lørdag 12. mai 2012

Skamdeilige drink

Ida bur i Stavanger, og i helga er Ane og eg på besøk.

I går var me ein tur på Jæren, me skulle på konsert med Benedicte Maurseth og Åsne Valland Nordli på Obrestad fyr. For ein kveld det vart! Både omgjevnader og musikk var heilt spesielt vakre, og ute suste vinden. Det var ei utruleg flott oppleving, av den typen som får det til å kjennast som ein bruker ord som fantastisk, flott, vidunderleg og liknande alt for ofte, for då er det ingen ord att for særskilde høve. Slik var det på Obrestad fyr på fredag. Hjartet vart so stort, og eg tenkte på besten som var so glad i hardingfela og tårene trilla. 


Fint fyr, flott konsert

I dag har me spasert i Stavanger by, i frisk bris og solskin. Ida og Ane var meir eller mindre villige modellar til å rekonstruera den romantiske løvblåsar-scena frå ein viss lokal film frå 2001. Me åt sein lunsj med eit glas vin på Food Story (ein fabelaktig stad! Meir om den seinare). Og no slappar me av med panoramautsynet til Ida, Monica Zetterlund på anlegget, og ein forfriskande drink i handa.




Idas skamgoe drink

Like delar sprit og hylleblomstsaft.
Isbitar
Club soda 

Halve skjever av sitron og lime.
..og eit avklipt sugerør.

Ida har laga hylleblomstsafta sjølv, frå blomar i hagen. Heldige Ida som har svarthyll i hagen! Ida lagar drinken stort sett med vodka med grapefrukt, og det var skikkeleg godt. Eller skamgodt, som ein jo må sei når ein er i Stavanger. Men den funker nok med både gin eller vodka eller kva ein vil, det einaste Ida vil fråråda er å laga den med Indian Tonic i staden for club soda - det vart bittert seier ho.
Til sommaren ser eg for øvrig for meg at agurkskjever eller blomar av borago kan vere fint som pynt.
 Dette er den nye yndlingsdrinken vår! Eg skal prøva den med den billige (men noko syntetiske) hylleblomsafta dei har på IKEA, med mindre andre har tips om kor ein kan finna ei ordentleg god saft. Elles er det berre å leita etter svarthyll i Melhus og omeign!

TURISME

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar