Viser innlegg med etiketten tilbehør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tilbehør. Vis alle innlegg

torsdag 1. januar 2015

Soff gottinår, nyta mi!



Me bestemte oss for å invitera nokre vener og feira nyttår. Og me bestemte oss for å steika ein heil kalkun. Det hadde me jo aldri gjort før, so det måtte då gå bra. Og det gjekk faktisk so bra at den eine gjesten meinte det var det beste kalkunmåltidet han hadde smakt. Hurra!

I intervju med ordentlege kokkar om kva tips og råd dei vil gje for å lukkast på kjøkenet seier dei ofte at det er lurt å ha alt klart på førehand og rydda undervegs. Det har eg knapt gjort før i heile mitt liv, men når ein legg opp til middag & dessert for 7 personar samtidig som ein skal pakka ut av to koffertar, vaska heile leiligheita og vera med ein baby som ikkje synes det er naudsynt å sova lenger enn 20 minutt i slengen - då har ein ikkje anna val enn å vera godt førebudd.

So heile dagen vart delt inn i førebuings-, rydde-, luftetur-, og fullføringsfasar. Og det gjekk som ei kula! Det einaste eg ikkje rakk var å vaska håret, men det gjorde ikkjo so mykje. Sidan maten var klargjort og førebudd over fleire rundar hadde eg også fått vaska opp og rydda undervegs, so då gjestene kom var det faktisk ryddig på kjøkenbenken bortsett frå eit par ting som måtte gjerast ferdig rett før servering.
Og midt på benken: Ein stor, flott kalkun.


Kalkun:
Kalkunen, frossen, vart kjøpt inn 21. desember, og lagt inn i det kaldaste kjøleskapet vårt for å tina sakte der og vere klar til nyttår ei veke etter.  Me visste ikkje kor mange me kom til å bli, max 10 trudde me, so eg kjøpte ein fugl på nesten 8 kilo.

Då me kom til Trondheim att dagen før dagen tok me fuglen ut og sjekka om den passa i steikeomnen: Det gjorde den. Puh.
Inspirert av Nigella la me heile greia i ein balje over natta og fylte balja med ein snedig lake. Me mangla det meste av det Nigella sa me skulle bruka, so Henningen laga sin eigen vri: Masse salt, mange halve klementiner, anis, nellik, kanelstang - og eit par desiliter ublanda gløgg.
Laken skal visstnok gjera kalkunen både saftig og smaksrik - men eg er usikker på om det er nok med berre ei natt.

Eg hadde lese masse om korleis ein kan unngå at fuglen blir tørr, og testa ut eit par tips.
Fyrst: bardering. Eg løsna skinnet over brystet og lirka inn eit lag bacon.
Deretter stappa eg fuglen med 10 halve klementiner.
Tilslutt la me fuglen i langpanne, krydra, og la eit kjempestykke smør* på toppen. Oppå la eg ein fuktig kjøkenhandduk før eg helte appelsinjus i forma og ein liten boks øl over heile greia.

Poenget med handduken hadde eg lese om på internettet. Den skulle halda fuglen fuktig og hindra at toppen, brystet blir tørt før låra er ferdig. Duken skulle haldast fuktig ved jamnleg ausing, men me gløymde ut å ausa mot slutten, so den vart ganske tørr. Under var skinnet brunt og crispy.

Funka desse triksa? Tja. Smaken var fabelaktig, men kjøtet vart litt tørt her og der likevel. Men det gjorde ingenting, for me hadde nok av saus. Og for ein saus!

Saus:
Kvelden før kokte me kraft på innmaten som låg i ein pose inne i fuglen: hjarte, krås og lever.
Neste dag hakka eg opp masse champignon, steika og blanda i. Då me tok ut fuglen blanda me i sjya frå langpanna. Rett før servering kokte me sausen opp og lot den småkoka i 5 minutt, før me hadde i fløyte og masse grovhakka bladpersille. Smakte til med salt og pepper.
Det blei omlag ei liter saus, feit og lekker. Og dødsgod.

Søtpotetmos:
Søtpoteter, 5 vanlege poteter, 3 lange gulrøtter. Eg skrella og delte opp grønsakene på morgonen, og lot dei ligga i vatn til koking. Ein time før gjestene skulle koma kokte me dei til dei var so møre at dei (i alle fall søtpoteten) nesten gjekk i oppløysing. Då helte me av vatnet og lot det dampa nesten tørt før eg moste med smør* og fløyte. For ein glatt konsistens avslutta eg med ein runde med stavmiksaren.

Rosenkål med dijon:
Denne rosenkåloppskrifta er ein schlager frå Debbie (signe deg, Debbie!) på Smitten kitchen. Rosenkålen vart reinsa og steikt om morgonen. Like før servering blanka  Henningen ein finhakka sjalottlauk og blanda med sennep, creme fraiche og kvitvin til ein saus. Rosenkålen kom opp i sausen og fekk eit kjapt oppkok.

Tranebærsyltetøy:
Eg såg posen med ferske tranebær på meny då eg handla inn, og slang den med. Det skal jo trass alt vere "cranberry sauce" med til ein trad amerikansk kalkunmiddag! Ved litt søking på nett oppdaga eg at sausen er meir syltetøy enn saus, so eg kallar den for det. Igjen var det favorittamerikanaren min (i bloggverda i alle fall) som stod for inspirasjonen, men eg fulgte ikkje oppskrifta slavisk. I staden hadde eg posen med ferske bær i ei gryte og kokte opp i lag med 4-5 grovhakka fiken, eit par spiseskeier brunsukker og ein dæsj marsala (italiensk dessertvin eg har lært om frå Nigella). Det fekk småkoka i omlag 25 minutt.

* Da einaste so e ber`enn smør er meira smør.
Arne Brimi

Tips: Krønsj

Avogtil trengs det litt krønsj. I dessertar til dømes, kan krønsjet vera hakka nøtter eller krokan. I salatar eller supper; krutongar, hakka nøtter. I ein bisarr tradisjon frå Grim skule i Kristiansand er det paprikachips som lagar krønsj. Inni ein loff. Grim er kanskje nett riktig ord….

Henningen og eg har oppdaga ein ny type krønsj, som me likar veldig godt: gigantmais. Dei er puffa, salta kjempestore maiskorn som eg har sett både i nøttefabrikken sin lausvektstand på rema og i ein eigen pose.

I november køyrde me eit par temaveker i heimen, fiskeveke som eg har skrive om i bloggen og vegetar/suppeveke som eg hadde tenkt å skriva om, men ikkje gjorde. Blant suppene me laga då var ei sellerisuppe og ei gylden blomkålsuppe, og begge fekk eit løft av å bli servert med ein neve gigantmais oppå.

I dag er ein sånn dag då det føles som eg aldri skal bli svolten att etter jula, men eg vart likevel litt fysen i kveld. Då varma eg opp resten av gårsdagens søtpotetmos (med gulrot og potet) og strødde mais over. Og voila! Eit deilig måltid med god smak - og krønsj.

Fotogent? Neppe. Men godt. 

mandag 12. august 2013

Sommarminne: Lun raudbetsalat med fetaost

Det har hølja ned som berre det i stor delar av dagen og det kjennes som sumaren er over på ordentleg. Eigentleg burde eg ha leita fram regnkleda mine frå boden eller noko, men i staden sit eg her med ein kopp te og har simultankapasitet; med partileiardebatt, bloggen og foodgawker. Og innimellom ser eg på bileta frå sumaren som var. Åååh, den deilige, varme, kjekke sumaren! Med  kjær familie og kjære vener, med kjekke oppleveingar, flotte turar - og deilig, deilig mat.

Blant høgdepunkta var pizza-orgien på Helland feriekoloni, der blant anna Marte laga pizza på grillen og Jørgen miksa saman ein fantastisk chili- og kvitlauksolje til å dryppa over.

Sjølv bidrog bidrog eg med:

Lun raudbetsalat med fetaost

  •  3 ferske raudbeter utan skal, skorne i skjever. Skrelling funker både før og etter koking. Det er ein smule tidssparande å skrella og skjæra opp før koking, eller små ein venta til det går an å ta på dei. 
  • Feta på storleik med den vanlege blokka du veit, det faste merket ein finn over alt. Apetina altså. Men det finst annan feta og faktisk, og i sommar forsøkte me den frå Jacobs. Den var veldig god!

  • Vinaigrette med olje, eplesidereddik (eller annan eddik - har prøvd med bringebæreddik og!), ein dæsj dijon-sennep og pittelitt honning.
  • Ferske urter frå hagen, hvis ein er so heldig å ha slikt. Tørka funker sikkert og. Eg brukte blant anna bergmynte, mynte og timian. Ja, og so kronblad av ringblom- både vakkert og godt.
  • Bland dei lunkne raudbetene med vinaigrette og legg i eit serveringsfat. Dryss over feta og urter. Server til nesten kva som helst, for eksempel grilla kjøt eller pizza. 

Urtehagen til Anne.
Pizzaen er klar og er servert på berget. 
Kvitlauk- og chiliolje - deilig tilbehør 


Sånn, der var oppskrifta presentert. No kan eg anten fokusera på partileiardebatten eller eg kan sjå på fleire bilete frå ferien og lengta tilbake til 4 veker sidan. Eg gjer det, eg: 





torsdag 2. mai 2013

Middelhavsmos og magi

I går hadde me kalveskankar til middag, italienskinspirert, osso bucco-aktig.. Langkokt i høve heilagdagen!

I dag hadde me restemat. Krafta etter skankane er nesten eit måltid i seg sjølv, men me hadde i brokkoli og purre i tillegg. Og so lagde me to lekkerbiskenar av nokre tilbehør:


Middelhavsmos

200 gram sellerirot
3-4 ganske store poteter
250 g feta
masse finhakka bladpersille
litt olivenolje
salt og pepper

Kok potet og sellirot møre, mos. Ha i olivenolje etter smak eller til den blir mjuk og fin. Bland inn feta (smuldre gjerne opp fyrst) og persille. Smak til med salt og pepper.

Magi (eller gremolata om du vil)

1-2 ss finhakka sitronskal
1-2 ss finhakka kvitlauk
1-2 ss finhakka persille

Bland alt og server i ei lita skål. Dryss over middagen. Du hendelse for ein deilig smak!

søndag 28. april 2013

Fredagsfiesta

Eigentleg fekk eg berre lyst til å laga masse deilig mat med smak av chili, lime og koriander, so på fredag inviterte me nokre vener på ein aldri so liten meksikansk fiesta. Kanskje litt inspirert av våren som kjem med løfter om ein sommar?


På bordet stod eit grillpannegrilla stykke storfekjøt, klassikarane jordbærsalsa, pico de gallo, quesedillas, ein snill og mild guacamole med masse rømme, ei skål plain rømme, sylta jalapenos, sylta chipotle frå boks og chilisaus. I tillegg hadde me ein stor bolle nachos slik at restane kunne nytast som dip utover kvelden.

Inspirert av melon på tilbod på rema miksa eg opp ein søt og forfriskande vannmelondrink som passa godt til,  og  to nye rettar frå juksebenken.


Alvorleg god feta & jalapeno-dip
  • Fetaost. Eg kjøper fetaost i runde boksar på tahir market i Trondheim. Tre halve rundingar frå boksen tilsvarer ei mengd på ca 2-3 slike firkantar som ein finn på vanlege butikkar.  
  • 2 kinesiske kvitlauk (utan fedd)
  • 2 sylta jalapenos
  • 1 grilla vanleg chili
  • raspa skal av ein halv lime
  • safta av ein halv lime
  • olivenolje
  • salt og pepper
Skrell kvitlaukane og pakk inn i folie. Set under grillen i steikeomnen på 200 grader til dei er mjuke.
Legg chilien på folie ved sida av kvitlaukane. Snu når svart og grill andre sida og. Ta ut når den er ferdig grilla, pakk inn i folien og la ligge litt.

Krumle opp fetaosten bolle, og rasp limeskal over. Klem over safta. Finhakk jalapenoen.
Opne pakka med chilien. Dra av skalet, skjær eit snitt i kjøtet slik at du får tatt ut frøa. Finhakk.
Når kvitlaukane har kjølna, skvis dei over blandinga. Ha alt i bollen og bland godt. Ha i litt olivenolje til konsistensen blir jamn. Smak til med salt og pepper.


Bønnesalsa
  • Ein boks kidneybønner
  • 2 modne avokado
  • Ein liten lauk
  • Eit par-tre tomater i terningar, grav ut innmaten og kast.
  • Hakka paprika
  • Ein liten boks maiskorn (avsilt)
  • Ein god neve grovhakka koriander
  • Finrive skal og saft av ein lime
  • Finhakka raud chili
  • Salt og pepper
Alle mengder er  rettleiande. Bland alt i ein bolle. Smak til med dei fire siste ingrediensane. La det gjerne stå ei lita stund so smakane kan blanda seg, til dømes medan du lager:


Vannmelondrink

Skjær ein skalk av ein liten vannmelon og spa ut fruktkjøtet og ha oppi blenderen. Det er lett å få ut innhaldet med ei isskei. Mos kjøtet, og ha alt i ei sil. Eg silte oppi ein bolle. Blend gjerne med is for å få det kaldt. (Eg hadde kokt opp ein liten sirup med sukker, vatn og appelsinskalremser, men eg trur det var ganske overflødig - lite smak av appelsinen, og vannmelon er søtt nok i seg sjølv). 

Ha i vodka etter smak, rør rundt og server. Gjerne i det uthola skalet, helst då med paraplyar og sånt, for ein herleg syden-feeling. Drinken var forfriskande og mild, som kompensasjon mot den hotte maten, og hadde ein herleg rosa farge. Ei sommardrink!


Det funker som restemat til frukost og!

lørdag 13. april 2013

Eg elskar egg.

Eg elskar korleis eggeplomma emulgerer med olje til fantasisk majones eller aioli. Eg elskar dei knekt oppi snasen tomatsaus, aka shakshuka. Eg elskar måten egg og sukker blir til tjukk og deilig eggedosis for kakerøre på 30 sekund i den superraske mixmasteren min. Eg elskar korleis eggekviter og sukker blir den lekraste marengs


Men mest av alt elskar eg dei til frukost.

Eg elskar dei smilande, der det gule sovidt har byrja stivne.


Tradisjonelle speilegg i lange banar;



bakt, "speilegg" Hellstrøm-style;


 i tortilla, spansk omelett med poteter og lauk og paprikakrydder;


Og eg elskar dei posjert, servert med eit dryss estragon på heimelaga brød med nøtter;



Bakte Hellstrøm-egg
(oppskrifta kjem frå "Enkelt og perfekt". Dei einaste oppskriftene eg har prøvd der kjem frå kapittelet om egg.)
  • Ha 1 ss vatn og ein klatt smør i ei lita eldfast porsjonsform (ørepanner, kokotte, cremebrulee-form...). Ei form per person.
  • Set omnen på 200 grader og la formene stå til smøret er smelta og vatnet byrjar å forsvinne.
  • Knekk og skil egget, salte kvitene og legg i forma (stort sett lagar me eitt om gongen, men det er plass til to i formene våre). Sett eggeplommene til side, pass på at dei ikkje sprekk.
  • La dei stå til kvitene er nesten stivna. Slepp plommene ned i kviten og set tilbake i ovnen til plommene er ferdige. Kor lenge dei står kjem an på korleis du vil ha dei. Både Henning og Hellstrøm vil ha dei varme men ikkje stivna i det heile. For min del er det okei om dei har byrja å koagulere litt i kanten.
  • Krydre og smaksett etter ønske. Eg anbefaler litt estragon eller paprikapulver eller nokre dråpar balsamico eller nokre dråpar worchestershiresaus.
  • Server med rista brød og ellers det som høyrer til ein god fokus. 
Tortilla a la Henning
  • Set steikeomnen på 180 grader. 
  • Skjær kokte poteter i skiver. Varm smør eller olje i ei steikepanne som toler å stå i steikeomn.
  • Steik litt lauk til dei byrjer å bli litt blanke. Ha i potetene. 
  • Knekk egg i bolle og pisk lett saman med mjølk eller vatn. Kor mykje? Nok til å dekka potetene i steikepanna. Krydre med salt, pepper og spansk paprikapulver.
  • Hell eggeblandinga over potetene og lauk. Når panna er varm treng det ikkje stå på omnen lenger, men smekk heile greia ned i steikeomnen. 
  • La det stå til det er ferdig, som betyr: Litt brun på toppen, men ikkje gummiaktig. Den skal stort sett vere stivna, men kan godt vera litt skjelvande i midten.

Posjerte egg

Eg har prøvd og prøvd, men får aldri til å posjere egg, sjølv om eg har forsøkt alle triksa på internettet. Eg har forsøkt med heilt ferske egg, eg har passa på at vatnet boblar men ikkje koker. Eg har hatt litt eddik i. Eg har rørt fort rundt og laga malstraum i midten av kjelen. Eg har knekt egga i ei metallause eg har smurt med olje og helt dei forsiktig i vatnet. Eg har hatt dei i med kopp. Eg har knekt dei rett i. Eg har forsøkt å samle trådane med ei skei. 
Og uansett kva eg prøver, so treff egga vatnent og spreier seg ut i eit nydeleg slørs om straks blir kvitt. Tynne trådar over heile kjelen, og ein stor, gul planet i midten; det einaste som held seg samla. 

Men Henning får det til heldigvis. 


PS. Eg elskar smør og, so ein vakker dag (fortrinnsvis ein dag med besøk) skal eg laga denne eggeretten frå den strålande Alice B. Toklas kokebok;

Egg Francis Picabia

Knekk 8 egg i en bolle og bland dem godt med en gaffel, tilsett salt, men ikke noe pepper. Hell eggene i ein kasserolle - ja, en kasserolle, nei, ikke en stekepanne. Sett kasserollen på svært, svært svak varme, rør i eggene emd en gaffel hele tiden mens det svært sakte tilsettes 225 g smør i svært små mengder - ikke det grann mindre, heller mer hvis du kan få deg til å gjøre det. Det tar ca. 1/2 time å lage denne retten. Eggene blir selvsagt ike til eggerøre, men med alt smøret, ingen erstatning tillatt, skapes en elegant konsistens kanskje bare gourmeter vil sette pris på.

lørdag 19. mai 2012

Biprodukt av marengs

Dette innlegget følger opp det førre. For kva skal du gjera med dei 3 eggeplommene du får til overs etter du har laga marengs? Kjent problem. Men no kan du slutta å riva deg i håret!

Ordentligmat.no har svaret. Det vil seie - det fins sikkert mange andre svar og, men eg bruker berre dette:
Majones eller aioli på to minutt. Oppskrifta finn du her, og slik gjer du det:




torsdag 15. desember 2011

15. desember

Gratulerer med dagen. Det var nett ei sak på radioen om kundar som besvimer inne på handlesentra pga lavt blodsukker, stress og varme. Eit handlesenter på Gjøvik har faktisk starta ei eiga utrykningsgruppe som skal ta seg av dei som besvimer, og ambulansepersonell informerer om at dei fleste som kjem inn når dei har uvita har drukke for lite vatn eller ete for lite. Ja, og so går dei inne med alt for varme utejakker.

Då himler eg med auga og føler meg enno smartare.

Smartare, fordi eg ikkje går i saueflokk for å handla akkurat samstundes som alle dei andre.
Smartare, fordi eg lagar heimelaga julegåver, blant anna slike som kan etast.
Smartare, fordi eg lagar deilig middag som gjer at blodsukkerstemninga er på topp.

Dagens blogg handlar om to ting: Rosenkål og brende mandlar, kvar for seg.