søndag 11. desember 2011

11. desember


Julestemninga er kome i hus med dette dødsfine grautlyset frå Europris og ein duk rett frå skapet.

Det er den tredje sundag i advent, men eg tenner ikkje lys i adventsstaken, fordi me tjuvstarta og tente tre lys i går. No har dei brent akkurat so lenge at det er eit perfekt forhald mellom lengda på dei tre lysa som har vore tent - so no må eg venta til neste sundag. I mellomtida er eg rampete, eg bles i konvensjonaneog har tent raude julelys SJØLV OM DET EIGENTLEG IKKJE ER LOV FØR JULA!



Han søv ikkje, han skrapar flaxlodd. Det blei ikkje noko på oss diverre.


Det gjekk litt skeis med den daglege desemberblogginga, eller adventskalenderen på Juksemat, og det har fleire årsaker. Eg nemner i fleng: tannverk, feber, sliten. No er eg frisk att då, og i går var det juleverkstad og juleselskap og julekos og julemat i heimen. Det var  gode folk, god mat, god vin og særs god stemning. Av det som vart juksa fram og servert vil eg særleg trekka fram Pumpkin Pie Kahlua Smoothie og ei suppe inspirert av den slovakiske julesuppa Kapustnica.
Alle desse kunne eg ha blogga om, men ikkje no. Dagens innlegg skal handla om ein liten søtsak som eg aldri har fått heilt til før:  MARENGS.

tirsdag 6. desember 2011

6.desember

Eg har meldt meg inn i facebook-gruppa "Sarah Bernhardts venner". Nei, det handler ikkje om den franske skodespelarinna som er med ei ei Lucky Luke-historie, men om kaka ein dansk bakar visstnok skal ha kalla opp etter den fabelaktige kvinna. Favorittkaka, favorittdama. 

Dersom kakene har noko som helst med dama å gjere, so må ho ha vore søt, deilig, storslagen, og på den pietistiske, norske måten: Litt syndig. Det er ingen tradisjon for å laga Sarah Bernhard-kaker til jul i familien min, men etter at eg tilfeldigvis las om dei ein stad på internetten var eg hekta på tanken å laga dei. Eg har tenkt på kransekakebotn, sjokoladesmørkrem og sjokoladeovertrekk i fleire dagar - og i går var dagen då eg skulle laga dei. 
Sarah Bernhard og kaffi. God frukost!
Dagen i går vart altså ein sjokoladedag, der eg i tillegg til Sarah Berhard laga ein ny trøffelkrem som står i kjøleskapet og FORÅHPENTLEGVIS er blitt tjukk - og so chocolate con churros til slutt. 
Det blei vilt masse sjokolade, og over lunsj i dag var både Henningen og eg einige om at det i grunnen var nok no. No treng me eigentleg berre ein joggetur!  

mandag 5. desember 2011

5.desember

Til deg som har googla "lavkalori kake" for å koma til denne bloggen:
LOL.


Kva skal ein stakkar gjera då, når ein prøvde å laga sjokoladekrem med nellik (a la trøffelkrem), og den går til helvete? Seriøst, eg veit at eg har fått det til før, men nett no er eg veldig usikker på om, og i so fall; korleis, fløyte og sjokolade kan gå frå ein litt tjukk, men framleis heilt flytande saus til fast krem. Og eg har jo ein heil boks med småkjeks som berre venter på å parast opp med eit lekkert lag nelliksjokoladekrem i mellom! Dagens i-landsproblem.


Svaret er åbenbart når ein har ein kjærast som elskar sjokolade og som har budd i Spania før: Chocolate con Churros. Tanken på å drikka ein kopp kakao som består av berre fløyte og sjokolade er litt heftig. Men når ein kan dyppa friterte deig-krøllar oppi! Då blir det jo ein spansk tradisjon, og heilt logisk!


Herregud, for ein sjokolade-dekadanse. Er det eigentleg LOV? Det burde ikkje vore lov. Men det var innmari deilig.


søndag 4. desember 2011

4.desember


Desember. 

For mange representerer desember eit heilt anna stress enn juleførebuingsstresset. Eg snakkar om studentane, og eg snakkar om eksamenstid.

Med eksamenstida kjem sjølvbebreidinga, alt ein skulle gjort før! Kor ein skulle ha jobba og lese jamnt og trutt! Kor dust det er å sitja der med hundrevis av sider pensum ein ikkje har lese!

Med eksamenstida og sjølvhatet kjem og prokrastineringstida. Prokrastinering er eit ord mange lærer seg i løpet av studietida, og med ein gong ein høyrer om det går det eit lys opp for studenten: Åja! Det er DET eg gjer! 

Prokrastinering er å gjera noko anna enn det ein burde, faktisk absolutt alt anna enn det ein eigentleg skal, eller sagt på ein annan måte: Kasta vekk verdifull lesetid.

Heldigvis tek prokrastineringa ofte ei konstruktiv form, som til dømes husarbeid, eller sortering av bilete inn i fotoalbum eller slette gamle mail eller på andre måtar laga orden i eit rotete rom eller hovud. Dette oppleves som noko betre enn dersom ein har spela angry birds eller bubble shooter heile dagen.

Dagens luke kan vera ei slik konstruktiv form for prokrastinering. Me snakkar om mettande, næringsrik og vegetarisk middagsmat, laga frå botnen, og i tillegg ei so stor oppskrift at det utgjer fleire måltid - opp til mange måltid, særleg hvis det er snakk om ein person og ein har noko tilbehør. Og so er det dødsgodt!


Eg snakkar om FALAFEL. 
Hvis du ikkje vil ha, kan du heller ta litt  Fa la la.

Ulempen med denne oppskrifta er at den er omstendeleg, tidkrevjande og krev planlegging. Fordelen er at når du fyrst har laga ferdig falaflane, fritert og frosse ned, so har du ein deilig hovudrett klar for handa. Lenge.

lørdag 3. desember 2011

3. desember


Eg er so krampehipp bloggar at eg blir flau: Eg står på Byscenen, på Trondhjemsdesignernes julemarked og oppdaterer bloggen sidan eg ikkje rakk det før eg måtte ta bussen heimefrå. MEGALOL!

I det eg skal til å bevega meg inn i eit handycrafty, førjuls handlebonanza synes eg det er på sin plass å minna både meg sjølv og andre på at det ekle kjøpehysteriet med neonlys og julemaskara verken bidrar til trivsel, snille barn eller har noko med den eigentlege julebodskapen å gjera. Dette minner eg om med følgande to kulturprodukt:



Eit kunstverk eg sjølv har produsert på whiteboarden til Gjøran og dei, inspirert av den hysteriske bloggen "Ugly renaissance babies" og luke ein i Alternativ julekalender: Honningbarna sin kritiske song "God Jul jesus". Alternativ Julekalender er ein digital, musikalsk julekalender eg anbefaler av heile mitt hjarte, og songen til Honningbarna er skarp og kritisk med full av frekke formuleringar og punkete haldning.

Ja, men so er det jo ein matblogg dette her, so det må vere noko matrelatert, og i desse smørkrisetider har eg tre kjekke tips:


  1. Det er ikkje SO ille med Melange at det ikkje går an å ty til når mediehysteriet har fått oss til å gå mann av huse av mangel på smør.
  2. Ta vare på bacon- eller ribbefett. Hell da i ein boks eller eit glas eller noko, oppbevar i kjøleskapet og bruk det på skjevo, eller til å steika i. Arne Brimi sa da på radioen i stad og, faktisk. 
  3. Go crazy  - lag smøret ditt sjølv. 

Sjå kva eg teikna!
PS: Trondhjæmmers: kom innom julemarknaden! Mykje fint og flott!
PS 2: Gratularises til den som klarar å finna den skjulte smørpakken i posten. 

fredag 2. desember 2011

2. desember

Tusen takk for fabelaktige kommentarer og ein overveldande respons på fyrste innlegg i adventskalenderen! Eg blir statistikk-junkie av sånt. 
I dag er det tid for luke 2, og det blir ei todelt luke.

 Fyrst- ein liten gullklump av trøndersk julestemning frå youtube, teksten her.

Adamseplene var ein fin gjeng kan du tru: Hans Petter Nilsen, Klaus Joachim Sonstad og Ivar Nergaard. Dei hadde, om eg ikkje hugsar feil, sketsj- og musikkbaserte sceneshow, og ikkje minst programmet Full pupp på NRK. Er det nokon som hugsar det?

Uansett, denne superfine trønderske versjonen av den rå og nydelege Fairytale in N.Y. har berre 547 visningar på youtube per i dag, so eg synes alle skal spre bodskapen. Trønderske juleeventyr til folket!

Og so: meira julakjeks.
I ein av kommentarane frå i går skreiv søte Lene frå gamledagar på Studentersamfundet om korleis ho har vore på spansk IKEA og kjøpt pepperkakeformer, men ikkje fann ferdig pepperkakedeig. Fortvil ikkje, Lene! Pepperkakedeig er nokså omstendeleg å laga (og strengt tatt ikkje dei beste julakjekso til å eta heller), men eg har eit flott alternativ til deg!

Oppskrifta kom eg over i den tidlegera nemnde supre bloggen Ekstremt bra, Utrolig fint. Dei fine jentene der kallar kjekso for vaniljekjeks, men då eg fann ut at eg skulle laga dei viste det seg at eg ikkje hadde vaniljesukker. Då brukte eg kanel i staden for, og det blei veldig godt. Der har du the beauty of these kjeks. Det er ein smidig og enkel deig, lett å laga, lett å kjevla, lett å stikka ut, lett å steika og ikkje minst: Lett å eta. Nam. Og so kan du bruka den smakstilsetjinga du vil!


Kjeks a la Marte og Hanne
190 g smør
1 kopp melis
1-2 ts vaniljesukker
2,5 kopper mel
1 egg
Smakstilsetjing. Kanel? Kinesisk five spice? Litt rive sitronskal? Appelsinblomstvatn? Ei blanding julakrydder som malt nellik, ingefær, anis, allehånde? Kva du vil!

  • Set omnen på 180 grader.
  • Bland godt saman smør, melis, vaniljesukker og annan smaktilsetjing.Vær gjerne litt forsiktig med smakstilsetjinga, 1/2 til 1 ts er sikkert nok til å gje eit subtilt hint av smaken, mange krydder vil bli litt for dominerande vil eg tru. Smak til!
  • Ha i mel og egg, rør til ein mjuk og smidig deig, du må gjerne bruke hendene på slutten.
  • Deigen kan med fordel leggast i kjøleskapet litt for å bli litt fastare og enklare å jobba med.
  • Kjevle ut deig, stikk ut kaker.
  • Steik i 10-12 minutt, men pass på. Kjekso blir ikkje gyldne, men forblir like kvite, bleike og delikate heilt til dei blir svidd. 

Deigen står seg fint i kjøleskapet eit par dagar hvis du ikkje gidd å laga alt på ein gong, slik tilfellet var då eg laga kanelkaker. Neste gong skal eg laga med kinesisk five spice! Det har eg trua på.


torsdag 1. desember 2011

1.desember

Velkomen til fyrste luke i den joviale julekalenderen her på Juksemat! 

Gjøran og frk Juks prestenterer: Jødekaker
Den fyrste dagen i desember vert, tradisjonen tru, feira heime hjå gutta i Nedre Møllenberg Gate; Gjøran, Geir og Roar, som ikkje er kome enno. Henningen og eg er på plass, i tillegg til fleire vidunderlege folk: Hjørdis og Tom, og ei foreløpig sovande Herdis.

Ribba er i ovnen, me fråtser i julemusikk, klementiner og snop, og i skrivande stund ser me Blåfjell. Seinare skal me sjå Love Actually, eta eit voldsomt julemåltid og kanskje baka pepperkaker hvis me gidd.

Nytt av året var ein spanande form for bakst: Jødekaker. Kakene er luftige, mjuke og veldig gode kjeks. Dei kunne like gjerne ha heitt "jødiske kaker", noko som kanskje ville vore litt mindre spesielt, men det heiter dei altså ikkje. Wikipedia fortel at jødekaker er av sefardisk opphav,
noko som tyder at dei er kome til Skandinavia frå jødar i Spania og Portugal.

Dette er kanskje ikkje dei mest utbreidde kakene, men på vestlandet kan dei kjøpast på butikken. Sjølv kjenner eg dei helst frå famelien Helland heime i Eikelandsosen, og oppskrifta kjem frå mor Helland. Eg fekk oppskrifta i sommar, behørig skriven opp på ein konvolutt,  men i dag var fyrste gong eg prøvde henne. Resultatet vart so fantastisk at eg sporenstreks bestemte meg for å laga adventskalendar, berre slik at desse vidunderlege småkakene kan vere den fyrste luka.

Fenga? Interessert? Trykk på les meir for oppskrift, framgongsmåte og fleire joviale fotos!

Har du sett noko so høgt og flott?  It`s a christmas miracle!