søndag 23. juni 2013

tirsdag 18. juni 2013

Sommarmiddag på ny balkong

Me har flytta! Til Bakklandet, vakre Bakklandet der kafèane lager postkort av rein kjærleik:


Og her er det fyrste ordentlege måltidet i nytt husvære. Strengt tatt var ikkje dette det aller fyrste måltidet i leiligheita - det var nemleg takeaway pizza og øl med gode vener og hjelparar som var med i flyttesjauen - men det er i alle fall det fyrste måltidet på heilt eigen balkong! Og det var eit lekkert måltid med steikt kjøt og grønsaker som er bakt i omn & steikt på grillpanna.

Råvarene hadde me fått i presang av husvertane me flytta frå - klart det er trist å flytta frå so fine folk!


Kjøt og grønsaker a la Bakklandet


  •  1 stykke marinert fårekjøt
  • 1 squash i skjever, 1-2 cm tjukke
  • 1 korg cherrytomater
  • 5 fine poteter i båtar
  • 5 sjalottlaukar
  • god, smaksett olje
  • eventuelt krydder
  • Grønn salat


Ha poteter og reinsa sjalottlaukar i ei eldfast form, hell over litt olje og bland godt. Eg bruker hendene slik at alt blir dekka av olje. Salt og pepper og eventuelt anna krydder over. 
Ha cherrytomatene i ei anna eldfast form. Set begge formene i omnen på 200 grader til det er ferdig; potetenenår dei er er møre og har fått litt farge og tomatene når dei sprekk. 

I mellomtida: pensle squash-skjevene med olje. Varm opp grillpanna til supervarm og grill dei på begge sider. Den som ikkje har grillpanne kan steike dei i vanleg panne eller ha bitane i lag med potetene. 

Kjøtet me brukte var ein lekker filet ferdigmarinert fårekjøt. Det brunte eg raskt i supervarm grillpanne, før eg skrudde av varmen på steikeomnen og la kjøtet oppå potetene i nokre minutt. So lot me det kvile litt på skjærefjøla før me skar opp i serveringsstykke.

Server med grønn salat. "Pionersalat" heitte den me hadde fått, ein sprø og fin blanding av smakssterke, litt bitre blad. Og øl. Dette passa strålande bra til øl.



Oljetips

Heldigvis har eg eit lite skap fullt av ulike gode oljar, og eit par av desse brukte eg til denne maten. Til potetene og lauken brukte eg ein olje eg kjøpte på Gotland i fjor sommar: kajpolje av den gotlandske varianten av ramslauk. Det vart ein nydeleg lauksmak.
Squash-skjevene pensla eg med dødsgod kvitlauksolje. Sidan eg hadde desse oljane vart midagen både smaksrik og deilig, og me trong ikkje noko særleg meir smakstilsetjing enn eit lite dryss urtesalt.

Både saltet og kvitlauksoljen fekk eg til jul av tante K og onkel O - ei aldeles strålande julegåve. Alle burde ynskje seg noko slikt til jul, so dei kan laga eit like deilig måltid til sommaren.

Og no?


No skal me bruka litt tid på å flytta ordentleg inn og få oss eit godt system i kjøkenkroken... 

torsdag 2. mai 2013

Middelhavsmos og magi

I går hadde me kalveskankar til middag, italienskinspirert, osso bucco-aktig.. Langkokt i høve heilagdagen!

I dag hadde me restemat. Krafta etter skankane er nesten eit måltid i seg sjølv, men me hadde i brokkoli og purre i tillegg. Og so lagde me to lekkerbiskenar av nokre tilbehør:


Middelhavsmos

200 gram sellerirot
3-4 ganske store poteter
250 g feta
masse finhakka bladpersille
litt olivenolje
salt og pepper

Kok potet og sellirot møre, mos. Ha i olivenolje etter smak eller til den blir mjuk og fin. Bland inn feta (smuldre gjerne opp fyrst) og persille. Smak til med salt og pepper.

Magi (eller gremolata om du vil)

1-2 ss finhakka sitronskal
1-2 ss finhakka kvitlauk
1-2 ss finhakka persille

Bland alt og server i ei lita skål. Dryss over middagen. Du hendelse for ein deilig smak!

søndag 28. april 2013

Anbefaling




Ai, for ei perfekt helg! Ei kulturell og variert helg med deilige ting i Trondheim.
Matkultur på bondens marked. Kafèkultur. Ølkultur på Antikvariatet (lenge). Og konsertar! Microtub og Trondheim Sinfonietta på Trondheim Kunstmuseum. Sivert på Antikvariatet.

Eg anbefaler alt. Eg anbefaler smør frå Torbuvollen. Ølutvalet på Antikvariatet, og dei fine sundagskonsertane (særleg når det er Sivert). Eg anbefaler konsertane på TKM, og landskapsinstallasjonen til Mariele Neudecker i årstidsrommet. Og heile utstillinga til Susanne Gottberg, den er vidunderleg. Eg anbefaler Bakklandet, på generelt grunnlag.


Og eg anbefaler denne oppskrifta, som eg fekk tilsendt av Martin. Oppskrifta på Bent Sæther sin Eggplant Parmigiana stod i Morgenbladet - og slik ser den ut:


Mer har nett ein variant av denne til ein sein søndagsmiddag. Nei forresten. Me inhalerte den nærmast. Vanlegvis når eg har bakt aubergine har det vore ein omstendeleg prosess der eg har delt den i to og bakt med olje på, sidan skrapa ut kjøtet og blanda i tomatsaus og pinjekjerner og sånt. Det er nesten litt flaut at eg har styra sånn med det, når den perfektige eininga mellom aubergine og tomataus har vore so enkel heile tida! Det er so enkelt, so perfekt og so deilig at eg blir rørt. Til og med utan mozzarella, men med vanleg kvitost som erstatning!



Tomatsausen eg laga var med ein liten, finhakka lauk, ein kvart finhakka kvitlauk, ein boks grovhakka tomater og ei stor spiseskei paprikasaus (ajvar). Den blei mild og fin, og fekk stå og småkoka heile tida medan eg gjorde auberginene til. 

Lag dette til middag. Seriøst, du vil ikkje angre. 

Fredagsfiesta

Eigentleg fekk eg berre lyst til å laga masse deilig mat med smak av chili, lime og koriander, so på fredag inviterte me nokre vener på ein aldri so liten meksikansk fiesta. Kanskje litt inspirert av våren som kjem med løfter om ein sommar?


På bordet stod eit grillpannegrilla stykke storfekjøt, klassikarane jordbærsalsa, pico de gallo, quesedillas, ein snill og mild guacamole med masse rømme, ei skål plain rømme, sylta jalapenos, sylta chipotle frå boks og chilisaus. I tillegg hadde me ein stor bolle nachos slik at restane kunne nytast som dip utover kvelden.

Inspirert av melon på tilbod på rema miksa eg opp ein søt og forfriskande vannmelondrink som passa godt til,  og  to nye rettar frå juksebenken.


Alvorleg god feta & jalapeno-dip
  • Fetaost. Eg kjøper fetaost i runde boksar på tahir market i Trondheim. Tre halve rundingar frå boksen tilsvarer ei mengd på ca 2-3 slike firkantar som ein finn på vanlege butikkar.  
  • 2 kinesiske kvitlauk (utan fedd)
  • 2 sylta jalapenos
  • 1 grilla vanleg chili
  • raspa skal av ein halv lime
  • safta av ein halv lime
  • olivenolje
  • salt og pepper
Skrell kvitlaukane og pakk inn i folie. Set under grillen i steikeomnen på 200 grader til dei er mjuke.
Legg chilien på folie ved sida av kvitlaukane. Snu når svart og grill andre sida og. Ta ut når den er ferdig grilla, pakk inn i folien og la ligge litt.

Krumle opp fetaosten bolle, og rasp limeskal over. Klem over safta. Finhakk jalapenoen.
Opne pakka med chilien. Dra av skalet, skjær eit snitt i kjøtet slik at du får tatt ut frøa. Finhakk.
Når kvitlaukane har kjølna, skvis dei over blandinga. Ha alt i bollen og bland godt. Ha i litt olivenolje til konsistensen blir jamn. Smak til med salt og pepper.


Bønnesalsa
  • Ein boks kidneybønner
  • 2 modne avokado
  • Ein liten lauk
  • Eit par-tre tomater i terningar, grav ut innmaten og kast.
  • Hakka paprika
  • Ein liten boks maiskorn (avsilt)
  • Ein god neve grovhakka koriander
  • Finrive skal og saft av ein lime
  • Finhakka raud chili
  • Salt og pepper
Alle mengder er  rettleiande. Bland alt i ein bolle. Smak til med dei fire siste ingrediensane. La det gjerne stå ei lita stund so smakane kan blanda seg, til dømes medan du lager:


Vannmelondrink

Skjær ein skalk av ein liten vannmelon og spa ut fruktkjøtet og ha oppi blenderen. Det er lett å få ut innhaldet med ei isskei. Mos kjøtet, og ha alt i ei sil. Eg silte oppi ein bolle. Blend gjerne med is for å få det kaldt. (Eg hadde kokt opp ein liten sirup med sukker, vatn og appelsinskalremser, men eg trur det var ganske overflødig - lite smak av appelsinen, og vannmelon er søtt nok i seg sjølv). 

Ha i vodka etter smak, rør rundt og server. Gjerne i det uthola skalet, helst då med paraplyar og sånt, for ein herleg syden-feeling. Drinken var forfriskande og mild, som kompensasjon mot den hotte maten, og hadde ein herleg rosa farge. Ei sommardrink!


Det funker som restemat til frukost og!

søndag 21. april 2013

Gnocchiverkstad

I går påstod Henning at eg berre lager ting ein gong; ein påstand som berre delvis er riktig. Rett nok er det ei enorm mengde oppskrifter eller idear eg berre prøver ut ein gong - men i ny og ne dukker det opp eit konsept eg ikkje klarer å la fara. Og då hender det at sjølv juksemari, snarvegskokken, går grundig til verks.

I fjor haust hadde me nokre rundar med forsøk på gnocchi av graskar, inspirert av ei oppskrift på ein blogg eg ikkje finn att lenger. Forsøka vart riktig so ymse - dei blei enten for harde og seige med for mykje mjøl eller mjuke og fuzzy med for like mjøl. Men resultatet vart alltid sopass interessant at eg ikkje heilt gav meg.

I dag var det tid for å gjere eit nytt forsøk, denne gongen med søtpotet. Eg googla og las forskjellige oppskrifter og framgongsmåtar før eg kom fram til ein metode som gav eit resultat me var skikkeleg nøgde med. 

Dette er ekte søndagsmiddag i betydningen "mat som tar veldig lang tid å tilbereda". Frå ferdigbakte og ferdig avkjølte søtpoteter på benken til servert middag tok det i underkant av 2 timar - og det er 2 timar med aktiv matlaging! Det kan også vere ein fordel å vere fleire, for då kan ein laga samlebånd og få sakene unna i ein fei. 


Søtpotetgnocchi
Mengdene her er vanskeleg å vurdera, då søtpotet er av varierande storleik og det ikkje fins noko eksakt mål for kor mykje mjøl som skal til. I dag bakte eg 1 veldig stor og 3-4 mindre søtpoteter - tilsaman utgjorde det rundt 850 gram då dei var ferdig bakt og reinsa. Til det gjekk det i underkant av 200 gram mjøl til saman, deig og "utbaking".

Du treng: 
Søtpotet
Eit egg
Muskat
Pepper
Kveitemjøl

Det går med ein del utstyr og: Ein bakebolle, kjele med vatn på kokepunktet, bolle med isvatn, sprøytepose. 

  • Bak søtpotet i omn til dei er supermøre - gjerne på lav varme over lang tid. Stikk hol i skalet på søtpotetene fyrst, slik at dei ikkej sprekk. 

  • Avkjøl dei ferdige søtpotetene til du lett kan ta på dei med hendene. Ha innhaldet over i ein bolle, og mos med valgfritt redskap til ein so glatt mos som du berre kan få til.  
  • Kok opp ein stor kjele vatn med ein god del salt - ei god spiseskei per liter vatn. 
  • Bland eit egg, muskat og pepper godt inn i mosen. 
  • Ha kveitemjøl og sikt klart ved sida av bollen. Sikt over ein del mjøl (eit par dl til å byrja med) og bland forsiktig inn i mosen med slikkepott. 
  • Når det kjem saman og er blitt litt som deig kan du testa om deigen er bra ved å laga ein liten bolle med eit par skeier. Slepp oppi vatnet. Hvis den løyser seg opp og flyt ut må du tilsetja litt meir mjøl. Gnocchiane synk ned på botnen, men flyt opp på overflata når dei er nesten ferdig.  
  • Når deigen er bra er det tid for det smarte trikset eg fann ut av i dag: å fylla ein sprøytepose med røra/deigen, og sprøyta gnocchiar på eit godt mjøla brett. Storleik ein plass mellom valnøtt og hasselnøtter. Sikt mjølv over alle.
  • Bruk ei teskei til å hente opp dei små bollane, kast dei litt mellom hendene slik at mjølet blir jamnt, men tynt fordelt over heile overflata. Men obs! Deigen er so mjuk, so mjuk, so ikkje vær for hardhendt med dei. 


  • Slepp bollane forsiktig i vatnet som er varmt og pittelitt boblande, men ikkje kokande. Aus dei opp med holsleiv når dei kjem på overflaten og har lugge der og bobla litt 
  • Legg ferdige gnocchiar i ein bolle isvatn ei lita stund, fisk dei opp att med holsleiva og legg på eit brett til dei er ferdige. 

Me serverte desse mjuke smakfulle små lekkerbiskane med salviesmør, nykverna pepper og strimlar av bogskinke. Dei er veldig søte, desse gnocchiane, so det gjorde seg med glas syrleg lambic til .


lørdag 13. april 2013

re-laks

Ein inkognito Fusing poserer med laksaskjorta og serveringsbrett:


Det er ikkje god å vita kva ein skal meina om oppdrettsnæringa. Eg har ikkje sett meg ordentleg inn i saka, so eg veit ikkje kva eg burde gjere. 

Men dette veit eg: Dei kjekke porsjonspakka stykka frå frysedisken er ein rask og deilig middag. Hvis ein har gløymd å ta dei ut av frysen går det veldig fort å tine dei i ein lunka vatn (utan å opne pakka!).

Ein naturellvariant. 


Laksestykka treng verken lang tid eller noko særleg dilldall for å bli bra, men det hender seg at eg får ånda over meg til å gjere noko meir med dei rosa fiskestykka. I vinter har eg kokkelurt saman to deilige marinadar som også kan bli ein god saus. 


Wasabimarinade

  • 1-5 cm wasabipasta frå tube
  • klunk olje
  •  ein del soyasaus
  • liten dæsj fiskesaus
  • klype sukker
  • sitronskvis/ dæsj sitronsaft
Servert med enkel salat og ei blanding av heil havre, kvit og brun quinoa.

Appelsin og rosmarin-marinade
  • appelsinsaft (eit par ss hvis saft frå butikk, safta av 1/2-1 frukt hvis ferske appelsiner
  • klunk olje
  • finhakka fersk eller tørka rosmarin
  • dæsj soyasaus
  • dæsj eplesidereddik
Servert med byggris, agurksalat og lettsteikte grønsaker. 

Framgongsmåte for begge: 

Ha alle ingrediensane i ein bolle og visp dei veldig godt saman. Smak til den riktige balansen mellom salt (soyasaus), syre (sitron, eplesidereddik) og smaktilsetjingane. 
Legg fiskestykka i marinaden, og la ligge. Gjerne lenge. Snu nokre gongar. 


Set varme på steike- eller grillpanna, og legg fiskestykka i når panna er varm. Steik til du ser det forandrar farge nederst og snu. Det beste er når det er ei brun, litt sprø steikeskorpe ytst, men framleis mørkerosa i midten. Det tek ikkje mange minutta! 

Legg til side fiskestykka, hald dei gjerne varme hvis dei må venta litt. 

Ikkje skru av steikepanna, men hell i marinaderesten. Klæss i ein dæsj kesam eller liknande og gjerne litt smør. Visp godt til det blir jamnt og tjukt og kanskje litt skummande. 

Server med salat eller grønsaker, og ditt favorittilbehør. Som det kjem fram av bileta er ymse korn ein favoritt her i huset.