Viser innlegg med etiketten frukt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten frukt. Vis alle innlegg

torsdag 1. januar 2015

Soff gottinår del 2: Dessert

Riskrem, moltekrem, karamellpudding? I år var favorittdesserten, både på julafta og nyttårsafta ein gamal travar; fruktsalat. Høyres det litt stusseleg ut? Åneida. Fruktsalat er like frisk som søt, og aldeles nydeleg. Mamma stod for fruktsalaten på julafta, pappa hadde kokt krydderlaken og eg lot meg skamlaust inspirere då me inviterte til nyttårsfeiring veka etter. Det einaste som er min eigen idè i denne desserten er dæsjen med marsala i kremen - men det må eg innrømma at eg synes var ein genistrek.

Fruktvalget og den gode kryddersmaken i denne salaten gjer den deilig julete syns eg, og som fruktsalatar flest kan den varierast i det uendelege. Det meste av frukt (og bær!) kan jo strengt tatt brukast, ein må berre lika det og kanskje ha ein liten tanke på kva frukter som er tørrare og saftigare for å ikkje få ein altfor tørr eller altfor rennande fruktsalat.


Krydderlake
Eit par dl vatn, omlag ein dl sukker, 2-3 heile stjerneanis, 2-3 kanelstenger, 1 vaniljestang kokast inn til litt seig, deilig sirup. Smak til undervegs i kokinga om krydderbalansen er god. Eg tok ut stjerneanisen ganske raskt då den vart ganske dominerande - og eg kan styra meg for dominerande stjerneanis.
La laken kjøla seg ned og lag fruktsalaten.

Krydra & eksotisk fruktsalat
Til 10 porsjonar (ein porsjon= eit par dl) brukte eg:
1 stort eple, av den friske sorten
1 stor, søt og mjuk pære
4 kiwi
1 mango
1 honningmelon
Safta av en liten, litt inntørka lime
Eit par ss mango condiment frå Oliviers

Eg delte alt unntatt melonen i små bitar, omlag like store.
Før jul hadde eg investert i eit kulejern, og det brukte eg til å lage fine halvkuler av melonen. Denne kan med fordel lagast dagen før servering, so alle dei gode smakane får sett seg.

Bland alt og la stå kjølig.

Råkrem med marsala
Pisk lys og tjukk eggedosis av 3 eggeplommer og 3 ss sukker, ha i ein dæsj marsala til slutt. I ein annan bolle, pisk krem av eit par dl kremføyte. Bland dei to kremane godt saman.

Server, anten i ei stor skål med kremen på sida eller i porsjonsskåler. Motta folkets hyllest.

tirsdag 12. mars 2013

Bonus! Klubb! Kake!

Her kjem enno ei oppskrift frå Bønner og linser av Camilla Jensen*. Den handler nemleg ikkje utelukkande om bønner og linser, men har også eit kapittel som heiter Bonus: Kaker og annen kos, og der fann eg ei oppskrift eg ikkje kunne la ligge; Epleostekake med ferskost.

I helga var eg på tur med ein venninnegjeng frå ein tidlegare arbeidsplass. Nei, vent litt. Venninnegjeng? Det er faktisk KLUBB.

Og klubben fungerer også som bonus - det er ein nyklassisk klubb utan strikketøy med med nok av vin
og god mat og latter. Ei deilig lita øy i kvardagen med intern humor, støyande latter og god stemning. Uironisk, triveleg. Bonus! Takk for ein fantastisk tur!

Marie diska opp med ein imponerande 4-rettar på fredagskvelden. Difor sparte me epleostekaka eg laga til frukostbordet i staden, servert etter den obligatoriske frukosthovudretten egg og bacon.

Rustikk, men vakker kake. Og krem til. 

Epleostekake med ferskost

Det høyres utruleg imponerande ut å laga sin eigen ferskost berre for ei kakeoppskrift (so det må du fortelja om!), men det var veldig lite jobb (det treng du ikkje nemna). Det vil seie- ein må planlegga litt og helst laga osten dagen før - men det er enkelt og raskt, og sjølve kaka var veldig kjapp og grei sjølv om det er mange operasjonar.


