Viser innlegg med etiketten produkt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten produkt. Vis alle innlegg

onsdag 16. mai 2012

På randen av interiørblogging




Kva er dette? Interiørbloggtendensar? 
Ja.
Me har nemleg gått til eit nytt, stort skritt i sambuarskapet. Me har investert i oppvaskmaskin. Og eit skoskap, det er det eg står midt oppi. 


Men det er jo mat som står i fokus, og i anledning IKEA-turen vil eg informera om følgande: Stikkelsesbær heiter KRUSBÄR på svensk. Og det smakar heilt okei. 




IKEA har enormt mange kjempesmarte triks, men blant dei aller, aller smartaste er pølse til 5 kroner ved utgangen. Eg blir heilt utkøyrd av ein runde, og då er det skikkeleg freistande med pølse. Ane seier at den pølsa er so billig at ho ikkje tør tenka på kva som er inni den. Eg er ikkje redd for pølser, eg er meir redd for lettbrus. 


Neste innlegg frå IKEA: Test om hyllebærsafta deira lagar like god drink som Ida si heimelagde saft. 



Soyasnerk

Kan eg freista med litt soyasnerk? 


I fleire innlegg har eg skrive eit og anna om vegetarisk mat, og i innlegget om Linda McCartney si kokebok skreiv eg litt om dei snodige produkta ho nemner. TVP, soyaprotein og so vidare. I mi jakt på slike vart eg tipsa om matvaren bean curd. Dette kom me over på Bamboo, den flotte asiatiske butikken på Tiller. 

Internettet, nærare bestemt Serious Eats, kunne fortelja meir om dette rare, blanke produktet som utgjer seg for å vere næringsrik og velsmakande mat. Der kunne eg læra at bean curd, som også vert kalla yuba eller tofu skin, er eit biprodukt som oppstår når soyamjølk vert varma opp. Då danner det seg ein film eller ei hinne på toppen, ei hinne som kan løftast av og tørkast i ark eller "pinnar".  Med andre ord: tørka og størkna snerk.  Og ja - eg veit at eg kanskje ikkje sel det inn som særleg delikat med det ordvalet.  

Me har prøvd oss litt fram og har "red-braised" eller kokt den i lake eit par gongar, etter framgongsmåten i lenka over.  Yubaen treng å bløytleggast litt før den brukast, eg har lese alt frå 6 - 12 timar. Me prøvde begge delar. Det er mogleg det er ein skilnad på kor metta yubaen blir på fuktigheit. Den som hadde lugge lengst i bløyt tok nemleg til seg litt mindre smak enn det fyrste forsøket som hadde fått halvparten av timane.  Greit å vita at begge deler funkar - då er det jo nok å legga yuba i bløyt om morgonen før ein drar på jobb for å få den klar til middag!


Etter bløytlegginga skviste me vatnet ut av greiene og delte opp i mindre bitar som me kokte i ein lake som inneheld soyasaus, flytande røyk, mango-eddik, ingefær, kanelbark, stjerneanis, tørka chili, kardemommekapsel og nett litt sukker. Og so fylt på med vatn til det dekka yubaen. 
Dette får simra på komfyren i halvtime-time, til det har tatt smak og blitt raudbrunt i fargen. Då kan det berre kuttast opp i endå mindre bitar om ynskjeleg, og er klart til å tilsetjast det du har gjort klar. 

På biletet over hadde eg kokt ris, røresteikt broccoli, fersk rosenkål og aspargesbønner. So blanda eg saman ris, yuba og dei grøne greiene, og serverte det heile med finstrimla hovudkål som vart steikt i litt (nei, ganske masse eigentleg) soyasaus. 

Her laga eg risotto med lauk, gulrøtter og bladpersille. Heilt til slutt hadde eg ferske miniasparges som akkurat fekk bli litt varme.
Her er restane frå den over. Dei steikte eg og hadde i nokre nevar med fersk spinat. For å drøya litt knakk eg i eit par egg. Me serverte med fetaost. Nam. 
I det heile tatt - ein velsmakande og allsidig ingrediens. Ein må nemleg ikkje servera den i variasjonar over steikt ris eller risotto, sjølv om det var fantastisk godt. 

søndag 4. mars 2012

Forbrukarmakt

Les denne artikkelen frå Dagbladet. Mats-Eric Nilsson, forfattaren av "Den hemmelige kokken" som avslører kva tilsetningstoffa i maten vår er går laus Grandiosa, oliven, guacamole. 

Lag meir mat sjølv. Kjøp grønsaker og reine råvarer. Klag når dei ikkje er bra nok, spør etter det du vil ha. Eg har trua på at det kan virka.


It`s a simple formula: Eat food. 
Eat real food. 

Mark Bittman

torsdag 4. august 2011

Sommar og sitrus - Del 3: Produktplassering

Serien "Sommar og sitrus" kunne nesten ha heitt "sommar, sitrus og Nigella", for del 3 var tenkt å vera enno ei oppskrift frå henne: Sitronkylling. Innlegget skulle også kome for lenge sidan, men liva våras og landet våras har ikkje vore slik at eg har hatt lyst til blogga om mat dei siste vekene.
Eg har laga mat og ete mat og kost meg med mat saman med gode vener og familie men eg hadde ikkje lyst å blogga om mat.
Det har vore veker for større tankar, viktigare ord.

Misforstå meg rett, eg meiner ikkje at mat er uviktig i tunge tider. Tvert imot!
Etter å vakna til det grusomme, grusomme talet som lyste frå nyheitsbandet nederst på skjermen laurdag 23.07, for so å tilbringa timar foran tv og dataskjerm, stadig trykkande på "oppdater" - då var det godt å gå på kjøkenet og laga den før omtalte sitronkako.
Det var som terapi då.
Radioen stod på i bakgrunnen medan eg slo saman egg og sukker. Samtalane utover dagen dreide seg stadig austover, mot Oslo, mot Utøya. Men me var saman, me var trygge, og ingen me kjende..... eg orkar ikkje skriva setninga ut.


MEN! Det var ikkje ambivalensen i spennet mellom takksemd for det eg har og medkjensle for dei som brått manglar eg skulle skriva om!
Eg skulle jo skriva om sommar og sitrus -

Og hoppsann! Dette er jo heller ikkje sitrus! Dette er jo ein spekematsalat med mozzarella og pinjekjerner. Men den passar inn i posten likevel, i sin enkle sommarfriskheit. Og so vart den servert i går kveld, då eg var hjå svigermor sidan me begge skulle vere aleine heime og ikkje syntes det var so veldig triveleg.


Men sitrus, ja! Her kjem den, i form av fruktsalat med både synleg og snikande sitrus:

Og det er den snikande sitrusen som er produktplassering. Svigermor si andre svigerdotter har vore på handel i hovudstaden, og hadde med seg eit par lekre flasker frå Oliviers & co: Olivenolje med sitron og eple-eddik (apple condiment). Ei spiseskei av kvar, mixa saman, vart altså den friskaste og smuudaste og deiligaste fruktsalatdressing eg har smakt.


Olivenolje med sitron! Eg er over meg av begeistring, og ikkje so aldeles lite skuffa over at O&co ikkje har utsal i trondheim. Eg kan vurdera postordre - eller få nokon som skal nordover til å ta med ein liten dunk til meg. For dette er eit produket eg ynskjer til skapet!