatt konsistens avslutta eg med ein runde med stavmiksaren.

Rosenkål med dijon:
Denne rosenkåloppskrifta er ein schlager frå Debbie (signe deg, Debbie!) på Smitten kitchen. Rosenkålen vart reinsa og steikt om morgonen. Like før servering blanka  Henningen ein finhakka sjalottlauk og blanda med sennep, creme fraiche og kvitvin til ein saus. Rosenkålen kom opp i sausen og fekk eit kjapt oppkok.

Tranebærsyltetøy:
Eg såg posen med ferske tranebær på meny då eg handla inn, og slang den med. Det skal jo trass alt vere "cranberry sauce" med til ein trad amerikansk kalkunmiddag! Ved litt søking på nett oppdaga eg at sausen er meir syltetøy enn saus, so eg kallar den for det. Igjen var det favorittamerikanaren min (i bloggverda i alle fall) som stod for inspirasjonen, men eg fulgte ikkje oppskrifta slavisk. I staden hadde eg posen med ferske bær i ei gryte og kokte opp i lag med 4-5 grovhakka fiken, eit par spiseskeier brunsukker og ein dæsj marsala (italiensk dessertvin eg har lært om frå Nigella). Det fekk småkoka i omlag 25 minutt.

* Da einaste so e ber`enn smør er meira smør.
Arne Brimi

søndag 28. desember 2014

Tips til romjulstida

Kva skal ein gjera med matrestane i jula?

Dersom dei aktuelle restane er kokte poteter, kålrabistappe og pinnakjøt kan ein til dømes - og med hell - laga pinneplukk.

Plukk kjøtet, mos potetene og evt andre kokte grønsaker, bland alt saman i ei gryte og varm opp til alt er gjennomvarma.

Server med flatbrød og heimelaga pils. Om du har.

lørdag 20. desember 2014

Tips til julestria


Dårleg tid eller lite lyst til å laga mat lenge eller ta oppvasken etterpå? 

Ta nokre poteter, omlag so mange som hushaldnigna skal ete. Vask dei. 
Ta ein kålrabi, skrell og skjær i skjever. 
Ta ei pølse av koke/dampesorten. Gjerne ei skikkeleg god ei, som vossakorv, eller som me hadde "dampepølse", evt kokmorr eller grovpølse eller noko. Eller berre streit middagspølse. 

Ha rist i ein stor nok kjele til å romme alt. Hell på vatn legg i potetene og skru på. Etter ei stund,  når potetene er omlag halvferdige, ha i kålrabi og pølse. Eventuelt, dersom det står at pølsa skal dampe/trekke i 50 minutt, legg pølsa nederst og ha i resten etterpå. 

Server med sennep, sylta agurk, raudbet eller graskar (eller anna sylta ein har og likar) og evt ketchup hvis ein synes det er godt. 

Kjempegreier. 

lørdag 24. desember 2011

Julakvelden

I gamle dagar var det nokre stader skikk å skyta jula inn med gevær. Eg har ikkje gevær, men eg har ein blogg, so no bloggar eg jula inn med den. Sjølv om eg eigentleg håper at ikkje so mange sit på internetten nett no!
Sidan det er min blogg, og eg bestemmer over han, markerer eg no jula med ei lita stemningskavalkade frå Bråtet. Fyrst ut er eit bilete som dataen ikkje forstod retninga på; "Natt i Betlehem" av Mari 8 1/2 år. Tilstades: Lesus Krist-us, engelen Angela, Lesus i julestjerna, månen og snø. 

 Vidar presenterer eg ein av dei 3 skalla englane på klokkestreng, produsert av bror på barneskulen ein gong. Juleverkstad på Eikelandsosen barneskule bestod av rullerande grupper med tilmålt tid på kvar oppgåve, og bror kom aldri so langt at englane fekk hår, og vips: ein del av familiemytologien er skapt. Dei skalla englane må alltid opp.
Her er ein annan engel det ikkje blir jul utan, papp-engelen i toppen av treet. Me har hatt den so lenge eg kan hugsa, so den er vel ein 27 år gamal snart. Vaksen dame!
 Treet er pynta....
 ...pinnajøtet er på kok
 ...og pappa har vore nisse hjå naboen. 

No tonar Sondre Bratland si nydelege juleplate "Rosa frå Betlehem" på kjøkenet, søs dekker på bordet,  mor og bror kviler litt, tanta, onkel, mormor, fetter og kusina er på veg frå byn.  Og eg skriv her samtidig om eg julepyntar meg. Ubarberte legger inni tynnstrømpebuksa, slik vart det visst i år. Men eg legg ikkje ut bilete av det. No skal eg ned å dekka på bordet, og det står berre att å skriva ein ting til: 

GOD JUL!

fredag 23. desember 2011

Vetlajulafto, del 2


Kvar jul lagar eg sennep og fordeler rundt til slekt og venner. I år vart det ikkje so mange som eg hadde tenkt, so til neste år får eg vera enno tidlegare ute. Sennepen er supergod, særleg til kokt skinka, og den står seg i fleire veker i kjøleskapet, dersom den er på tett boks. Hvis den varar so lenge då.

Oppskrifta kjem frå den vidunderlege boka «Multer og Makrellskyer» av Tessa Kiros. Ho kallar den «finsk sennep» og fortel om korleis mor hennar laga denne sennepen. Tessa sier ikkje noko om at det er julesennep, men sidan den inneheld so mykje fløyte og greier, og sidan den er so fløyelsmjuk og lekker bruker eg berre å laga den til jul. Den er kjempefin å gje vekk i små eller større krukker.

Det er ikkje honning, det er sennep!
Sennepsen:

45 gram Colmans sennepspulver
115 gram sukker
1 ss salt
1 ss olje
2 ss eplesidereddik
safta av ei halv sitron
2,5 dl fløyte

Ei eller fleire reine krukker eller glas.

1.      Bland sukker, sennepspulver og salt, mos klumpane i pulveret med ei tresleiv. Ha i ei lita gryte med tjukk botn og varm opp på svak varme. Rør heile tida med sleiva!
2.      Ha i olje, eplesidereddik og sitronsaft, og bland godt. (eg bruker å ha desse tre i lag oppi sitruspressaren min, slik at alt kjem oppi samtidig)
3.      Bland inn fløyten.
4.      Kok forsiktig opp, la småkoka i 7-8 minutt. Rør ofte. Sennepen vil tjukna og bli mørkare på farge, som honning eller lys karamell.
5.      Smak om det er ein bra balanse i smaken. Meir salt? Meir sitronsaft?
6.      Kjøl sennepen i gryta, rør avogtil (det blir snerk).
7.      Hell på glas. 

Til venstre: sennep. Til høgre: økologisk rørossmør. Bak: Ferskt julabrød frå Solveig,  mammo te Per.
Og no, nokre andre lekkerbiskenar frå juleførebuingane på Bråtet! Diverre har eg føkka opp formateringa, men no orkar eg ikkje slita med da meira, so da får sjå ut som da gjer, eg orkar ikkje leita i html-koden for eg er so dårleg i dataspråk.  
 
Heimerøyka laks, klart til å pakkast inn og gjevast vekk i presang.



Da ser kanskje ut som ein litt ekkel graut, men da e nylaga aioli etter ordentligmat.no sin 2-minutt framgongsmåte. Her presentert med eit dryss av pimenton.


 Mamma sine nybaka Schakenda-brød.

Ei lita førjulsgåve frå meg til famelien: ein godt modna liten chevre frå Colonialen. Deilig!



  

Vetlajulafto, del 1


Vetlejulafta i år går med til å vaska litt rundt, etter prinsippet: det du ikkje ser treng du ikkje vaska. Då får me tid til litt anna og. Syster mi skal laga pistasj-sjokolade-fudge a la Nigella, men ho har tabba seg ut på den same måten mange andre har gjort før, blant anna meg sjølv. Sanneleg, det seier eg dykk: condensed milk er ikkje det same som vikingmjølk!

Ingen norske produsentar lagar kondensert mjølk av den tjukke, lysebrune, søte varianten som dei likar so godt i utlandet, særleg latin-amerika. Der kokar dei den og lagar «dulce de leche», ein søt og god krem som minnar litt om HaPå – og jammen er ikkje HaPå laga av det same prinsippet! Då eg søkte opp vikingmjølk og kondensert mjølk i stad kom det opp eit fun-fact om at HaPå faktisk vart funne opp under 2.verdskrigen, då husmødre kokte vikingmjølk boksar i eit par timar, og slik fekk eit prim-aktig pålegg som vart heitande Hamar-Pålegget, eller HaPå. Fantastisk informasjon, som alt kjem her frå opplysningssida melk.no

No var det verken prim eller HaPå som skal i fudge-oppskrifta til Astrid, so me kokte boksane i omlag halvannan time. Uåpna altså. Utprøvingsmetoden! Resultatet vart ei litt brunare vikingmjølk, som me til slutt kokte ein halvtime til, saman med om lag 1,5 dl sukker. Då vart den enno brunare, som smørbukk-karamellar om lag, og litt seigare. Det er godt mogleg resultatet hadde blitt nett slik om me berre hadde koka i ein kasserolle, og ikkje trykkokt slik me gjorde. Me har ein boks til, me får sjå om me finn på noko med den seinare.

Og slik er oppskrifta på Nigella sin pistasj-sjokolade-fudge, som blir julepresangen til vetlesøs sine venninner i år:

 Pistasj- og sjokoladefudge

350 g 70% sjokolade
1 boks (397 g) kondensert mjølk – eller ein boks med sjølv-modifisert vikingmjølk.
30 g smør
1 klype salt
150 g pistasjenøtter (usaltede, grovhakket)

 
  1. Hakk sjokolade og nøtter. Nøttene kan leggast i ein brød- eller frysepose og so dæljast lau på med kjevle, som vist fram av Astrid på biletet.
  2. Varm opp mjølka til moderat varme, ha i nøtter og smør og salt og bland alt godt saman.
  3. Bland inn nøttene.
  4. Ha alt i ei firkanta form som er so stor at det blir eit 2-3 cm tjukt lag av massen. Obs! Smartingar legg bakepapir under.
  5. La det setja seg og bli avkjøld, fyrst på benk og so i kjøleskap. 
  6. Skjær opp i passande munnfull-store bitar. Pakk inn som du ynskjer. 
  7. Oppbevar i kjøleskap! Egnar seg og til frysing, seier Nigella. 

Fins det eit godt, norsk ord for fudge eigentleg? Mjuke karamellar? 



Astrid set standarden høgt når det kjem til innpakning. Mor tår i bakgrunnen og lurer på kva som trengst å gjerast no. 

Karamellpakkar som seier god jul!

22. desember


No er eg heime hjå mor og far på vestlandet. No er eg unge igjen. Det er vått og grått, til skilnad frå det tørre, kvite Trøndelag eg forlot i går tidleg, men det gjer ikkje noko. Eg er HEIME.



På grunn av sjukdom, moglegeins den mest omtalte sjukdommen i kommunen i haust*, må me borna trå litt ekstra til for å få jula klar, so allereie til frukost i dag tok eg ein liten skjerv: reinsa kaffitraktaren. Det er noko so uendeleg enkelt og tilfredsstillande ved det å reinsa kaffitraktaren.

Fyrst er det litt ubehageleg  å sjå kor ruskete og mørkt den fyrste runden med vatn faktisk er, men sidan er det bere tilfredsstillande og greit. Eg bruker reinsemiddelet som heiter Cleandrop – det er noko kjemiske greier som nok knapt er økologisk eller bærekraftig, men eg veit ikkje om noko alternativ, og eg synes det er so kjekt at eg knip auga saman for eventuelle feller ved middelet.


Sidan skal eg reinsa alle kaffikannene og, men då bruker eg kjerringråd: BAKEPULVER:

1 ts (eller meir, sidan brusinga er veldig morosam) nedi termosen/kanna.

Fyll på med varmt vatn.

La stå, fryd deg ved brusinga og skummet.

La deg eklast av dei små slintrane av brunt belegg som legg seg oppå skummet.

Hell ut vatnet, skrubb eventuelt nedi med ein oppvaskkost for ein siste finish. 



Slik går kaffikanna di frå å ha eit dimt, brunt belegg inni til å bli skinande og blank. Det er som eit lite julemirakel, og du kan nyta ein enno betre kopp kaffi.



*I alle fall om ein skal døma etter alle som stoppar og ynskjer god betring på butikken! For ordens skuld: det går bra no. 

fredag 2. desember 2011

2. desember

Tusen takk for fabelaktige kommentarer og ein overveldande respons på fyrste innlegg i adventskalenderen! Eg blir statistikk-junkie av sånt. 
I dag er det tid for luke 2, og det blir ei todelt luke.

 Fyrst- ein liten gullklump av trøndersk julestemning frå youtube, teksten her.

Adamseplene var ein fin gjeng kan du tru: Hans Petter Nilsen, Klaus Joachim Sonstad og Ivar Nergaard. Dei hadde, om eg ikkje hugsar feil, sketsj- og musikkbaserte sceneshow, og ikkje minst programmet Full pupp på NRK. Er det nokon som hugsar det?

Uansett, denne superfine trønderske versjonen av den rå og nydelege Fairytale in N.Y. har berre 547 visningar på youtube per i dag, so eg synes alle skal spre bodskapen. Trønderske juleeventyr til folket!

Og so: meira julakjeks.
I ein av kommentarane frå i går skreiv søte Lene frå gamledagar på Studentersamfundet om korleis ho har vore på spansk IKEA og kjøpt pepperkakeformer, men ikkje fann ferdig pepperkakedeig. Fortvil ikkje, Lene! Pepperkakedeig er nokså omstendeleg å laga (og strengt tatt ikkje dei beste julakjekso til å eta heller), men eg har eit flott alternativ til deg!

Oppskrifta kom eg over i den tidlegera nemnde supre bloggen Ekstremt bra, Utrolig fint. Dei fine jentene der kallar kjekso for vaniljekjeks, men då eg fann ut at eg skulle laga dei viste det seg at eg ikkje hadde vaniljesukker. Då brukte eg kanel i staden for, og det blei veldig godt. Der har du the beauty of these kjeks. Det er ein smidig og enkel deig, lett å laga, lett å kjevla, lett å stikka ut, lett å steika og ikkje minst: Lett å eta. Nam. Og so kan du bruka den smakstilsetjinga du vil!


Kjeks a la Marte og Hanne
190 g smør
1 kopp melis
1-2 ts vaniljesukker
2,5 kopper mel
1 egg
Smakstilsetjing. Kanel? Kinesisk five spice? Litt rive sitronskal? Appelsinblomstvatn? Ei blanding julakrydder som malt nellik, ingefær, anis, allehånde? Kva du vil!

  • Set omnen på 180 grader.
  • Bland godt saman smør, melis, vaniljesukker og annan smaktilsetjing.Vær gjerne litt forsiktig med smakstilsetjinga, 1/2 til 1 ts er sikkert nok til å gje eit subtilt hint av smaken, mange krydder vil bli litt for dominerande vil eg tru. Smak til!
  • Ha i mel og egg, rør til ein mjuk og smidig deig, du må gjerne bruke hendene på slutten.
  • Deigen kan med fordel leggast i kjøleskapet litt for å bli litt fastare og enklare å jobba med.
  • Kjevle ut deig, stikk ut kaker.
  • Steik i 10-12 minutt, men pass på. Kjekso blir ikkje gyldne, men forblir like kvite, bleike og delikate heilt til dei blir svidd. 

Deigen står seg fint i kjøleskapet eit par dagar hvis du ikkje gidd å laga alt på ein gong, slik tilfellet var då eg laga kanelkaker. Neste gong skal eg laga med kinesisk five spice! Det har eg trua på.


torsdag 1. desember 2011

1.desember

Velkomen til fyrste luke i den joviale julekalenderen her på Juksemat! 

Gjøran og frk Juks prestenterer: Jødekaker
Den fyrste dagen i desember vert, tradisjonen tru, feira heime hjå gutta i Nedre Møllenberg Gate; Gjøran, Geir og Roar, som ikkje er kome enno. Henningen og eg er på plass, i tillegg til fleire vidunderlege folk: Hjørdis og Tom, og ei foreløpig sovande Herdis.

Ribba er i ovnen, me fråtser i julemusikk, klementiner og snop, og i skrivande stund ser me Blåfjell. Seinare skal me sjå Love Actually, eta eit voldsomt julemåltid og kanskje baka pepperkaker hvis me gidd.

Nytt av året var ein spanande form for bakst: Jødekaker. Kakene er luftige, mjuke og veldig gode kjeks. Dei kunne like gjerne ha heitt "jødiske kaker", noko som kanskje ville vore litt mindre spesielt, men det heiter dei altså ikkje. Wikipedia fortel at jødekaker er av sefardisk opphav,
noko som tyder at dei er kome til Skandinavia frå jødar i Spania og Portugal.

Dette er kanskje ikkje dei mest utbreidde kakene, men på vestlandet kan dei kjøpast på butikken. Sjølv kjenner eg dei helst frå famelien Helland heime i Eikelandsosen, og oppskrifta kjem frå mor Helland. Eg fekk oppskrifta i sommar, behørig skriven opp på ein konvolutt,  men i dag var fyrste gong eg prøvde henne. Resultatet vart so fantastisk at eg sporenstreks bestemte meg for å laga adventskalendar, berre slik at desse vidunderlege småkakene kan vere den fyrste luka.

Fenga? Interessert? Trykk på les meir for oppskrift, framgongsmåte og fleire joviale fotos!

Har du sett noko so høgt og flott?  It`s a christmas miracle!