Viser innlegg med etiketten kortreist. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kortreist. Vis alle innlegg

mandag 25. februar 2013

Slik ein sik!

Då eg kom inn døra heime etter ei hard treningsøkt (ja, faktisk!) i kveld visste eg ikkje kva for ei delikatesse som venta meg. Eg forstod det heller ikkje då eg fekk auge på den heller.


Denne fisken har lugge vakuumpakka inst i det kaldaste skapet sidan før jul. Det er ein varmrøykt sik frå Femundfisk som var ein del av den fabelaktige matpakka Henningen fekk i julepresang frå jobben. Heil, tradisjonsrik, rett og slett flott.  

Me har ikkje snakka so mykje om den fisken før, og no skal eg koma med ein innrømmelse som eignentleg er litt flau: Eg var litt redd for den fiske.  Eg trudde nok den kom til å vere god, men eg grua meg litt til å ta den fram. Kanskje  kom til å vere litt tiltak å reinse den. Kanskje er den ram og tilvenningskrevjande som rakfisk? Kanskje kryr den av mjuke små bein, som nubbesild? Alle desse tinga er sider av fisk som gjer meg litt feig. Fiskefeig. 

La oss sjå litt meir på han:


Lekkert dandert på serveringsfat, med rå lauk og lekker kålrabistappe. Alt var klart då eg kom heim frå trening, og eg var skrubbsvolten. 

Vakuumpakka var opna.

Det var ingen veg tilbake. 

Eg tok kniven fatt, og byrja å reinse av skinnet. Skjela var intakt, og skalet viste seg å gå lett av i store, stive flak. Under openberra fiskekjøtet seg, med kvit og rosa farge som minna om rakfisk men med fast kjøt. Den var rett og slett fastare i fisken (hø, hø).


Og smaken? Nydeleg! Ikkje for salt, ikkje for røykt. Rett og slett ein mild og snill og nydeleg røykt fisk.
Kombinasjonen mellom den fine røyksmaken, den milde og deilige kålrabistappa og skarp rå lauk var rett og slett fabelaktig. Eg kunne nesten ikkje kontrollera superlativa.


Slik ein sik har eg vel aldri smaka før! For ein flott fisk! 





So finn du ein heil, varmrøykt sik frå Femundfisk veit du kva du har å gjere.

lørdag 19. mai 2012

Rabarbra Anita

Har du rabarbra i hagen? I so fall er du heldig. Eg har ikkje, men heldigvis har eg tilgong -  i hagen til søstra mi og i hagen til naboen til søstra mi. Sistnemnde er ei gamal dame med fin hage og enorme rabarbrabuskar som ho ikkje plukker sjølv. Dette visste eg om, so eg mota meg opp og ringte på og spurde om eg kunne få ta eit par stilkar. Eg tilbydde også å koma tilbake med eit glas syltetøy eller noko, men det ville ho ikkje. Det viste seg at grunnen til at ho ikkje bruker rabarbraen sin lenger fordi ho ikkje toler so godt syra!



Då eg var 4 fekk eg ei kålhovedåkka, eller cabbage patch kid som dei heitte på originalspråket. Desse dokkene kom med namn, og mi bar det klingande namnet Barbara Anita. Barbara var ikkje noko namn eg kunne relatera meg til so dokka heiter den dag i dag (der ho ligg i ei øskja i kjellaren) Rabarbra Anita. Eg var glad i henne - men nok om Rabarbra i kjellaren og meir om rabarbra i smuldrepai. Til ære for skarre-r, ibsens ripsbusker og  den gamle dokka kallar eg den for:

Rabarbra Anita Rabarbrasmuldrepai


  • rundt 500 gram rababarbra - eg tok 4-5 stilkar. Det var omlag 400 gram og eg syntes det var litt i minste laget då paien var ferdig.
  • ein neve tørka blåbær, hakka hvis dei er store
  • 3-4 ss sukker
  • kaneldryss
Smør ei form, eg bruker ei vanleg, rektangulær eldfast form. Ha i rabarbra og blåbær, dryss over sukker og kanel, og vend nokre gongar. 


Smuldrelokk
  • 1 dl hakka hasselnøtter
  • 1 dl havregryn
  • 2-3 dl kveitmjøl
  • 100-120 gram smør
Bland alle ingrediensane, smuldre over forma.
Steik i 20-30 minutt. Server lunken, det er ikkje naudsynt med saus, men litt vaniljekesam eller -is treng ikkje gjere noko skade akkurat. 






Flaggfargefest

Eg blei litt flau då eg las dette på twitter om kvelden den 17.mai: 
Er du lei av avbilda kremkaker og pavlova med flaggforma bærpynt, kan du jo berre stikka innom godbloggen og lesa om innbakte pølser. Som om ikkje det var nok såg eg jo flaggkake etter flaggkake då eg streifa innom facebook. Også sjefen min, Breddefotballfrue, har registrert den same trenden:

I år var dette kaka alle laga til 17.mai: 


Men eg trur faktisk min variant var spesielt god. 
Beskjeden som eg er.

Med handa på hjartet -  eg trudde eg hadde fått ein fiks ide, blei overraska over at det var ein trend. Men hadde eg visst at halve landet hadde same ideen samtidig hadde likevel ikkje endra so mykje -  eg hadde laga pavlova likevel. Eg hadde moglegeins satsa på eit meir deconstrukt uttrykk på dekoren, og slengt bæra meir tilfeldig omkring, men like fullt: Det fins inga kake som passar betre til nasjonaldagssprudelfrukost enn pavlova med friske bær. Og har du ein slik å servera til kan du oppleva ei høgare eining av mat- og drikkelukke. Lovar.

Årets kaka var ein variant over temaet som eg ikkje har prøvd før. Tidlegare har eg brukt ein blanding av vaniljekrem og vanleg krem. Det er godt, men kan bli litt heftig. I år hadde eg latt meg freista av ein prøvesmake-stand på butikken, so eg hadde ein boks med skjørost frå Rørosmeieriet i kjøleskapet. Prøvesmakedama hadde servert meg ei lita skål med skjørost, rømme og tjukkmjølk med syltetøy på, og det var denne friske, syrlege smaken eg hadde med meg då eg handla inn til kaka, noko som inspirerte til:

Pavlova med friske bær og skjørostkrem

Marengsbotn
Set steikeomnen på 125 grader. Ta edddik på eit papir eller noko og tørk over utstyret for å unngå feittrestar som kan føkka heile marengsen. Varm opp vatn i ei gryta til det småkoker/simrar.

2 dl sukker
3 eggekviter
1-2 dl tørka blåbær

Mix over vassbad til blandinga er tjukk, seig og blank.
Ta bollen av varmen (fest i stativ om du har) og pisk vidare til det har blitt kjølt ned.
Vend inn tørka blåbær.
Klæss heile greia på steikebrett kledd med papir, brei ut til ynskt fasong, storleik og tjukkelse med slikkepott.
Set i omnen. Opne avogtil for sleppe ut evt fuktigheit (er ikkje so mykej) og for å sjekka korleis det går. Når den er stivna og har fått pittelitt farge er den nok ferdig. Ta ut, kjøl ned og la stå tørt til den skal brukast.
Skal kaka transporterast anbefaler eg eit brett med høge kantar, til dømes ei langpanne kledeleg kledd i folie.
(Til mixinga: metallbolle av noko slag er best, og det er praktisk å ha stativ til handmixaren.  Kor lang tid det tek kjem an på kor effektiv mixmasteren din er. Mamma sin  er 30 år gamal og bruker 10-20 minutt. Min er frå i fjor og er supereffektiv, den får det ferdig på omlag 5 minutt. Obs at bollen ikkje må vera nedi vatnet, for eggekvita må ikkje koke. )
Meir om marengs på juksemat.

Kræm og pønt

Kremfløyte, 1 boks
Skjørost, 1-3 dl
Friske bær, fx jordbær, bringebær og blåbær. Eller rips. Eller kva som helst som du vil ha.

Pisk kremfløyte til so stivt som du vil ha den.
Strø eit lag med skjørost over botnen. Legg på kremen, brei ut med slikkepott.
Legg på bær, velg sjølv om du vil dandera til eit konformt flaggg eller berre klæssa på.
Pynt brettet/fatet/langpanna med overskytande bær og ikkje minst: 4 superfine, retro lysmansjettar.


Frukost med gode vener og god mat er verkeleg noko av det trivelegaste ein kan gjere på nasjonaldagen. Eg innser at når me er ein gjeng på rundt 30 år der nesten alle er i fast jobb er det ein viss sjans for at me før eller sidan må byta den lette sprudlerusen med eit meir stressande nasjonaldagsinnhald - men eg vil kjempa mot og dra på sprudlefrukost so lenge som det går. Og eg vil stort sett ha med pavlova med bær tenker eg.

Merk at kaka ikkje var det einaste flaggdekorerte på bordet.  Helle og Frode hadde og slått til med kreativ dandering: Potetsalat, salami og oliven-flagg og spekeskinkerosettar med kiwi. Vakkert!