mandag 29. august 2011

Moqueca de peixe - fyrste forsøk

Då eg var 15 reiste eg til Salvador, Bahia, Brasil med CISV, ein ferie-utvekslingsorganisasjon for born og ungdom. Me var 8 norske og 8 brasilianske jenter i alderen 13-16, og det var 5 veker med intens vennskapsbygging, intrigemakeri, noko turistaktige opplevingar og innsikt i heilt vanleg øvre middelklasseliv i Brasil.


I går var eg litt høg på livet då eg skulle legga meg, og i staden for å sovna låg eg berre og tenkte på Brasil, og då særleg den brasilianske maten. Sære ting, som heile, friterte små krabbar (som eg trur heitte siri) og ein sjømatsalat med små tentaklar som gjorde meg skeptisk. Tunge ting som feijoada eller acaraje, der det fyrste er ulike typar kjøt og bønner og det andre er friterete bønne- og rekebollar. Eller farofa som eg sølte ned i utringinga på julaften. Heldigvis er det berre eit tørt, noko grovkorna mjøl - so eg reiste meg berre diskret opp og rista det ned på bakken, heile vegen inni kjolen (me var ute).

Og so var det ikkje minst søte ting! Som brigadeiro, deilige sjokoladetrøflar. Eller is i alle typar.  Men det aller beste brasilianske matminnet er uansett dette: Moden, saftig og søt mango rett frå treet, på bassengkanten i hagen til Luiza.



I heile dag har eg tenkt på Brasil, på vener der, opplevingar....og MAT. So eg ville laga noko! Men ikkje skulle me ha 10-15 folk på besøk, og ikkje hadde eg kilovis av ymse salta, tørka eller ferskt kjøt til å laga feijoada, og ikkje var eg gira på å fritere bønnedeig heller. So då bestemte eg meg for å gjere eit forsøk på moqueca de peixe, ei slags fiskegryte. Dette er oppskrifta eg lot meg inspirere av, men denna som eg fann etterpå trur eg er noko betre. Middagen eg laga vart ikkje heilt topp, eg sakna ein litt fyldigare smak, brukte kjip fisk og for mykje lime. MEN sidan eg har sagt at dette skal vere den minst pretensiøse matbloggen på internett, so peiser eg på med oppskrifta, sjølv om det ikkje blei heilt ultimat.

Kvardagsleg Moqueca de peixe
Til 2-4 personar

Fisk - eg tok ei frosen torskeblokk, men det kan nok vere betre med noko anna. Ferskt fx.
Saft frå 1 lime
2 ts salt

2 små/middels lauk
1 chili
1 boks tomater
1 boks kokosmjølk
(den observante lesar som har sjekka lenkene vil sjå at her har droppa paprika. Det er fordi eg ikkje er so glad i kokt paprika, men den burde kanskje vera med?)
  • Legg fisk, limesaft og salt i ein bolle (ikkje metall, for det kan reagera med syra. Har eg høyrd.), og la marinera i ein halv til ein time. 
  • Hakk lauken og blank den i litt olje, saman med chili.
  • Ha i tomat og kokosmjølk, la det småkoke ei stund, so det tjuknar.
  • Legg i fisken og la den trekka til ferdig.
Det vart ganske godt, om enn ikkje so autentisk brasiliansk. Det får bli neste forsøk! 

Etter middag laga me oss litt kaffi og høyrde på radio. Og jammen var det ikkje brasiliansk musikk på P2! Det passa sjeldan bra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar