fredag 2. desember 2011

2. desember

Tusen takk for fabelaktige kommentarer og ein overveldande respons på fyrste innlegg i adventskalenderen! Eg blir statistikk-junkie av sånt. 
I dag er det tid for luke 2, og det blir ei todelt luke.

 Fyrst- ein liten gullklump av trøndersk julestemning frå youtube, teksten her.

Adamseplene var ein fin gjeng kan du tru: Hans Petter Nilsen, Klaus Joachim Sonstad og Ivar Nergaard. Dei hadde, om eg ikkje hugsar feil, sketsj- og musikkbaserte sceneshow, og ikkje minst programmet Full pupp på NRK. Er det nokon som hugsar det?

Uansett, denne superfine trønderske versjonen av den rå og nydelege Fairytale in N.Y. har berre 547 visningar på youtube per i dag, so eg synes alle skal spre bodskapen. Trønderske juleeventyr til folket!

Og so: meira julakjeks.
I ein av kommentarane frå i går skreiv søte Lene frå gamledagar på Studentersamfundet om korleis ho har vore på spansk IKEA og kjøpt pepperkakeformer, men ikkje fann ferdig pepperkakedeig. Fortvil ikkje, Lene! Pepperkakedeig er nokså omstendeleg å laga (og strengt tatt ikkje dei beste julakjekso til å eta heller), men eg har eit flott alternativ til deg!

Oppskrifta kom eg over i den tidlegera nemnde supre bloggen Ekstremt bra, Utrolig fint. Dei fine jentene der kallar kjekso for vaniljekjeks, men då eg fann ut at eg skulle laga dei viste det seg at eg ikkje hadde vaniljesukker. Då brukte eg kanel i staden for, og det blei veldig godt. Der har du the beauty of these kjeks. Det er ein smidig og enkel deig, lett å laga, lett å kjevla, lett å stikka ut, lett å steika og ikkje minst: Lett å eta. Nam. Og so kan du bruka den smakstilsetjinga du vil!


Kjeks a la Marte og Hanne
190 g smør
1 kopp melis
1-2 ts vaniljesukker
2,5 kopper mel
1 egg
Smakstilsetjing. Kanel? Kinesisk five spice? Litt rive sitronskal? Appelsinblomstvatn? Ei blanding julakrydder som malt nellik, ingefær, anis, allehånde? Kva du vil!

  • Set omnen på 180 grader.
  • Bland godt saman smør, melis, vaniljesukker og annan smaktilsetjing.Vær gjerne litt forsiktig med smakstilsetjinga, 1/2 til 1 ts er sikkert nok til å gje eit subtilt hint av smaken, mange krydder vil bli litt for dominerande vil eg tru. Smak til!
  • Ha i mel og egg, rør til ein mjuk og smidig deig, du må gjerne bruke hendene på slutten.
  • Deigen kan med fordel leggast i kjøleskapet litt for å bli litt fastare og enklare å jobba med.
  • Kjevle ut deig, stikk ut kaker.
  • Steik i 10-12 minutt, men pass på. Kjekso blir ikkje gyldne, men forblir like kvite, bleike og delikate heilt til dei blir svidd. 

Deigen står seg fint i kjøleskapet eit par dagar hvis du ikkje gidd å laga alt på ein gong, slik tilfellet var då eg laga kanelkaker. Neste gong skal eg laga med kinesisk five spice! Det har eg trua på.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar