torsdag 15. desember 2011

15. desember

Gratulerer med dagen. Det var nett ei sak på radioen om kundar som besvimer inne på handlesentra pga lavt blodsukker, stress og varme. Eit handlesenter på Gjøvik har faktisk starta ei eiga utrykningsgruppe som skal ta seg av dei som besvimer, og ambulansepersonell informerer om at dei fleste som kjem inn når dei har uvita har drukke for lite vatn eller ete for lite. Ja, og so går dei inne med alt for varme utejakker.

Då himler eg med auga og føler meg enno smartare.

Smartare, fordi eg ikkje går i saueflokk for å handla akkurat samstundes som alle dei andre.
Smartare, fordi eg lagar heimelaga julegåver, blant anna slike som kan etast.
Smartare, fordi eg lagar deilig middag som gjer at blodsukkerstemninga er på topp.

Dagens blogg handlar om to ting: Rosenkål og brende mandlar, kvar for seg.


 1. Frå slapt vedheng til sprettent tilbehør: Rosenkål inn i varmen!

Igjen er det vidunderlege Debbie frå Smittenkitchen.com som er kjelda, med hennar  dijon-braised brussel sprouts. Eg hadde registrert oppskrifta, såg kjapt over og tenkte "usj, rosenkål." Oppskrifta såg god ut tykte eg, men eg tenkte samstundes at det måtte nok vere ferske og litt meir spenstige rosenkål enn dei vanlege, frosne. For fy flate, frosen og kokt rosenkål er stort sett slappe greier!

I går kom eg tilfeldigvis over ein boks med akkurat det: Ferske, spretne rosenkål, og  eg bestemte meg for å gje den vesle grønsaken ein ny sjanse.

 Prinsippet er enkelt: rens og del rosenkålane i to, ved stilken. Steik dei kort i smør+olje til dei er litt brune, i fleire omgongar om naudsynt. Hell over kvitvin (som eg ikkje hadde og tok papen sin heimelaga sider i staden), og sjalottlauk (eller, som eg gjorde, ein liten vanleg lauk) i ringar, saman med eit par desiliter kraft (eller ein halv buljongterning og 2 dl vatn). So seier Deb at ein skal ta rosenkålen ut av krafta for so å vispa inn litt kremfløyte og litt dijon-sennep, men det gadd ikkje eg. Eg skubba kålane til side, tilta panna og vispa inn greiene slik. Eg gløymde å salta å pepra, men det gjekk bra å gjera det ved bordet.

Me serverte dette lekre og deilige tilbehøret til ei luftig potetstappe (TRIKS! Varm opp mjølka før innblanding!) og steikte pølser. Det var supergodt.











Og når alt er ete opp er det på tide og rydda av og gjera klart for dagen neste kjøkenteneste:



Den Beste Oppskrifta på Brende Mandlar


  •  300 gram mandlar
  • 150 gram sukker
  • 0,5-1 dl vatn
  • Dryss av salt, helst flaksalt som maldon.
  • Evt smakstilsetjing
  1. Bland alt i kald steikepanne.
  2. Set plata på full guff, med panna på.
  3. Rør heile tida, til alt vatnet er fordampa vekk. 
  4. Frå vatnet er fordampa må du følga nøye med på korleis du synes mandlane dine er perfekte. Det fyrste stadiet er kvitt, klumpete sukker som klynger til mandlane, deretter smelter det og blir blankt og brunt.
  5. Ta panna av varmen og hell mandlane over på eit bakepapir/silikonmatte/gjenbrukspapir/kva du vil.
  6. Dryss over salt, evt chiliflak, evt ein juleblanding med kardemomme/kanel/nellik (kan også blandast i før punkt 5.), eventuelt noko heilt anna du kjem på. 
  7. Skil dei med gaffel, når dei blir kalde nok til å ta i, med fingrane. 
Sjølv likar me mandlane best når sukkeret ikkje er fullstendig smelta, blankt og brunt, men det er nokre sukkerklumpar att, slik som dette: 

Då er dei perfekte og deilige, og kan etast med ein gong. Eller leggast fint i små cellofanposar med sløyfe og bli gitt vekk til nokon du likar godt.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar