Viser innlegg med etiketten restemat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten restemat. Vis alle innlegg

torsdag 1. januar 2015

Tips: Krønsj

Avogtil trengs det litt krønsj. I dessertar til dømes, kan krønsjet vera hakka nøtter eller krokan. I salatar eller supper; krutongar, hakka nøtter. I ein bisarr tradisjon frå Grim skule i Kristiansand er det paprikachips som lagar krønsj. Inni ein loff. Grim er kanskje nett riktig ord….

Henningen og eg har oppdaga ein ny type krønsj, som me likar veldig godt: gigantmais. Dei er puffa, salta kjempestore maiskorn som eg har sett både i nøttefabrikken sin lausvektstand på rema og i ein eigen pose.

I november køyrde me eit par temaveker i heimen, fiskeveke som eg har skrive om i bloggen og vegetar/suppeveke som eg hadde tenkt å skriva om, men ikkje gjorde. Blant suppene me laga då var ei sellerisuppe og ei gylden blomkålsuppe, og begge fekk eit løft av å bli servert med ein neve gigantmais oppå.

I dag er ein sånn dag då det føles som eg aldri skal bli svolten att etter jula, men eg vart likevel litt fysen i kveld. Då varma eg opp resten av gårsdagens søtpotetmos (med gulrot og potet) og strødde mais over. Og voila! Eit deilig måltid med god smak - og krønsj.

Fotogent? Neppe. Men godt. 

søndag 28. desember 2014

Tips til romjulstida

Kva skal ein gjera med matrestane i jula?

Dersom dei aktuelle restane er kokte poteter, kålrabistappe og pinnakjøt kan ein til dømes - og med hell - laga pinneplukk.

Plukk kjøtet, mos potetene og evt andre kokte grønsaker, bland alt saman i ei gryte og varm opp til alt er gjennomvarma.

Server med flatbrød og heimelaga pils. Om du har.

mandag 5. august 2013

Latmannskap

Ein lang, varm, innhaldsrik og deilig sommar er over - i dag var fyrste arbeidsdag. Det er mange nye ungar i barnehagen, so for å gjere innkøyringa so lett som mogleg vart det til at eg var der ekstra lenge, frå me opna 7.30 til me stengte 16.30. Gleden og spaninga ved å møta nye ungar (og foreldre!) gjer at det går heilt greit å vera der so lenge, og ikkje før siste ungen er ute av porten kjende eg kor sliten eg var.

Då er det om å gjere å laga ein kjapp og enkel middag!


Middagsridder med timian 
for to personar

  • 4-6 tørre brødskjever
  • 2 egg
  • 1-2 dl mjølk, eventuelt fløyte om ein føler seg eventyrlysten
  • dæsj dijon-sennep
  • salt
  • pepper
  • bladene frå eit par kvistar fersk timian
  • riven cheddar
Visp saman alt unnateke brødet i ein djup tallerken, med gaffel. Dynk skjevene i blandinga. Legg kvar skjeve oppi, snu den so den blir heilt dekka av eggeblanding og legg over i ein annan djuptallerken. Gjenta med resten av skjevene, og legg dei oppå kvarandre i eit tårn. Hell resten av eggeblandinga over. Slik trekker det inn i alle skjevene so dei blir fuktige og deilige. 

Steik, gjerne i smør, til dei får gylden og fin farge, er gjennomvarme og all eggeblandinga inni har stivna. Legg dei over på fat og dekk med riven cheddar. 

Me serverte med spekepølse og ein enkel tomatsalat med tomat, lauk og basilikumolje. Ser ikkje so spanande ut, smaker og metter godt. Og det er det viktigaste etter ein lang fyrste arbeidsdag.




torsdag 2. mai 2013

Middelhavsmos og magi

I går hadde me kalveskankar til middag, italienskinspirert, osso bucco-aktig.. Langkokt i høve heilagdagen!

I dag hadde me restemat. Krafta etter skankane er nesten eit måltid i seg sjølv, men me hadde i brokkoli og purre i tillegg. Og so lagde me to lekkerbiskenar av nokre tilbehør:


Middelhavsmos

200 gram sellerirot
3-4 ganske store poteter
250 g feta
masse finhakka bladpersille
litt olivenolje
salt og pepper

Kok potet og sellirot møre, mos. Ha i olivenolje etter smak eller til den blir mjuk og fin. Bland inn feta (smuldre gjerne opp fyrst) og persille. Smak til med salt og pepper.

Magi (eller gremolata om du vil)

1-2 ss finhakka sitronskal
1-2 ss finhakka kvitlauk
1-2 ss finhakka persille

Bland alt og server i ei lita skål. Dryss over middagen. Du hendelse for ein deilig smak!

lørdag 3. november 2012

Introducing: HAI


"Har du smakt hai?" spurde eg ein av dei andre barske nordlendingane som jobbar i Ravnkloa.

Eg var der for å kjøpa flyndrer til fredagsmiddagen, men medan ein av dei barske, hyggelege nordlendingane førebudde flyndrene til meg lot eg blikket fara over utvalget i fiskedisken.
Og der låg den oppskårne haien, med finnen dandert til pynt.
HAI!
I utgongspunktet var eg litt skeptisk til hai, sjølv om eg ikkje hadde nokon spesiell grunn til det (utanom historier om islandsk rak-hai), og etter forsikringar frå begge dei barske nordlendingane fekk dette bleikrosa stykket rovfisk fekk bli med heim.


Litt skeptisk, mest nyfiken

Etter anvisning frå nordlendingane steikte eg haien fyrst i panna, og sidan i omn på 180 grader i underkant av 10 minutt. Den måtte for all del ikkje bli gjennomsteikt sa dei, so det unngjekk me. 

Diverre fekk eg ikkje noko godt bilete av den ferdigsteike haien, berre dette oversiktsbiletet av mix & match-fiskerest-tallerkenen som utgjorde laurdagsmiddag:

Sitronbåt, hai, steikt brosmebit med ravnkloas fiskekrydder, og dolmades inspirert pakke av spinataktig grønnsak frå fruktkorga, fylt med flyndrerest og hakka kvitlauk & bladpersille med sitron, salt og pepper.  Restar av ertepure, liten dæsj ramslaukpure, ris&villris.

I tillegg til eksperimenteringa med haien var måltidet basert på restar frå dagen før -  og alt i alt vart det eit fortreffeleg måltid. Flyndrepakkane og haien spelte hovudroller. Det var litt som måten skodespelardebutantar tidvis speler fletta av etablerte folk. Fy flate so bra fisk haien er! Den minnar om tunfisk i konsistens og samk, men er likevel heilt annleis. Litt mjukare, litt saftigare, litt syrlegare kanskje? Uansett var det ein hit.

Moralen er: Får du kloa i litt hai treng du ikkje tvila. Kjøp han, ta han med heim. Et han. 



PS. Denne vitsen fortalde onkel Ove til meg då eg var lita:

Ein hai kom svømmande bortover havbotnen. Då møtte han litt sand. 
"hai, hai!" ropte sanden. 
"heisann!" svarte haien. 



tirsdag 29. mai 2012

4-ever pannekaker

Ein gong sat eg ved kjøkenbordet og skreiv i ei minnebok. Det var av den typen med ei lang rekke spørsmål ein skal fylla ut:
Personalia som namn, alder, adresse (= som før, opp ei trapp og inn ei dør*).
Interesser (lesing, vera med venner), Beste fag (norsk), verste fag (mate og gym), favorittmusikk (Ace of Base).......og ikkje minst: Yndlingsmat.

Eg hugsar heilt klart og tydeleg at eg sat ved kjøkenbordet og fylte inn ei slik bok. "Kosn stavast sjokolade" spurde eg pappa, som stod ved kjøkenbenken. Pappa svarte:
"sjokolade e ikkje mat".
Yoghurt kunne han hjelpa meg å stava då, so då blei svaret:

Yoghurt, spageti og pannekaker.

Pannekaker, denne røra av egg, mjølk og kveitemjøl, steikt, bretta i fire og lagt i den brune, eldfaste forma. Servert med blåbærsyltetøy, bacon eller sukker. Hjå Inga og Ragnhild hadde dei alltid ertesuppe før pannekakene, stort sett på tysdagar.

Det var vanskeleg då, men i dag ville det vore utruleg mykje vanskelegare å definera yndlingsmat på ei kort linja i ei minnebok. Det er vel gjerne derfor eg har laga matblogg?

Det hender framleis at me har pannekaker i klassisk stil til middag, altså blåbær og flesk. Men like ofte er dei laga etter slumpemetode og fylt med det som fantes i skapet nett då, gjerne som resultat av at middagskreativitetn er lik null. Som her om dagen, då fylte eg dei med ajvar, pesto og spinat, la dobbelt og gratinerte litt i omnen. Enkelt og godt. Og relativt kjapt. Hugs at tida går fortare om ein har eit radioprogram som selskap!


Forslag til pannekakefyll
  • ajvar (paprikasaus)
  • tomatsaus
  • pesto (fx heimelaga med brennenesle som her til høgre)
  • spinat, forvella eller stekt, gjerne med kvitlauk
  • bitar av skinke, fårepølse, anna kjøttpålegg hvis ein absolutt treng noko kjøt
  • ost sjølvsagt. All ost som er god smelta er god. Både inni og over. 
  • hummus
  • sopp, gjerne litt steikt på førehand
Og ikkje minst:

  • RESTAR! Nesten alt av middagsrestar, gryter, fisk , kjøt og grønsaker passer inn i pannekaker.  Ein må berre bruka litt skjønn og tenka på kva ein sjølv likar. Kokte poteter? Åjadda! Kokte grønsaker som er litt kjipe? Hakk dei opp, krydre godt, klæss i litt feta og pakk inn i pannekakene. Supperest? Hvis den er tjukk nok - kjør på. 

For variasjonar i røra går det an å eksperimentera med mjøl. Sjølv er eg glad i byggmjøl, og synes at rug blir litt heftig. Regulere kor tjukk røra blir med vatn/mjølk og evt egg.  Stort sett lagar eg røre etter kast i hop-prinsippet, og det blir stort sett bra. Feigingar og perfeksjonistar kan sjå her




* Apropos adresse. Her var det mykje rom for kreativitet, då absolutt alle i minneboka hadde den same adressa: 5640 Eikelandsosen, eventuelt E.osen dersom det var liten plass. Eller "Fjord`n" på slang. Dette var trass alt 10 - 15 år før gatenamn og husnummer kom til bygda. 

fredag 20. august 2010

Sommar på hell: Resterullar

Eg hugsar dei fyrste turane på Kina-restauranten i Bergen, den einaste eg kan hugsa frå barndomen. Den med ein stor, feit og glad gull-buddah ved inngongen, tepper på golvet og lykter frå taket. Og best av alt: ein fiskedam med ekte fisk! Kvite og raude fisk, bror min og eg stod på brua over dammen og såg ned på dei når me var ferdige å eta.

Eg hugsar ikkje so godt matopplevinga, berre stemninga på staden. Mørkt og raudt! Men eg hugsar at eg elska vårrullane. Vårrullar, crispy og eksotiske (eg hadde nok blitt sjokka om nokon fortalde meg at det var kål i dei!), eg skreiv dei opp som yndlingsmaten min når eg skreiv i skuledagbøker der yndlingsmat vart etterspurd.


Men som so mange andre av barndomens infatuations: også denne gjekk over. Hadde eg kome inn på ein slik restaurant i dag ville eg nok ikkje bli like imponert over den mystiske orientalske stemninga, kanskje i beste fall ironisk-begeistra og fnisete. Og vårrullar er ikkje yndlingsmaten lenger, sjølv om eg framleis likar det godt.



Det er ikkje vår no, det er midt i august og det har byrja å regna. Sommar på hell. Eg har aldri prøvd å laga vårrullar sjølv. Sommarrullar, derimot! Det er ein hit.

Konseptet er å rulle eller brette deilige matgreier inn i rispapir, ikkje ulikt vårrullane altså. Men dette rispapiret skal berre bløytast og rullast og er ferdig - ingen fritering naudsynt. Eg innbiller meg at det gjer heile retten mykje sunnare!

Dagens fyll bestod rett og slett av rester frå dagens middag. Med vilje laga eg litt meir ris, litt meir fisk og litt meir grønsaker enn me trengte. Eg måtte gje streng beskjed til sambuar om at det ikkje var naudsynt å eta opp alt, for eg hadde ein plan med restane.



Framgongsmåten er so lett som ein plett: ta rispapir (desse kosta ca 40 på Meny), og bløyt i varmt vatn. Eg laga riktig fint samleband: eit ark i vatnet, eit til tørk på ein handduk på benken (so det ikkje skal dryppa, men bli litt klissete i staden) og eit klart til fylling på fatet.

Innhaldet var, som de ser: grillpannesteikt laks, broccoli og asparges,og ris frå middgen. I tillegg: soyaolje med wasabi (i koppen), fersk snitta vårlauk, litt fersk hakka kvitlauk.
Eg vil hevda at det meste som smakar godt kaldt kan passa godt rulla inn i rispapir. Agurk, avocado, reker (eller andre sushi-ingrediensar), kikerter, salat, skinke, kylling (eller andre salatingredienser) eller kva ein har for handa. Lett som ein plett!



Brett over, pakk inn og FERDIG! Eg kunne jo ha rulla i staden for å bretta, det ville kanskje gjort pakkane litt meir solide, for som det ser til høgre der er den eine i ferd med å sprekka.



For å vera på den riktig kritiske sida kan eg jo nemna at soyasausen ikkje akkurat gjer pakkane max estetiske, men det bryr eg meg ikkje om. Soya + wasabi gjer akkurat det lille kicket som passar kjempebra saman med øla på biletet.

No er det NRK sin 50-årsdag på fjernsynet. Passer også bra med sommarrullar, denne småregnete augustkvelden.

lørdag 21. november 2009

Salte lepper og stilig snacks




Den fyrste posten i bloggen om å laga mat på ein juksete måte er her no. Den handlar om rista graskarkjerner, salte lepper og eit kutt i tommelen. Eg er diverre ein stakkarsleg matfotograf, og ikkje veit eg om det eg skriv blir noko bra heller. Me får sjå!

Me spaserte i byen for ei stund sidan, og stakk ein tur innom Asiamat i fjordgata. Det er altso ein fest å gå i slike butikkar - å sjå på dei artige etikettane, grønsakene, søtsakene... Eg drøymer om krydder, konsistensar og rare frosne fiskar, men studielånet set grenser for kor mykje ein faktisk kan kjøpa fordi det er moro. I dag var me edruelege, og i leopardveska hadde me med oss eit lite graskar av øgleliknande, grøn type og ein pose Kaan Lieng Seasoning Mix for dagens middag. Ferske udon-nudlar frå Japan skulle laga middagen passe fusion-retta. Soyasaus høyrer til basisvarene ein alltid må ha i hus. Det er ikkje suppa eg skal skriva om sjølv om pulveret spreidde seg i heile rommet og fekk og til å nysa då me opna pusen og den ferdige suppa var sterk og deilig. Det er heller ikkje at det var bra me hadde scampi i frysen eg skal skriva, men om detta: Kor utruleg tilfredsstillande det er at sjølv "avfallaet" av middasgsgrønsaken blir nyttig og deilig.


HER fann eg instruksjonane eg trengte (hjå Vaffelhjerte fann eg ein annan, ovnssteikt variant som eg kan prøva når me har fått steikeovn med undervarme).

EG GJORDE DET SLIK:
Tok ut kjerner og graps ut av graskaret, pilla av so mykje av grapset som mogleg (reine frø) og tørka dei med matpapir.
La dei semi-tørre kjernene i ei steikepanne, og tørka dei forsiktig på svak varme.

Malte litt i underkant av ein halv dl maldonsalt (fin på det i dag, ja!) med ei pittelita klype pimenton picante (mitt favoritt paprikapulver frå sommareferien i spania) i morter, og hadde i panna. Blanda godt med tresleiv.

Guffa opp varmen på panna (full guff), og rørte heile tida til kjernane var tørre og salte og hadde poppa seg litt ut på ein måte.