Viser innlegg med etiketten drink. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten drink. Vis alle innlegg

søndag 28. april 2013

Fredagsfiesta

Eigentleg fekk eg berre lyst til å laga masse deilig mat med smak av chili, lime og koriander, so på fredag inviterte me nokre vener på ein aldri so liten meksikansk fiesta. Kanskje litt inspirert av våren som kjem med løfter om ein sommar?


På bordet stod eit grillpannegrilla stykke storfekjøt, klassikarane jordbærsalsa, pico de gallo, quesedillas, ein snill og mild guacamole med masse rømme, ei skål plain rømme, sylta jalapenos, sylta chipotle frå boks og chilisaus. I tillegg hadde me ein stor bolle nachos slik at restane kunne nytast som dip utover kvelden.

Inspirert av melon på tilbod på rema miksa eg opp ein søt og forfriskande vannmelondrink som passa godt til,  og  to nye rettar frå juksebenken.


Alvorleg god feta & jalapeno-dip
  • Fetaost. Eg kjøper fetaost i runde boksar på tahir market i Trondheim. Tre halve rundingar frå boksen tilsvarer ei mengd på ca 2-3 slike firkantar som ein finn på vanlege butikkar.  
  • 2 kinesiske kvitlauk (utan fedd)
  • 2 sylta jalapenos
  • 1 grilla vanleg chili
  • raspa skal av ein halv lime
  • safta av ein halv lime
  • olivenolje
  • salt og pepper
Skrell kvitlaukane og pakk inn i folie. Set under grillen i steikeomnen på 200 grader til dei er mjuke.
Legg chilien på folie ved sida av kvitlaukane. Snu når svart og grill andre sida og. Ta ut når den er ferdig grilla, pakk inn i folien og la ligge litt.

Krumle opp fetaosten bolle, og rasp limeskal over. Klem over safta. Finhakk jalapenoen.
Opne pakka med chilien. Dra av skalet, skjær eit snitt i kjøtet slik at du får tatt ut frøa. Finhakk.
Når kvitlaukane har kjølna, skvis dei over blandinga. Ha alt i bollen og bland godt. Ha i litt olivenolje til konsistensen blir jamn. Smak til med salt og pepper.


Bønnesalsa
  • Ein boks kidneybønner
  • 2 modne avokado
  • Ein liten lauk
  • Eit par-tre tomater i terningar, grav ut innmaten og kast.
  • Hakka paprika
  • Ein liten boks maiskorn (avsilt)
  • Ein god neve grovhakka koriander
  • Finrive skal og saft av ein lime
  • Finhakka raud chili
  • Salt og pepper
Alle mengder er  rettleiande. Bland alt i ein bolle. Smak til med dei fire siste ingrediensane. La det gjerne stå ei lita stund so smakane kan blanda seg, til dømes medan du lager:


Vannmelondrink

Skjær ein skalk av ein liten vannmelon og spa ut fruktkjøtet og ha oppi blenderen. Det er lett å få ut innhaldet med ei isskei. Mos kjøtet, og ha alt i ei sil. Eg silte oppi ein bolle. Blend gjerne med is for å få det kaldt. (Eg hadde kokt opp ein liten sirup med sukker, vatn og appelsinskalremser, men eg trur det var ganske overflødig - lite smak av appelsinen, og vannmelon er søtt nok i seg sjølv). 

Ha i vodka etter smak, rør rundt og server. Gjerne i det uthola skalet, helst då med paraplyar og sånt, for ein herleg syden-feeling. Drinken var forfriskande og mild, som kompensasjon mot den hotte maten, og hadde ein herleg rosa farge. Ei sommardrink!


Det funker som restemat til frukost og!

mandag 16. juli 2012

Verdensteatrets Magiske Dunderhonning

Operasongarar, repetitør og instruktør kjem sigande inn frå låven klokka 22. Det same gjer arkitekt og byggesvein frå skogen, der badstova no er panelkledd og snart klar for å bli  inntatt av Hjorth og andre festivaldyr.

Og då står me klare på kjøkenet, operalysmeister Eirik og eg.






 Eg har laga vaflar og Eirik har kokt Verdensteatrets Magiske Dunderhonning. Flott namn? Flott drikk! 






Prinsippet bak magien er ganske enkelt. Du tek ganske enkelt to ingrediensar som ein i utgongspunktet ikkje trur har noko med kvarandre å gjere, og so gjer du noko heilt uventa med dei.
I dette tilfellet: Hell 1,5 liter cocacola i ei gryte. Skrell og del ei ingefærrot i store bitar og ha oppi brusen. Kok. Dess lenger det kokar, dess betre seier Eirik. Server varmt. 

Dette har Verdensteateret visstnok lært i Kina, mest truleg av ein vis mann. Drikken er søt og sterk, og alle operasongarane syntes det kjentes ut som den er veldig god for stemma.

Ein annan vis mann skreiv ein gong at katten er varast i garden. Katten her heiter Arne Næss, og eg er jammen ikkje heilt sikker på om han har blitt særleg var enno. Førebels er han ein leiken, pubertal kar, som jakter på føtene våre under bordet og likar seg best der det er nokon han kan leikebita i fingrane eller gå i vegen for på anna vis. 

  

lørdag 12. mai 2012

Skamdeilige drink

Ida bur i Stavanger, og i helga er Ane og eg på besøk.

I går var me ein tur på Jæren, me skulle på konsert med Benedicte Maurseth og Åsne Valland Nordli på Obrestad fyr. For ein kveld det vart! Både omgjevnader og musikk var heilt spesielt vakre, og ute suste vinden. Det var ei utruleg flott oppleving, av den typen som får det til å kjennast som ein bruker ord som fantastisk, flott, vidunderleg og liknande alt for ofte, for då er det ingen ord att for særskilde høve. Slik var det på Obrestad fyr på fredag. Hjartet vart so stort, og eg tenkte på besten som var so glad i hardingfela og tårene trilla. 


Fint fyr, flott konsert

I dag har me spasert i Stavanger by, i frisk bris og solskin. Ida og Ane var meir eller mindre villige modellar til å rekonstruera den romantiske løvblåsar-scena frå ein viss lokal film frå 2001. Me åt sein lunsj med eit glas vin på Food Story (ein fabelaktig stad! Meir om den seinare). Og no slappar me av med panoramautsynet til Ida, Monica Zetterlund på anlegget, og ein forfriskande drink i handa.




Idas skamgoe drink

Like delar sprit og hylleblomstsaft.
Isbitar
Club soda 

Halve skjever av sitron og lime.
..og eit avklipt sugerør.

Ida har laga hylleblomstsafta sjølv, frå blomar i hagen. Heldige Ida som har svarthyll i hagen! Ida lagar drinken stort sett med vodka med grapefrukt, og det var skikkeleg godt. Eller skamgodt, som ein jo må sei når ein er i Stavanger. Men den funker nok med både gin eller vodka eller kva ein vil, det einaste Ida vil fråråda er å laga den med Indian Tonic i staden for club soda - det vart bittert seier ho.
Til sommaren ser eg for øvrig for meg at agurkskjever eller blomar av borago kan vere fint som pynt.
 Dette er den nye yndlingsdrinken vår! Eg skal prøva den med den billige (men noko syntetiske) hylleblomsafta dei har på IKEA, med mindre andre har tips om kor ein kan finna ei ordentleg god saft. Elles er det berre å leita etter svarthyll i Melhus og omeign!

TURISME