søndag 4. desember 2011

4.desember


Desember. 

For mange representerer desember eit heilt anna stress enn juleførebuingsstresset. Eg snakkar om studentane, og eg snakkar om eksamenstid.

Med eksamenstida kjem sjølvbebreidinga, alt ein skulle gjort før! Kor ein skulle ha jobba og lese jamnt og trutt! Kor dust det er å sitja der med hundrevis av sider pensum ein ikkje har lese!

Med eksamenstida og sjølvhatet kjem og prokrastineringstida. Prokrastinering er eit ord mange lærer seg i løpet av studietida, og med ein gong ein høyrer om det går det eit lys opp for studenten: Åja! Det er DET eg gjer! 

Prokrastinering er å gjera noko anna enn det ein burde, faktisk absolutt alt anna enn det ein eigentleg skal, eller sagt på ein annan måte: Kasta vekk verdifull lesetid.

Heldigvis tek prokrastineringa ofte ei konstruktiv form, som til dømes husarbeid, eller sortering av bilete inn i fotoalbum eller slette gamle mail eller på andre måtar laga orden i eit rotete rom eller hovud. Dette oppleves som noko betre enn dersom ein har spela angry birds eller bubble shooter heile dagen.

Dagens luke kan vera ei slik konstruktiv form for prokrastinering. Me snakkar om mettande, næringsrik og vegetarisk middagsmat, laga frå botnen, og i tillegg ei so stor oppskrift at det utgjer fleire måltid - opp til mange måltid, særleg hvis det er snakk om ein person og ein har noko tilbehør. Og so er det dødsgodt!


Eg snakkar om FALAFEL. 
Hvis du ikkje vil ha, kan du heller ta litt  Fa la la.

Ulempen med denne oppskrifta er at den er omstendeleg, tidkrevjande og krev planlegging. Fordelen er at når du fyrst har laga ferdig falaflane, fritert og frosse ned, so har du ein deilig hovudrett klar for handa. Lenge.


Falafel

  • 6 dl kikerter, bløyta men ikkje kokte
  • 6 ss finhakka bladpersille
  • 6 dl hakka lauk
  • 3 ss koriander (eg har berre brukt tørka)
  • 3 ts kumin
  • 3 ts salt
  • 3 ts chilipulver
  • 12 kvitlauksfedd
  • 3 ts bakepulver
  • nok mjøl (1-2 dl)


  1. Kvelden før, eventuelt om morgonen legg du tørka kikerter i bløyt. 
  2. Hell av bløytevatnet, og ha kikerter, lauk og kvitlauk i ein bolle. Bland med stavmixar eller kjøkenmaskin eller blender eller kva du foretrekk.
  3. Bland i krydder, køyr det vidare i maskina eller stavmixar til alt er most, men ikkje heilt pure. Det skal vera litt tekstur på røra.
  4. Dryss over bakepulver og ca 1 dl mjøl, bland raskt saman. Ha i meir mjøl til det kjem saman til deig og ikkje er so veldig klissete. 
  5. Set i kjøleskapet - helst i fleire timar!
  6. Varm opp olje i ei gryta med høge kantar og tjukk botn. 
  7. Form den kalde deigen til bollar eller kaker av ynskt storleik. Eg likar å gjere det med to spiseskeier, då får dei fin og rund form. Henningen likar å mose dei fine runde bollane flate.
  8. Når oljen er so varm at det brusar rundt skaftet av ei tresleiv kan du fritera dei.
Eg er ikkje ein veldig imponerande fotograf, ser den.
Det går også an å bake desse i ovnen, då går det mindre olje. Når falaflane blir fritert popper dei seg litt ut i oljen, men det skjer ikkje i steikeomnen, noko som får meg til å tenka at bakepulver kanskje er overflødig hvis du ikkje skal fritera. 


Det er ei gigantisk røre dette. Det går an å la røra stå ei stund i kjøleskapet dersom ein ikkje gidd fritera alt på ein gong, eventuelt frysa ferdig forma men ikkje steikte bollar. Dei ferdig friterte falaflane kan og frysast, eller dei står seg nokre dagar i ein tett boks i kjøleskapet. So tek du fram 2-5 pr person (kjem an på storleiken og kor mykje tilbehør du har) om gongen og varmer opp. Kjempesmart!

Server med det tilbehøret du har lyst på. Kanskje på kebabvis, i lefse med dressing og salat? Eller saman med ris og denne gode salaten ?

3 kommentarer: