lørdag 19. mars 2011

His Chili Challenge



Desse fine chiliane ligg på kjøkenbordet og freistar. Me veit ikkje heilt kva type chili dei er, det stod ikkje på pakken, men me lurer litt på om det kan vere Habanero.Torgrim Eggen hevdar i den fabelaktige boka Farlig godt at moden habanero er gul eller oransje, ikkje raud, men wikilinken og eit kjapt biletsøk på google tyder på at det godt kan vera habanero me har på bordet. Og då gidd eg ikkje gjera meir research for i dag.

Habanero eller ikkje - ein chili challenge for framtida blir å læra seg å kjenna att ulike chilitypar slik at me veit akkurat kva type som er bra til kva mat. Men det blir seinare! Dagens historie byrjer ved kjøkenbordet medan me sat og åt formiddagsmat, og det er sambuar som er hovudpersonen.



"Åh, no fikk æ lyst til å skjær tynne, tynne skiva av den her og spis med nåkka" sa han, med blikket på den freistande raude frukta som låg og lyste på bordet. Farleg og sterk innimellom trygg og tam fårepølse og kvitost av aller billegaste og kjipaste type.



Som tenkt, som gjort; småe sneiar av chilien, steikt med jarlsbergsrestar i strimlar, steikt på panna ei lita stund til osten var smelta og blitt pittelitt crispy.



Utfordraren var nøgd, eg og fekk smaka, og det vart ein deilig chilismak. Ein smak som kitlar og terger, hisser opp og freistar til meir - men som ein kanskje likevel bør vere litt forsiktig med.

Neste chili challenge? Salsa kanskje, sånn at me kan dansa slik Torgrim Eggen snakkar om?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar