All mat kommer fra Ungarn av Petter Schjerven er altså så fabelaktig at eg ikkje kan få anbefalt den nok for alle som er glad i mat og kokebøker og andre bøker om mat. Dette er ein blanding av dei to. Visst kan den brukast som kokebok, men den er kanskje best som underhaldning.
Det einaste eg ikkje er superbeistra for er den corny Ungarn-hypotesen. Det løyser eg ved å hoppa over dei sidene som går djupast inn i den tematikken, og fokuserer på Schjervensen og andre mat-personar sine fantastiske barndomshistorier og andre minner.
Eg les denne perla av ei bok på sengekanten, og har fått seriøs latterkrampe ved tre tilfelle: formuleringa "la oss forgifte maten nu før jul", tanken på lutefiskbuffet på veikro og ikkje minst: historia om germknödel frå austerrike.
For den som synes det er festlig og artig å lesa i gamle kokebøker er dette ein skatt. For den som er interessert i den nærare mathistoria vår er dette ein skatt. Eg håper denne boka vil ligge under mange juletre i år, og at den fører til ei oppsving i salet av terteskjell og dandasje.
Takk for boka, Petter Schjerven!
fredag 9. november 2012
lørdag 3. november 2012
Introducing: HAI
"Har du smakt hai?" spurde eg ein av dei andre barske nordlendingane som jobbar i Ravnkloa.
Eg var der for å kjøpa flyndrer til fredagsmiddagen, men medan ein av dei barske, hyggelege nordlendingane førebudde flyndrene til meg lot eg blikket fara over utvalget i fiskedisken.
Og der låg den oppskårne haien, med finnen dandert til pynt.
| HAI! |
I utgongspunktet var eg litt skeptisk til hai, sjølv om eg ikkje hadde nokon spesiell grunn til det (utanom historier om islandsk rak-hai), og etter forsikringar frå begge dei barske nordlendingane fekk dette bleikrosa stykket rovfisk fekk bli med heim.
| Litt skeptisk, mest nyfiken |
Etter anvisning frå nordlendingane steikte eg haien fyrst i panna, og sidan i omn på 180 grader i underkant av 10 minutt. Den måtte for all del ikkje bli gjennomsteikt sa dei, so det unngjekk me.
Diverre fekk eg ikkje noko godt bilete av den ferdigsteike haien, berre dette oversiktsbiletet av mix & match-fiskerest-tallerkenen som utgjorde laurdagsmiddag:
I tillegg til eksperimenteringa med haien var måltidet basert på restar frå dagen før - og alt i alt vart det eit fortreffeleg måltid. Flyndrepakkane og haien spelte hovudroller. Det var litt som måten skodespelardebutantar tidvis speler fletta av etablerte folk. Fy flate so bra fisk haien er! Den minnar om tunfisk i konsistens og samk, men er likevel heilt annleis. Litt mjukare, litt saftigare, litt syrlegare kanskje? Uansett var det ein hit.
Moralen er: Får du kloa i litt hai treng du ikkje tvila. Kjøp han, ta han med heim. Et han.
PS. Denne vitsen fortalde onkel Ove til meg då eg var lita:
Ein hai kom svømmande bortover havbotnen. Då møtte han litt sand.
"hai, hai!" ropte sanden.
"heisann!" svarte haien.
søndag 23. september 2012
Søte, bløte
Det veks stikkelsbærbuskar på to stader på tunet der eg bur. Den eine står like ved innkøyrselen, men bæra som vaks på den fekk ingen menneske nyta. Like før bæra var modne kom ein stareflokk, og svosj - det var ikkje eit bær att på busken.
Den andre busken hadde eg fullstendig gløymd, den står gøymd mellom viltveksande buskar, ugras og eit stakkars ungt epletre som ligg bøygd under vekta av sine eigne frukt. Den busken hadde verken staren eller eg lagt merke til. Der hadde mengder av store stikkelsbær fått henga i fred - faktisk so lenge at fleire av dei hadde byrja å råtne på kvisten.

Eg ville laga kompott av bæra eg plukka i kveld. Kompott, eller frukgraut (kva er skilnaden?) er jo nesten som å eta syltetøy med skei, det er jo fantastisk at det er lov.
Stikkelsbær med hylleblom
500 gram stikkelsbær, reinsa
1 dl hylleblomsaft
1-2 dl vatn
Sukker
2 ts potetmjøl, 1 dl vatn
Ha bær, saft og vatn i ein kjele. Kok opp og la småkoka forsiktig til nokre av bæra har gått i oppløysing, men kort nok til at det er nokre heile bær att - av estetiske hensyn.
Ha i sukker etter smak. Er hylleblomsafta di søt frå før treng du nok mindre sukker.
Det enormt stor skilnad på hylleblomsafta frå IKEA og den eg kjøpte på Gotland i august. Den siste er mindre søt, tjukkare og meir intens på smak. Og eigentleg mykje betre.
Når bland potetmjøl ut i vatn og hell i ein tynn stråle medan du rører litt forsiktig. Kunsten er å balansera mellom å unngå at bæra blir øydelagde, og samstundes som ein unngår geleklumpar.
Ha på glas (ÅH! Den tilfredsstillande lyden av eit glas som poppar når det forsegler seg!) og spar til seinare, eller la tjukne og kjølne og server når du er klar.
Stikkelsbær er so vakre og gode! Spenstig, stramt skinn, mjukt og søtt indre. For ikkje å snakka om kor flotte dei er i motlys - lysande klodar på greina. Det ser ut som dei lyser av seg sjølv. Og so den ekstra spaninga med dei kvasse tornene då. Det er berre på sin plass å sitera Inger Hagerup.
“Søte bløte stikkelsbær.
Hvorfor vokser du på så sinte trær?
Hvorfor kan du ikke neste vår,
vokse på en eplegren?
Sånn at jeg kan få plukket deg,
uten å få stukket meg!”
torsdag 20. september 2012
I just KÅL to say...
I love you.
Grønnkål er stor og kraftig og vakker. Tidvis litt grov, men riktig behandla er det deilig, deilig.
For ei tid sidan såg eg denne interessante saken med forfattarar sine oppskriftstips, og merksemda mi vart fyrst tend ved Jonathan Franzen sin enkle, kjekke rett: Pasta med grønkål. Eg ler av introduksjonen oppskrifta har fått:
We want to make fun of Jonathan Franzen for calling this garlicky pasta “handsome,” “private,” “erotic” and “virtuous,” but we want to eat it so much that we can’t quite bring ourselves to give him any lip.
Det er noko corny med orda han brukar for å skildra retten sin, den gode mannen. Men middag som er enkel å laga, billeg og sunn er alltid velkomen i min heim. Og særleg enkle, men deilige forslag til å bruka favorittingrediensar som eg ikkje har prøvd ut i so mange oppskrifter før.
Me gjorde eit par endringar då. Det eine er safransoljen eg kjøpte på ferietur til Gotland i august. Og det andre er akkurat det Franzen kallar vanhelligelse: me reiv parmesan over. Me har no heller aldri vore so opptatt av det heilage.

Pasta med grønkål, på enklaste vis.
- Riv passelege bitar av grønkålen, ikkje ta med grov stilk.
- Kok pasta, fx spaghetti i salta vatn.
- Hakk kvitlauk fint, steik den i olivenolje til den lukter deilig og er litt brun. Pass på at den ikkje blir brent! Brent kvitlauk er gresseleg.
- Hell pastaen over i dørslag, ta av litt pastavatn til neste punkt.
- Damp kålen i litt av vatnet til den fell saman og blir mør.
- Bland kål, pasta og olje med kvitlauk, kverne litt pepper over. Hell også over litt safranolje hvis du har, i tilfelle du og har vore på gotland eller noko.
- Server med parmesan om du er rampete, utan dersom du er tru mot skrifta.
Etiketter:
billig,
deilig mat,
enkel middag,
favoritt,
kvitlauk,
kål,
pasta,
sunt,
vegetar
tirsdag 31. juli 2012
innom for å vatna blomane
Sommaren med dei store grytene går snart mot haust og kvardag.
Verdas finaste fyr har fyrste dag i vaksenjobb i morgon, eg har jobba i heile sommar. Det har regna stadig, me har ikkje vore på langferie, me skal ikkje reisa nokon stad. Men det går bra, det har vore ein fantastisk innhaldsrik sommar likevel, høg på god mat, gode folk og kjekke opplevingar. Festival og bursdag.
Og i dag kjøpte eg billettar for å dra hit. OI! Det var heilt spontant, og eg kunne ikkje gjort det hadde eg ikkje nett hatt bursdag og fått masse pengar. Eg har spanderbuksene på, Henning skal få vere med.
Pappa har sagt at det som ein ikkje har med seg i hovudet eller magen er ikkje verdt å ha med seg etter ferien. Eg ser den, høyner med minnekortet på fotoapparatet - og lurer på om torsdagen kjem til å føya seg inn i rekka av fantastiske rettar og opplevingar frå sommaren 2012.

Take it away, gutar. Eg er klar!
mandag 16. juli 2012
Verdensteatrets Magiske Dunderhonning
Operasongarar, repetitør og instruktør kjem sigande inn frå låven klokka 22. Det same gjer arkitekt og byggesvein frå skogen, der badstova no er panelkledd og snart klar for å bli inntatt av Hjorth og andre festivaldyr.
Og då står me klare på kjøkenet, operalysmeister Eirik og eg.

Og då står me klare på kjøkenet, operalysmeister Eirik og eg.
Eg har laga vaflar og Eirik har kokt Verdensteatrets Magiske Dunderhonning. Flott namn? Flott drikk!
Prinsippet bak magien er ganske enkelt.
Du tek ganske enkelt to ingrediensar som ein i utgongspunktet ikkje
trur har noko med kvarandre å gjere, og so gjer du noko heilt uventa
med dei.
I dette tilfellet: Hell 1,5 liter
cocacola i ei gryte. Skrell og del ei ingefærrot i store bitar og ha
oppi brusen. Kok. Dess lenger det kokar, dess betre seier Eirik. Server varmt.
Dette har Verdensteateret visstnok lært
i Kina, mest truleg av ein vis mann. Drikken er søt og sterk, og alle operasongarane syntes det kjentes ut som den er veldig god for stemma.
Ein annan vis mann skreiv ein gong at katten er varast i garden. Katten her heiter Arne Næss, og eg er jammen ikkje heilt sikker på om han har blitt særleg var enno. Førebels er han ein leiken, pubertal kar, som jakter på føtene våre under bordet og likar seg best der det er nokon han kan leikebita i fingrane eller gå i vegen for på anna vis.
Etiketter:
drink,
festival,
fine folk,
kjerringråd,
tips
Fisk til ein skokk!
Mesteparten av tida er Loddgarden i
Melhus ein ganske vanleg, roleg gard i Melhus. Men ikkje no! No er
det snart festivaltider, og det kjem stadig fleire til I dag kom eit
lite lass orkestermusikantar også, i tillegg operasongararane,
teknikararane, frivillige sjauarar, badstubyggarar og fleire til -
so i dag var me ikkje mindre enn 18 til bords. Det er
festivalforpleining, det!
| Gislaug har tatt frisørbuksa på. |
Det var ei lita stund i dag tidleg, då
det gjekk opp for meg akkurat kor mange eg skulle laga middag til, at
eg kjente eit snev av stress. Men det enkle er ofte det beste, so eg
tenkte langpanna og eg tenkte lauk, paprika, fisk og tomatsaus.
Heldigvis var Henningen med og handla so me var to hovud som tenkte
ut fiskemengda. Og då vart det gjort.
Loddgardens fiskemiddag for
festivalfolk
til ca 20 personar.
- 8 lauk
- 7 paprika
- 4 pk frossen torsk a 900 gram
- 6 boksar hakka tomater
- Laupstikke frå hagen
- Salt, pepper, og krydderet som er for handa
Legg fisken i botn av 2 langpanner.
Del lauk i båtar og paprika i
strimlar, og fordel utover.
Hakk opp laupstikke og dryss over,
salte og pepre.
Hell over tomatboksar, tre i par
langpanne.
Set i omn med varmlufta på, og ca 200
grader.
Det stod om lag ein time og eit kvarter, men fisken var frosen då eg sette det inni, so om filetane er tinte treng det nok mindre tid.
Det stod om lag ein time og eit kvarter, men fisken var frosen då eg sette det inni, so om filetane er tinte treng det nok mindre tid.
Me hadde kokte poteter til, eg kokte 5
kg fine nypoteter, og det var rikeleg. Det var rømme til og, som gjorde seg utruleg godt. Særleg den eine rømmen, som det var rørt riven peparrot inn i! Sterkt og deilig, men litt for sterkt for dei som ikkje var førebudd på det, smilefjes.
Langbordet har plass til tolv, so me åt i to omgangar. Det er ikkje ofte eg et middag medan ein strykekvartett øver i naborommet. Det kallar eg taffelmusikk!
Alle blei mette, og dei sa det var godt utan at eg hadde spurd fyrst. Det tek eg som eit godt teikn!
Det er kjekt å ta utfordringa og oppdaga at eg kan, men eg trur ikkje eg skal satsa på å bli industrikokk med det fyrste.
| Ettermiddagskaffi for cellisten med festivalens flottaste namn: Ivan Valentin |
| Medbrakte, sjølvsådde kornblomar i kveldssola. |
Etiketter:
enkel middag,
festival,
fine folk,
fisk,
lauk,
mat til mange,
paprika,
tomat
Abonner på:
Innlegg (Atom)