søndag 11. desember 2011

11. desember


Julestemninga er kome i hus med dette dødsfine grautlyset frå Europris og ein duk rett frå skapet.

Det er den tredje sundag i advent, men eg tenner ikkje lys i adventsstaken, fordi me tjuvstarta og tente tre lys i går. No har dei brent akkurat so lenge at det er eit perfekt forhald mellom lengda på dei tre lysa som har vore tent - so no må eg venta til neste sundag. I mellomtida er eg rampete, eg bles i konvensjonaneog har tent raude julelys SJØLV OM DET EIGENTLEG IKKJE ER LOV FØR JULA!



Han søv ikkje, han skrapar flaxlodd. Det blei ikkje noko på oss diverre.


Det gjekk litt skeis med den daglege desemberblogginga, eller adventskalenderen på Juksemat, og det har fleire årsaker. Eg nemner i fleng: tannverk, feber, sliten. No er eg frisk att då, og i går var det juleverkstad og juleselskap og julekos og julemat i heimen. Det var  gode folk, god mat, god vin og særs god stemning. Av det som vart juksa fram og servert vil eg særleg trekka fram Pumpkin Pie Kahlua Smoothie og ei suppe inspirert av den slovakiske julesuppa Kapustnica.
Alle desse kunne eg ha blogga om, men ikkje no. Dagens innlegg skal handla om ein liten søtsak som eg aldri har fått heilt til før:  MARENGS.



Marengs, eller pikekyss, er i utgongspunktet ikkje særleg komplisert, men av ein eller annan gong har eg aldri fått det til før. Dei sank saman, smelta til små, harde klumpar og vart i alle fall aldri skikkeleg tørre. Og dette sjølv om eg prøvde alle triksa i boka: brukte metallbolle, var nøye på å tørka over alt utstyret med litt eddik sånn at det skulle vera heilt reint og fulgte oppskriftene til punkt og prikke. Ja, oppskriftENE, eg har vore gjennom mange.

Men no! No blir det perfekt kvar gong!

 Den Beste Oppskrifta på Marengs



  • 3 eggekviter
  • 2 dl sukker
  • litt eddik
  • Smakstilsetning etter eige ynskje.
  1. Tørk over bolle og vispar med eit kjøkenpapir dyppa i eddik. Set omnen på 125 grader.
  2. Pisk ingrediensane over vassbad i omlag 10 minutt, til det blir skikkeleg tjukt og blankt. Vatnet treng ikkje fosskoka, småkoking er fint.
  3. Ta bollen av vassbadet og pisk vidare til det er avkjølt.
  4. Rør inn eventuell smakstilsetjing.
  5. Bruk to teskeier eller ein sprøytepose av eige valg til å legga små toppar i ynskja storleik.
  6. Steik i 1-2 timar, kjem an på kor store kyssa er. 


Tips
  • Det går og an å klæsse heile røra på brettet og laga ein stor kakebotn som sidan blir pynta med krem, vaniljekrem, bær eller kva ein vil. Då heiter kaka Pavlova, oppkalla etter ei russisk ballettdanserinne. Pavlova er skikkkeleg deilig og passar godt om sommaren. 
  • I ei av bøkene lager Nigella ein julevariant av Pavlova med piska krem tilsett granateple-juice, sitronsaft og ein dæsj rosevatn. Ikkje prøvd, sikkert deilig.
  • Det går og an å laga fuglereirforma mini- pavlova, i porsjonsstorleik. 
  • Det fins ein galskapens dessert med det flotte namnet "Hoffdessert", der ein skal laga eit berg av marengs og is eller piska krem og so heller sjokoladesaus over.


Det går an å tilsetja alt mogleg deilig i marengsen. Eg lagde tre variantar: rose, hasselnøtt og sjokolade. Det er difor marengsane mine har so ulik storleik - nøttene og sjokoladen er hakka, og bitane er for store til å koma gjennom tuten på sprøyteposen, so dei laga eg med skeier. Det blei supergodt. 


PS. For den som vil ha eit midddagstips, so kan eg anbefala dagens:  shakshuka med ein salat av feta, bladpersille og raud quinoa. Skikkeleg bra salat!
PSPS: Den som ikkje er heilt ferdig med helga, eventuelt er i gong med å planlegga neste helg, kan ta ein kikk på det retro partytrikset som mi kjære Maria skriv om i eit tribute-innlegg til meg.  Tribute! Er ikkje det fint!?




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar