Viser innlegg med etiketten søtt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten søtt. Vis alle innlegg

torsdag 1. januar 2015

Soff gottinår del 2: Dessert

Riskrem, moltekrem, karamellpudding? I år var favorittdesserten, både på julafta og nyttårsafta ein gamal travar; fruktsalat. Høyres det litt stusseleg ut? Åneida. Fruktsalat er like frisk som søt, og aldeles nydeleg. Mamma stod for fruktsalaten på julafta, pappa hadde kokt krydderlaken og eg lot meg skamlaust inspirere då me inviterte til nyttårsfeiring veka etter. Det einaste som er min eigen idè i denne desserten er dæsjen med marsala i kremen - men det må eg innrømma at eg synes var ein genistrek.

Fruktvalget og den gode kryddersmaken i denne salaten gjer den deilig julete syns eg, og som fruktsalatar flest kan den varierast i det uendelege. Det meste av frukt (og bær!) kan jo strengt tatt brukast, ein må berre lika det og kanskje ha ein liten tanke på kva frukter som er tørrare og saftigare for å ikkje få ein altfor tørr eller altfor rennande fruktsalat.


Krydderlake
Eit par dl vatn, omlag ein dl sukker, 2-3 heile stjerneanis, 2-3 kanelstenger, 1 vaniljestang kokast inn til litt seig, deilig sirup. Smak til undervegs i kokinga om krydderbalansen er god. Eg tok ut stjerneanisen ganske raskt då den vart ganske dominerande - og eg kan styra meg for dominerande stjerneanis.
La laken kjøla seg ned og lag fruktsalaten.

Krydra & eksotisk fruktsalat
Til 10 porsjonar (ein porsjon= eit par dl) brukte eg:
1 stort eple, av den friske sorten
1 stor, søt og mjuk pære
4 kiwi
1 mango
1 honningmelon
Safta av en liten, litt inntørka lime
Eit par ss mango condiment frå Oliviers

Eg delte alt unntatt melonen i små bitar, omlag like store.
Før jul hadde eg investert i eit kulejern, og det brukte eg til å lage fine halvkuler av melonen. Denne kan med fordel lagast dagen før servering, so alle dei gode smakane får sett seg.

Bland alt og la stå kjølig.

Råkrem med marsala
Pisk lys og tjukk eggedosis av 3 eggeplommer og 3 ss sukker, ha i ein dæsj marsala til slutt. I ein annan bolle, pisk krem av eit par dl kremføyte. Bland dei to kremane godt saman.

Server, anten i ei stor skål med kremen på sida eller i porsjonsskåler. Motta folkets hyllest.

søndag 23. juni 2013

lørdag 2. februar 2013

Kveder og kvelding



Kveder er ei gamaldags frukt som har vore ganske avgløymd i dette landet her. I utlandet derimot, har dei ikkje gløymd kva kveda kan bidra med. Dei er harde og trevlete når dei er rå, men stikk du nasen borti skalet kjenner du den aromatiske duften som minner om epler og pærer, og blir den kokt, posjert eller bakt blir den smakfull og deilig. 

Alt dette har eg berre lese om i bloggar og kokebøker (og på opplysningsnettstaden for frukt) - men no ligg det to kveder og baker seg i steikeomnen min. Eg har ei lita kjensle av at kveder er i vinden no, og at fleir og fleir oppdager denne harde, fine frukta. For min eigen del kjennes det litt som ein milepæl i livet - ENDELEG kveder! Eg sat i sofaen og såg på dei i går kveld medan eg googla kveder og quince og quitte for å finna ut korleis mine fyrste kveder skulle tilberedast.

Neste gong eg kjøper kveder skal eg laga membrillo, ein fast gelé av kveder som er fast tilbehør til ost i Spania. Internettet flommer over av oppskrifter (blant anna her eller her) , og det virker enkelt og greit å laga - om enn noko tidkrevande. Men debut-kvedene skal bakast.

Kvedene eg kjøpte i går er no i ovnen, fylt med honning og sitron, og eg er spent på resultatet!
Baketida skal eg bruka på å rydda i stova (klede i stolen, papir på bordet, julapynten som rett nok er rydda ned, men som står i skoesker i hjørnet). So blir det kveder og is om 2 timar. 

Bakte kveder med honning
  • Set steikeomnen på 150 grader.
  • Vask kvedene godt. Del dei i to, reins dei for stilk og kjernehus, skjer vekk evt stygge flekkar. 
  • Legg kvedene i ei eldfast form. Ha omlag 1 ts kvar av honning og sitronsaft i holet i midten. 
  • Hell vatn i forma, omlag ein halv liter


PS. Og kvedinga? Den er til dømes her, i eit døme med god kveding og dårleg lyd:
Eller her, for litt grining på laurdagsføremiddagen. 

lørdag 19. mai 2012

Rabarbra Anita

Har du rabarbra i hagen? I so fall er du heldig. Eg har ikkje, men heldigvis har eg tilgong -  i hagen til søstra mi og i hagen til naboen til søstra mi. Sistnemnde er ei gamal dame med fin hage og enorme rabarbrabuskar som ho ikkje plukker sjølv. Dette visste eg om, so eg mota meg opp og ringte på og spurde om eg kunne få ta eit par stilkar. Eg tilbydde også å koma tilbake med eit glas syltetøy eller noko, men det ville ho ikkje. Det viste seg at grunnen til at ho ikkje bruker rabarbraen sin lenger fordi ho ikkje toler so godt syra!



Då eg var 4 fekk eg ei kålhovedåkka, eller cabbage patch kid som dei heitte på originalspråket. Desse dokkene kom med namn, og mi bar det klingande namnet Barbara Anita. Barbara var ikkje noko namn eg kunne relatera meg til so dokka heiter den dag i dag (der ho ligg i ei øskja i kjellaren) Rabarbra Anita. Eg var glad i henne - men nok om Rabarbra i kjellaren og meir om rabarbra i smuldrepai. Til ære for skarre-r, ibsens ripsbusker og  den gamle dokka kallar eg den for:

Rabarbra Anita Rabarbrasmuldrepai


  • rundt 500 gram rababarbra - eg tok 4-5 stilkar. Det var omlag 400 gram og eg syntes det var litt i minste laget då paien var ferdig.
  • ein neve tørka blåbær, hakka hvis dei er store
  • 3-4 ss sukker
  • kaneldryss
Smør ei form, eg bruker ei vanleg, rektangulær eldfast form. Ha i rabarbra og blåbær, dryss over sukker og kanel, og vend nokre gongar. 


Smuldrelokk
  • 1 dl hakka hasselnøtter
  • 1 dl havregryn
  • 2-3 dl kveitmjøl
  • 100-120 gram smør
Bland alle ingrediensane, smuldre over forma.
Steik i 20-30 minutt. Server lunken, det er ikkje naudsynt med saus, men litt vaniljekesam eller -is treng ikkje gjere noko skade akkurat. 






Flaggfargefest

Eg blei litt flau då eg las dette på twitter om kvelden den 17.mai: 
Er du lei av avbilda kremkaker og pavlova med flaggforma bærpynt, kan du jo berre stikka innom godbloggen og lesa om innbakte pølser. Som om ikkje det var nok såg eg jo flaggkake etter flaggkake då eg streifa innom facebook. Også sjefen min, Breddefotballfrue, har registrert den same trenden:

I år var dette kaka alle laga til 17.mai: 


Men eg trur faktisk min variant var spesielt god. 
Beskjeden som eg er.

Med handa på hjartet -  eg trudde eg hadde fått ein fiks ide, blei overraska over at det var ein trend. Men hadde eg visst at halve landet hadde same ideen samtidig hadde likevel ikkje endra so mykje -  eg hadde laga pavlova likevel. Eg hadde moglegeins satsa på eit meir deconstrukt uttrykk på dekoren, og slengt bæra meir tilfeldig omkring, men like fullt: Det fins inga kake som passar betre til nasjonaldagssprudelfrukost enn pavlova med friske bær. Og har du ein slik å servera til kan du oppleva ei høgare eining av mat- og drikkelukke. Lovar.

