søndag 14. august 2011

Søndag? Svigermors solo-pasta!

Etter ein fantastisk fest på eit gårdstun, komplett med nattmat, underhaldning og ein vidunderleg soloppgong i 5-tida er det greit med noko enkelt og kjapt. Og godt.







Svigermor laga denne tunfiskpastaen ein gong me begge var gressenker, og eg var innom på besøk. Ho fortalde at ho pleier å laga seg dette når ho skal laga middag til kun seg sjølv, difor overskrifta, men då med halv mengde. Sjølv halvert vert det ein solid porsjon til eit menneske - men det er innmari godt, og eg fekk kål på heile greia, godt hjulpe av bakfylleulven eg gøymer i magen etter slike festar.





Tunfiskpasta

2 boksar hermetisk tunfisk
200 g sjampinjong i skjever
1 hakka lauk
2 ts olivenolje
1 beger creme fraiche eller rømme (originaloppskrifta seier cf, men rømmer like godt)
salt og pepar
basilikum - aller helst fersk!
400 g spaghetti

Steik tunfisk, lauk og sjampinjong. Tilset creme fraiche eller rømme på slutten av steikinga, smak til med salt og pepper og dryss hakka basilikum over til slutt. Server på toppen av kokt pasta (t.d. spaghetti), og server gjerne med salat og baguett til.

Oppskrifta kjem frå kokeboka 8 potte - mat fra venner til venner, av Kristine Lillevik og Morten Brun (foto). Dei har reist rundt og besøkt ulike venneklubbar som lagar mat til kvarandre, smakt på maten, vore med på praten - og fått oppskriftene. Det er ei bok med alle moglege slags oppskrifter, frå "oldemors sursteik" til ei "spansk ostekake" som eg har veldig lyst å prøva.

Oppskriftene er sortert etter kategoriar i indexen til slutt: kaker, dessertar brød, drinkar, smårettar, salatar, pasta, supper eller hovudrettar, men inne i boka er dei presentert hulter til bulter. Her er både bilete av mat og av folk, og det eg likar aller best er at nokre av oppskriftene er vist som avfotograferte, handskrevne lappar frå den som hadde oppskrifta. Det er jovialt og ekte, det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar