Vetlejulafta i år går med til å vaska litt
rundt, etter prinsippet: det du ikkje ser treng du ikkje vaska. Då får me tid
til litt anna og. Syster mi skal laga pistasj-sjokolade-fudge a la Nigella, men
ho har tabba seg ut på den same måten mange andre har gjort før, blant anna meg
sjølv. Sanneleg, det seier eg dykk: condensed milk er ikkje det same som
vikingmjølk!
Ingen norske produsentar lagar kondensert
mjølk av den tjukke, lysebrune, søte varianten som dei likar so godt i
utlandet, særleg latin-amerika. Der kokar dei den og lagar «dulce de leche»,
ein søt og god krem som minnar litt om HaPå – og jammen er ikkje HaPå laga av
det same prinsippet! Då eg søkte opp vikingmjølk og kondensert mjølk i stad kom
det opp eit fun-fact om at HaPå faktisk vart funne opp under 2.verdskrigen, då
husmødre kokte vikingmjølk boksar i eit par timar, og slik fekk eit prim-aktig
pålegg som vart heitande Hamar-Pålegget, eller HaPå. Fantastisk informasjon, som alt kjem her frå opplysningssida melk.no
350 g 70% sjokolade
1 boks (397 g) kondensert mjølk – eller ein
boks med sjølv-modifisert vikingmjølk.
30 g smør
1 klype salt
150 g pistasjenøtter (usaltede,
grovhakket)
- Hakk sjokolade og nøtter. Nøttene kan leggast i ein brød- eller frysepose og so dæljast lau på med kjevle, som vist fram av Astrid på biletet.
- Varm opp mjølka til moderat varme, ha i nøtter og smør og salt og bland alt godt saman.
- Bland inn nøttene.
- Ha alt i ei firkanta form som er so stor at det blir eit 2-3 cm tjukt lag av massen. Obs! Smartingar legg bakepapir under.
- La det setja seg og bli avkjøld, fyrst på benk og so i kjøleskap.
- Skjær opp i passande munnfull-store bitar. Pakk inn som du ynskjer.
- Oppbevar i kjøleskap! Egnar seg og til frysing, seier Nigella.
Fins det eit godt, norsk ord for fudge eigentleg? Mjuke karamellar?
Astrid set standarden høgt når det kjem til innpakning. Mor tår i bakgrunnen og lurer på kva som trengst å gjerast no. |
Karamellpakkar som seier god jul! |
endelig tok jeg turen innpå bloggen din, mari. oppskriften skal prøves. da er det bare å vente og se om karamellene er så gode som du sier... stå på og fortsett oppdateringene. jeg følger i hvert fall med(bloglovin). godt nyttår, hilsen Inga-Lill!
SvarSlettHallo Inga-Lill! Hurra og godt nytt år!
SvarSlettHvis du skal prøva å laga desse anbefaler eg verkeleg å få tak i ordentleg kondensert mjølk. Eg veit ikkje om da fins i Os, men i byn har dei i alle fall på "eksotisk torg" som ligg rett bak Twisted.
Sei frå om da blei suksess då!