Eg har meldt meg inn i facebook-gruppa "Sarah Bernhardts venner". Nei, det handler ikkje om den franske skodespelarinna som er med ei ei Lucky Luke-historie, men om kaka ein dansk bakar visstnok skal ha kalla opp etter den fabelaktige kvinna. Favorittkaka, favorittdama.
Dersom kakene har noko som helst med dama å gjere, so må ho ha vore søt, deilig, storslagen, og på den pietistiske, norske måten: Litt syndig. Det er ingen tradisjon for å laga Sarah Bernhard-kaker til jul i familien min, men etter at eg tilfeldigvis las om dei ein stad på internetten var eg hekta på tanken å laga dei. Eg har tenkt på kransekakebotn, sjokoladesmørkrem og sjokoladeovertrekk i fleire dagar - og i går var dagen då eg skulle laga dei.
| Sarah Bernhard og kaffi. God frukost! |
Dagen i går vart altså ein sjokoladedag, der eg i tillegg til Sarah Berhard laga ein ny trøffelkrem som står i kjøleskapet og FORÅHPENTLEGVIS er blitt tjukk - og so chocolate con churros til slutt.
Det blei vilt masse sjokolade, og over lunsj i dag var både Henningen og eg einige om at det i grunnen var nok no. No treng me eigentleg berre ein joggetur!
Oppskrifta er omstendeleg! Eg tok utgangspunkt i framgangsmåten som stod på facebook-gruppa si side, med nokre endringar.
Botn
200 gram malte mandlar
200 gram melis
- Set omnen på 180 grader.
- Bland melis og mandlar, og vend til slutt mandelmassen forsiktig inn i stivpiska eggekviter.
- Form små kaker med skei på bakebrett med papir, strø litt melis på hvis det er klissete og lag ei lita grop oppi.
- Steik i 8-10 minutt, la botnane kvila litt for å setja seg før du flytter på dei.
Sjokolademokkasmørkrem
3/4 dl sukker
1/2 dl vatn
3 eggeplommer
150 gram smør, romtemperert
1-2 ss kakao
1 ss instant espressopulver
1-2 ss kakao
1 ss instant espressopulver
- Kok sukker og vatn til ein seig lake, omlag 10 minutt. Hvis den koker for lenge blir det sukker igjen, so pass på.
- Pisk eggekvitene til eggedosis.
- Hell den varme sukkerlaken i ein tynn stråle i eggedosisen. Pisk heile tida. Avkjøl.
- Pisk smør, kakao og kaffipulver inn i sukkerlakeeggedosis, litt og litt smør om gongen.
- legg ein kladeis med krem oppå kakene. Prøv å laga ein fin topp. Det klarte ikkje eg då, det blei ein ganske stygg topp.
Glasur
Glasur burde på ein måte vera det enklaste på jord. Det er jo berre å smelta 100 gram sjokolade saman med litt smør! Likevel vart det ikkje noko særleg i går. Det vart jo aldri tynt nok! Eg måtte ha i litt fløyte til slutt, sjølv om eg er redd for at det ikkje kjem til å stivna ordentleg då. Tilslutt vart det no sånn omtrent, og eg la kakene i frysen for å unngå at me et opp alle for fort.
Konklusjon
Var det godt? Ja. Var det enkelt? Tja. Var det omstendeleg? Ja. Var det likevel verdt det? JA.
| Det er ikkje utsjånaden det kjem an på. |
| Sløsing med sjokoladeglasur. Heldigvis kunne Henningen berre skrapa det opp og eta det til frukost. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar