Dagens oppskrift er ein vinnar. DU HENDELSE FOR EIN GOD MATRETT!
Fyrst, bakgrunnen: På laurdag kjøpte eg ein bukett friske rosmarinkvistar på Middelhavet, ein av favorittbutikkane mine i Trondheim. Eg trong fersk rosmarin til å stappa inn i ein kylling. Eg brukte fire stilkar i kyllingen, og so hadde eg 30 att. Det er omlag 30 fleire friske rosmarinkvistar enn eg bruker å ha på kjøkenet.
Men heldigvis for meg kunne kom eg over ei heilt fantastisk oppskrift med rosmarin. Christopher Sjuve, som eg likar på facebook, inkluderte denne oppskrifta i vekesmenyen sin, og eg lot meg freista. FLAKS!
Innebygginga vart litt dustete, men det går an å trykka på biletet for å få fram oppskrifta i eit nytt vindauge der det ikkje er skrift på skrifta.
Eg hadde ikkje noko egg, men eg skylte filtane og lot dei vere fuktige, og når eg dytta på nøtteblandinga med hendene hang det bra fast. Det som datt av, og resten som var att på tallerkenen, steikte eg litt lenger og helte over porsjonane våre til slutt.
Me serverte denne fantastiske fisken med ei krema potetstappe med olivenolje og fløyte, og med nokre grønnsaksrestar som stod i kjøleskapet.
Kjøp torsk. Hakk nøtter, rosiner og rosmarin. Steik i smør. Bli glad.
tirsdag 31. januar 2012
mandag 23. januar 2012
Eit sukk, ein song og dagens middag
Eit sukk: Fuglematen som eg laga og hang ut i tunet er urørt. Er det ikkje småfuglar her ute på sletta?
Ein song: Sigrun and the Kitchen Band; the kitchen song. Det er ein lys og lett song som passar til våren eg lengter veldig etter. Og ein kjøkensong må jo berre passa i ein matblogg!
Varm opp 1-2 teskeier kurripasta med litt olje.Ha oppi kutta grønsaker etter ynskje, smak og kva du har i huset. I dag brukte eg:
Ein song: Sigrun and the Kitchen Band; the kitchen song. Det er ein lys og lett song som passar til våren eg lengter veldig etter. Og ein kjøkensong må jo berre passa i ein matblogg!
Dagens middag: Juksekørri
Curry. Kurri. Kørri. Det går an å laga eigne krydderblandingarr, eller eigen currypaste. Kurripasta. Men eg har eit glas med grøn currypaste i kjøleskapet, og det har stått der LENGE! So dette er ei oppskrift på ei sunn, vegetarisk gryte. Det er mykje meir heimelaga enn ei gryte laga på pulverpose, du kan tilpassa den etter kva du har i (kjøle)skapet, og med mindre du er fullstendig utsøkt raffinert i smaken vil det vera ein veldig god middag. Det einaste som krevst av kunnskaper er evna til å sjå kor mykje væske som trengs. Det kan alle.

- ein bit sellerirot, omlag 1 dl opphakka
- ein mjuk, litt stor jordskokk
- ei middels stor gulrot
- ein liten lauk
- ein paprikarest
- ein strimmel saltsylta sitron, eller ein dæsj sitronsaft
Dette fekk surre litt i olje & pastaen, før eg hadde oppi
- ein boks kokosmjølk
- litt brun quinoa. Eller ris hvis ein heller vil ha det.
- kikerter, bløytlagde og kokte, eller ein boks ferdigkokte
Og so får det småkoke til alt er mørt og kikertene gjennomvarme. 10-20 minutt ville eg sagt, quinoaen treng i alle fall 10 minutt. Hell på meir vatn hvis det blir for tjukt. Hvis ikkje ein har eller vil ha quinoa i går det an å ha ris oppi, eller på sida.
Eg var veldig nøgd med å ha quinoa i kurrien, det var veldig godt å ha noko litt knasande, kornaktig i lag med alle dei møre grønsakene. Litt bitt, rett og slett. Noko eg derimot ikkje var so nøgd med var den der jordskokken. Eg har prøvde nokre gongar i ulike former, og lurer på om eg er nøydd å konkludera med at ikkje er so begeistra for jordskokk. Søren, altså!
søndag 22. januar 2012
Heimedag
For å vere heilt ærleg er eg usikker
på den store miljømessige eller økonomiske gevinsten ein får av å
laga Alt Godt sine opptenningsrullar. Men det bryr eg meg ikkje om,
og presenterer heller fira gode grunnar til å bruka tid på å laga
dei uansett. I stigande rekkefølge:
3. Kjensla av å få brukt opp alle
reklameavisene som kjem i posten fordi ein ENNO IKKJE har fått opp
ein «Reklame Neitakk»-klistrelapp.
2. Den generelt gode kjensla av Å LAGA
NOKO SJØLV.
1. Den mest konkrete og beste grunnen
av dei alle: Det er utruleg lett å tenna opp med desse rullane,
sjølv i ein kronglete og vanskeleg omn som vår.
Set på radioen, eller ei fin plate
(til dømes denne) på repeat.
Smelt stearin over vassbad, eg bruker
eit stort sylteglas eg har mista loket til. Rull saman 2 sider av ei
avis, fest med hyssing eller bomullstrådar, klipp opp i passande
storleik. Eg rulla frå botnen, altså den lengste sida, og klippa
opp i 4 bitar. Det blei slanke, fine rullar. Dypp halve i stearinen,
det kan henda du må tilta litt for å få dekt opp til omlag midten.
La størkna medan du lagar fleire
rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan
du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye.
La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og
halve av dei nye. La størkna medan du lagar fleire rullar. Dypp
andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna medan du lagar
fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei nye. La størkna
medan du lagar fleire rullar. Dypp andre halvparten, og halve av dei
nye.
Og dette kan du halda på med til det
er tomt for stearin eller aviser, eller du blir lei. Eller til du
blir akutt svolten og bruker 10-20 minutt på å laga ei ikkje veldig
vakker, men god:
Rask, enkel suppa
Omtrentlege mengder til ein person:
- 5 – 7,5 dl vatn,
- suppebuljong tilsvarande mengda vatn
- ein dæsj Sriracha, annan chili-saus eller litt hakka fersk chili
- 4-5 tørka soppar hvis du har
La det småkoka, medan du har i:
- 1/2 kvitlauk av typen utan fedd, skore i tynne skjever.
- 1- 1/2 gulrot, med mindre du oppdagar at det ikkje er gulrøtter att.
- Ein liten bit finstrimla hovudkål, med mindre du oppdager at det er myggel på den.
- Ein liten porsjon nudlar, til dømes eit nøste av desse festlege, fargerike nudlane frå ei asia-sjappe.
Når det syder og alt er mørt, knekk
eit romtemperert egg oppi. Dette er den einaste formen for posjering
eg nokonlunde beherskar. Det vil seie, det kvite sprer seg jo rundt i
krafta som brudeslør i sommarbris, men i denne suppa gjer det ikkje
so mykje. Det blir ikkje like pent, berre. Difor viser eg fram ein litt penare variant som eg laga tidlegare i veka:
Etiketter:
aleine heime,
alt godt,
chili,
egg,
enkel middag,
heimelaga,
kvitlauk,
småkake,
suppe,
tips
søndag 15. januar 2012
Luftbåren
Our destination: Stjordal
Time left: 0 h 41 min
We will land 15:42 local time
Altitude: 4 753 m
Ground speed: 693 km/h
Nokre gongar har eg teflonhjerne, alt sklir av som smør i ei varm panna. Den fototekniske kvaliteten på bileta her i bloggen er eit døme på det. Sjølv om eg har forsøkt å setja meg inn i det tekniske fleire gongar, so hugser eg det aldri særleg lenge. Heldigvis er kameraet mitt godt, og har automatiske innstillingar som fungerer godt for meg. For sjølv om Henningen har vist meg det fleire gongar hugsar eg aldri korleis eg stiller inn kvitbalanse. Og eg blander alltid om det skal vere høg eller låg ISO når det er mørkt.
No har eg hatt ei fantasisk helg i Bergen, med gode venninner, curling (!!), gode samtalar og ikkje minst: Fantastisk mat. Men so gløymde teflonhjernen å ta med ladaren til fotoapparatet heime.
Difor har eg ingen bilete av asiatisk sushi-bonanza etter taco-prinsipp, Eggs Benedict på Smakverket som gjer meg heilt matt og lukkeleg når eg tenker på det eller av ein frisk og velbalansert salat hjå Hanne på Høyden.
Nokre gongar føler eg at hjernen min er litt sånn:
Our destination: Stjordal
Time left: 0 h 17 min
We will land 15:44 local time
Altitude: 8 843 m
Ground speed: 807 km/h
tirsdag 10. januar 2012
Småsporven gjeng i tunet
"Berre gjer da" er slagordet til Puls-Yngvar i år. Eg trudde fyrst at da stod "berre gjer d", og blei litt flau når vaksne folk på sjølvsaste statskanalen synes det er greit å bruka sms-forkortingar skriftleg, men heldigvis tok eg feil. Og Puls-Yngvar er so sjarmerande at eg kunne sett mellom fingrane med da uansett. I går trente eg, hopp hurra og amen, men det tok lenger tid enn eg trudde å koma i gong att som frøken juksemat.
So difor berre gjer eg da. Byrjar å blogga 2012.
Og ikkje med det eg hadde tenkt, ein biletkavalkade over alt det gode som har stått på bordet i den søte juletid, ikkje med urtetips frå den vidunderlege Annemarta Borgen, ikkje med gryterett eller opp-ned-laukpai a la Nigella. Alt det der kjem. Trur eg.
Men i dag er det ikkje mine blodårer som skal få lida for feittet eg smeltar i gryta, og det er ikkje kaka som duftar vagt av kokos. Nei, eg byrjer med ei feit og fin freisting for våre fjærkledde kompisar i hagen.
Pris, smak, tidsbruk eller helse er ofte kriterie som speler inn når ein skal velga mellom å laga sjølv eller kjøpa ferdig. Når det gjeld feitt-basert fuglemat er eg jammen ikkje sikker på kva som er den motiverande drivkrafta (med mindre du som meg synes det er kult å laga fuglamat sjølv), men eg høyrde ornitolog Falkenberg, ja; ornitolog FALKENBERG, snakka om heimalaga fuglamat på radioen på søndag, og han sa at feittet i kjøpte meisebollar ofte er harskt. Då et ikkje fuglane det. Men heimalaga meisebollar går som varme kveitebrød.
Det er framleis kaldt mange stader i landet, i alle fall her i Trøndelag, men sjølv på det regnvåte vestlandet eg nyss forlot set småfuglane pris på litt heimelaga snacks. Ornitolog Falkenberg har ei oppskrift på ein helt enorm meisebolle som snarare burde heite meisebøtte her, men verken eg eller pappa brukte oppskrift.
Det eg gjorde var å smelta ein pakke Flott matfett (bra namn!) som dei har på vanlege butikkar. I ein bolle blanda eg havregryn, solsikkefrø (med skal - men ornitolog Falkenberg sa at for den som skal ha servering på verandaen sin kanskje vil velga dei utan skal sidan det då vert mindre gris på foringsplassen.), kokosflak, litt frukostblanding, hakka hasselnøtter.
Dette blanda eg godt saman før eg helte over det smelta fettet og blanda litt til. Noko av det hadde eg i smørboksen, som på biletet over. Noko hadde eg i ein bolle, slik som på det andre biletet, den pappa laga.
Alt mogleg kan gå i meisebollane, men ornitolog Falkenberg minner om å hakka opp nøtter, mandlar og anna som er i store bitar. Og so skal ikkje fuglane ha salt. Og so meiner eg å ha høyrd ein gong at ukokt ris sveller i magen, so det bør dei vel heller ikkje få då.
Eg tilrår å høyre denne i bakgrunnen medan du lagar meisebolle, so blir du like glad som fuglane når dei får den flotte maten sin.
PS. Den som ikkje har lyst å tenka på dei forsvarslause småfuglane, men heller vil trena kan lasta ned treningsplan a la Puls-Yngvar her. Berre gjer da.
So difor berre gjer eg da. Byrjar å blogga 2012.
Og ikkje med det eg hadde tenkt, ein biletkavalkade over alt det gode som har stått på bordet i den søte juletid, ikkje med urtetips frå den vidunderlege Annemarta Borgen, ikkje med gryterett eller opp-ned-laukpai a la Nigella. Alt det der kjem. Trur eg.
Men i dag er det ikkje mine blodårer som skal få lida for feittet eg smeltar i gryta, og det er ikkje kaka som duftar vagt av kokos. Nei, eg byrjer med ei feit og fin freisting for våre fjærkledde kompisar i hagen.
I ein smørboks. |
Pris, smak, tidsbruk eller helse er ofte kriterie som speler inn når ein skal velga mellom å laga sjølv eller kjøpa ferdig. Når det gjeld feitt-basert fuglemat er eg jammen ikkje sikker på kva som er den motiverande drivkrafta (med mindre du som meg synes det er kult å laga fuglamat sjølv), men eg høyrde ornitolog Falkenberg, ja; ornitolog FALKENBERG, snakka om heimalaga fuglamat på radioen på søndag, og han sa at feittet i kjøpte meisebollar ofte er harskt. Då et ikkje fuglane det. Men heimalaga meisebollar går som varme kveitebrød.
Eller i ein bolle. Denne laga pappa i romjula. |
Det eg gjorde var å smelta ein pakke Flott matfett (bra namn!) som dei har på vanlege butikkar. I ein bolle blanda eg havregryn, solsikkefrø (med skal - men ornitolog Falkenberg sa at for den som skal ha servering på verandaen sin kanskje vil velga dei utan skal sidan det då vert mindre gris på foringsplassen.), kokosflak, litt frukostblanding, hakka hasselnøtter.
Dette blanda eg godt saman før eg helte over det smelta fettet og blanda litt til. Noko av det hadde eg i smørboksen, som på biletet over. Noko hadde eg i ein bolle, slik som på det andre biletet, den pappa laga.
Alt mogleg kan gå i meisebollane, men ornitolog Falkenberg minner om å hakka opp nøtter, mandlar og anna som er i store bitar. Og so skal ikkje fuglane ha salt. Og so meiner eg å ha høyrd ein gong at ukokt ris sveller i magen, so det bør dei vel heller ikkje få då.
Eg tilrår å høyre denne i bakgrunnen medan du lagar meisebolle, so blir du like glad som fuglane når dei får den flotte maten sin.
PS. Den som ikkje har lyst å tenka på dei forsvarslause småfuglane, men heller vil trena kan lasta ned treningsplan a la Puls-Yngvar her. Berre gjer da.
Abonner på:
Innlegg (Atom)