Årets kaka var ein variant over temaet som eg ikkje har prøvd før. Tidlegare har eg brukt ein blanding av vaniljekrem og vanleg krem. Det er godt, men kan bli litt heftig. I år hadde eg latt meg freista av ein prøvesmake-stand på butikken, so eg hadde ein boks med skjørost frå Rørosmeieriet i kjøleskapet. Prøvesmakedama hadde servert meg ei lita skål med skjørost, rømme og tjukkmjølk med syltetøy på, og det var denne friske, syrlege smaken eg hadde med meg då eg handla inn til kaka, noko som inspirerte til:

Pavlova med friske bær og skjørostkrem

Marengsbotn
Set steikeomnen på 125 grader. Ta edddik på eit papir eller noko og tørk over utstyret for å unngå feittrestar som kan føkka heile marengsen. Varm opp vatn i ei gryta til det småkoker/simrar.

2 dl sukker
3 eggekviter
1-2 dl tørka blåbær

Mix over vassbad til blandinga er tjukk, seig og blank.
Ta bollen av varmen (fest i stativ om du har) og pisk vidare til det har blitt kjølt ned.
Vend inn tørka blåbær.
Klæss heile greia på steikebrett kledd med papir, brei ut til ynskt fasong, storleik og tjukkelse med slikkepott.
Set i omnen. Opne avogtil for sleppe ut evt fuktigheit (er ikkje so mykej) og for å sjekka korleis det går. Når den er stivna og har fått pittelitt farge er den nok ferdig. Ta ut, kjøl ned og la stå tørt til den skal brukast.
Skal kaka transporterast anbefaler eg eit brett med høge kantar, til dømes ei langpanne kledeleg kledd i folie.
(Til mixinga: metallbolle av noko slag er best, og det er praktisk å ha stativ til handmixaren.  Kor lang tid det tek kjem an på kor effektiv mixmasteren din er. Mamma sin  er 30 år gamal og bruker 10-20 minutt. Min er frå i fjor og er supereffektiv, den får det ferdig på omlag 5 minutt. Obs at bollen ikkje må vera nedi vatnet, for eggekvita må ikkje koke. )
Meir om marengs på juksemat.

Kræm og pønt

Kremfløyte, 1 boks
Skjørost, 1-3 dl
Friske bær, fx jordbær, bringebær og blåbær. Eller rips. Eller kva som helst som du vil ha.

Pisk kremfløyte til so stivt som du vil ha den.
Strø eit lag med skjørost over botnen. Legg på kremen, brei ut med slikkepott.
Legg på bær, velg sjølv om du vil dandera til eit konformt flaggg eller berre klæssa på.
Pynt brettet/fatet/langpanna med overskytande bær og ikkje minst: 4 superfine, retro lysmansjettar.


Frukost med gode vener og god mat er verkeleg noko av det trivelegaste ein kan gjere på nasjonaldagen. Eg innser at når me er ein gjeng på rundt 30 år der nesten alle er i fast jobb er det ein viss sjans for at me før eller sidan må byta den lette sprudlerusen med eit meir stressande nasjonaldagsinnhald - men eg vil kjempa mot og dra på sprudlefrukost so lenge som det går. Og eg vil stort sett ha med pavlova med bær tenker eg.

Merk at kaka ikkje var det einaste flaggdekorerte på bordet.  Helle og Frode hadde og slått til med kreativ dandering: Potetsalat, salami og oliven-flagg og spekeskinkerosettar med kiwi. Vakkert!





onsdag 16. mai 2012

På randen av interiørblogging




Kva er dette? Interiørbloggtendensar? 
Ja.
Me har nemleg gått til eit nytt, stort skritt i sambuarskapet. Me har investert i oppvaskmaskin. Og eit skoskap, det er det eg står midt oppi. 


Men det er jo mat som står i fokus, og i anledning IKEA-turen vil eg informera om følgande: Stikkelsesbær heiter KRUSBÄR på svensk. Og det smakar heilt okei. 




IKEA har enormt mange kjempesmarte triks, men blant dei aller, aller smartaste er pølse til 5 kroner ved utgangen. Eg blir heilt utkøyrd av ein runde, og då er det skikkeleg freistande med pølse. Ane seier at den pølsa er so billig at ho ikkje tør tenka på kva som er inni den. Eg er ikkje redd for pølser, eg er meir redd for lettbrus. 


Neste innlegg frå IKEA: Test om hyllebærsafta deira lagar like god drink som Ida si heimelagde saft. 



søndag 4. mars 2012

Ta rosmarin til eit minne




For eit tid sidan skreiv eg om den vidunderlege torskeoppskrifta eg kom over i perfekt passande tid: akkurat då eg hadde nokre, faktisk ganske mange, rosmarinkvistar i kjøkenvindauget. Det var ein solid bukett eg fekk for ein billig penge. Kvistane har heldt seg utruleg godt i ein vase med vatn, og eg har framleis mange att. Sjølv om eg har brukt dei på alt dette:
  • inni og utanpå ein heilsteikt kylling (av det økologiske, etiske slaget må vita!)
  • til restemiddag av kylling, ein form for pyttipanne
  • til rosmarinsukker - 2 kvistar i eit glas med sukker, eit tips frå Nigella
Rosmarin er ikkje øyremerka lammesteik, og urten smakar forunderleg deilig i søtt bakverk. Også den eminente frua over urtehagen på Knatten, Annemarta Borgen, framhever dette ved urta: "Så om man liker smaken kan man bruke den i hva som helst, også i bakverk og desserter." 


So det blir det denne posten skal handla om: kaka med rosmarin.
Eg har laga denne kaka to gongar, og begge gongar blei den møtt med godord. Eg synes det er artig å servera kaka utan å fortelja kva som set smaken - dei fleste synes det er noko kjend med smaken men so langt er det ingen som har klart å plassera den i urtehagen. Morro for unga. Evt Mari.

Rosmarinkaka a la Nigella
  • 250 gram mjukt smør
  • 200 gram sukker
  • 3 egg
  • 300 gram mjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljeekstrakt eller sukerr
  • Omlag 4 ss finhakka frisk rosmarin
  • 4 ss mjølk
  1. Set omnen på 180 grader
  2. Rør smør og sukker kvitt
  3. Ha i eitt og eitt egg, vend inn litt mjøl etter kvart egg. 
  4. Vend inn resten av mjølet
  5. Rør inn vanilje og rosmarin.
  6. Rør inn mjølka
  7. Hell røra i ei smurd brødform og legg ein rosmarinkvist på toppen. 
  8. Kaka treng 45-60 minutt, kjem an på omnen. Min er kjapp. Test med stikkepinne! 


For den som er interessert i å lesa meir om denne finfine urten kan dåke sjekka her, eller gå til bokhylla/biblioteket/antikvariat og sjekk ut Annemarta Borgen si "Urtehagen på Knatten". Eg har sagt det før. Eg kjem til å sei det igjen, for det er ei fantastisk bok. 

Ta rosmarin til eit minne!
Og du får ein anger-urt!
Eg ville ha gjeve deg blå fiol
men han visna då far kom burt. 




fredag 23. desember 2011

Vetlajulafto, del 1


Vetlejulafta i år går med til å vaska litt rundt, etter prinsippet: det du ikkje ser treng du ikkje vaska. Då får me tid til litt anna og. Syster mi skal laga pistasj-sjokolade-fudge a la Nigella, men ho har tabba seg ut på den same måten mange andre har gjort før, blant anna meg sjølv. Sanneleg, det seier eg dykk: condensed milk er ikkje det same som vikingmjølk!

Ingen norske produsentar lagar kondensert mjølk av den tjukke, lysebrune, søte varianten som dei likar so godt i utlandet, særleg latin-amerika. Der kokar dei den og lagar «dulce de leche», ein søt og god krem som minnar litt om HaPå – og jammen er ikkje HaPå laga av det same prinsippet! Då eg søkte opp vikingmjølk og kondensert mjølk i stad kom det opp eit fun-fact om at HaPå faktisk vart funne opp under 2.verdskrigen, då husmødre kokte vikingmjølk boksar i eit par timar, og slik fekk eit prim-aktig pålegg som vart heitande Hamar-Pålegget, eller HaPå. Fantastisk informasjon, som alt kjem her frå opplysningssida melk.no

No var det verken prim eller HaPå som skal i fudge-oppskrifta til Astrid, so me kokte boksane i omlag halvannan time. Uåpna altså. Utprøvingsmetoden! Resultatet vart ei litt brunare vikingmjølk, som me til slutt kokte ein halvtime til, saman med om lag 1,5 dl sukker. Då vart den enno brunare, som smørbukk-karamellar om lag, og litt seigare. Det er godt mogleg resultatet hadde blitt nett slik om me berre hadde koka i ein kasserolle, og ikkje trykkokt slik me gjorde. Me har ein boks til, me får sjå om me finn på noko med den seinare.

Og slik er oppskrifta på Nigella sin pistasj-sjokolade-fudge, som blir julepresangen til vetlesøs sine venninner i år:

 Pistasj- og sjokoladefudge

350 g 70% sjokolade
1 boks (397 g) kondensert mjølk – eller ein boks med sjølv-modifisert vikingmjølk.
30 g smør
1 klype salt
150 g pistasjenøtter (usaltede, grovhakket)

 
  1. Hakk sjokolade og nøtter. Nøttene kan leggast i ein brød- eller frysepose og so dæljast lau på med kjevle, som vist fram av Astrid på biletet.
  2. Varm opp mjølka til moderat varme, ha i nøtter og smør og salt og bland alt godt saman.
  3. Bland inn nøttene.
  4. Ha alt i ei firkanta form som er so stor at det blir eit 2-3 cm tjukt lag av massen. Obs! Smartingar legg bakepapir under.
  5. La det setja seg og bli avkjøld, fyrst på benk og so i kjøleskap. 
  6. Skjær opp i passande munnfull-store bitar. Pakk inn som du ynskjer. 
  7. Oppbevar i kjøleskap! Egnar seg og til frysing, seier Nigella. 

Fins det eit godt, norsk ord for fudge eigentleg? Mjuke karamellar? 



Astrid set standarden høgt når det kjem til innpakning. Mor tår i bakgrunnen og lurer på kva som trengst å gjerast no. 

Karamellpakkar som seier god jul!

torsdag 15. desember 2011

15. desember

Gratulerer med dagen. Det var nett ei sak på radioen om kundar som besvimer inne på handlesentra pga lavt blodsukker, stress og varme. Eit handlesenter på Gjøvik har faktisk starta ei eiga utrykningsgruppe som skal ta seg av dei som besvimer, og ambulansepersonell informerer om at dei fleste som kjem inn når dei har uvita har drukke for lite vatn eller ete for lite. Ja, og so går dei inne med alt for varme utejakker.

Då himler eg med auga og føler meg enno smartare.

Smartare, fordi eg ikkje går i saueflokk for å handla akkurat samstundes som alle dei andre.
Smartare, fordi eg lagar heimelaga julegåver, blant anna slike som kan etast.
Smartare, fordi eg lagar deilig middag som gjer at blodsukkerstemninga er på topp.

Dagens blogg handlar om to ting: Rosenkål og brende mandlar, kvar for seg.

søndag 11. desember 2011

11. desember


Julestemninga er kome i hus med dette dødsfine grautlyset frå Europris og ein duk rett frå skapet.

Det er den tredje sundag i advent, men eg tenner ikkje lys i adventsstaken, fordi me tjuvstarta og tente tre lys i går. No har dei brent akkurat so lenge at det er eit perfekt forhald mellom lengda på dei tre lysa som har vore tent - so no må eg venta til neste sundag. I mellomtida er eg rampete, eg bles i konvensjonaneog har tent raude julelys SJØLV OM DET EIGENTLEG IKKJE ER LOV FØR JULA!



Han søv ikkje, han skrapar flaxlodd. Det blei ikkje noko på oss diverre.


Det gjekk litt skeis med den daglege desemberblogginga, eller adventskalenderen på Juksemat, og det har fleire årsaker. Eg nemner i fleng: tannverk, feber, sliten. No er eg frisk att då, og i går var det juleverkstad og juleselskap og julekos og julemat i heimen. Det var  gode folk, god mat, god vin og særs god stemning. Av det som vart juksa fram og servert vil eg særleg trekka fram Pumpkin Pie Kahlua Smoothie og ei suppe inspirert av den slovakiske julesuppa Kapustnica.
Alle desse kunne eg ha blogga om, men ikkje no. Dagens innlegg skal handla om ein liten søtsak som eg aldri har fått heilt til før:  MARENGS.

mandag 5. desember 2011

5.desember

Til deg som har googla "lavkalori kake" for å koma til denne bloggen:
LOL.


Kva skal ein stakkar gjera då, når ein prøvde å laga sjokoladekrem med nellik (a la trøffelkrem), og den går til helvete? Seriøst, eg veit at eg har fått det til før, men nett no er eg veldig usikker på om, og i so fall; korleis, fløyte og sjokolade kan gå frå ein litt tjukk, men framleis heilt flytande saus til fast krem. Og eg har jo ein heil boks med småkjeks som berre venter på å parast opp med eit lekkert lag nelliksjokoladekrem i mellom! Dagens i-landsproblem.


Svaret er åbenbart når ein har ein kjærast som elskar sjokolade og som har budd i Spania før: Chocolate con Churros. Tanken på å drikka ein kopp kakao som består av berre fløyte og sjokolade er litt heftig. Men når ein kan dyppa friterte deig-krøllar oppi! Då blir det jo ein spansk tradisjon, og heilt logisk!


Herregud, for ein sjokolade-dekadanse. Er det eigentleg LOV? Det burde ikkje vore lov. Men det var innmari deilig.


fredag 2. desember 2011

2. desember

Tusen takk for fabelaktige kommentarer og ein overveldande respons på fyrste innlegg i adventskalenderen! Eg blir statistikk-junkie av sånt. 
I dag er det tid for luke 2, og det blir ei todelt luke.

 Fyrst- ein liten gullklump av trøndersk julestemning frå youtube, teksten her.

Adamseplene var ein fin gjeng kan du tru: Hans Petter Nilsen, Klaus Joachim Sonstad og Ivar Nergaard. Dei hadde, om eg ikkje hugsar feil, sketsj- og musikkbaserte sceneshow, og ikkje minst programmet Full pupp på NRK. Er det nokon som hugsar det?

Uansett, denne superfine trønderske versjonen av den rå og nydelege Fairytale in N.Y. har berre 547 visningar på youtube per i dag, so eg synes alle skal spre bodskapen. Trønderske juleeventyr til folket!

Og so: meira julakjeks.
I ein av kommentarane frå i går skreiv søte Lene frå gamledagar på Studentersamfundet om korleis ho har vore på spansk IKEA og kjøpt pepperkakeformer, men ikkje fann ferdig pepperkakedeig. Fortvil ikkje, Lene! Pepperkakedeig er nokså omstendeleg å laga (og strengt tatt ikkje dei beste julakjekso til å eta heller), men eg har eit flott alternativ til deg!

Oppskrifta kom eg over i den tidlegera nemnde supre bloggen Ekstremt bra, Utrolig fint. Dei fine jentene der kallar kjekso for vaniljekjeks, men då eg fann ut at eg skulle laga dei viste det seg at eg ikkje hadde vaniljesukker. Då brukte eg kanel i staden for, og det blei veldig godt. Der har du the beauty of these kjeks. Det er ein smidig og enkel deig, lett å laga, lett å kjevla, lett å stikka ut, lett å steika og ikkje minst: Lett å eta. Nam. Og so kan du bruka den smakstilsetjinga du vil!


Kjeks a la Marte og Hanne
190 g smør
1 kopp melis
1-2 ts vaniljesukker
2,5 kopper mel
1 egg
Smakstilsetjing. Kanel? Kinesisk five spice? Litt rive sitronskal? Appelsinblomstvatn? Ei blanding julakrydder som malt nellik, ingefær, anis, allehånde? Kva du vil!

  • Set omnen på 180 grader.
  • Bland godt saman smør, melis, vaniljesukker og annan smaktilsetjing.Vær gjerne litt forsiktig med smakstilsetjinga, 1/2 til 1 ts er sikkert nok til å gje eit subtilt hint av smaken, mange krydder vil bli litt for dominerande vil eg tru. Smak til!
  • Ha i mel og egg, rør til ein mjuk og smidig deig, du må gjerne bruke hendene på slutten.
  • Deigen kan med fordel leggast i kjøleskapet litt for å bli litt fastare og enklare å jobba med.
  • Kjevle ut deig, stikk ut kaker.
  • Steik i 10-12 minutt, men pass på. Kjekso blir ikkje gyldne, men forblir like kvite, bleike og delikate heilt til dei blir svidd. 

Deigen står seg fint i kjøleskapet eit par dagar hvis du ikkje gidd å laga alt på ein gong, slik tilfellet var då eg laga kanelkaker. Neste gong skal eg laga med kinesisk five spice! Det har eg trua på.


mandag 24. oktober 2011

Learn to love the bomb


I tergeposten der eg spurde lesarflokken om kva de ynskjer som neste post var Merete nyfiken på dette biletet, som eg no kan avsløra kva er: Det viser eit stadium frå prossessen det er å laga ei:
  ISBOMBA


Hvis du berre vil ha bilete og instruksjonar for å laga denne enkle, men spektaktulære desserten må du hoppa til botnen av teksten, men hvis du gidd å lesa litt  kan du byrja med å sjå for deg dette:

I eit koseleg lite samfunnshus har ein 60-årsjubilant invitert til feiring av den runde dagen. Familie og vener sit rundt dei rognebærkvistpynta borda som er stilt opp i hesteskoform. Det er allsang og festlege talar, det er god stemning og det er godt med ekte trøndersodd. 

Det er tid for dessert - og brått blir lyset slått av i salen. Inn togar dei innhyra servitørane, 4 i talet, og kvar held eit serveringsfat med ein kvit kuppel der det er plassert ein kakerakett. JOHO, kakefyrverkeri! Selskapet syng bursdagssongen medan rakettane brenn ut og dessertfata blir sett på bordet - ein spesialversjon foran jubilanten, dei andre tre utover borda. 

Ved den eine enden av hesteskoen sit ho som er sambuar med den mellomste sonen til jubilanten, og ho er ganske nervøs. 
Det er nemleg ho som fekk det ærefulle oppdraget å fiksa dessert til selskapet. Og ho valde ISBOMBA. 

I utgongspunktet gjekk ho laus på prosjektet utan frykt, men då det byrja å bli tid for desserten kom ein av servitørane snikande inn i salen og bort til dessertmakaren. "Me får ikkje desserten ut av formene!" Det var då nervøsiteten kom for alvor, og den ganske stressa ansvarlege sneik seg ut på kjøkenet.  Skulle alt gå ad undas no? Kunne ho nokon gong visa seg i denne familien igjen?

torsdag 17. mars 2011

Siger til sago?

Her om dagen var eg innom Bunnpris Tyholt, ein gourmet-variant av den kjedelege kjeda. Gourmet og gourmet, fru blom! Det kan jo ikkje samanlikna seg med til dømes Jacobs på Holtet som eg berre har besøkt ein gong men som eg drøymer om koma tilbake til ein dag, men det er ikkje så verst.

Og der, på hylla under heile byggryn (som eg skulle ha), stod dei: Små pakkar med SAGOGRYN. Og ein fekk bli med meg heim, for eg har nemleg lest i media at sagogryn er på full fart inn i gløymeboka og dimed ut av butikkhyllene.

Eg har nokre vage barndomsminer om sagosuppa, eg trur det var som dessert etter lettsalta torsk ein sjeldan gong i blant. Stort sett var det mjelkesup som fekk vera dessertfølget etter fisken, men eg kan hugsa at det har vore sagosup og.

So eg googla, forkasta oppskrifta og kokte opp gryn, vatn og hushaldningssaft. Etter ein halvtime med småkoking var gryna klare, so eg helte opp i ei skål og gjekk tilbake til Star Wars Episode 6: Return of the Jedi.
Medan Ewokar og motstandsstyrkar slåss i skogen på Endor sat eg i sofakroken og tenkte: Sagosup, din retro raring. Tenk å eta noko som består av stivelse og saft!

Eg skal ikkje svikta deg, Sago. Men neste gong blir det pudding.