Ferskost

1 liter kefir
1 beger seterrømme

Bland kefir og rømme godt saman i stor kjele. La det nesten koke opp på svak varme. Når det byrjer å skilja seg (klar væske, kvit masse som klumper seg litt) trekker du kjelen frå. IKKJE rør rundt!
No skal osten silast frå mysen, med osteklede eller rein kjøkenhandkuk over sikt eller dørslag, over eit høgt kar med nok plass til mysen. Fest kledet. La det renne av!

Mysen, den klare væska som blir att kan brukast i bakst.


Kake
Set omnen på 175 grader.

Botn:
250 gram havrekjeks
100 g smør, smelta
1/2 dl rørsukker

Knus kjeks (min favorittmetode er å ha den i pose og so dælja laus med kjevle). Bland ingrediensane til botn, og spre utover botnen og opp langs kanten i ei tett springform. Forsteik botnen i 5-10 minutt.

Det står ikkje noko om storleik på forma i oppskrifta. Eg brukte den mellomste i sett på tre. Då blei botnen litt tjukk (men det var deilig), men eg fekk berre plass til halvparten av epla i oppskrifta. Men resten passa.

Fyll:
5-6 epler (eg brukte berre 3!)
2 dl rørsukker
3 egg
halvparten av ostemassen
1 ts malt kanel

Skrell epla om du vil, og skjær dei i båtar. Eg hadde skalet på, og laga tynne båtar so det vart fleire lag i ein fin vifteformasjon. Eg pleier å dryssa kanel over eplebåtane, men den kan også has i røra.
Visp egg og sukker luftig, rør inn halvparten av ferskosten (og evt kanel) og hell over eplene.
Steik ca ein time nederst i omnen.

Krem:
Halvparten av ostemassen
rive skal frå 1 sitron
2-3 ss melis
frø frå 1 vaniljestang
Mitt tillegg: 1 beger vaniljekesam

Bland saman ingrediensane og set kaldt til kaka skal brukast. Eg brukte vaniljekesam fordi eg ville drøya kremen litt. Osten min var nemleg ganske fast, og ikkje so mykje - kanskje eg den renna av litt lenge?

I følge oppskrifta skal kremen smørast på den heilt avkjølte kaka (og sidan dryssast med 100g hakka mandlar og pyntast med "en blomst eller et høstløv på toppen") men eg likte den bleike fargen og den sprø, lett sprukne overflata, og serverte kremen i ei skål på sida.


Ei nydeleg kake som passar til alle høve!

Eg innser at dette biletet ser meir ut som interiørblogg enn matblogg, men lar det stå likevel.

Flott dame fotograferer flott utsikt.

*Eg vedgår at eg funderer litt over konseptet oppphavsrett på oppskrifter. Eg veit det har gått litt debattar på internettet om håndverksopphavsrett - om folk som lager ting som liknar veldig på andre sine og gjer det ut for å vere sine eigne. Men matblogging er jo ikkje SALG - eg tjener ikkje eit raudt øre på å legge ut oppskrifter som ikkje er mine eigne. Difor tar eg sjansen på at Camilla Jensen blir mest glad for at den deilige kaka hennar når ut til folket. OG! Finn du boka synes eg du skal kjøpa henne, for alle kan få auka livskvalitet av å laga meir mat med bønner og linser. Og epleostekaker med ferskost.

lørdag 2. februar 2013

Kveder og kvelding



Kveder er ei gamaldags frukt som har vore ganske avgløymd i dette landet her. I utlandet derimot, har dei ikkje gløymd kva kveda kan bidra med. Dei er harde og trevlete når dei er rå, men stikk du nasen borti skalet kjenner du den aromatiske duften som minner om epler og pærer, og blir den kokt, posjert eller bakt blir den smakfull og deilig. 

Alt dette har eg berre lese om i bloggar og kokebøker (og på opplysningsnettstaden for frukt) - men no ligg det to kveder og baker seg i steikeomnen min. Eg har ei lita kjensle av at kveder er i vinden no, og at fleir og fleir oppdager denne harde, fine frukta. For min eigen del kjennes det litt som ein milepæl i livet - ENDELEG kveder! Eg sat i sofaen og såg på dei i går kveld medan eg googla kveder og quince og quitte for å finna ut korleis mine fyrste kveder skulle tilberedast.

Neste gong eg kjøper kveder skal eg laga membrillo, ein fast gelé av kveder som er fast tilbehør til ost i Spania. Internettet flommer over av oppskrifter (blant anna her eller her) , og det virker enkelt og greit å laga - om enn noko tidkrevande. Men debut-kvedene skal bakast.

Kvedene eg kjøpte i går er no i ovnen, fylt med honning og sitron, og eg er spent på resultatet!
Baketida skal eg bruka på å rydda i stova (klede i stolen, papir på bordet, julapynten som rett nok er rydda ned, men som står i skoesker i hjørnet). So blir det kveder og is om 2 timar. 

Bakte kveder med honning
  • Set steikeomnen på 150 grader.
  • Vask kvedene godt. Del dei i to, reins dei for stilk og kjernehus, skjer vekk evt stygge flekkar. 
  • Legg kvedene i ei eldfast form. Ha omlag 1 ts kvar av honning og sitronsaft i holet i midten. 
  • Hell vatn i forma, omlag ein halv liter


PS. Og kvedinga? Den er til dømes her, i eit døme med god kveding og dårleg lyd:
Eller her, for litt grining på laurdagsføremiddagen. 

torsdag 4. august 2011

Sommar og sitrus - Del 3: Produktplassering

Serien "Sommar og sitrus" kunne nesten ha heitt "sommar, sitrus og Nigella", for del 3 var tenkt å vera enno ei oppskrift frå henne: Sitronkylling. Innlegget skulle også kome for lenge sidan, men liva våras og landet våras har ikkje vore slik at eg har hatt lyst til blogga om mat dei siste vekene.
Eg har laga mat og ete mat og kost meg med mat saman med gode vener og familie men eg hadde ikkje lyst å blogga om mat.
Det har vore veker for større tankar, viktigare ord.

Misforstå meg rett, eg meiner ikkje at mat er uviktig i tunge tider. Tvert imot!
Etter å vakna til det grusomme, grusomme talet som lyste frå nyheitsbandet nederst på skjermen laurdag 23.07, for so å tilbringa timar foran tv og dataskjerm, stadig trykkande på "oppdater" - då var det godt å gå på kjøkenet og laga den før omtalte sitronkako.
Det var som terapi då.
Radioen stod på i bakgrunnen medan eg slo saman egg og sukker. Samtalane utover dagen dreide seg stadig austover, mot Oslo, mot Utøya. Men me var saman, me var trygge, og ingen me kjende..... eg orkar ikkje skriva setninga ut.


MEN! Det var ikkje ambivalensen i spennet mellom takksemd for det eg har og medkjensle for dei som brått manglar eg skulle skriva om!
Eg skulle jo skriva om sommar og sitrus -

Og hoppsann! Dette er jo heller ikkje sitrus! Dette er jo ein spekematsalat med mozzarella og pinjekjerner. Men den passar inn i posten likevel, i sin enkle sommarfriskheit. Og so vart den servert i går kveld, då eg var hjå svigermor sidan me begge skulle vere aleine heime og ikkje syntes det var so veldig triveleg.


Men sitrus, ja! Her kjem den, i form av fruktsalat med både synleg og snikande sitrus:

Og det er den snikande sitrusen som er produktplassering. Svigermor si andre svigerdotter har vore på handel i hovudstaden, og hadde med seg eit par lekre flasker frå Oliviers & co: Olivenolje med sitron og eple-eddik (apple condiment). Ei spiseskei av kvar, mixa saman, vart altså den friskaste og smuudaste og deiligaste fruktsalatdressing eg har smakt.


Olivenolje med sitron! Eg er over meg av begeistring, og ikkje so aldeles lite skuffa over at O&co ikkje har utsal i trondheim. Eg kan vurdera postordre - eller få nokon som skal nordover til å ta med ein liten dunk til meg. For dette er eit produket eg ynskjer til skapet!