lørdag 24. desember 2011

Julakvelden

I gamle dagar var det nokre stader skikk å skyta jula inn med gevær. Eg har ikkje gevær, men eg har ein blogg, so no bloggar eg jula inn med den. Sjølv om eg eigentleg håper at ikkje so mange sit på internetten nett no!
Sidan det er min blogg, og eg bestemmer over han, markerer eg no jula med ei lita stemningskavalkade frå Bråtet. Fyrst ut er eit bilete som dataen ikkje forstod retninga på; "Natt i Betlehem" av Mari 8 1/2 år. Tilstades: Lesus Krist-us, engelen Angela, Lesus i julestjerna, månen og snø. 

 Vidar presenterer eg ein av dei 3 skalla englane på klokkestreng, produsert av bror på barneskulen ein gong. Juleverkstad på Eikelandsosen barneskule bestod av rullerande grupper med tilmålt tid på kvar oppgåve, og bror kom aldri so langt at englane fekk hår, og vips: ein del av familiemytologien er skapt. Dei skalla englane må alltid opp.
Her er ein annan engel det ikkje blir jul utan, papp-engelen i toppen av treet. Me har hatt den so lenge eg kan hugsa, so den er vel ein 27 år gamal snart. Vaksen dame!
 Treet er pynta....
 ...pinnajøtet er på kok
 ...og pappa har vore nisse hjå naboen. 

No tonar Sondre Bratland si nydelege juleplate "Rosa frå Betlehem" på kjøkenet, søs dekker på bordet,  mor og bror kviler litt, tanta, onkel, mormor, fetter og kusina er på veg frå byn.  Og eg skriv her samtidig om eg julepyntar meg. Ubarberte legger inni tynnstrømpebuksa, slik vart det visst i år. Men eg legg ikkje ut bilete av det. No skal eg ned å dekka på bordet, og det står berre att å skriva ein ting til: 

GOD JUL!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar