tirsdag 5. april 2011

Mmmmm, makaroni og spinat!


På butikken, impulsivt, slengte eg ein pose spinat i handlekorga. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjere med den, men det var truleg undermedvitet som kicka inn - kvelden før hadde eg lese i ei kokebok frå Toscana som blant anna presenterte retten spinaci con uove - eller på norsk: spinat med egg. Medan eg pakka inn varene kom eg på at Deb frå Smitten Kitchen hadde hatt ei oppskrift med noko spinat ein gong, so eg gjekk i gong med research.

Konseptet i begge tilfella er spinat og kvit saus, bakt i ovn. Den italienske versjonen har knekt egg over som får posjera i sausen og er steikt i panne på ovnen.Posjering i saus er for øvrig ein tilberedningsmåte av egg eg har fått meir og meir sansen for sidan shakshuka kom inn i livet mitt, også den via Smitta Deb. Oppskrifta hennar er frå Julia Childs franske kokebok, og det skulle jo vere eit kvalitetsteikn i seg sjølv.




So med sterke kjelder i ryggen gjekk eg i gong med juksearbeidet. Eg er ikkje så glad i pirkearbeid på kjøkenet, enten det er å reinsa reker, skjæra ting i bittesmå, like store bitar eller å reinsa spinat. Likevel gjorde eg det grundig denne gongen, kanskje mest fordi det var noko spanande på radioen, men moglegeins fordi eg vart inspirert av tipsa frå Deb:

How I wash greens: Fill a large bowl or basin with cold water. Drop in the spinach and swish it around a few times so it deposits any sand and grit before lifting it out of the bowl (leaving any grit/dirt at the bottom of the bowl and not dragging the clean leaves through it) and drop it in a colander. No need to dry it for this recipe, but in others, I either spread it out on towels or run it through a salad spinner.

Eg skylte spinatblada samfullt eit og eit om gongen, drog av dei grove stilkane og kasta dei gule, visna eller slimete, fuktige. Og vatnet eg hadde brukt var så skittent etterp at eg var glad eg hadde gjort det! So blir eg ikkje like freista til å juksa og hoppa over skylling og rensing neste gong.

So gjorde eg dette:
(alle mengdene kjem frå posten til Deb, eg var ikkje so nøy med å måla)

1 pakke rensa og skylt spinat kjem i ei gryte saman med litt vatn, og får falla saman der. Når det er falle saman, ha alt i eit dørslag og senk i iskaldt vatn. La renna av seg når det er kaldt. Hakk, seier Deb, det gadd ikkje eg.

Smelt smør i panna (1,5 ss), og evt litt hakka kvitlauk som eg aldri kan leva utan.
Ha i spinaten og kok til den er tørr. Dryss over mjøl (eit lett lag, eller 1,5 ss).

Herfrå er det eit større avvik mellom mi og Deb si oppskrift. Eg hadde nemleg ikkje noko kraft eller buljong for handa, so eg hadde i 2-3 dl mjølk, som eg rørte inn og lot det småkoke til det tjukna.

Raspa muskatnøtt over, smak til med salt og pepper.

I mellomtida hadde eg og koka makaroni, so på dette tidspunktet blanda eg den inn i sausen, hadde alt over i ei eldfast form, laga groper til egg (3 i talet, sidan me var tre som skulle eta), hadde riven ost på toppen og sette det inn i ovnen.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar