Viser innlegg med etiketten middag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten middag. Vis alle innlegg

onsdag 26. november 2014

Temaveke: FISK

Eg latar som det ikkje  er over eit år sidan sist, og berre fortsett som om denne bloggen aldri hadde hatt pause. Me har fått oss ein baby sidan sist, ei aldeles fabelaktig ita jente frå august. Nett no heng ho på magen til far sin medan han støvsuger, og eg nyttar høvet til å presentera eit prosjekt familien byrja på førre veke: Temaveke på middagsfronten. Førre veke var vegetarisk/suppe, denne veka er temaet: FISK

Fiskekokeboka (noko å ynskja seg til jul, kanksje?) er eit strålande verk. Eg kan ikkje hugsa om eg har skrive om den før, men den er verkeleg super. Eg tek den fram med jamne mellomrom - og særleg dersom eg har vore i ein ordentleg fiskebutikk eller bra fiskedisk utan å ha ein konkret plan for kva eg skal laga. Boka er inndelt etter framgongsmåte (kokt-stekt-bakt-gryte osb), og alle oppskriftene har med forslag til andre fiskeslag som fungerer til oppskrifta.

Og slik ser fiskeveka vår ut:

Måndag: Ovnsbakt steinbit med potet og gulrøtter.
Tysdag: Torsk i  raud karri frå fiskekokeboka - i risotto/grytevariant
Onsdag: Endå enklare ørretpanne med laks
Torsdag: Restar
Fredag: Sushilunsj* med barselsgruppa, fiskesuppe heime
Laurdag: Bacalo
Sundag: Det beste frå Ravnkloa som me skal kjøpa på laurdag.


Endå enklare ørretpanne med laks
  • Eit stykke fisk (laks eller ørret) pr pers
  • 1-2 store eller 2-3 små sjalottlauk
  • Ca 20-30 cm av ein slank purre
  • 1 beger lettrømme (eller seterrømme, creme fraiche, kesam….)
  • Olje til å surra i
  • Smak - eg brukte  1-2 ss fiskesaus og ein dæsj mangoedikk frå oliviers
  • Evt salt og pepper
Oppskrifta er inspirert av "enkel ørretpanne" frå Fiskekokeboka - men den inneheld blant anna kvitvin og fløte og det hadd eg ikkje. Eg las gjennom oppskrifta, lukka boka og gjorde dette:

Surra sjalottlauk og purrelauk i litt olje med fiskesaus og mangoeddik på ganske sterk varme slik at dei får litt farge og blir mjuke. 
Skrudde ned varmen og rørte inn eit beger lettrømme. Lot det koka inn litt. 
La i eit fiskestykke per pers og lot det bli gjennomvarmt. 

Serverte med kokte poteter. Det tok akkurat litt mindre tid enn det tok å koke 4 mandelpoteter, og det var GODT! Eg anbefaler til alle som likar fisk, likar purre og likar kjapp middag. 



*Sabrura sushi har moglegeins det dummaste namnet eg nokon gong har høyrd på ein sushistad, men den har fleire gode sider også: staden ligg midt på eit kjøpesenter, like ved amme&stellerom - og det er plass til mange barnevogner og babyar der. I tillegg har dei sushibuffet med masse deilig sushi + nokre varmrettar som satay-spyd og vårrullar til ein akseptabel pris. Og det synes eg er tommel opp!

søndag 28. april 2013

Anbefaling




Ai, for ei perfekt helg! Ei kulturell og variert helg med deilige ting i Trondheim.
Matkultur på bondens marked. Kafèkultur. Ølkultur på Antikvariatet (lenge). Og konsertar! Microtub og Trondheim Sinfonietta på Trondheim Kunstmuseum. Sivert på Antikvariatet.

Eg anbefaler alt. Eg anbefaler smør frå Torbuvollen. Ølutvalet på Antikvariatet, og dei fine sundagskonsertane (særleg når det er Sivert). Eg anbefaler konsertane på TKM, og landskapsinstallasjonen til Mariele Neudecker i årstidsrommet. Og heile utstillinga til Susanne Gottberg, den er vidunderleg. Eg anbefaler Bakklandet, på generelt grunnlag.


Og eg anbefaler denne oppskrifta, som eg fekk tilsendt av Martin. Oppskrifta på Bent Sæther sin Eggplant Parmigiana stod i Morgenbladet - og slik ser den ut:


Mer har nett ein variant av denne til ein sein søndagsmiddag. Nei forresten. Me inhalerte den nærmast. Vanlegvis når eg har bakt aubergine har det vore ein omstendeleg prosess der eg har delt den i to og bakt med olje på, sidan skrapa ut kjøtet og blanda i tomatsaus og pinjekjerner og sånt. Det er nesten litt flaut at eg har styra sånn med det, når den perfektige eininga mellom aubergine og tomataus har vore so enkel heile tida! Det er so enkelt, so perfekt og so deilig at eg blir rørt. Til og med utan mozzarella, men med vanleg kvitost som erstatning!



Tomatsausen eg laga var med ein liten, finhakka lauk, ein kvart finhakka kvitlauk, ein boks grovhakka tomater og ei stor spiseskei paprikasaus (ajvar). Den blei mild og fin, og fekk stå og småkoka heile tida medan eg gjorde auberginene til. 

Lag dette til middag. Seriøst, du vil ikkje angre. 

tirsdag 19. juni 2012

Middaglaging minutt for minutt - eit realitykonsept

Liveblogging! Noja, kanskje ikkje heilt, men det er i alle fall skrive undervegs. Klokka er 17.00, Henning er på veg heim og han har kjøpt steinbitfilet.

Eg har konsultert med kjøleskapet og internetten, og funne ut at eg skal steika den, moglegeins med pankosmular og i alle fall med masse krydder. So skal eg laga ein saus/stuing med sider, sennep og spinat. Og sitrontimian, sidan eg har ei stor plante eg knapt har brukt.

Men aller fyrst skal eg rydda kjøkenet dødsfort.

17.14. Okei, no er oppvaskmaskina tømt og fylt igjen, benken er rydda, og eg må berre tørka over benkeplata før eg går i gong med å reinsa spinat.






17.22. Henning er på bussen, og eg oppdagar at spinaten er frossen. Interessant.


17.32. Eg tok feil, Henning kom heim tidlegare enn eg trudde. Spinaten er ferdig reinsa, fiskefiletane er skylt og eg må ta stilling til kva eg skal gjere med resten av dei grøne på biletet eg tok pre-spinatrens.


17.35. Pepper, cayennepepper, paprika, køfteblanding og ein dæsj gurkemeie for the fun of it. Og panko-brødsmular. 

17.51
Broccoli, vårløk og spinat er surra i sennep og sider. Dei er møre og straks ferdige. Fisken derimot, som er steikt for kort på for lav varme sånn at pankosmulane kun er marinert i olje og ikkje blitt brune, treng å stå litt lenger i omnen før den er klar til å etast. 




18.00 No byrjer Dagsnytt 18. Eg er so svolten at eg er rastlaus. 

18.26 Takk for mat. Det var litt godt, men eg hadde ikkje hjartet heilt med då eg steikte fisken. Det tek eg sjølvkritikk for. No skal me drikka kaffi og høyra resten av Dagsnytt 18. 

Over og ut. 

tirsdag 5. juni 2012

Fjøsfestivalens Badstovesnute for Dugnadsfolk


En Suppe, kaldet paa Norsk Brændesnude

Det kokes en god sterk buljongsuppe med gulrøtter, persillerøtter og sellerirøtter skåret i terninger, noe syre og kjørvel og litt mel og smør. Denne suppen kokes inntil den er ferdig. I forveien har man kokte en utvannet røket oksekjøttpølse godt mør og skåret den i slike terninger som røttene sammen med noen tørkede epler skåret i strimler. Litt vineddik og sukker has på suppen. Når den nå har fått et opkkok, er den klar til anrettelse. 

For tida les eg eit praktverk av Henry Notaker, utgjeve i samband med OL i -94: Ganens Makt – Norsk
kokekunst og matkultur gjennom tusen år. Det er både artig og lærerikt. Eg har kome til 1850-talet, og so lang har det meste vore for kuriositetar å rekne, eller direkte traurig. Sild og velling? Kuriøst, men ikkje veldig freistande!

Boka inneheld mest fakta og historie, men også oppskrifter, sjølv om dei fleste er so lite detaljerte at dei er meir som antydande framgongsmåter å rekna. Og faktisk måtte eg lesa heilt fram til 1783 før eg fann ei oppskrift eg hadde lyst til å prøva, den over attgjevne Brændesnute, frå ei kokebok utgjeve i København av «spisemesteren ved St. Hans Hospital, Carl Müller. 

Den ville eg laga! Og eit passande høve baud seg raskt, då verdas finaste festival hadde dugnad kun eit par dagar seinare. Eit solid arbeidslag støypte fundament til badstova i fossen, og eg såg mitt snitt til å koka dei ei like solid dugnadssup til gjengen. 

Før kokinga gjorde eg litt research i andre kokebøker eg har for å samanlikna oppskrifter.  Henriette Schønberg Erken har kålrabi, potet og persille (ikkje -rot) i snuten sin. Tom Victor Gausdal har byggryn, neper og timian. Eg ville vera mest tru mot 1783- varianten, byta berre ut tørka eple med eit friskt eit, og hadde i øl sidan eg ikkje visste om buljongen eg hadde kunne kvalifiseras som «god». For 6 vaksne, herav 5 svoltne dugnadsarbeidarar og den siste ein berre litt svolten kokk vart det då slik:

Fjøsfestivalens Badstovesnute for Dugnadsfolk
7 mellomstore gulrøtter
1 sellerirotknoll
1 pk persillerot
3 ss smør
3 ss kveitemjøl
3,3 dl øl (ein liten boks), evt litt mindre
ca 2 dl vatn
2 stk vossakorv
1 eple
1 bunt frisk kjørvel



Eg byrja med å smelte smøret i ei stor gryte medan eg hakka opp røttene. Det er jo ofte eit poeng at slike grønsaksterningar skal vera so små og so like som mogleg - men det gidd ikkje eg. Eg forsøker å få dei omlag jamnstore so dei skal bli omlag like kokte, men det får då vera grenser på pirkearbeid! 

Røttene fekk surra i smøret, so dryssa eg mjølet over og rørte rundt so grønsakene vart dekt. 

Deretter hadde eg over ein liten boks øl og omlag 2 liter vatn og lot det småkoka til grønsakene vart møre. 

Pølsene skar eg i bitar og lot trekka med i omlag 20 minutt. Mot slutten skar eg eit eple i terningar  og hakka opp kjørvelbunten og rørte inn. 

Når so arbeidslaget kom frå skogen var suppa klar til servering, med flatbrød frå Rørosbakeriet og erterbrød til. Erterbrød har eg ikkje smaka før, men Henry Notaker skriv om det stadig vekk. Det er eit flatbrød baka på malte erter (ertemjøl). Ertesmaken er framtredande, og det gjekk på magisk vis utruleg godt saman med suppa! Gudbrandsdølen i selskapet var den einaste som hadde kjennskap til erterbrød frå før. 


Kjekke karar med breie ryggar. 
Eit godt, bondsk langbord.


Tilsmaking er viktig. Posering likæns.





tirsdag 29. mai 2012

4-ever pannekaker

Ein gong sat eg ved kjøkenbordet og skreiv i ei minnebok. Det var av den typen med ei lang rekke spørsmål ein skal fylla ut:
Personalia som namn, alder, adresse (= som før, opp ei trapp og inn ei dør*).
Interesser (lesing, vera med venner), Beste fag (norsk), verste fag (mate og gym), favorittmusikk (Ace of Base).......og ikkje minst: Yndlingsmat.

Eg hugsar heilt klart og tydeleg at eg sat ved kjøkenbordet og fylte inn ei slik bok. "Kosn stavast sjokolade" spurde eg pappa, som stod ved kjøkenbenken. Pappa svarte:
"sjokolade e ikkje mat".
Yoghurt kunne han hjelpa meg å stava då, so då blei svaret:

Yoghurt, spageti og pannekaker.

Pannekaker, denne røra av egg, mjølk og kveitemjøl, steikt, bretta i fire og lagt i den brune, eldfaste forma. Servert med blåbærsyltetøy, bacon eller sukker. Hjå Inga og Ragnhild hadde dei alltid ertesuppe før pannekakene, stort sett på tysdagar.

Det var vanskeleg då, men i dag ville det vore utruleg mykje vanskelegare å definera yndlingsmat på ei kort linja i ei minnebok. Det er vel gjerne derfor eg har laga matblogg?

Det hender framleis at me har pannekaker i klassisk stil til middag, altså blåbær og flesk. Men like ofte er dei laga etter slumpemetode og fylt med det som fantes i skapet nett då, gjerne som resultat av at middagskreativitetn er lik null. Som her om dagen, då fylte eg dei med ajvar, pesto og spinat, la dobbelt og gratinerte litt i omnen. Enkelt og godt. Og relativt kjapt. Hugs at tida går fortare om ein har eit radioprogram som selskap!


Forslag til pannekakefyll
  • ajvar (paprikasaus)
  • tomatsaus
  • pesto (fx heimelaga med brennenesle som her til høgre)
  • spinat, forvella eller stekt, gjerne med kvitlauk
  • bitar av skinke, fårepølse, anna kjøttpålegg hvis ein absolutt treng noko kjøt
  • ost sjølvsagt. All ost som er god smelta er god. Både inni og over. 
  • hummus
  • sopp, gjerne litt steikt på førehand
Og ikkje minst:

  • RESTAR! Nesten alt av middagsrestar, gryter, fisk , kjøt og grønsaker passer inn i pannekaker.  Ein må berre bruka litt skjønn og tenka på kva ein sjølv likar. Kokte poteter? Åjadda! Kokte grønsaker som er litt kjipe? Hakk dei opp, krydre godt, klæss i litt feta og pakk inn i pannekakene. Supperest? Hvis den er tjukk nok - kjør på. 

For variasjonar i røra går det an å eksperimentera med mjøl. Sjølv er eg glad i byggmjøl, og synes at rug blir litt heftig. Regulere kor tjukk røra blir med vatn/mjølk og evt egg.  Stort sett lagar eg røre etter kast i hop-prinsippet, og det blir stort sett bra. Feigingar og perfeksjonistar kan sjå her




* Apropos adresse. Her var det mykje rom for kreativitet, då absolutt alle i minneboka hadde den same adressa: 5640 Eikelandsosen, eventuelt E.osen dersom det var liten plass. Eller "Fjord`n" på slang. Dette var trass alt 10 - 15 år før gatenamn og husnummer kom til bygda. 

onsdag 16. mai 2012

Soyasnerk

Kan eg freista med litt soyasnerk? 


I fleire innlegg har eg skrive eit og anna om vegetarisk mat, og i innlegget om Linda McCartney si kokebok skreiv eg litt om dei snodige produkta ho nemner. TVP, soyaprotein og so vidare. I mi jakt på slike vart eg tipsa om matvaren bean curd. Dette kom me over på Bamboo, den flotte asiatiske butikken på Tiller. 

Internettet, nærare bestemt Serious Eats, kunne fortelja meir om dette rare, blanke produktet som utgjer seg for å vere næringsrik og velsmakande mat. Der kunne eg læra at bean curd, som også vert kalla yuba eller tofu skin, er eit biprodukt som oppstår når soyamjølk vert varma opp. Då danner det seg ein film eller ei hinne på toppen, ei hinne som kan løftast av og tørkast i ark eller "pinnar".  Med andre ord: tørka og størkna snerk.  Og ja - eg veit at eg kanskje ikkje sel det inn som særleg delikat med det ordvalet.  

Me har prøvd oss litt fram og har "red-braised" eller kokt den i lake eit par gongar, etter framgongsmåten i lenka over.  Yubaen treng å bløytleggast litt før den brukast, eg har lese alt frå 6 - 12 timar. Me prøvde begge delar. Det er mogleg det er ein skilnad på kor metta yubaen blir på fuktigheit. Den som hadde lugge lengst i bløyt tok nemleg til seg litt mindre smak enn det fyrste forsøket som hadde fått halvparten av timane.  Greit å vita at begge deler funkar - då er det jo nok å legga yuba i bløyt om morgonen før ein drar på jobb for å få den klar til middag!


Etter bløytlegginga skviste me vatnet ut av greiene og delte opp i mindre bitar som me kokte i ein lake som inneheld soyasaus, flytande røyk, mango-eddik, ingefær, kanelbark, stjerneanis, tørka chili, kardemommekapsel og nett litt sukker. Og so fylt på med vatn til det dekka yubaen. 
Dette får simra på komfyren i halvtime-time, til det har tatt smak og blitt raudbrunt i fargen. Då kan det berre kuttast opp i endå mindre bitar om ynskjeleg, og er klart til å tilsetjast det du har gjort klar. 

På biletet over hadde eg kokt ris, røresteikt broccoli, fersk rosenkål og aspargesbønner. So blanda eg saman ris, yuba og dei grøne greiene, og serverte det heile med finstrimla hovudkål som vart steikt i litt (nei, ganske masse eigentleg) soyasaus. 

Her laga eg risotto med lauk, gulrøtter og bladpersille. Heilt til slutt hadde eg ferske miniasparges som akkurat fekk bli litt varme.
Her er restane frå den over. Dei steikte eg og hadde i nokre nevar med fersk spinat. For å drøya litt knakk eg i eit par egg. Me serverte med fetaost. Nam. 
I det heile tatt - ein velsmakande og allsidig ingrediens. Ein må nemleg ikkje servera den i variasjonar over steikt ris eller risotto, sjølv om det var fantastisk godt. 

tirsdag 31. januar 2012

Flott fisk

Dagens oppskrift er ein vinnar. DU HENDELSE FOR EIN GOD MATRETT!

Fyrst, bakgrunnen: På laurdag kjøpte eg ein bukett friske rosmarinkvistar på Middelhavet, ein av favorittbutikkane mine i Trondheim. Eg trong fersk rosmarin til å stappa inn i ein kylling. Eg brukte fire stilkar i kyllingen, og so hadde eg 30 att. Det er omlag 30 fleire friske rosmarinkvistar enn eg bruker å ha på kjøkenet.

Men heldigvis for meg kunne kom eg over ei heilt fantastisk oppskrift med rosmarin. Christopher Sjuve, som eg likar på facebook, inkluderte denne oppskrifta i vekesmenyen sin, og eg lot meg freista. FLAKS!
Innebygginga vart litt dustete, men det går an å trykka på biletet for å få fram oppskrifta i eit nytt vindauge der det ikkje er skrift på skrifta.



Eg hadde ikkje noko egg, men eg skylte filtane og lot dei vere fuktige, og når eg dytta på nøtteblandinga med hendene hang det bra fast. Det som datt av, og resten som var att på tallerkenen, steikte eg litt lenger og helte over porsjonane våre til slutt.

Me serverte denne fantastiske fisken med ei krema potetstappe med olivenolje og fløyte, og med nokre grønnsaksrestar som stod i kjøleskapet.

Kjøp torsk. Hakk nøtter, rosiner og rosmarin. Steik i smør. Bli glad.



mandag 23. januar 2012

Eit sukk, ein song og dagens middag

Eit sukk: Fuglematen som eg laga og hang ut i tunet er urørt. Er det ikkje småfuglar her ute på sletta?


Ein song: Sigrun and the Kitchen Band; the kitchen song. Det er ein lys og lett song som passar til våren eg lengter veldig etter. Og ein kjøkensong må jo berre passa i ein matblogg!



Dagens middag: Juksekørri

Curry. Kurri. Kørri. Det går an å laga eigne krydderblandingarr, eller eigen currypaste. Kurripasta.  Men eg har eit glas med grøn currypaste i kjøleskapet, og det har stått der LENGE! So dette er ei oppskrift på ei sunn, vegetarisk gryte. Det er mykje meir heimelaga enn ei gryte laga på pulverpose, du kan tilpassa den etter kva du har i (kjøle)skapet, og med mindre du er fullstendig utsøkt raffinert i smaken vil det vera ein veldig god middag. Det einaste som krevst av kunnskaper er evna til å sjå kor mykje væske som trengs. Det kan alle. 

Varm opp 1-2 teskeier kurripasta med litt olje.Ha oppi kutta grønsaker etter ynskje, smak og kva du har i huset. I dag brukte eg:
  •  ein bit sellerirot, omlag 1 dl opphakka
  •  ein mjuk, litt stor jordskokk
  • ei middels stor gulrot
  • ein liten lauk
  • ein paprikarest
  • ein strimmel saltsylta sitron, eller ein dæsj sitronsaft
Dette fekk surre litt i olje & pastaen, før eg hadde oppi
  • ein boks kokosmjølk
  • litt brun quinoa. Eller ris hvis ein heller vil ha det. 
  • kikerter, bløytlagde og kokte, eller ein boks ferdigkokte



Og so får det småkoke til alt er mørt og kikertene gjennomvarme. 10-20 minutt ville eg sagt, quinoaen treng i alle fall 10 minutt. Hell på meir vatn hvis det blir for tjukt. Hvis ikkje ein har eller vil ha quinoa i går det an å ha ris oppi, eller på sida. 

Eg var veldig nøgd med å ha quinoa i kurrien, det var veldig godt å ha noko litt knasande, kornaktig i lag med alle dei møre grønsakene. Litt bitt, rett og slett. Noko eg derimot ikkje var so nøgd med var den der jordskokken. Eg har prøvde nokre gongar i ulike former, og lurer på om eg er nøydd å konkludera med at ikkje er so begeistra for jordskokk. Søren, altså!


torsdag 15. desember 2011

15. desember

Gratulerer med dagen. Det var nett ei sak på radioen om kundar som besvimer inne på handlesentra pga lavt blodsukker, stress og varme. Eit handlesenter på Gjøvik har faktisk starta ei eiga utrykningsgruppe som skal ta seg av dei som besvimer, og ambulansepersonell informerer om at dei fleste som kjem inn når dei har uvita har drukke for lite vatn eller ete for lite. Ja, og so går dei inne med alt for varme utejakker.

Då himler eg med auga og føler meg enno smartare.

Smartare, fordi eg ikkje går i saueflokk for å handla akkurat samstundes som alle dei andre.
Smartare, fordi eg lagar heimelaga julegåver, blant anna slike som kan etast.
Smartare, fordi eg lagar deilig middag som gjer at blodsukkerstemninga er på topp.

Dagens blogg handlar om to ting: Rosenkål og brende mandlar, kvar for seg.

mandag 12. desember 2011

12.desember

Det er ikkje utsjånaden det kjem an på!

Eg har alltid lyst til å invitera til juleverkstad, for det er so triveleg! Det er ikkje alltid det blir, men i år blei det, heldigvis. Og for den som trur dette skal bli ein slik skrytepost der eg med falsk beskjedenheit skal visa kor raus og gjestmild og flink og kreativ eg er - nei. 
Foreksempel lagde eg berre ein ting sjølv på juleverkstaden, og det var ei heilt vanleg julakorg. Eg virra fram og tilbake, høg på livet og på planene om dagens måltid: Graut (av grautris, sidan det er både stiligare og betre - og ikkje minst akkurat like enkelt som posegraut)

Det er så jovialt! Det var til og med eit barn med!

Utover kvelden vart juleverkstaden til eit juleselskap, med mindre gløgg i vinen, mindre glitter og limstift, men like god stemning. Sidan gjestane var der heile dagen tenkte eg det var på sin plass med litt nattmat, og eg hadde bestemt meg for å laga Kapustnica, ei heftig suppe som er julaftensmiddag i Slovakia. Surkål, pølse, skinke og bacon? Veldig bra nattmat. Eg går ut frå at det gjeld Kapustnica som det gjeld lapskaus/betasuppa (eller sodd for den del) her i landet: at det fins like mange variantar som det fins familiar. Eg kunne jo sjølvsagt ha gått for denne utvida oppskrifta her , med heile epler og store kjøtstykke  i ei suppe berekna til 50 porsjonar - men eg gjekk for ein litt enklare variant. Snøgg-suppa, rett og slett. Frå eit spørsmål om mat vart ytra til suppa var klar gjekk det kanskje ein halvtime eller noko. Eg var kanskje ein smule bekymra for om det kom til å vere noko godt (surkål-suppa??), men då den fyrste gjesten tok sin fyrste smak og utbraut: "Dette var kjempegodt!" forstod eg at eg har kome over ein stayer. 


torsdag 3. november 2011

Ratatouille a la Rottatouille







Sidan eg er ein treigas av ein matbloggar er det godt eg har lesarar som følger oppmodinga om å ynskja seg tekst til bileta. Gislaug har spurd om forma med squash, aubergine og paprika, og det skal ho straks få svaret på. Men aller fyrst: Sjå på denne handlinga!



Er det ikkje direkte SYNDIG?
Det var ei handlekorg med berre kjøt; kyllingfilet, indrefilet av svin og ein mørbrad av storfe, og ost; jarlsberg, cheddar, port salut og ridderost.

Og alt er til eit einaste måltid, nemleg vår eigen variant av den sveitsiske eller franske spesialiteten Raclette.

Bakgrunnen for gildet var at foreldra mine kom til byen. Då inviterte me syster mi og svigers på ein soiree med kjøt og ost i hovudsetet. Det er sjeldan me et raclette, særleg sidan det faktisk er svigermor og ikkje oss som eig eit raclette-jern, men det er ikkje so ofte ho tek seg bryet heller. Men no skulle den til pers!

Vanlegvis bruker svigermor å skjæra opp grønsaker som blant anna lauk, paprika og sopp som også kan grillast på racletten, men sidan me vart 7 til bords ville det teke tid og ikkje minst brukt opp plass der kjøt burde grillast, so eg tenkte at me burde ha nokre ferdig tilberedte grønsaker. Og inspirasjonen kom frå ein film. Ver merksam på spoiler-alert dersom du ikkje har sett filmen, men kan tenka deg å gjera det seinare:



For ein fabelaktig film! Og for ein freistande matrett! Eg forstod ganske umiddelbart at dette var det riktige grønsaksfølget til kjøt og ost-orgien på vår vesle soiree, og googlinga kunne starta. Ikkje overraskande var det hjå gode, gamle Debbie at eg fann inspirasjonen eg trong, og dette er det ho skreiv:
"I can`t believe how well this worked out. I also can`t believe I cooked a cartoon dish created by an imaginary rat. But I can believe I´ll be making this again tomorrow, because it`s delicious, seasonal, and an incredible cinch to make."
Eg veit ikkje heilt kva "cinch" betyr, men eg var overtydd likevel.  So her er oppskrifta på mi

Ratatouille a la Rottatouille og Debbie

1/2 lauk, finhakka
2 kvitlauksfedd, hakka
1 boks grovhakka tomater
2 ss tomatpure
1 ss olivenolje
1 aubergine
1 squash 
1 raud paprika
olivenolje
timian
salt og pepper
  • Set steikeomnen på 190 grader.
  • Mos tomatene med stavmixar, bland i tomatpure. 
  • Bland inn finhakka lauk og kvitlauk.
  • Hell alt dette i botnen av ei eldfast form. Det går forøvrig sikkert an å blende lauk og kvitlauk inn i sausen hvis ein vil ha ein smooth tomatsaus, men det trengs ikkje. 
  • Skjær alle grønsakene i fine ringar.
  • Legg grønsakene lagvis i ein flott spiral. Trikset for å oppnå det mest estetiske resultatet her er om grønsakene ein har funne er omlag like tjukke. Eg fann ikkje det, og hadde feit aubergine og feit paprika, men det gjekk bra likevel. Skvis grønsakene ned i sausen.
  • Dryss olivenolje, timian og salt og pepper over.
  • Set forma i omnen og la bake i 45 - 55 minutt, sjekk når det nærmer seg 45 minutt. Når grønsakene er møre og tomatsausen boblar opp over dei er det ferdig. 
Debbie gjer eit par ting eg ikkje gjorde, som å skjæra opp grønsakene på ein mandolin (kjøkenreiskapen, ikkje instrumentet) og å dekka forma med bakepapir. To sikkert nyttige tips, som likevel ikkje er heilt naudsynte. 

Raclettegildet vart ein formidabel suksess. Det kan vel knapt gå an å ta feil med ei slik mengde kjøt og ost, og ratatouillen var eit supert følge. For å sei det slik: Det vart spurd om oppskrift. 

Klar, ferdig....
Dig in!
PS. Hvis du vil lesa noko fint om filmen Rottatouille, so lika eg skikkeleg godt denne teksten frå NY Times

mandag 29. august 2011

Moqueca de peixe - fyrste forsøk

Då eg var 15 reiste eg til Salvador, Bahia, Brasil med CISV, ein ferie-utvekslingsorganisasjon for born og ungdom. Me var 8 norske og 8 brasilianske jenter i alderen 13-16, og det var 5 veker med intens vennskapsbygging, intrigemakeri, noko turistaktige opplevingar og innsikt i heilt vanleg øvre middelklasseliv i Brasil.


I går var eg litt høg på livet då eg skulle legga meg, og i staden for å sovna låg eg berre og tenkte på Brasil, og då særleg den brasilianske maten. Sære ting, som heile, friterte små krabbar (som eg trur heitte siri) og ein sjømatsalat med små tentaklar som gjorde meg skeptisk. Tunge ting som feijoada eller acaraje, der det fyrste er ulike typar kjøt og bønner og det andre er friterete bønne- og rekebollar. Eller farofa som eg sølte ned i utringinga på julaften. Heldigvis er det berre eit tørt, noko grovkorna mjøl - so eg reiste meg berre diskret opp og rista det ned på bakken, heile vegen inni kjolen (me var ute).

Og so var det ikkje minst søte ting! Som brigadeiro, deilige sjokoladetrøflar. Eller is i alle typar.  Men det aller beste brasilianske matminnet er uansett dette: Moden, saftig og søt mango rett frå treet, på bassengkanten i hagen til Luiza.

onsdag 2. mars 2011

Det som tel

Det er ikkje utsjånaden det kjem an på, er det vel?



Dei fleste saker har mange sider - og sånn er det også med maten. Kva side ein legg mest vekt på varierer. Skal det gå kjapt? Skal det vere fettfattig/lavkarbo/gi-whatever? Skal det smaka så godt at ein blir litt kåt av det? Eller skal det vera billig? Vegansk? Økologisk bærekraftig?

Det går ikkje an å sei at denna middagen var særleg estetisk, men her er eit par supre grunnar for å laga den (og ha den til middag to dagar på rad):
Sunt
Smakfullt
Billig
og med dei riktige valga kan den bli ganske bærekraftig!

Konseptet er velprøvd og gamalt, og kan nesten ikkje slå feil, og her er "oppskrift":

Lauk, kvitlauk, chili (og knuste korianderfrø) surra i olje. Gurot, selleri, potet i bitar, ha i. Kokte kikerter. Kjøt? Det er ikkje naudsynt, men sidan me hadde ein kyllingfilet delte eg opp den.
Og so, det magiske trikset: Garam Masala-paste med kanel og ingefær, eit par-tre teskeier var nok for oss.


Med heimekokte kikerter og basicgrønsaker blir det billig og sunt.
Og det kan jo passa bra til tider!

lørdag 29. januar 2011

Fredagsmiddag



Det er ikkje berre det kreative, fancy som kan skapa gode matopplevingar. Det er minst like tilfredsstillande å hiva ein fiskegrateng inn i ovnen og setja eit par gulrøtter kvar på kok. For då kan eg sløva i sofaen med eit glas vin til middagen er klar og likevel få noko godt. Ikkje like godt som heimalaga, men godt nok.

fredag 7. januar 2011

Favorittsalat

Dette er ein salat eg spår at eg kjem til å tilbringa mykje tid saman med i 2011. Ikkje fordi det tek so lang tid å laga den, men fordi eg har lyst til å laga den ofte. Herregud, for det er i sanning ein fabelaktig salat!


Salaten har følgande ingrediensar:
Bladpersille - omlag ein bunt
quinoa
granateplefrø
vårlauk
agurk
tomat
eventuelt fersk chili

Ei oppskrift skal jo helst innehalda litt mengdeanvisningar. Men eg er ganske dårleg på det - og særleg i ein salat! Då er det best å sjå det an etter kva ein har og likar. Meneg kan vel anslå følgande: ein middels stor bunt bladpersille, frøa frå 1 granateple, omlag 2 dl quinoa før koking (og den kan godt avkjølast litt før blanding), eit par tomater, ein halv agurk, 2-3 vårlaukar. I dag hadde eg litt tørka mynte oppi salaten og serverte med yoghurt naturell & fetaost til. Det var godt!


I dag hadde me denne salaten til kvitlauk- & chilli-marinert kylling og bakt søtpotet. Åh, det var ein hit!

torsdag 19. august 2010

Våre bønner er høyrde


Me serverte bønneburgarar av svartaugde bønner. Tilbehøret var hoummus, tsatsiki, ris med quinoa og kålsalat med skogsbæreddik.
Oppskrift på burgarane var lett inspirert frå internettet, eit googlesøk på "bean burgers" eller liknande. Om eg ikkje hugsar feil hadde me sopp, lauk, blomkål og brokkoli i dei. Internettet var kjelde for enno ein smart dimensjon ved denne middagen: at alle burgarane var like flotte og runde. Tipset snappa eg opp frå foodgawker, men eg fann ikkje lenka nett no. Uansett: Takk, ukjende amerikanar, for tipset om å forma burgarane i eit syltetøyglaslokk! Med litt plast mellom trykte eg farsen nedi lokket, og ut kom perfekte, unisone bønneburgarar. Det var gøy.






Det var ein suksess, rett og slett.

torsdag 24. juni 2010

Shakshuka, I love you

Det er politikken og krigen, ikkje landet og kulturen me skal boykotta, om noko skal boykottast. So eg lagde SHAKSHUKA sjølv om det er frå Israel. Men nok om det, og meir om shakshuka.



For ein middag! For ein matrett! Det er noko so enkelt som ein god tomatsaus med lauk og kvitlauk og sånt. Når sausen er ferdig knekk ein so mange egg som ynskjeleg (1-2 per person) rett i sausen og lar dei posjera der. Servert med feta og hakka bladpersille er det rett i himmelrik!
På det neste biletet har eg skubba sausen til side og avdekkar den halvstivna eggeplomma.



Eg brukte i hovudsak oppskrifta frå Smitten Kitchen, men eg hadde raud paprika og ikkje grøn (og eg trur det blei finare og raudare. Eg likar ikkjo so godt kokt paprika heller, so det var best å ikkje kunne skilja den frå resten). Og so gløymde eg meg og hakka kvitlauken, men det tyder vel ikkje so mykje.

Eit enkelt søk på foodgawker gjer eit par resultat til, men skilnadane er ikkje so avgjerande. Og dessutan vart denne varianten eg laga (og som eg laga på ny ei veke seinare) så fabelaktig deilig at eg ikkje vil prøva anna uansett.

Grøda
Det aner meg at krydderet til venstre på dette biletet, pimenton picante har ein seriøs finger med i spelet for å gjere meg so hinsides lukkeleg av å eta dette enkle, men deilige måltid. No er boksen snart slutt, og det gruer eg meg til.