mandag 12. desember 2011

12.desember

Det er ikkje utsjånaden det kjem an på!

Eg har alltid lyst til å invitera til juleverkstad, for det er so triveleg! Det er ikkje alltid det blir, men i år blei det, heldigvis. Og for den som trur dette skal bli ein slik skrytepost der eg med falsk beskjedenheit skal visa kor raus og gjestmild og flink og kreativ eg er - nei. 
Foreksempel lagde eg berre ein ting sjølv på juleverkstaden, og det var ei heilt vanleg julakorg. Eg virra fram og tilbake, høg på livet og på planene om dagens måltid: Graut (av grautris, sidan det er både stiligare og betre - og ikkje minst akkurat like enkelt som posegraut)

Det er så jovialt! Det var til og med eit barn med!

Utover kvelden vart juleverkstaden til eit juleselskap, med mindre gløgg i vinen, mindre glitter og limstift, men like god stemning. Sidan gjestane var der heile dagen tenkte eg det var på sin plass med litt nattmat, og eg hadde bestemt meg for å laga Kapustnica, ei heftig suppe som er julaftensmiddag i Slovakia. Surkål, pølse, skinke og bacon? Veldig bra nattmat. Eg går ut frå at det gjeld Kapustnica som det gjeld lapskaus/betasuppa (eller sodd for den del) her i landet: at det fins like mange variantar som det fins familiar. Eg kunne jo sjølvsagt ha gått for denne utvida oppskrifta her , med heile epler og store kjøtstykke  i ei suppe berekna til 50 porsjonar - men eg gjekk for ein litt enklare variant. Snøgg-suppa, rett og slett. Frå eit spørsmål om mat vart ytra til suppa var klar gjekk det kanskje ein halvtime eller noko. Eg var kanskje ein smule bekymra for om det kom til å vere noko godt (surkål-suppa??), men då den fyrste gjesten tok sin fyrste smak og utbraut: "Dette var kjempegodt!" forstod eg at eg har kome over ein stayer. 




KAPUSTNICA  - Slovakisk julesuppe 

Eg kokte denne suppa her utpå natta, so det var nok slumpemetoden meir enn nøyaktige målingar - noko som sjeldan slår feil på supper som denne. Slik sett kan ein ta meir eller mindre av det ein vil, og ikkje minst justere mengda etter kor mange og kor svoltne gjester ein har.


  • 2 små eller 1 stor/vanleg lauk, hakka
  • 3 kvitlauksfedd, hakka
  • Ein slump olje
  • 150 gram bacon i små bitar
  • 200 gram skinke i små bitar
  • Chorizo pølse, eg brukte 4 små frå Idsøe - veldig gode! 
  • Ein neve tørka sopp
  • 3 ss kveitemjøl
  • 1 ss paprikapulver
  • 2 buljongterningar
  • 2 liter kokande vatn
  • 1 pose surkål 
  1. Varm opp oljen i ei gryte.
  2. Ha i lauk, bacon, skinke og pølse - gjerne litt og litt slik at alt rekk å bli litt blankt (lauk) eller brunt (det andre).
  3. Dryss mjøl og paprikapulver, rør rundt. 
  4. Ha i buljongterningar og hell kokande vatn over.
  5. Ha i ein pose surkål og soppen. 
  6. Kok til alt er mørt, for eksempel 20 minutt, men det kan godt vere kortare og. 
Soppen kan leggast i vatn ei stund på førehand, då kan bløytevatnet vere med i suppa. Eg heiv den rett oppi suppa, og det funka fint. Tidlegare i haust tipsa ein kompis om at sjølvplukka sopp bør varmebehandlast i minst 10 minutt for å vere sikker på at evt styggedom som kan ha smitta frå andre soppar forsvinn. Eg gjorde ein god reinsejobb i oktober, ingen blei dårlegar. 

Kortskalle, Kapustnica, KJEMPESTEMNING!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar