onsdag 20. juli 2011

Sommar og sitrus - del to: LIME


Bakgrunnen for sitrusfestivalen her på bloggen (som om nokon treng ein GRUNN for sitrus om sommaren!) er ein bærepose med sitron og lime som vart avgløymd under ein bryllupsfest. Dei skulle vore i drinkane, men barpersonalet hadde gløymd kor posen stod. Dagen etter fekk eg forsyna meg, og allereie då byrja sitruskakedraumane å forma seg. Sitron var ein enkel match, for der tårner det seg opp med både søte og savory oppskrifter (berre sjå HER foreksempel), men baka med lime? Det var jomfrueleg mark, so eg gjorde som eg ofte gjer: slo opp i Nigella.

I Domestic Godess fann eg (KEY) LIME PIE, og valet var gjort. For ei spaning! For ei sitring! Det var presentert to alternativ til fyll. Eit med egg (skilde - eggeplommer i "sausen" med zest, saft og kondensert mjølk + stivpiska eggekviter) som skal bakast i omnen, og eit kaldt med kremfløyte i staden for egg. Eg spurde sambuar til råds om kva fyll eg skulle velja. Han meinte at me kunne sjå det an på været - lunka, ovnsbakt variant til kaldt vær, og den kalde til varmt sommarvær.
Paien vart inntatt som dessert til kveldsmat etter ein fjelltur i tett skodda. Sommarvær? Kanskje ikkje heilt, men det vart den kjølige varianten likavel.


Skjønt - pai? Nigella kallar den det, men eg trur eg heller vil kalla den kaka på grunn av den silkemjuke, kjølige ostekakeaktigheita.

Det er noko eige ved det å ha tenkt på ei oppskrift i mange dagar, planlagt, sett for seg og gledd seg til å laga den. Og sånn var det med ostekakeaktig lime-pai. Og når ein so har laga den, og set den fram på bordet for familie og vener er det noko ulideleg spanande i det ein venter på responsen, særleg når ein oppdaga at ting ikkje gjekk som ein hadde sett føre seg og at ein må endra på oppskrifta undervegs. Eg møtte nemleg ei utfordringa, som eg må sei at eg løyste eksemplarisk. Oppskrifta sa at eg skulle blanda alt og pisk det er thick and creamy - men det vart slett ikkje tjukt! For vikingmjølk er jo slett ikkje det same som condensed milk, og sjølv om det er å få tak i andre stader, so var det ikkje å få tak i når eg er heime i heimbygda. So då vart det vikingmjølk, og eg måtte kompensera med gelatin for å få det heile til å stivna.

Ikkje minst er det noko eige ved det å høyra venene og familien sukka og skryta med eit nesten overraska tonefall - for det var so godt! Det var verkeleg silkemjukt og friskt og syrleg og søtt og alt godt som ei ostekakeaktig kaka kan vera, og ikkje i det heile bittert eller alt for surt som ein kunne frykta at lime kunne vore. Heile greia forsvann i løpet av måltidet, det var nok til at 8 personar fekk eit stort stykke kvar og at ca halvparten av oss forsynte oss to gongar, og eg var skikkeleg, skikkeleg nøgd.

Oppskrift på botnen:
200 gram digestive-kjeks
50 gram smør.

1. Blitz ingrediensane saman i kjøkenmaskin.
2. Trykk ned i ei form på ca 23 cm i diameter. Eg trur ikkje det stod noko om ein skulle la botnen gå opp på sidene, men eg antar det sidan det er det pai-skal brukar å gjere.
Botnen vart nokså smuldrete og laus, og kaka bør serverast frå forma.
3. Set botnen kaldt i minst 30 minutt.

Oppskrift fyll:

Zest og saft av 4 lime
Ein boks vikingmjølk
1/3 liter kremfløyte (ein boks der altså)
4 plater gelatin
2-4 ss sukker, etter smak.

1. Eit supert lime-triks er å rulle dei med handflata mot bordet, hardt. Då blir dei mjukare og det er lettare å få ut safta. So skal dei raspast og pressast.
2. Bland alt og pisk med handmixar til det blir so tjukt som det blir. *
3. Bløyt gelatin, smelt forsiktig over varme og ha litt av blandinga i gelatinen. Bland godt.
4. Hell gelatin + fyll i skalet/botnen, og set i kjøleskapet i minst 30 minutt.

*Ein tanke er å piska kremen stiv og so falda inn resten av ingrediensane etter kvart. Eller rett å slett å bruka utanlandsk, tjukk og karamellisert kondensert mjølk. Men det får bli ein annan gong.

PS. Originalen er med 1 boks condensed milk og ein boks kremfløyte. Då kan ein droppa gelatinen i framgongsmåten over, og berre røra alle ingrediensane saman. Det blir tjukt på magisk vis, og stivnar etter ein halvtimes tid i kjøleskapet. Enno søtare og litt "seigare"- men det er vanskeleg å sei kva som er best!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar