søndag 28. desember 2014

Tips til romjulstida

Kva skal ein gjera med matrestane i jula?

Dersom dei aktuelle restane er kokte poteter, kålrabistappe og pinnakjøt kan ein til dømes - og med hell - laga pinneplukk.

Plukk kjøtet, mos potetene og evt andre kokte grønsaker, bland alt saman i ei gryte og varm opp til alt er gjennomvarma.

Server med flatbrød og heimelaga pils. Om du har.

lørdag 20. desember 2014

Tips til julestria


Dårleg tid eller lite lyst til å laga mat lenge eller ta oppvasken etterpå? 

Ta nokre poteter, omlag so mange som hushaldnigna skal ete. Vask dei. 
Ta ein kålrabi, skrell og skjær i skjever. 
Ta ei pølse av koke/dampesorten. Gjerne ei skikkeleg god ei, som vossakorv, eller som me hadde "dampepølse", evt kokmorr eller grovpølse eller noko. Eller berre streit middagspølse. 

Ha rist i ein stor nok kjele til å romme alt. Hell på vatn legg i potetene og skru på. Etter ei stund,  når potetene er omlag halvferdige, ha i kålrabi og pølse. Eventuelt, dersom det står at pølsa skal dampe/trekke i 50 minutt, legg pølsa nederst og ha i resten etterpå. 

Server med sennep, sylta agurk, raudbet eller graskar (eller anna sylta ein har og likar) og evt ketchup hvis ein synes det er godt. 

Kjempegreier. 

onsdag 26. november 2014

Temaveke: FISK

Eg latar som det ikkje  er over eit år sidan sist, og berre fortsett som om denne bloggen aldri hadde hatt pause. Me har fått oss ein baby sidan sist, ei aldeles fabelaktig ita jente frå august. Nett no heng ho på magen til far sin medan han støvsuger, og eg nyttar høvet til å presentera eit prosjekt familien byrja på førre veke: Temaveke på middagsfronten. Førre veke var vegetarisk/suppe, denne veka er temaet: FISK

Fiskekokeboka (noko å ynskja seg til jul, kanksje?) er eit strålande verk. Eg kan ikkje hugsa om eg har skrive om den før, men den er verkeleg super. Eg tek den fram med jamne mellomrom - og særleg dersom eg har vore i ein ordentleg fiskebutikk eller bra fiskedisk utan å ha ein konkret plan for kva eg skal laga. Boka er inndelt etter framgongsmåte (kokt-stekt-bakt-gryte osb), og alle oppskriftene har med forslag til andre fiskeslag som fungerer til oppskrifta.

Og slik ser fiskeveka vår ut:

Måndag: Ovnsbakt steinbit med potet og gulrøtter.
Tysdag: Torsk i  raud karri frå fiskekokeboka - i risotto/grytevariant
Onsdag: Endå enklare ørretpanne med laks
Torsdag: Restar
Fredag: Sushilunsj* med barselsgruppa, fiskesuppe heime
Laurdag: Bacalo
Sundag: Det beste frå Ravnkloa som me skal kjøpa på laurdag.


Endå enklare ørretpanne med laks
  • Eit stykke fisk (laks eller ørret) pr pers
  • 1-2 store eller 2-3 små sjalottlauk
  • Ca 20-30 cm av ein slank purre
  • 1 beger lettrømme (eller seterrømme, creme fraiche, kesam….)
  • Olje til å surra i
  • Smak - eg brukte  1-2 ss fiskesaus og ein dæsj mangoedikk frå oliviers
  • Evt salt og pepper
Oppskrifta er inspirert av "enkel ørretpanne" frå Fiskekokeboka - men den inneheld blant anna kvitvin og fløte og det hadd eg ikkje. Eg las gjennom oppskrifta, lukka boka og gjorde dette:

Surra sjalottlauk og purrelauk i litt olje med fiskesaus og mangoeddik på ganske sterk varme slik at dei får litt farge og blir mjuke. 
Skrudde ned varmen og rørte inn eit beger lettrømme. Lot det koka inn litt. 
La i eit fiskestykke per pers og lot det bli gjennomvarmt. 

Serverte med kokte poteter. Det tok akkurat litt mindre tid enn det tok å koke 4 mandelpoteter, og det var GODT! Eg anbefaler til alle som likar fisk, likar purre og likar kjapp middag. 



*Sabrura sushi har moglegeins det dummaste namnet eg nokon gong har høyrd på ein sushistad, men den har fleire gode sider også: staden ligg midt på eit kjøpesenter, like ved amme&stellerom - og det er plass til mange barnevogner og babyar der. I tillegg har dei sushibuffet med masse deilig sushi + nokre varmrettar som satay-spyd og vårrullar til ein akseptabel pris. Og det synes eg er tommel opp!