Viser innlegg med etiketten heimelaga. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten heimelaga. Vis alle innlegg

lørdag 19. mai 2012

Rabarbra Anita

Har du rabarbra i hagen? I so fall er du heldig. Eg har ikkje, men heldigvis har eg tilgong -  i hagen til søstra mi og i hagen til naboen til søstra mi. Sistnemnde er ei gamal dame med fin hage og enorme rabarbrabuskar som ho ikkje plukker sjølv. Dette visste eg om, so eg mota meg opp og ringte på og spurde om eg kunne få ta eit par stilkar. Eg tilbydde også å koma tilbake med eit glas syltetøy eller noko, men det ville ho ikkje. Det viste seg at grunnen til at ho ikkje bruker rabarbraen sin lenger fordi ho ikkje toler so godt syra!



Då eg var 4 fekk eg ei kålhovedåkka, eller cabbage patch kid som dei heitte på originalspråket. Desse dokkene kom med namn, og mi bar det klingande namnet Barbara Anita. Barbara var ikkje noko namn eg kunne relatera meg til so dokka heiter den dag i dag (der ho ligg i ei øskja i kjellaren) Rabarbra Anita. Eg var glad i henne - men nok om Rabarbra i kjellaren og meir om rabarbra i smuldrepai. Til ære for skarre-r, ibsens ripsbusker og  den gamle dokka kallar eg den for:

Rabarbra Anita Rabarbrasmuldrepai


  • rundt 500 gram rababarbra - eg tok 4-5 stilkar. Det var omlag 400 gram og eg syntes det var litt i minste laget då paien var ferdig.
  • ein neve tørka blåbær, hakka hvis dei er store
  • 3-4 ss sukker
  • kaneldryss
Smør ei form, eg bruker ei vanleg, rektangulær eldfast form. Ha i rabarbra og blåbær, dryss over sukker og kanel, og vend nokre gongar. 


Smuldrelokk
  • 1 dl hakka hasselnøtter
  • 1 dl havregryn
  • 2-3 dl kveitmjøl
  • 100-120 gram smør
Bland alle ingrediensane, smuldre over forma.
Steik i 20-30 minutt. Server lunken, det er ikkje naudsynt med saus, men litt vaniljekesam eller -is treng ikkje gjere noko skade akkurat. 






lørdag 12. mai 2012

Skamdeilige drink

Ida bur i Stavanger, og i helga er Ane og eg på besøk.

I går var me ein tur på Jæren, me skulle på konsert med Benedicte Maurseth og Åsne Valland Nordli på Obrestad fyr. For ein kveld det vart! Både omgjevnader og musikk var heilt spesielt vakre, og ute suste vinden. Det var ei utruleg flott oppleving, av den typen som får det til å kjennast som ein bruker ord som fantastisk, flott, vidunderleg og liknande alt for ofte, for då er det ingen ord att for særskilde høve. Slik var det på Obrestad fyr på fredag. Hjartet vart so stort, og eg tenkte på besten som var so glad i hardingfela og tårene trilla. 


Fint fyr, flott konsert

I dag har me spasert i Stavanger by, i frisk bris og solskin. Ida og Ane var meir eller mindre villige modellar til å rekonstruera den romantiske løvblåsar-scena frå ein viss lokal film frå 2001. Me åt sein lunsj med eit glas vin på Food Story (ein fabelaktig stad! Meir om den seinare). Og no slappar me av med panoramautsynet til Ida, Monica Zetterlund på anlegget, og ein forfriskande drink i handa.




Idas skamgoe drink

Like delar sprit og hylleblomstsaft.
Isbitar
Club soda 

Halve skjever av sitron og lime.
..og eit avklipt sugerør.

Ida har laga hylleblomstsafta sjølv, frå blomar i hagen. Heldige Ida som har svarthyll i hagen! Ida lagar drinken stort sett med vodka med grapefrukt, og det var skikkeleg godt. Eller skamgodt, som ein jo må sei når ein er i Stavanger. Men den funker nok med både gin eller vodka eller kva ein vil, det einaste Ida vil fråråda er å laga den med Indian Tonic i staden for club soda - det vart bittert seier ho.
Til sommaren ser eg for øvrig for meg at agurkskjever eller blomar av borago kan vere fint som pynt.
 Dette er den nye yndlingsdrinken vår! Eg skal prøva den med den billige (men noko syntetiske) hylleblomsafta dei har på IKEA, med mindre andre har tips om kor ein kan finna ei ordentleg god saft. Elles er det berre å leita etter svarthyll i Melhus og omeign!

TURISME

søndag 4. mars 2012

Forbrukarmakt

Les denne artikkelen frå Dagbladet. Mats-Eric Nilsson, forfattaren av "Den hemmelige kokken" som avslører kva tilsetningstoffa i maten vår er går laus Grandiosa, oliven, guacamole. 

Lag meir mat sjølv. Kjøp grønsaker og reine råvarer. Klag når dei ikkje er bra nok, spør etter det du vil ha. Eg har trua på at det kan virka.


It`s a simple formula: Eat food. 
Eat real food. 

Mark Bittman

søndag 22. januar 2012

Heimedag


For å vere heilt ærleg er eg usikker på den store miljømessige eller økonomiske gevinsten ein får av å laga Alt Godt sine opptenningsrullar. Men det bryr eg meg ikkje om, og presenterer heller fira gode grunnar til å bruka tid på å laga dei uansett. I stigande rekkefølge:

4. Kjensla av at det er fornuftig å bruka stumpar og restar av stearinlys til noko.
3. Kjensla av å få brukt opp alle reklameavisene som kjem i posten fordi ein ENNO IKKJE har fått opp ein «Reklame Neitakk»-klistrelapp.
2. Den generelt gode kjensla av Å LAGA NOKO SJØLV.
1. Den mest konkrete og beste grunnen av dei alle: Det er utruleg lett å tenna opp med desse rullane, sjølv i ein kronglete og vanskeleg omn som vår.

Og slik gjer du det:
Set på radioen, eller ei fin plate (til dømes denne) på repeat.
Smelt stearin over vassbad, eg bruker eit stort sylteglas eg har mista loket til. Rull saman 2 sider av ei avis, fest med hyssing eller bomullstrådar, klipp opp i passande storleik. Eg rulla frå botnen, altså den lengste sida, og klippa opp i 4 bitar. Det blei slanke, fine rullar. Dypp halve i stearinen, det kan henda du må tilta litt for å få dekt opp til omlag midten.

La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye.


Og dette kan du halda på med til det er tomt for stearin eller aviser, eller du blir lei. Eller til du blir akutt svolten og bruker 10-20 minutt på å laga ei ikkje veldig vakker, men god:
Rask, enkel suppa
Omtrentlege mengder til ein person:
  • 5 – 7,5 dl vatn,
  • suppebuljong tilsvarande mengda vatn
  • ein dæsj Sriracha, annan chili-saus eller litt hakka fersk chili
  • 4-5 tørka soppar hvis du har

La det småkoka, medan du har i: 
  • 1/2 kvitlauk av typen utan fedd, skore i tynne skjever.
  • 1- 1/2 gulrot, med mindre du oppdagar at det ikkje er gulrøtter att.
  • Ein liten bit finstrimla hovudkål, med mindre du oppdager at det er myggel på den.
  • Ein liten porsjon nudlar, til dømes eit nøste av desse festlege, fargerike nudlane frå ei asia-sjappe.

Når det syder og alt er mørt, knekk eit romtemperert egg oppi. Dette er den einaste formen for posjering eg nokonlunde beherskar. Det vil seie, det kvite sprer seg jo rundt i krafta som brudeslør i sommarbris, men i denne suppa gjer det ikkje so mykje. Det blir ikkje like pent, berre. Difor viser eg fram ein litt penare variant som eg laga tidlegare i veka: 



søndag 3. januar 2010

Past og laksaflaks

Det er jo typisk! Når ein no fyrst har laga seg ein matblogg, so burde ein jo skriva litt i den. Og ha fine bilete. Alle matbloggar med respekt for seg sjølv har fine bilete av maten - både arbeidet in progress, og av den ferdige retten lagt opp på fat og pynta. Hvis maten ikkje er særleg fotogen skal ein sjølvsagt kommentera og forklara om kor fantastisk den smakte.

Men so har eg ikkje noko eige kamera. Og so er eg ikkje noko flink til å ta bilete med H sitt kamera. Og i verste fall, so er ikkje kameraet med når me lagar noko som burde forevigast i bloggen.

I dag, til dømes, kom me heim frå spaserturen i snøværet akkurat i tide til middag. Me hadde teke to laksefiletar frå frysen, og no låg dei klare til steiking på benken. Me måtte berre ha tilbehør fyrst.

- Polenta med feta! Sa eg.
- Heimelaga pasta! sa H.

Det var ikkje noko feta i kjøleskapet, so då vann han. Pasta, ja. Det har me jo aldri laga før, so det gjer me no medan eg er so svolten at eg har lyst å eta laksen rå. Det var det eg tenkte, men eg sa det ikkje. Eg tok eit knekkebrød i staden.

So tok H:
5,5 dl kveitemjøl. Det la han i ein haug på benken, og laga ei grop i mjølet.
I gropa knakk han:
4 egg (Anna Bergenstrøm sa 3, men egga våre var veldig små)saman med
1/4 ts salt og
2 ss olje

So tok han ei tresleiv og jobba litt og litt mjøl frå haugen og inn i egga. Etter ei stund, når det var veldig deigete sa han at dette aldri kom til å gå bra, so han hadde i 1 ss vatn. Og so elta han. Etter 5 minutt tok eg over. H trudde framleis ikkje det kom til å gå bra, men etter at eg hadde elta i 5-10 minutt var deigen gul og fin, elastisk og mjuk og hadde i seg alt mjølet. Så elta H i 5 minutt til.

Etterpå skulle deigen kvila 1 time.

KJevla tynt, rulla samn, skar opp. Tørka over stolrygg, kokte i 4,5 minutt. Perfekt laks. Selleri, gulrot og lauk med basilikum, salt peppar og smør var digg. Pastaen var deilig til. FLAKS!