tirsdag 12. mars 2013

Bonus! Klubb! Kake!

Her kjem enno ei oppskrift frå Bønner og linser av Camilla Jensen*. Den handler nemleg ikkje utelukkande om bønner og linser, men har også eit kapittel som heiter Bonus: Kaker og annen kos, og der fann eg ei oppskrift eg ikkje kunne la ligge; Epleostekake med ferskost.

I helga var eg på tur med ein venninnegjeng frå ein tidlegare arbeidsplass. Nei, vent litt. Venninnegjeng? Det er faktisk KLUBB.

Og klubben fungerer også som bonus - det er ein nyklassisk klubb utan strikketøy med med nok av vin
og god mat og latter. Ei deilig lita øy i kvardagen med intern humor, støyande latter og god stemning. Uironisk, triveleg. Bonus! Takk for ein fantastisk tur!

Marie diska opp med ein imponerande 4-rettar på fredagskvelden. Difor sparte me epleostekaka eg laga til frukostbordet i staden, servert etter den obligatoriske frukosthovudretten egg og bacon.

Rustikk, men vakker kake. Og krem til. 

Epleostekake med ferskost

Det høyres utruleg imponerande ut å laga sin eigen ferskost berre for ei kakeoppskrift (so det må du fortelja om!), men det var veldig lite jobb (det treng du ikkje nemna). Det vil seie- ein må planlegga litt og helst laga osten dagen før - men det er enkelt og raskt, og sjølve kaka var veldig kjapp og grei sjølv om det er mange operasjonar.


Ferskost

1 liter kefir
1 beger seterrømme

Bland kefir og rømme godt saman i stor kjele. La det nesten koke opp på svak varme. Når det byrjer å skilja seg (klar væske, kvit masse som klumper seg litt) trekker du kjelen frå. IKKJE rør rundt!
No skal osten silast frå mysen, med osteklede eller rein kjøkenhandkuk over sikt eller dørslag, over eit høgt kar med nok plass til mysen. Fest kledet. La det renne av!

Mysen, den klare væska som blir att kan brukast i bakst.


Kake
Set omnen på 175 grader.

Botn:
250 gram havrekjeks
100 g smør, smelta
1/2 dl rørsukker

Knus kjeks (min favorittmetode er å ha den i pose og so dælja laus med kjevle). Bland ingrediensane til botn, og spre utover botnen og opp langs kanten i ei tett springform. Forsteik botnen i 5-10 minutt.

Det står ikkje noko om storleik på forma i oppskrifta. Eg brukte den mellomste i sett på tre. Då blei botnen litt tjukk (men det var deilig), men eg fekk berre plass til halvparten av epla i oppskrifta. Men resten passa.

Fyll:
5-6 epler (eg brukte berre 3!)
2 dl rørsukker
3 egg
halvparten av ostemassen
1 ts malt kanel

Skrell epla om du vil, og skjær dei i båtar. Eg hadde skalet på, og laga tynne båtar so det vart fleire lag i ein fin vifteformasjon. Eg pleier å dryssa kanel over eplebåtane, men den kan også has i røra.
Visp egg og sukker luftig, rør inn halvparten av ferskosten (og evt kanel) og hell over eplene.
Steik ca ein time nederst i omnen.

Krem:
Halvparten av ostemassen
rive skal frå 1 sitron
2-3 ss melis
frø frå 1 vaniljestang
Mitt tillegg: 1 beger vaniljekesam

Bland saman ingrediensane og set kaldt til kaka skal brukast. Eg brukte vaniljekesam fordi eg ville drøya kremen litt. Osten min var nemleg ganske fast, og ikkje so mykje - kanskje eg den renna av litt lenge?

I følge oppskrifta skal kremen smørast på den heilt avkjølte kaka (og sidan dryssast med 100g hakka mandlar og pyntast med "en blomst eller et høstløv på toppen") men eg likte den bleike fargen og den sprø, lett sprukne overflata, og serverte kremen i ei skål på sida.


Ei nydeleg kake som passar til alle høve!

Eg innser at dette biletet ser meir ut som interiørblogg enn matblogg, men lar det stå likevel.

Flott dame fotograferer flott utsikt.

*Eg vedgår at eg funderer litt over konseptet oppphavsrett på oppskrifter. Eg veit det har gått litt debattar på internettet om håndverksopphavsrett - om folk som lager ting som liknar veldig på andre sine og gjer det ut for å vere sine eigne. Men matblogging er jo ikkje SALG - eg tjener ikkje eit raudt øre på å legge ut oppskrifter som ikkje er mine eigne. Difor tar eg sjansen på at Camilla Jensen blir mest glad for at den deilige kaka hennar når ut til folket. OG! Finn du boka synes eg du skal kjøpa henne, for alle kan få auka livskvalitet av å laga meir mat med bønner og linser. Og epleostekaker med ferskost.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar