torsdag 1. januar 2015

Soff gottinår, nyta mi!



Me bestemte oss for å invitera nokre vener og feira nyttår. Og me bestemte oss for å steika ein heil kalkun. Det hadde me jo aldri gjort før, so det måtte då gå bra. Og det gjekk faktisk so bra at den eine gjesten meinte det var det beste kalkunmåltidet han hadde smakt. Hurra!

I intervju med ordentlege kokkar om kva tips og råd dei vil gje for å lukkast på kjøkenet seier dei ofte at det er lurt å ha alt klart på førehand og rydda undervegs. Det har eg knapt gjort før i heile mitt liv, men når ein legg opp til middag & dessert for 7 personar samtidig som ein skal pakka ut av to koffertar, vaska heile leiligheita og vera med ein baby som ikkje synes det er naudsynt å sova lenger enn 20 minutt i slengen - då har ein ikkje anna val enn å vera godt førebudd.

So heile dagen vart delt inn i førebuings-, rydde-, luftetur-, og fullføringsfasar. Og det gjekk som ei kula! Det einaste eg ikkje rakk var å vaska håret, men det gjorde ikkjo so mykje. Sidan maten var klargjort og førebudd over fleire rundar hadde eg også fått vaska opp og rydda undervegs, so då gjestene kom var det faktisk ryddig på kjøkenbenken bortsett frå eit par ting som måtte gjerast ferdig rett før servering.
Og midt på benken: Ein stor, flott kalkun.


Kalkun:
Kalkunen, frossen, vart kjøpt inn 21. desember, og lagt inn i det kaldaste kjøleskapet vårt for å tina sakte der og vere klar til nyttår ei veke etter.  Me visste ikkje kor mange me kom til å bli, max 10 trudde me, so eg kjøpte ein fugl på nesten 8 kilo.

Då me kom til Trondheim att dagen før dagen tok me fuglen ut og sjekka om den passa i steikeomnen: Det gjorde den. Puh.
Inspirert av Nigella la me heile greia i ein balje over natta og fylte balja med ein snedig lake. Me mangla det meste av det Nigella sa me skulle bruka, so Henningen laga sin eigen vri: Masse salt, mange halve klementiner, anis, nellik, kanelstang - og eit par desiliter ublanda gløgg.
Laken skal visstnok gjera kalkunen både saftig og smaksrik - men eg er usikker på om det er nok med berre ei natt.

Eg hadde lese masse om korleis ein kan unngå at fuglen blir tørr, og testa ut eit par tips.
Fyrst: bardering. Eg løsna skinnet over brystet og lirka inn eit lag bacon.
Deretter stappa eg fuglen med 10 halve klementiner.
Tilslutt la me fuglen i langpanne, krydra, og la eit kjempestykke smør* på toppen. Oppå la eg ein fuktig kjøkenhandduk før eg helte appelsinjus i forma og ein liten boks øl over heile greia.

Poenget med handduken hadde eg lese om på internettet. Den skulle halda fuglen fuktig og hindra at toppen, brystet blir tørt før låra er ferdig. Duken skulle haldast fuktig ved jamnleg ausing, men me gløymde ut å ausa mot slutten, so den vart ganske tørr. Under var skinnet brunt og crispy.

Funka desse triksa? Tja. Smaken var fabelaktig, men kjøtet vart litt tørt her og der likevel. Men det gjorde ingenting, for me hadde nok av saus. Og for ein saus!

Saus:
Kvelden før kokte me kraft på innmaten som låg i ein pose inne i fuglen: hjarte, krås og lever.
Neste dag hakka eg opp masse champignon, steika og blanda i. Då me tok ut fuglen blanda me i sjya frå langpanna. Rett før servering kokte me sausen opp og lot den småkoka i 5 minutt, før me hadde i fløyte og masse grovhakka bladpersille. Smakte til med salt og pepper.
Det blei omlag ei liter saus, feit og lekker. Og dødsgod.

Søtpotetmos:
Søtpoteter, 5 vanlege poteter, 3 lange gulrøtter. Eg skrella og delte opp grønsakene på morgonen, og lot dei ligga i vatn til koking. Ein time før gjestene skulle koma kokte me dei til dei var so møre at dei (i alle fall søtpoteten) nesten gjekk i oppløysing. Då helte me av vatnet og lot det dampa nesten tørt før eg moste med smør* og fløyte. For ein glatt konsistens avslutta eg med ein runde med stavmiksaren.

Rosenkål med dijon:
Denne rosenkåloppskrifta er ein schlager frå Debbie (signe deg, Debbie!) på Smitten kitchen. Rosenkålen vart reinsa og steikt om morgonen. Like før servering blanka  Henningen ein finhakka sjalottlauk og blanda med sennep, creme fraiche og kvitvin til ein saus. Rosenkålen kom opp i sausen og fekk eit kjapt oppkok.

Tranebærsyltetøy:
Eg såg posen med ferske tranebær på meny då eg handla inn, og slang den med. Det skal jo trass alt vere "cranberry sauce" med til ein trad amerikansk kalkunmiddag! Ved litt søking på nett oppdaga eg at sausen er meir syltetøy enn saus, so eg kallar den for det. Igjen var det favorittamerikanaren min (i bloggverda i alle fall) som stod for inspirasjonen, men eg fulgte ikkje oppskrifta slavisk. I staden hadde eg posen med ferske bær i ei gryte og kokte opp i lag med 4-5 grovhakka fiken, eit par spiseskeier brunsukker og ein dæsj marsala (italiensk dessertvin eg har lært om frå Nigella). Det fekk småkoka i omlag 25 minutt.

* Da einaste so e ber`enn smør er meira smør.
Arne Brimi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar