torsdag 1. desember 2011

1.desember

Velkomen til fyrste luke i den joviale julekalenderen her på Juksemat! 

Gjøran og frk Juks prestenterer: Jødekaker
Den fyrste dagen i desember vert, tradisjonen tru, feira heime hjå gutta i Nedre Møllenberg Gate; Gjøran, Geir og Roar, som ikkje er kome enno. Henningen og eg er på plass, i tillegg til fleire vidunderlege folk: Hjørdis og Tom, og ei foreløpig sovande Herdis.

Ribba er i ovnen, me fråtser i julemusikk, klementiner og snop, og i skrivande stund ser me Blåfjell. Seinare skal me sjå Love Actually, eta eit voldsomt julemåltid og kanskje baka pepperkaker hvis me gidd.

Nytt av året var ein spanande form for bakst: Jødekaker. Kakene er luftige, mjuke og veldig gode kjeks. Dei kunne like gjerne ha heitt "jødiske kaker", noko som kanskje ville vore litt mindre spesielt, men det heiter dei altså ikkje. Wikipedia fortel at jødekaker er av sefardisk opphav,
noko som tyder at dei er kome til Skandinavia frå jødar i Spania og Portugal.

Dette er kanskje ikkje dei mest utbreidde kakene, men på vestlandet kan dei kjøpast på butikken. Sjølv kjenner eg dei helst frå famelien Helland heime i Eikelandsosen, og oppskrifta kjem frå mor Helland. Eg fekk oppskrifta i sommar, behørig skriven opp på ein konvolutt,  men i dag var fyrste gong eg prøvde henne. Resultatet vart so fantastisk at eg sporenstreks bestemte meg for å laga adventskalendar, berre slik at desse vidunderlege småkakene kan vere den fyrste luka.

Fenga? Interessert? Trykk på les meir for oppskrift, framgongsmåte og fleire joviale fotos!

Har du sett noko so høgt og flott?  It`s a christmas miracle!





 JØDEKAKER
Kjevl deigen.

 1/2 liter surmjølk
250 gram smør (i desse krisetider fungerer det med Melange)
500 gram sukker
i underkant av 1 kg kveitemjøl
25 gram hornsalt

Egg til pensling
Perlesukker, eller brunt rørskker som eg brukte i dag.


Og so gjer du slik:

  • Set steikeomnen på 190 grader.
  • Smelt smøret, avkjøl
  • Bland sukker, surmjelk og smør
  • Sikt inn hornsalt og ca 3/4 av mjølet.
  • Rør til jevn deig, fyrst me sleiv. Sidan kan du godt kna litt for hand. Deigen blir smidig og lekker. Ta i litt og litt mjøl til du blir ferdig.
  • Kjevle ut deigen, bruk godt med mjøl på bakebordet til cirka 1/2 cm tjukk leiv.
  • Stikk ut kaker med eit glas.
  • Pensle med egg, strø med sukker.
  • Steik i 12-13 minutt.
 Ei lita åtvaring: Ei slik mengde med hornsalt gjer det hasardiøst

Selskapet sette stor pris på kakene, og lovorda hagla. Noko av det beste jødekaker er konsistensen: Dei er mjuke og gjer etter når du tygger dei, men er spenstige noko til i gå tilbake til opprinneleg høgd etter du har tygga. Fantastisk.

Eit betimeleg spørsmål no er jo haldbarheita på desse kakene, og for å vere ærleg, so har eg ikkje peiling. Me får sjå hvis det blir nokre att!

Stikk ut kakene med eit glas.

Lagarbeid på kjøkenet!



Hjørdis sjekkar tilstanden på det fyrste brettet.


Nigella-posering med eit bugnande fat jødekaker.

Til slutt, om du enno ikkje skulle vere overtydd om at jødekaker, trass det noko ukristne namnet,  er det riktige å laga i denne førjulstida, eit sitat frå Geir:
Jeg greier ikke slutte å gomle disse jødene jeg, altså. De er så utsøkte, de har så herlig konsistens.

Hurra for adventstida!

7 kommentarer:

  1. Åh! Gledelig for en slitenhusmor fra Sagene!

    SvarSlett
  2. Dette er einaste kalenderen eg skal følge på nett! Gleder meg til fortsettelsen..

    SvarSlett
  3. Haha! Mari! Det er fantastisk. Klem frå NMU-Fredrik :)

    SvarSlett
  4. Fytti grisen, asså. Disse jødekakene var i sannhet en fryd for ganen, og uten tvil noe som bør bli et fast innslag på årets største festdag 1. dez. Det eneste jeg har å utsette på jødekakene, må være at man må lage dem fra scratch. Denslags kan jeg styre min begeistring for. Honnør til mor Helland og hennes oppskrift, naturligvis, mitt inntrykk er at hun alltid leverer. Likefullt savner jeg naturligvis et alternativ fra Mølleren eller Regal. Det kan da ikke forventes at folk skal bake sine egne jødekaker fra bunnen av, hver gang de får lyst på noen? Dette burde vært et produkt som var finne i alle landets butikkhyller, ikke bare på Vestlandet. Men ellers hurra for en fantastisk blogg, noen fantastiske jødekaker og en fantastisk dag.

    Smilefjes, hjerte og de beste hilsener fra Gjøran

    SvarSlett
  5. Oj oj, så moro å lese.

    Hilsen fra Malaga
    Ps: her skal vi ha skandinavisk juledag på lørdag: et etegilde uten like: Vi skal lage and med stuffing, for det vil dansken, og så skal vi spise knekkebrød (for det vil svenskene) med seks sorter sild, og så skal vi drikke gløgg, og snaps (for det vil svenskene). Veden er kjøpt inn og alle hjerter gleder seg. Jeg dro til og med til Ikea og kjøpte masse pepperkakeformer, men så viste det seg at de ikke hadde ferdig pepperkakedeig, så nå har jeg masse former som sier "lag deig sjøl!!". Heldigvis ligger de godt gjemt i skuffen!

    Hilsen Lene fra Samfundet

    SvarSlett
  6. Love og hurra og klemmar til dåke alle saman!

    SvarSlett