Då han som skal kallast The Brum lufta forslaget om ein sopptur meldte Gulltann seg sporenstreks. Den mannlege halvdelen av Verdas Mest Joviale Par brukte litt tid på å overtala den kvinnelege, og heldigvis brukte han so lang tid på det at eg rakk å bli ferdig med oppvasken og kunne bli med eg og. So istaden for å vera horisontale på kvar vår sofa fann me oss sjølv i skogen, på mjuk og irrgrøn mosebotn mellom grantrea.
Sopptur! Noko so nostalgisk! Tanken på frisk luft og matauk gjorde meg heilt nostalgisk og lukkeleg der me gjekk. Ja, og det gode selskapet sjølvsagt.
Og me plukka traktkantareller! Brum hadde greie på sakene og fungerte som både guide og spesialist, men det var nesten berre same typen sopp der (med mindre nokre av dei var gul trompetkantarell, no eg mistenker ein smule). Me såg nokre vanlege kantarellar der og, men dei var slimete og gamle. Brum seier at traktkantarell toler ei frostnatt eller to og har sesong til uti november, medan den vanlege (som verkeleg er spesielt skinande og gylden og flott!) ikkje er like god lenger.

Då eg kom heim var det reinsing som stod for tur. Det var litt keisamt, men eg vona at det er kjøleg nok hjå oss til at det eg ikkje vart ferdig med om kvelden kunne stå over natta.
Både her og der på internett fann eg ymse tips om tørking og andre preserveringsmetodar for sopp. Valet fann på forvelling og frysing i eiga kraft, tørking - og so sjølvsagt å eta noko ferskt. Det vart til fira soppmåltid på to dagar - ingen av dei estetiske eller fasjonable nok til at eg bruker spalteplass på dei her. Men eg kan jo ramsa dei opp! For både toast med sopp, pasta carbonara med sopp, asiatisk inspirert kyllingsuppa med sopp og ein liten soppstuing smaka fortreffeleg og gave ei lita kjensle av luksus i kvardagen.
På sikt, dersom me tek oss ein tur til seinare, har eg lyst å prøva å salta noko, slik det står om i den andre lenka.
Takk for at du last dette fyrste innlegget i juksemat i ei ny tid - den revitaliserte matbloggen til ein no stort sett sliten eller jobbande sfo-assistent. Får sjå kor lenge det varar, det var kjekkare å vere heimeverande matbloggar.
Både her og der på internett fann eg ymse tips om tørking og andre preserveringsmetodar for sopp. Valet fann på forvelling og frysing i eiga kraft, tørking - og so sjølvsagt å eta noko ferskt. Det vart til fira soppmåltid på to dagar - ingen av dei estetiske eller fasjonable nok til at eg bruker spalteplass på dei her. Men eg kan jo ramsa dei opp! For både toast med sopp, pasta carbonara med sopp, asiatisk inspirert kyllingsuppa med sopp og ein liten soppstuing smaka fortreffeleg og gave ei lita kjensle av luksus i kvardagen.
På sikt, dersom me tek oss ein tur til seinare, har eg lyst å prøva å salta noko, slik det står om i den andre lenka.
No må eg vedgå at eg faktisk er litt skremt av sopp. Ikkje berre fordi at nokon av dei ser heilt hinsides skumle ut, eller fordi heile eksistensen deira, som noko heilt anna enn planter og dyr og mineraler, er litt freaky. Enorme nett av sporer under bakken? Gift, mugg, sjukdomar, snyltarar? Det er mykje skummelt. Berre sjå her, til dømes. Eg får frysningar, på den skikkeleg ekle måten.
Men eg plukka berre fin traktkantarell, og eg var nøye då eg reinsa, for eg vil helst ikkje havne i dialyse med det fyrste. Eg var kanskje vel streng mot eit par av dei unge, småe som ikkje hadde fått so velutvikla hol i midten, berre for å vere heilt sikker på at det ikkje var ein giftslørsopp, som har bul i staden for hol i midten av hatten. Som sagt - eg seier NEITAKK til nyresvikt og dialyse. Takk til internetten og mamma på telefonen for informasjonen som kan bevara nyrene mine intakte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar